Category Archives: 2007

Over The Rhine – The Trumpet Child

Standard

Dei kastar slett ikkje bort tida di med musikk du ikkje treng.

7

cover

Det skjer ein del gonger at ei plate viser seg å vere mindre skarpskodd enn det ein først trur den er. I løpet av dei fem åra eg har synsa om plater på groove skal eg innrømme at eg nokre gonger har trekt konklusjonen før eg har oppdaga det, og slik komme i skade for å dele ut godord og poeng vel rundhanda. Den omvendte problemstilling derimot, at ei plate har vist seg meir skarpskodd enn kva inntrykket fortalte meg då konklusjonen vart trekt, er eit sjeldant fenomen.

Faktisk kan eg berre komme på ein gong der dette har hendt. Ohio er namnet på den plata. Ei dust farga, sakralt framstilt og særdeles innbydande tonesett plate, skapt med nennsam hand og enkle middel av mann og kone duoen Over the Rhine. Dobbel er den også, utan at den tar skade av det. Då eg skreiv nokre ord om den på nyåret i 2004 burde eg nok vore rausare med godorda og endt opp med seks groove-poeng i staden for fem. Ja for det hadde så avgjort den samlinga av sjelfulle songar frå ei kosmisk americana-bakgate fortent.

Turneen som fylgde Ohio sleit på ekteskapet, og dei to (Karin Bergquist og Linford Detweiler) bestemte seg for å nedprioritere musikken for å redde samlivet. Det kan tyde på at dei har lukkast med det, for i 2007 har musikken blitt opprioritert igjen. To nye plater. Snow Angels, som vel var denne julas finaste juleplate, og The Trumpet Child, ein blåfarga men håpefull midtvesten cabaret som har henta sin inspirasjon frå slikt som New Orleanske jazzbuler, gamle hymner og anna amerikansk pre-rock stoff.

Karin Bergquist legg ambisjonane der dei bør leggast når ho i første linje proklamerer fylgjande: «I don’t wanna waste your time with music you don’t need». Og ho, mannen og deira medmusikantar lever opp til ambisjonane. The Trumpet Child lever i eit sonisk landskap ikkje så heilt ulikt det damer som Norah Jones og Katie Melua tar seg fram i. Men spør du underteikna ja så opplever eg at Over the Rhine går litt djupare enn desse, samstundes som dei tar seg fram med ein frodigare bris i ryggen.

Karin Bergquist er utstyrt med denne forsiktig håse, sterkt sensuelle og myndige røysta som evnar å gjere ein song til eit personleg vitnesbyrd. Laust og ledig men med stor kontroll leiar ho songane langs ein om ikkje akkurat flomlyst så heller ikkje mørklagt veg. Og bakom henne sitt han Detweiler og trillar fram jazzige tema frå eit piano, Brad Jones har basskontroll med kontrabassen og Mickey Grimm spelar meir enn slår på trommene. Ein innhyra Jim Hoke smyg innom med varme tonar frå ein saksofon eller ein klarinett, og Tony Paoletta fargar nokre krokar med tonar frå ein steel-gitar.

Det handlar om kjærleiken. Sett gjennom augne til nokon som trur på den. Nokon som har håp, lyst og framtid. Nokon som vil omfamne og ikkje forkaste. «I don’t wanna waste good wine, if you won’t stick around» syng ho Karin i opningssporet. «You smell like sweet magnolias and Pentecostal residue» syng ho ein annan stad, men grublar også litt forsiktig over om ho lurer seg sjølv. Det gjer ho ikkje når ytrar eit ynskje til sin kjære om å fordrive heile dagen i senga, der dei kan bli «stoned on love».

Tittelkuttet handlar om kjærleiken til jazzmusikken. Og då spesielt den kraftfulle eller lyriske tone som kan komme når ein som kan det bles i hornet, «with Gabriel’s power and Satchmo’s grace». Don’t Wait For Tom handlar om kjærleiken til Tom Waits. Songe av mannen ved pianoet i ein sjargong veldig tett opp til slik vi kjenner gamle gode Waits; «He takes a little bow and tips his fedora, shouts like he’s gonna save Sodom and Gomorrah».

Dei avsluttar albumet i klassisk countryskapnad. Med ei låt som vel kan seiast å handle om kjærleiken den også. Kjærleiken til og trua på krafta i ein song. For If a Song Could Be President ville verda sett ganske så annleis ut om vi skal tru Over the Rhine. Då kunne Steve Earle «anchor the news», Neil Young vore senator, Emmylou Harris ambassadør og John Prine sjef for FBI. Det heile fortalt med minst to glimt i augekroken. Men glimt slett ikkje utan ein viss substans.

The Trumpet Child grev seg kanskje ikkje like djupt inn i sjel og sinn som det Ohio med tida har klart, men den får sinnet til å danse. Med raffinerte og stødige steg. Ikkje kom her og sei at slike tonar ikkje trengs.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

Old Time Relijun – Catharsis in Crisis

Standard

Med både demonar og ein viss kaptein i ryggen trakkar dei fram med primitive men definitivt groovy skritt.

6

cover

I gromlåta Moonlight on Vermont, frå det legendariske Trout Mask Replica-albumet, lurte Captain Beefheart i si tid inn ei høgst personlig tolking av den gamle gospelhymna Old Time Religion.

Eg er meir enn skråsikker på at det må vere der denne ikkje heilt stabile banden frå Olympia, Washington har vore og henta namnet sitt. For aldri har eg høyrt nokon føre arven etter Beefheart vidare i eit sonisk leie nærare opp til kapteinen sine bravadar, enn det eksentrikaren Arrington De Dionyso og hans medsamansvorne i Old Time Relijun gjer.

Dei har vore blant oss nokre år allereie. Nærare bestemt sidan midten av nittitalet. Det vil seie det er berre De Dionyso og fyren som høgg hardt på sin tostrengs kontrabass, Aaron Hartman, som har vore med heile tida. Sånn elles har det komme og gått ein del folk. Mellom andre var Mount Eerie/Microphones sin Phil Elvrum med på laget nokre år.

