Også verdt å høyra på:
Hellbillies, Erik Lukashaugen, Æ/Likholmen
Hellbillies – Søvnlaus
Noko er med det gamle og noko er nytt på den ferske Hellbillies-plata. «Eg tenkjer finne staden der ein ny song kan ta te» blir det sunge og kora i ein av songane som vel kan få karakteristikken ganske så typisk Hellbillies. Men som like fullt ikkje er heilt typisk. Tom Roger Aadland har nemleg skrive teksten, både til den og sju andre songar. Det har han jo ikkje gjort for Hellbillies før, men du verden han er jo nesten som skapt for rolla, kan eg høyre. Den gamle tekstforfattaren, Arne Moslåtten, er ikkje heilt ute. Han har bidratt med fire tekstar, om slikt som nett-troll, gamal lærdom, og det å være heilt på tur.
Gitarist Lars Håvard Haugen har produsert. Og aldri har Hellbillies låte tyngre. Aldri har det brunne meir febrilsk frå gitarstrengene, eller koka like kraftig frå orgelet. På sitt aller beste i låta «På tur». Eit seigt beist av ei låt, som like fullt har eit luftig vesen. Noko eit djervt temposkifte og eit medrivande instrumentalparti midtvegs i låta gjer sitt til.
Like mykje som at dette er det tyngste albumet til Hallingkvintetten er det eit av deira sonisk sett mest varierte. I det meir kontemplative hjørne er det at ein kan finne den ganske så innbydande og smått twangy folkrockballaden «Ny song kan ta te». Medan OnklP blir kasta inn i ringen i avslutningssporet «Natta Norge» for eit rap-parti av det absolutt vitale slaget. Og Søvnlaus eller ikkje, vitalt er i grunn eit ord som kan få lov å stå og beskrive albumet. Slett ikkje verst det, etter alle desse åra, og alle desse platene.
Erik Lukashaugen – Finnskogvegen
Frå noko lenger aust i landet kjem Erik Lukashaugen. Ein visesongar som verken har ein lang platekarriere bak seg, eller som vel er vidare kjent utover heimtraktene. Finnskogvegen er hans tredje album, og hans andre der han framfører songar basert på dikt. På debutalbumet frå 2013 presenterte han eigne tonesettingar av tretten Hans Børli-dikt. Denne gongen har han tonesett dikt av den noko mindre kjente Tore Hestbråten.
Lukashaugen har med seg ein musikkgjeng som kallar seg Arbeidslaget. Dei handsamar instrument av ymse slag, med hovudvekta på slike som ikkje er elektriske. Eg høyrer eit samspel som har smil om munnen, i eit luftig og vennlegsinna lydbilde. Eg høyrer stillferdige viser, eg høyrer nokre eg vil kalla sprelske, eg høyrer nokon med litt jazzig åtferd, eg høyrer melodiar det ikkje er spesielt vanskeleg å synast bra om.
Dikta til denne Hestbråten er alle skrivne på Solør-dialekt. Ein dialekt som Elverum-buen Lukashaugen i utgangspunktet ikkje snakkar, men som han er tru mot når han syng desse ti songane. Songar som handlar om tidlegare tider, barndomsminner og andre minner. «Hå prekte fälk om fär» blir det spurd i ein song, ein livleg og ganske så fornøyeleg ein om ein fyr som ikkje er spesielt oppdatert på dagens tv-underhaldning. Fornøyeleg kan ein vel kanskje også kalle «Ei lita skihistorie», der hovudpersonen minnast lange dagar i åttemetersbakken med påfølgjande naglebit og ein herleg oppattvarma middag. «Førjulsmareritt» er på si side ein ikkje helt fjern slektning av Prøysen sin «Romjulsdrøm». Medan avslutningssporet «Fär seint» vel er albumets mest melankolske stund. Ein slik ein der hovudpersonen ser tilbake på alle vala livet har bydd på, men der eitt, spesielt eitt, skulle vore gjort om igjen. Det valet handlar om kjærleik.
Rett så trivelege saker å bli kjent med dette i grunn.
TIDAL: ERIK LUKASHAUGEN – FINNSKOGVEGEN
Æ/Likholmen – Endetidsbilda/Blindskär
Lenger nord. Eit godt stykke lenger nord. På ei øy der Tore Hestbråten frå omtalen over visstnok budde ein mannsalder, Hamsun-øya Hamarøy, held no Erling Ramskjell til. Under sitt alterego Æ er han denne hausten ute med eit album som har fått den ikkje altfor optimistiske tittelen Endetidsbilda. Ikkje nok med det, som ei viktig kraft i bandet med det ikkje altfor oppløftande namnet Likholmen, er han også ute med seksspors minialbumet Blindskär.
Først har eg det å seie at Endetidsbilda slett ikkje er den totale undergang, og Likholmen er ikkje full av lik. Det som gjer seg til kjenne av songar her er av meir nyansert slag enn som så. På Endetidsbilda i soniske former som spenner frå det visepop-akustiske til noko ein vel kan kalle ganske så hard rock. Det siste i låta «Svart/kvitt/svart», der Æ sin gode kamerat Stefan Sundström i refrenget prøver å mane fram alt frå «nya sanningar» og «nya rena hav» til «nya fargor nu». Sundström spelar forresten ei større rolle i Likholmen-konseptet.