På Catharsis in Crisis er dei fire. I tillegg til dei to nemnte, tutar Benjamin Hartman i saksofonen og Germaine Baca slår trommer. Og kvartetten festar like så godt grepet frå første spor. Gitarlyden er syredrenert og saksofonen brenn, medan dei to andre sørgjer for å halde Indestructible Life i eit skarpt groovy lende. «This is a war cry» gauler De Dionyso i buldrande og frenetiske former, så det skulle vere liten tvil om at han meiner det. Då The Invisible New tonar ut på eggande vis snautt førti minuttar seinare, har dei ført lyttaren gjennom eit temmelig ulendt og slett ikkje heilt trygt terreng.

Catharsis in Crisis er bandet sitt åttande album. I tillegg er det det siste i ein trilogi som De Dionyso har titulert The Lost Light Trilogy. Ein rimelig treffande tittel det, for det handlar mykje om å vere litt på sida av dei mest opplyste trasear. Eller som det vert uttalt i den råbarske rennesteinfunk-saken The Tightest Cage; «I got lost in the wilderness, I got lost in confinement».

Særlig til lys er det heller ikkje der hovudpersonen i Daemon Meeting ved ei feiltaking har hamna. Midt i ein krakilsk demon-konferanse nokre etasjar under bakkenivå. Akkurat idet demonane får ferten av kristenmannsblod og vår mann kjenner den verkelig alvorlige sveitten melde seg, tar De Dionyso ein liten finte for så på mantravis å stille seg det filosofiske spørsmålet «what does it mean to be human?».

Og mon tru om ikkje det er nett eit slikt spørsmål mykje av den bluesfunk/jazzrock-infiserte jakta til Old Time Relijun prøver å finne svaret på. Utan at ein kan seie at dei finn det. For lik dei fleste andre med eit liknande ærend har dei ein tendens til å hamne på villspor. Det er heilt i orden. For det skjer som regel meir når ein er på villspor, enn når ein slavisk følgjer spora i retning av den blankpolerte sanninga.

Eit nøkkelspor er den sterkt lengtande og delvis disorienterte In the Crown of Lost Light. Der De Dionyso opnar med eit djupfølt «oh moonlight»-sukk, før han målber den forsmådde nattevandraren si kjensle av at ting er noko ute av balanse. Eit anna spor eg har kryssa av for med tjukke strekar er den suggestive rakkaren Veleno Mortale, der De Dionyso like godt slår til og syng på italiensk.

Elles kan det vel også nemnast at akkurat som Beefheart ofte gjorde tar De Dionyso seg av coverutsmykkinga sjølv. Her er det strekteikningar av maskerte og umaskerte menneske i syndige positurar. Og så har han, ved hjelp av eit kart, gjort eit forsøk på å illustrere korleis han tenker at låtane på Catharsis in Crisis heng saman. Utan at eg heilt klarer å fylgje nett den tråden.

Strengt tatt er det vel ein del trådar her eg ikkje heilt klarer å fylgje. Men det gjer ingenting, for eg trivst veldig godt her inne eg, blant Circular Ruins, Garden of Pomegranates og slikt.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Okkervil River – The Stage Names

Standard

Okkervil følgjer som vanlig sitt dynamiske løp mellom frådande stryk og varlege kulpar, men med litt meir popsnert i understraumen denne gongen.

9

cover

Det var den store overmannande midnattskjensla som rei Okkervil River på deira førre album, Black Sheep Boy. Eit intenst storslått drama som nekta å sleppe inn lyset. Eit album som gradvis vaks fram til å bli eit av 2005’s aller sterkaste.

To år seinare har dei opna gluggane fanga nokre poptonar og dansar fram i dagslyset med eit litt lettare hjerte. Der Black Sheep Boy ikkje slapp lyttaren inn på seg utan ein viss motstand opnar The Stage Names døra med det same. Utan at alt dei har by på vert avslørt av den grunn, her er for mange rom til det. Og utan at desse tonane, som så raskt finn beinvegen inn i ryggmargen min, luskar mindre inspirerande ut bakvegen nokre rundar seinare. Slett ikkje, dei er der framleis, og er like utkrope fengande, og like vemodsfullt vakre som då dei kom. Eg trur ikkje dei nokon gong kjem til å bleikne.

The Stage Names gjer inntrykk av å vere Okkervil River si mest sofistikerte og arrangerte plate. Samstundes som eg opplever at den kanskje har eit vel så laust og luftig vesen som det deira tidlegare verk kan skilte med. Ja er dei ikkje litt meir leikne tru? Litt meir på veg til fest og lått? Men ikkje utan at dei byrdefulle kjenslene og sjela sine mørkare krokar slår følgje. Seriøst følgje. Og få er det i dag som gjer uttrykk for slikt med like intens bravur som Okkervil River sin songar og låtskrivar Will Sheff. Han er over songen, han er i songen, ja han er songen. Utan at eg har grunn til å tru det er sitt eige liv han vekselvis jagar og lirkar fram i lyset. Det er nok heller liv han har dikta opp, eller skikkelsar han har lest om, høyrt om, eller kanskje sett på film eller TV. Heilt utan ironisk distanse kryp han så under huda på dei og framstiller deira lengsler, traumer, feidar, draumar og smerter med stor innleving og oppriktig medkjensle.

Sheff har denne gongen plassert skildringane sine på meir nåtidige scener. Livet som ein sveitt og rotlaus, men også glorifisert, rock’n roller på veg frå by til by dukkar opp som tema i fleire av låtane. Eit liv som vert både feira og forbanna. Forsøksvis feira når Sheff innleiar den riffsterke og frydefullt spretne Unless It’s Kicks med å stille det sentrale spørsmålet «What gives this mess some grace unless it’s kicks, man?» Litt seinare i den same songen, nærare bestemt på den sjuande dagen, ser han så songaren stå der djupt fortapt i «that heavenly song». Ein song han innerst inne veit er ei løgn, men likevel gjer all sin kjærleik. Den store utfordringa dukkar opp når «the ghost of some rock and roll fan» etter konserten kjem opp frå salen «with her heart opened up», og vil ha meir terapi.

Terapeutiske råd vert det også innleiingsvis søkt etter i den handklappa og smått Motown-inspirerte A Hand to Take Hold of the Scene. Før den etterkvart glir over i ei lett surrealistisk scene virrande mellom realitet, fiksjon og draum, på ei fortvila jakt etter ei hand som kan ta styringa. Eit litt anna forhold til hender har fyren i Okkervil River sin store desillusjonerte sex & drugs & rock’n roll kantate You Can’t Hold the Hand of a Rock and Roll Man. Presentert i ei skitten Faces-aktig boogiedrakt. Langt meir varleg blir forholda handtert, både tekstlig og sonisk, i den vagt country-inspirerte og nydelige balladen A Girl In Port. Hovudpersonen hevdar å ikkje vere av «the ladykilling sort», men frå si ferd frå hamn til hamn endar han stadig opp i ei ny famn, der han forsiktig men slett ikkje ufarlig syng sitt refreng; «let fall your soft and swaying skirt, let fall your shoes, let fall your shirt».

At Our Life Is Not a Movie or Maybe vart singelvalet kan eg greitt forstå (eller kanskje ikkje?). Tittelen seier i grunn ganske så eksakt kva det dreier seg om; den ikkje alltid heilt tydelige grensa mellom røyndom og fiksjon. Låta sitt melodiske vesen kan kallast catchy, men også frådande. Og Sheff går James Mercer i næringa i refrenget, med eit litt meir rustent, men ikkje nødvendigvis svakare, resultat. Så kan det sjølvsagt stillast spørsmål ved om det ugode pianopartiet midtvegs har hitpotensiale. Svaret på det må vel bli; det burde det, det burde det.

Tittelkuttet, fikst titulert Title Track, talar i sår balladeform om å ta på seg litt for store sko. Å kle seg opp til ei rolle ein kanskje ikkje heilt er skapt for. «So take this thin, broken-down circus clown reject and give her the name of a queen». Sheff rakkar ikkje ned på henne, han viser henne snarare sympati. «Don’t call her a prostitute… just call her a proper little statue come unfroze».

Den mest tragiske historia frå det myteomspunne rock’n roll livet har Sheff henta frå verkelegheita. Savannah Smiles heiter den, og er ei spartansk og smertelig skildring av ein far som les i dagboka og ser på gamle bilde av ei ung dotter som vaks opp og smakte på meir enn kva sunt var. Historia er inspirert av skjebnen til groupien og pornoskodespelaren Shannon Wilsey, som tok sitt eige liv etter først å ha blitt kvesta i ei bilulykke.

Sjølvmord er også temaet i den andre låta her som hentar sin inspirasjon frå det verkelige liv, John Allyn Smith Sails. I ei enkel og naken viseform fortel Sheff den gripande historia om poeten John Berryman og hans skjebnesvangre hopp frå ei bru langs Washington Avenue ein iskald januardag i 1972. Det er trist, samstundes som bandet skapar eit inntrykk av forløysing idet sjølvmordaren stemmer i med sitt «I hear my father fall, and I hear my mother call». Det spektakulært raffinerte er at dei no brått er midt inne i tonane av Sloop John B (den som Beach Boys gjorde til sin for førti år sidan ja). Og det tar av, noko veldig av, men like fullt; «this is the worst trip I’ve ever been on… I feel so broke, I want to go home».

Eg trur definitivt eg kan driste meg til å gje nett den seansen ein ganske så framtredande plass i kategorien for smarte påfunn. Ein kategori der driftige Plus Ones også lyt få sin plass. Opplegget her er å inkorporere fleire kjente låttitlar med nummer i tittelen i ein gåtefull tekst om lykke snudd til armod, eller applaus snudd til forakt (eller kanskje noko heilt anna). I alle fall ? & the Mysterians sin 96 Tears blir til «the 97th tear», REM sin 7 Chinese Brothers blir til 8 kinesiske brør, og når Sheff & co etterkvart kjem fram til «the 51st way to leave your lover», ja då er det ikkje ein særlig godlynt måte det er snakk om.

Dei gode ideane og dei sterke låtane renn med andre ord i minst like strie straumar som det dei plar gjere når desse karane serverer nytt stoff.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

Nurse & Soldier – Marginalia

Standard

Bobby Matador frå Oneida finn ein meir popfokusert tone saman med sin fru.

5

cover

Soldaten i Nurse & Soldier, Robertson Thacher, er i musikalsk samanheng meir kjent som Bobby Matador i den herlig frigjorte og psykedeliske hardrock-banden Oneida. Sjukepleiaren i duoen heiter Erica Fletcher og er Thacher sin betre halvdel. Dei to kalte seg også for Nurse & Soldier rundt årtusenskifte og spelte inn nokre singlar og eit album. Etter sju år i opplag, har dei no funne tida moden for ein oppfylgjar.

Marginalia har sonisk sett ikkje så altfor mykje felles med Oneida. Det hadde no vel heller ikkje vore det store poenget å drive med det same i eit sideprosjekt. Dette er pop. Pop med fuzz i venstrefoten og psych i den høgre, og ei rimelig attraktiv melodisk kjensle i mageregionen. Det er Erica som syng på dei fleste spora. Og tankane mine vandrar i retning av eit Georgia Hubley-fronta Yo La Tengo på snarvisitt hos The Breeders, eller kanskje Mates of State.

Farten i poptonen deira er stort sett det ein på solid nynorsk vil kalle eit par knop under mid-tempo. Litt meir drivande og catchy enn som så i Ronettes-slekta Brought Up Too Soon, og særdeles dvelande i det over fem-minuttar lange, og på grensa til ambiente, opningssporet Green Tea. Men altså, oftast sånn cirka midt mellom desse. Keyboards og orgeltonar er langt framme i bildet på dei fleste spora, men av instrumenta her føler eg likevel at det er den elektriske gitaren som gjer mest utav seg. Den kan spele melodiøse linjer, og den kan brumme og skape seg på rimelig febrilsk vis. Rytmen og groovet er på si side nokså spinkelt, på fleire av spora berre stetta av ein rytmeboks, men på nokre dunkar Oneida-kompis Kid Millions i trommeskinnet.