Det meste, for ikkje å seie alt, tar slutt, til slutt. Og det er vel der begrepet Endetidsbilda kjem inn. Graden av kor brutal denne slutten er varierer imidlertid noko frå song til song. «Bli ikke våt av gammelt regn» syng Æ vist nok, i eit stressfritt og nedpå nummer som eg ikkje oppfattar som stort anna enn undrande kring dette med kjærleiken. «Kanskje…» spør han seg i ein anna song, og då i duett med Ingeborg Oktober. I eit sonisk vennlegsinna bilde med litt countrypreg framfører dei to ein tekst som held mogelegheitene opne. Punktum blir sett med ein song som (ikkje heilt overraskande) heiter Endetid. Den går i ein slags marsjtakt og har eit lite hylande barnekor som syng «alle veia leda fram te endetid».
Eit par av dei, vegane altså, ledar kanskje til Likholmen. Og der sitt Stefan Sundström og syng om Skäppsrottor som ikkje kan temjast, og som stadig blir fleire og fleire, og berre så det er heilt klart: «Gud finns inte under däck». Han syng det til ein sedat folktakt utan plagsamt med lys på seg. Han syng også ein song kalla Stiltje, og han syng den sakte, men han syng den ikkje åleine, Ingeborg Oktober syng refrenget. Eit vakkert nok eit om at alt blir til jord til slutt. Og det går seigt framover, og eit pumpeorgel spelar ei rolle, og Sundström avsluttar sin siste song med å hevde at «snart är vi över». Ja det er dunkelt, «under ei uendelig rekke av horisonta» som unge Ingeborg Oktober syng det, sånn heilt til slutt.

Something More Than Free har Jason Isbell titulert si plate. Omslaget er i svart/kvitt, akkurat som Southeastern var. Med eit portrett av Isbell sjølv, akkurat som på Southeastern. Med tonar produsert av Dave Cobb, akkurat som på Southeastern. Med songar om folk med ei fortid, akkurat som på Southeastern. Konsise gode skildringar av menneskeskjebner, akkurat som på Southeastern. Akkurat som Jason Isbell har gjort til sitt kjennemerke sidan han dukka opp med legendariske Outfit for tolv år sidan.
Star Wars har Wilco, av ukjente grunnar, kalla sitt plateframstøyt av året. Og plata kom som skote utav ei E-11 Blaster Rifle. Over natta, midt i juli, blei den lagt ut til fri nedlasting, heilt utan føreannonsering. Eit prisverdig tiltak det for så vidt. For bra er den jo også, om enn noko ujamn.
Compton er tittelen på Dr. Dre sitt ferske album. Hans tredje soloalbum, og det første på denne sida av årtusenskiftet. Dei seksten åra som har gått sidan førre album har han jobba med eit hyperambisiøst prosjekt kalla The Detox. For eit år sidan konkluderte han med at det var og blei skrale saker og skrinla heile greia. Compton tok så form. Som ein slags gjenvisitt til det legendariske NWA-albumet Straight Outta Compton (som no også er tittelen på ein film om Dre og hans kompisar).
Før Montrealbandet Ought kom med sitt sjølvlysande debutalbum av året, ja nesten to år før, gav dei ut sin debut EP (New Calm). Ein bra EP, men bandet har i ettertid komme fram til at den kunne ha vore betre. Ein av låtane derifrå (Pleasant Heart) blei i ei nyinnspelt form førstespor på det temperamentsfulle debutalbumet av året. I sommar spelte dei så to låtar til ifrå EP’en inn på nytt. I ei meir frenetisk form, i ei meir sjølvsikker form. Begge låtane er med på denne ferske EP’en av 2014, i lag med to andre spor som heller ikkje er flunkande nye.
Til EP å vere er denne uhorvelig lang – 32 minutt. Nærpå halvparten av tida tar det innleiande sporet, Shallow River. Ein femten-minuttars songsuite sett saman av tre songar (Shallow River, Storms, Let It Go). Laga i eit lydbilde som vel kan seiast å vere ei slags vidareutvikling av slik Ida Jenshus presenterte seg på sitt førre (og tredje) album. Mindre country, meir pop, større lyd, søkande lyd. Litt i slekt med det Emmylou Harris gjorde då ho hyra inn Daniel Lanois som produsent og spelte inn sin Wrecking Ball. Ida Jenshus sin Lanois heiter Kåre Vestrheim, både på det førre albumet og på årets EP (og sikkert også på albumet som er lova på nyåret).
Apokalyptisk? Glad-apokalyptisk? Skeeter Davies sin profeti? The End of the World? Det er Oslobandet Acres Wild sine eigne ord, kasta fram i eit forsøk på å forklare kva som er tema på denne EP’en. Men kor tar nå desse ni minuttane oss eigentlig? Desse ni minuttane og tre songane som er bandets andre EP. Ikkje heilt ut på kanten av avgrunnen i alle fall.