Det som undrar meg litt, og kanskje imponerer meg litt også, er at sjølv om dei vandrar i tronge melodiske gangar og ikkje akkurat har eit arsenal av verkemidler med seg, så skapar dei ein dugande variasjon i opplegget sitt. Kanskje først og fremst takka vere Thacher som fordeler gitar-ideane sine jamt utover heile albumet.

Noko slikt som eit tvers igjennom svakt spor finst knapt. Det må i tilfelle vere den litt dorske instrumentalen Fishing, og det litt for overspente avslutningssporet Her Higher Education. På den andre sida, det finst vel heller ikkje noko slikt som ein framtidig popklassikar blant låtane her. Imaginary Friend med sine vakre spankulerande vokallinjer, sitt gjentakande gitartema, og sine støyande parti er kanskje i nærleiken. Men berre i nærleiken. Der kan vi også skimte bassige Back In Yr Corner og den rett på sak fuzzpopa In the Dark.

Om Marginalia, når siste punktum no blir satt, går over i eit tilvære som evig hyllefyll, er det nok berre tida som kan seie noko om. Men at det er ein viss fare for det, er det nok.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

The New Pornographers – Challengers

Standard

Vitaliteten er der denne gongen også, sjølv om ein kanskje må gå eit par rundar ekstra for å skjønne det.

6

cover

Etter tre album der dei übercatchy poptonane har komme tettare enn regnbyene her vest tar The New Pornographers det litt meir med ro i sitt fjerde framstøyt. Ikkje det at dei utfordrar sitt gamle eg på dramatisk vis, eller har skrinlagt si rolle som leverandørar av drepande effektive hooks. Det er berre det at Carl Newman og hans vesle skare gjer lyttaren litt meir å tygge på denne gongen. Ingen dum taktikk det. Om då ikkje tygginga har si årsak i at tonane er for trevlete eller slapp i smaken. Og det kan dei vel ikkje vere med The New Pornographers i tilverkarrolla?

Samstundes som det gjennomsnittlege tempoet blir skrudd ned og fossen av dei mest feststemte av hooks renn i mindre strie straumar kan ein ane eit større innslag av vemod. Rykta seier at Carl Newman førre året brått reiste frå Vancouver. Ingen høyrde frå han før han dukka opp i Brooklyn fire månader seinare. Då med ein bunke songar som handla om «the hope of spring, mirage of loss» og «a few more things».

Songar han, i god nypornografisk ånd, villig lar andre få lov å omfamne. Fire av bandmedlemmene tar sterkt del i det vokale. Mest Newman sjølvsagt, men Neko Case er stadig med. Eksentrikaren Dan Bejar syng sine eigne songar (det er tre av dei på Challengers). I tillegg har nykomaren frå Twin Cinema Kathryn Calder fått ei meir framståande songrolle denne gongen. Saman med kjenningar som Kurt Dahle, John Collins og eit par til skapar dei eit album som nok er denne gjengen sitt mest varierte, men som når alt kjem til alt like fullt endar opp eit par-tre litt halvslappe augeblikk unna tittelen bandets beste.

Det opnar alt anna enn slapt. Det opnar med My Rights Versus Yours. Det opnar pop-perfekt. Med ein elegant flyt som og gjer rom for å la ting henge i lufta. Med Newmansk falsettsong, «oh oh» og «the truth in one free afternoon». Omstenda som vert skildra er slett ikkje av det aller triveligaste slaget. Det er den vesle mannen som hiv etter pusten under dei brutalt kvernande hjula til den store herskar. Det er makt og avmakt. Og ei Kafka-fortelling lurer nok i kulissane.

All the Old Showstoppers fylgjer, og er omtrent like pop-perfekt. Lettbeint, ikkje intrikat, men heller ikkje utstyrt med dei aller mest opplagte tonekombinasjonar. Det siste gjeld også Newman sitt kanskje mest ambisiøse nummer på plata, Unguided. Seks og eit halvt minutt lang sprenger den greitt grensa for normal pornografisk låtlengde. Ein liten popsymfoni som nok er meir episk enn direkte skilsettande. Den er kanskje gjort med eit lite skråblikk til Brian Wilson, men manglar nok dei avgjerande melodivinnande vibrasjonar på å bli noko for framtidige mixtapes og slikt. Sjølv om ein slett ikkje skal kimse av den, og spesielt ikkje augeblikket då Kathryn Calder slepp igjennom ein monumental «do-do-do-love» vegg for å stille spørsmålet «why wait for the weakened state, to lie next to the weaker sex?».

På sitt hastigaste er gjengen når dei høyrest ut som Roxy Music på speed i All the Things That Go To Make Heaven and Earth. Medan dei syner fram sitt varlegaste vesen i Adventures In Solitude. Ein tett og nær duett mellom Newman og Calder, der eit piano, nokre klangfulle harpeliknande strengelydar og ei handfull vemodsfulle strykarar finn balansen mellom skjørt og grasiøst.

Av Dan Bejar sine tre låtar er eg ikkje i tvil om at eg trivst best i selskap med Myriad Harbour. Der elegant halvsynging møter eit sjølvlysande refreng, og blir til ein sjarmfull og popdynamisk trip gjennom New York City. Dei to andre bidraga hans, Entering White Cecilia og The Spirit Of Giving, føler eg slit litt med å tre ut av ein noko grå frakk.

Grått er det imidlertid sjeldan der ein kan høyre Neko Case si voluminøse røyst. Denne gongen er det to låtar av det heller sindige slaget ho tar seg av. Begge to, både tittelkuttet og Go Places, har klart slektskap til låtar ho plar by på når ho gjer ut plater under eige namn. Folksy poptonar som ikkje viser fram alt med det same, men har eit ekspanderande vesen. Dei når nok likevel ikkje opp mot hennes aller finaste soloting.

«Here’s the mutiny I promised you, and here’s the party it turned into» syng Newman og Calder i friske former i ein av songane her. Og sjølv om albumet kanskje manglar litt på å vere deira aller største fest, så skulle Challengers ha nok av futt og utfordringar i seg til å overleve dei fleste popforsøk gjort rundt omkring på vår ustabile klode i det herrens år 2007.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

The National – Boxer

Standard

Med vanedannande tonar og ugløymelige linjer som «I leaned on the wall and the wall leaned away» lener bandet seg mot taua, og vinn.

9

cover

Det har tatt si tid denne gongen også. 
Akkurat som det gjorde dei andre gongene. 

The National er nemlig ikkje av det slaget som skaper den heilt saliggjerande tilstanden sånn i løpet av dei første rundane. Dei kan rett og slett virke litt uinspirerte og dovne. Debuten mistenkte eg i ein tidleg fase for å vere snekra i hop av eit reservespekka Tindersticks. Alligator beit seg avgjort ikkje fast med det same. Boxer har også brukt si tid på å få inn solide treff og effektive hooks. Men no kjem dei, tettare og tettare. 

Og eg blir groggy, men eg gliser. 

Eg trur ikkje eg skulle vere heilt på sykkeltur i tåkeheimen om eg hevdar at New York-kvintetten med Boxer i større grad enn før dyrkar fram dei folksy sidene sine, samstundes som dei også lar det pophektande ta litt meir tak enn tidlegare. Utan at ein kan kalle det eit møte mellom New Pornographers og Leonard Cohen av den grunn. For The National hentar framleis tonane sine frå det same soniske nedslagsfeltet dei alltid har tydd til. Det som på den eine sida mønstrar folk som nettopp Cohen, Tindersticks og American Music Club og som frå ein litt annan kant mønstrar The Smiths, The Triffids og Interpol. Men Boxer er altså litt annleis. Litt annleis enn Alligator. Og litt annleis enn Sad Songs For Dirty Lovers og debuten. 

Boxer er ei litt rolegare affære enn forgjengaren. Boxer er også The National si sonisk sett mest einsarta affære. Trekk vi oss ned på det subtile plan har låtane ein god del ulikt for seg, men i det store bildet har dei veldig mykje felles. Dei startar gjerne i rimelig spartanske former, for så å, nesten umerkelig, bygge sitt soniske vesen litt meir omfattande og endar opp i ei meir berekraftig form. Utan at dei står fram som prototypen på eit atmosfærisk orkester av den grunn. For dette er stadig tonar som mest av alt høyrer den urbane nattesfæren til. 

Alle låtane har ein melodisk DNA-profil som avslører at dei er slektningar. Men kva gjer det så lenge eg med vått og gnistrande blikk, og handa på hjerta kan seie; «for ei slekt». Og jo betre eg har lært dei å kjenne har eg oppdaga 12 sterke individ, med ein dunkel personlegdom og eit vanedannande melodisk vesen. 

Den lakoniske barytonrøysta til Matt Berninger trør ikkje til med desperate fakter slik den innimellom har gjort på tidlegare album, denne gongen held den seg på tilnærma same nivå albumet igjennom. Eg opplever den likevel aldri som monoton eller grå, for Berninger hentar fram dei små nyansane som ligg på lur i det marginale. I tillegg får han som vanlig verknadsfull støtte frå resten av laget. 

Pianoet er oftare å høyre enn kva som har vore tilfelle før (på to av låtane har dei endåtil plassert den kjente pianisten Sufjan Stevens på pianokrakken). Men framleis er tonar frå ymse strengeinstrument meir sentrale i uttrykket. Både straumtilførte, akustiske og assortert medlem Padma Newsome sine bogestrokne. Gitarsoloar og andre former for søking innover i eller utav låtane er imidlertid ikkje ein del av opplegget. 

Låtane gjer seg stort sett ferdig før fire-minuttars merket er nådd, og då for det meste med strengelyden ein smule ilter og sterkt ulmande i ei røykfull sone mellom songaren og mannen på trommekrakken. Bryan Devendorf. Høgt i miksen, nokre gonger enkelt og kontant, andre gonger intrikat og leikent, driv han låtane framover, og stettar med stil si rolle som pulserande aktivum og viktig uromoment. 

I det melodiske låtfunderte skiktet som The National tar seg fram i er det alt anna enn tvilsamt om ein har noko å melde på det tekstlige plan. Eg har ved tidlegare høve referert til Matt Berninger sine bidrag på denne fronten som sitatfreistande. Det er ein del av det kaliberet på Boxer også. Ja underteikna si oppfatning er vel at Matt Berninger må vere ein av dei mest eigenarta rockepoetane som har komme til etter årtusenskiftet. Ikkje fordi han skriv poesi som like gjerne kunne fått plass mellom permar. Men fordi han har ein personleg uttrykksmåte, med låg klisjéfaktor og høg fintefaktor. 

Matt Berninger sine tekstar fylgjer nødvendigvis ikkje dei kronologiske, logiske eller lettfattelige vegar. I fylgje Berninger sjølv blir dei til gjennom ein collage-byggande metode. Fyren har alltid ei notisbok på lomma eller ved sengekanten. Her samlar han eigne tankar og draumar, samt ting han har lest eller overhøyrt. Når han så skal skrive tekstar til låtane dei fire andre har komponert, er alle desse lausrivne setningane viktige incitament. 

Denne metoden kunne han sjølvsagt fort ført til eit nokså fragmentert og heller innhaldslaust skvalder. Eg opplever det altså ikkje slik. Ikkje på nokon måte. Utan at eg her og no skal slå meg på mitt spede bryst og skråsikkert påstå at eg skjønar kva han til einkvar tid har for seg, så opplever eg han ikkje som vanskelig heller. Litt kronglete, litt surrealistisk og ikkje så reint lite tvetydig til tider, men ikkje vanskelig. Av og til er han endåtil veldig enkel. Og det skal ein nødvendigvis ikkje kimse av. Som når han gjer små kvardagslege episode-skildringar til det dei eigentlig er, viktige. 

Stay out super late tonight, 
picking apples, making pies, 
put a little something in our lemonade and take it with us, 
we’re half-awake in a fake empire
 

Så liketil og så upretensiøst startar Boxer. Kva Fake Empire eigentlig handlar om kan ein sikkert diskutere, eg heller til å tru at det kanskje er ein liten dulgt kommentar til framandgjeringa i det store dobbeltmoralske riket. I ein eller annan slags framandgjort tilstand opplever nok også hovudpersonen i den rastlause Mistaken For Strangers å vere, i alle fall så lenge forteljaren så hardnakka kan seie opp i fjeset på han at «you got mistaken for strangers by your own friends». 

Før eg går vidare kan eg vel eigentlig berre legge hovudet til rette på stabben og innrømme at eg opplever området frå Fake Empire til den siste Gospel som ei sone fri for dødpunkt. Likevel gjer nokre av punkta litt større inntrykk enn andre. Slow Show er eit av desse. I eit kraftfullt tiltrekkande melodisk mønster møter vi ein skremt stakkar som ikkje heilt veit korleis han skal oppføre seg når han endelig ser ut til å ha fått sjansen hos henne han har draumt om og sakna i 29 år. Men no står han der altså, eller rettare sagt han ser etter «somewhere to stand and stay», for, som han mistrøystig sukkar «I leaned on the wall and the wall leaned away». Ikkje så lite fortvila og fjernt frå nykter, ber han derfor om å få berre eit lite minutt «of not being nervous, and not thinking of my dick». Det er ikkje Boxer sin mest subtile sak, men den merkast. Kan det ha noko med ein viss grad av gjenkjenning å gjere tru? 

«Raise our heavenly glasses to heavens! Squalor Victoria! Squalor Victoria». Slik lyde det feststemte refrenget i energiske og gåtefulle Squalor Victoria. Her møter vi den dekadente bohemen som går inn i problema med opne auger, utan at det ser ut til å komme så altfor mykje godt utav det. Brainy er på si side ein sånn liten sleip småsuspekt satan, som Berninger kjem opp med av og til. Eller kva skal vi seie om ein hovudperson som fortel si gudinne at «you know I keep your fingerprints in a pink folder in the middle of my table»? Eit vidare sunt syn på tilvære kan ein vel neppe seie at paret i Apartment Song er plaga med heller, der dei oppheld seg dag etter dag i sin eigen «rosy-minded fuzz» og «do whatever the TV tells us». 

På debuten var det Anna Freud, på Sad Songs heitte ho Rachel, på Alligator Karen og no er det Ada. Men ho er alt anna enn enkel å hanskast med denne kvinna. Til trillande pianotonar og eit dunkelt strykartema fortel hovudpersonen om sitt trøblete forhold til henne. «Ada don’t talk about reasons why you don’t want to talk about reasons why you don’t wanna talk». Du tok den? Han vil helst inn til kjernen, for å finne ut kva det handlar om. Men likevel står han der som ein tussaladd; «inside an empty tuxedo with grapes in my mouth, waiting for Ada.» 

Nei, ein kan vel ikkje nekte for at Berninger har ein hang til å langt oftare dvele ved dei meir nedslåande opplevingane menneska blir utsett for (eller utsette seg sjølv for) enn å finne det høvelig å trekke fram noko oppløftande. Det handlar mykje om desse skikkelsane som Hamsun så velformulert kalla «tilværelsens utlendinger». Slike som har komme på kant med venner, kvinner, håpet og det gjengse syn på korleis ein skal ordne seg. Berninger er likevel langt unna å vere den mørkaste mannen i klassen. Han kan stundom virke sarkastisk, men han er ikkje ein sytar som stadig ropar på frispark. Han er for fintesterk og ordsikker til det. 

Medan eg, eg burde vel no ha komme til det stadiet der eg gjer greiast i å legge henda bak hovudet og erkjenne at uansett kor eg strevar, den heile og fulle sanninga om Berninger, The National og Boxer vil eg aldri klare å få fram. Størst sjanse til å finne den har du så definitivt om du skaffar deg plata, og lyttar til den, fleire gonger. 

Så gjer det.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Miracle Fortress – Five Roses

Standard

Eit einmannsprosjekt med fine poptonar og driftig lydleik på programmet.

6

cover

Blant dei tusenvis av plateomtalar som etterkvart har blitt ein del av groove sin database vil det ikkje overraske meg om Brian Wilson/Beach Boys er den hyppigaste gjesten i referanse-feltet. Han blir å finne der i tilfellet Miracle Fortress også. Øvst oppe.

Miracle Fortress er ein av desse einmannsprosjekta som stadig dukkar opp. Ein ung lett gusten mann med ein computer, eit keyboards, ei trommemaskin, nokre gitarar og eit lite innspelingsstudio. Då han kom til Montreal for eit par år sidan – ja for det er i Montreal han held til denne karen også – kalla han seg Hidden in Buildings. Hans eigentlige namn er Graham Van Pelt. Innimellom spelar han også i det rett så energiske bandet Think About Life.

Energisk er nok ikkje ordet som renn meg først i hu når eg høyrer på Five Roses. Først og fremst tenker eg vel på den som ein pastellfarga vev av yndig popmusikk og tempererte lydløp. Men den er nok litt meir enn det. Den har også sine små truande stikk, og sine fortvila augeblikk.

Den store Brian Wilson-kjensla kjem ikkje over ein i løpet av dei første låtane. Her er det vel snarare ein slags mild shoegaze tekstur som blir vevd i hop. I det instrumentale opningssporet Whirrs, med sine suggererande kvalitetar. Og i den sfæriske draumepop-saken Have You Seen In Your Dreams.

I den håpefulle Maybe Lately derimot, har Van Pelt lånt dugelig frå prime time Beach Boys. Når han så kallar låta som følgjer for Beach Baby gjer han vel ikkje akkurat sitt for å dempe inntrykket av sine band til Wilson. Men eg oppfattar han aldri som ein bleik og brysam etterplaprar. Eg oppfattar han som ein popsnekker med legning for å skape vinnande tonekombinasjonar. Samstundes driv han også i lydkonstruksjonsbransjen og puttar inn godt med ambiente parti. Av det Eno-farga slaget. Tydeligast i det lett knirkande og fint blomstrande instrumentale tittelsporet.

Van Pelt syng med ei lys og uskuldig røyst om tilstandar der melankolien spelar ei rolle. Nokon gongar ei lita rolle, andre gonger ei meir dominerande, men aldri ei totalt lammande rolle. Han skildrar aldri sår eller smerter det ikkje finst håp for. Ikkje når han i intense Poetaster går ned i kneståande og ber «Mother free me, they beat my body blue, bloody». Og heller ikkje når han i eit nydelig refreng i Little Trees, etter å ha fått dei harde realitetar servert med raud tekst, hevdar at «I won’t ask a cure, not for a verse, not for a glimpse from the Heavens of Earth».

Han fell vel av og til for freistinga å komme opp med lydleik som nødvendigvis ikkje er heilt på parti med låta. Då står han i fare for å ta litt av brodden av den. Blasphemy er ein av desse. Den har popsmekre vendingar, men får litt av sitt gode rykte øydelagt i ein noko rotete siste halvdel. Eit dårlig rykte kan eg ikkje sjå at avsluttande This Thing About You nokon gong vil komme til å slite med. Ein liten spretten poptrave, med optimistiske overtonar og kjærleikserklærande undertonar.

Eit mirakel er det nok ikkje, men nok av gode popvibrasjonar til å gjere seg fortent til fem groove-roser skulle det vel vere her.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Jesse Malin – Glitter In the Gutter

Standard

Han har hatt kjentfolk på besøk, men det er ei tynn og preglaus suppe dei har hjelpt han med.

2

cover

Oscar Wilde hevda ein gong at «we are all in the gutter, but some of us are looking at the stars».

På coverbildet på sitt nye album står Jesse Malin i hevdvunnen rock’n roll positur og stirer, ikkje mot stjernene men rett inn i kamera med eit nokså tomt blikk. Samstundes er det vel ikkje heilt utenkjeleg at det nett er dette Wilde-sitatet som har stått modell for tittelen Glitter in the Gutter. Det er i tilfelle ikkje det einaste som har stått modell for ting Malin har for seg her.

Med ein god Dose of Thunder rennande gjennom systemet har han vore sine turar oppover Thunder Road og nedover The Boulevard of Broken Dreams. Ved tidlegare høve har han der hevda å ha praktisert The Fine Art of Self Destruction og kjent på The Heat. I beste rennesteinromantiske ånd har han no funne fram til litt Glitter in the Gutter. Men eg veit ikkje heilt om eg trur på han. Eg trur helst han er ein posør.

Kledd i svart, med innhaldet frå ei flaske gele i håret og gitaren på hofta prøver han på eit vel affektert vis å overtyde oss om at han har noko å melde. Det har han ikkje. I alle fall ikkje noko andre ikkje har meldt langt meir minneverdig før. Lou Reed, Bruce Springsteen, Paul Westerberg, Johnny Thunders. Til samanlikning blir Malin ein etterplaprar. Ein som har lært seg knepa, men som aldri kjem med substansielle og eigenarta vendingar, verken i tekstlig eller tonal form.

For all del, hadde eg blitt utsett for ein blindtest av tekstane hans ser eg ikkje vekk i frå at eg hadde konkludert med at dette for så vidt er greitt nok. Ja, alle hans små tekstlige stikk til klassiske rockelåtar (frå Gimme Shelter, via River Deep Mountain High til American Pie) kan til og med seiast å vere litt artige. Ikkje noko for framtidige sitatbøker eller slikt, men med tonefølgje av melodivinnande og initiativrik karakter så skal du sjå det kunne fungert. Slikt tonefølgje får dei ikkje. Alldeles ikkje. Malin vartar opp med melodiar så svake og livlause at det heile kunne vore noko Ryan Adams hadde funne på i eit svakt augeblikk. Og då veit jo dei fleste at vi verkelig snakkar svakt augeblikk.

Ryan Adams, ja. Han er med her, slik han har hatt for vane når Malin spelar inn musikk. Jakob Dylan er med her også, og Josh Homme. Og sannelig dukkar ikkje Springsteen opp og duetterar med fyren i pianoballaden Broken Radio. «The angels love you more than you know, raised on robbery and rock’n roll» syng dei to i lag. Midt i Malin sitt tematiske nedslagsfelt, men framført med såpass pondus at eg nett her er villig til å devaluere den sterke misnøya mi eit lite hakk. Hadde situasjonen vore den at eg aldri hadde høyrt Bastards of Young i Replacements sin originalversjon så kan det vere at eg hadde hevda at den låta også hadde vore eit lite lyspunkt her, men pianoballadeversjonen til Malin blir no eigentlig særdeles spede saker målt mot originalen då.

Elles; anonyme vers strevar seg fram mot dusinvare-refreng, og den eine trøyttande rockelåta etter den andre fer forbi og blir borte, for alltid.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Korby Lenker – King Of Hearts

Standard

Denne mannen veit korleis ein skal putte pop i country utan å bli Garth Brooks.

6

cover

Utan tankar om å vere noko heilt for seg sjølv presenterer Korby Lenker eit dusin låtar i ein lett popfiksert country-trubadur stil. Betyr det at vi like greitt berre kan avskrive fyren som dusinvare, og la han forsvinne inn i den store flokken av likesinna? Nei, eg har liksom ikkje heilt lyst å gjere det. Det har seg nemlig slik at fleire av låtane hans ikkje heilt vil sleppe taket i meg, og eg har ikkje heilt lyst å sleppe taket i dei heller. Så derfor har eg tenkt at vi kan traske saman ei stund til.

King of Hearts er mitt første møte med Lenker sine tonar, men det er ikkje første gongen han kjem med ei plate. Det er den sjuande gongen. Ganske så produktiv åtferd kan ein vel seie, sidan den første kom i 2001. Av desse er fire komme i Lenker sitt eige namn, to er gjort saman med bluegrass-bandet hans Barbed Wire Cutters, og ei er ei gospel-plate under pseudonymet David Goliath. For ytterligare detaljar prøv korbylenker.com.

Skal vi tru presseskrivet, og det rause utvalet av låtar ein kan lytte til på nettsida hans, representerer King of Hearts ein aldri så liten endring i måten han framfører songane sine på. Tidlegare har han stort sett gjort det ganske så aleine med ein akustisk gitar, eller i ein rimelig tradisjonsbunden bluegrass-tradisjon. På King of Hearts har han med seg fleire medhjelparar, og både han sjølv og andre lagar lyd frå instrument som er plugga til straumnettet. Som de sikkert skjønar, her blir meir lyd.

Med si halvkviskrande og inderlige røyst kunne Lenker fort ha gått seg fast i den kjente og dessverre altfor ofte besøkte affekterte hengemyra. Men han verkar ikkje å vere tilhengar av å gjere det vanskelig for seg sjølv. Han vekslar i staden mellom å sprette og spasere på steinane og tuene ved sida av. Slike som kallar seg frodige melodilinjer (stort sett), eit ukunstla språk (her og der med små pussige fintar) og luftige arrangement.

Han opnar med å proklamere at han er Bored, utan på nokon som helst måte å kjede meg. For låta er prototypen på dorskdynamisk og rusten countrypop den. Slikt underteikna knapt kan få nok av. Vi møter ein frostig og lett desillusjonert fyr som vel ikkje akkurat ser med glede fram til enda ein «red wine winter in the northern misphere», utan at det verkar som han har det som skal til for å gjere så mykje med det. Men eit par TV-ynskjer har han i alle fall, for ein litt meir fargerik kvardag; «So here’s a little what I’d like to see, Snoop Dog and Dre on CMT, Jerry Fallwell drinking like a Kennedy».

Elles handlar det, nær sagt sjølvsagt, mykje om kjærleikshunger, sakn, smerte, og litt lykke. Skildra nakent og direkte, og stundom krydra med fiffige metaforar som «sugar ain’t sweet less you put it in your mouth», og, med eit lite nikk til ein viss Wilco-sjef, «we can go our separate ways like Tweedy and the two Jay’s fall apart».

I eit par av songane er det barndomsminner som står på programmet. Varme og gode om korleis foreldra og ein gammal bluegrass-låt har vore med og ført han dit han er i dag, i den refrengvene Cedars of Lebanon. Og meir av det traumatiske slaget, om den gongen han tok hunden med til elva for å finne ut om den kunne symje, og nokså fortvila måtte konstatere at den nok ikkje var «the swimming kind», i Dog Down to the River.

Etter at det offisielle programmet er slutt dukkar det opp ein kort liten snutt i rockabilly-takt med ei oppfordring om å stikke innom MySpace-sida hans. Gjer gjerne det. Og er du sånn cirka som meg kan det nok vere at du ikkje vil oppleve det som bortkasta å gjere deg nærare kjent med heile King of Hearts også.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

Lavender Diamond – Imagine Our Love

Standard

Frå eit rosa hjørne av frifolkscena dukkar dei opp med ein visjon om fred og kjærleik på vår jord.

6

cover

Det står skrive i ein liten innleiande passus i tekstheftet til Lavender Diamond sitt debutalbum Imagine Our Love, eg siterer dei første linjene:

What a world we’re living in together, you and me – and all of us – we’d like to ask you all to please come with us, come together, to imagine our new world. The same one we have now, but still surrounded by our love and wrapped in our heart’s thoughts. We see our world glowing, radiant with joy, radiant with peace, fearless, fed, dancing, laughing.

Kynikaren i deg vil no sikkert brumme kraftig og lure på kva dette er for slags infantilt hippie/new age nonsens. Og realisten i deg vil trulig grunne grundig over om det er verdt å bruke tida på folk som tydeligvis ikkje har beina heilt på jorda. Lennon/Ono og flower power-gena dine derimot (om du har nokre slike då) vil nok nikke nøgd og gjere sine forsøk på å varme opp ein liten krok i hjarta ditt, der fornufta nødvendigvis ikkje skal få lov å spele hovudrolla.

California-kvartetten Lavender Diamond presenterte seg for et par år sidan med 4-spors EPen Cavalry of Light. Der den brusande og vanedannande popsaken You Broke My Heart gav bod om at vi her kunne ha dugelig med godsaker i vente. Imagine Our Love innfrir kanskje ikkje fullt ut, men den innfrir.

Lavender Diamond sin viktigaste fjerdepart er utan tvil songar og låtskrivar Becky Stark. Ei skolert og livfull røyst med eit naivistisk perspektiv på tingas tilstand. Om enn kanskje ikkje like definitivt som den siterte teksten skulle tyde på. For går vi songane nærare inn på klingen vil vi oppdage at det slett ikkje er ei einvegskøyring mot fryd, fred og gammen vi blir invitert med på. Her er absolutt ein viss dualitet å spore. I det eine augeblikk kan ho i god utopisk ånd erklære at «I’ll never be for countrie», men før ho har trekt pusten kan det også komme eit «though I one day might be mean».

Det overraskar kanskje ikkje så mange om eg fortel at Lavender Diamond er venner av Devendra Banhart og gjengen rundt han. Men tonane dei serverer fylgjer nok reinare stiar og tar seg fram på meir konvensjonelt vis enn kva brorparten av den berykta frikfolk-scena har for vane å gjere. Eit visst slektskap med CocoRosie kan ein like fullt spore i enkelte passasjer, medan ein i andre kan ane noko som minnar om Essex Green. Becky går heller ikkje av vegen for å utøve teatralske fakter, som ein litt meir forsiktig Kate Bush.

Dei har eit luftig og organisk uttrykk, og instrumentbruken deira har i liten grad belasta straumnettet i Los Angeles. Pianoet til Steve Gregoropoulos er det som flittigast understøttar vokalen til Becky. I den vakre lett nattstemte og sakrale balladen Dance Until Tomorrow, i vaudeville-pop former i anti-arbeidssongen My Shadow Is a Monday, og i selskap med vene strykarparti i kjærleiksballaden Find a Way.

Dei tenderar den engelske folktradisjonen i flotte Oh No. Ei låt komponert same dagen den første amerikanske bomba råka Baghdad, derfor; «it’s such a sad and grey day, Oh!, when will I love again?». Dei tenderer tonar som Carter Family dreiv på med for lenge sidan i den skjøre Garden Rose. Dei finn den friske poptonen frå You Broke My Heart og gjer den om til Open Your Heart. Og dei er innom eit minimalistisk tribal-rytmisk område i Like an Arrow.

Opplegget kan nok tidvis bli i yndigaste laget. Dei er heller ikkje bandet som skraper under overflata i særlig grad. Men godtar ein premissane som vert lagt, ja så kan ein ha det rett så trivelig i selskap med Lavender Diamond.

Først publisert på Groove.no (i 2007)