Med vanedannande tonar og ugløymelige linjer som «I leaned on the wall and the wall leaned away» lener bandet seg mot taua, og vinn.
9
Det har tatt si tid denne gongen også.
Akkurat som det gjorde dei andre gongene.
The National er nemlig ikkje av det slaget som skaper den heilt saliggjerande tilstanden sånn i løpet av dei første rundane. Dei kan rett og slett virke litt uinspirerte og dovne. Debuten mistenkte eg i ein tidleg fase for å vere snekra i hop av eit reservespekka Tindersticks. Alligator beit seg avgjort ikkje fast med det same. Boxer har også brukt si tid på å få inn solide treff og effektive hooks. Men no kjem dei, tettare og tettare.
Og eg blir groggy, men eg gliser.
Eg trur ikkje eg skulle vere heilt på sykkeltur i tåkeheimen om eg hevdar at New York-kvintetten med Boxer i større grad enn før dyrkar fram dei folksy sidene sine, samstundes som dei også lar det pophektande ta litt meir tak enn tidlegare. Utan at ein kan kalle det eit møte mellom New Pornographers og Leonard Cohen av den grunn. For The National hentar framleis tonane sine frå det same soniske nedslagsfeltet dei alltid har tydd til. Det som på den eine sida mønstrar folk som nettopp Cohen, Tindersticks og American Music Club og som frå ein litt annan kant mønstrar The Smiths, The Triffids og Interpol. Men Boxer er altså litt annleis. Litt annleis enn Alligator. Og litt annleis enn Sad Songs For Dirty Lovers og debuten.
Boxer er ei litt rolegare affære enn forgjengaren. Boxer er også The National si sonisk sett mest einsarta affære. Trekk vi oss ned på det subtile plan har låtane ein god del ulikt for seg, men i det store bildet har dei veldig mykje felles. Dei startar gjerne i rimelig spartanske former, for så å, nesten umerkelig, bygge sitt soniske vesen litt meir omfattande og endar opp i ei meir berekraftig form. Utan at dei står fram som prototypen på eit atmosfærisk orkester av den grunn. For dette er stadig tonar som mest av alt høyrer den urbane nattesfæren til.
Alle låtane har ein melodisk DNA-profil som avslører at dei er slektningar. Men kva gjer det så lenge eg med vått og gnistrande blikk, og handa på hjerta kan seie; «for ei slekt». Og jo betre eg har lært dei å kjenne har eg oppdaga 12 sterke individ, med ein dunkel personlegdom og eit vanedannande melodisk vesen.
Den lakoniske barytonrøysta til Matt Berninger trør ikkje til med desperate fakter slik den innimellom har gjort på tidlegare album, denne gongen held den seg på tilnærma same nivå albumet igjennom. Eg opplever den likevel aldri som monoton eller grå, for Berninger hentar fram dei små nyansane som ligg på lur i det marginale. I tillegg får han som vanlig verknadsfull støtte frå resten av laget.
Pianoet er oftare å høyre enn kva som har vore tilfelle før (på to av låtane har dei endåtil plassert den kjente pianisten Sufjan Stevens på pianokrakken). Men framleis er tonar frå ymse strengeinstrument meir sentrale i uttrykket. Både straumtilførte, akustiske og assortert medlem Padma Newsome sine bogestrokne. Gitarsoloar og andre former for søking innover i eller utav låtane er imidlertid ikkje ein del av opplegget.
Låtane gjer seg stort sett ferdig før fire-minuttars merket er nådd, og då for det meste med strengelyden ein smule ilter og sterkt ulmande i ei røykfull sone mellom songaren og mannen på trommekrakken. Bryan Devendorf. Høgt i miksen, nokre gonger enkelt og kontant, andre gonger intrikat og leikent, driv han låtane framover, og stettar med stil si rolle som pulserande aktivum og viktig uromoment.
I det melodiske låtfunderte skiktet som The National tar seg fram i er det alt anna enn tvilsamt om ein har noko å melde på det tekstlige plan. Eg har ved tidlegare høve referert til Matt Berninger sine bidrag på denne fronten som sitatfreistande. Det er ein del av det kaliberet på Boxer også. Ja underteikna si oppfatning er vel at Matt Berninger må vere ein av dei mest eigenarta rockepoetane som har komme til etter årtusenskiftet. Ikkje fordi han skriv poesi som like gjerne kunne fått plass mellom permar. Men fordi han har ein personleg uttrykksmåte, med låg klisjéfaktor og høg fintefaktor.
Matt Berninger sine tekstar fylgjer nødvendigvis ikkje dei kronologiske, logiske eller lettfattelige vegar. I fylgje Berninger sjølv blir dei til gjennom ein collage-byggande metode. Fyren har alltid ei notisbok på lomma eller ved sengekanten. Her samlar han eigne tankar og draumar, samt ting han har lest eller overhøyrt. Når han så skal skrive tekstar til låtane dei fire andre har komponert, er alle desse lausrivne setningane viktige incitament.
Denne metoden kunne han sjølvsagt fort ført til eit nokså fragmentert og heller innhaldslaust skvalder. Eg opplever det altså ikkje slik. Ikkje på nokon måte. Utan at eg her og no skal slå meg på mitt spede bryst og skråsikkert påstå at eg skjønar kva han til einkvar tid har for seg, så opplever eg han ikkje som vanskelig heller. Litt kronglete, litt surrealistisk og ikkje så reint lite tvetydig til tider, men ikkje vanskelig. Av og til er han endåtil veldig enkel. Og det skal ein nødvendigvis ikkje kimse av. Som når han gjer små kvardagslege episode-skildringar til det dei eigentlig er, viktige.
Stay out super late tonight,
picking apples, making pies,
put a little something in our lemonade and take it with us,
we’re half-awake in a fake empire
Så liketil og så upretensiøst startar Boxer. Kva Fake Empire eigentlig handlar om kan ein sikkert diskutere, eg heller til å tru at det kanskje er ein liten dulgt kommentar til framandgjeringa i det store dobbeltmoralske riket. I ein eller annan slags framandgjort tilstand opplever nok også hovudpersonen i den rastlause Mistaken For Strangers å vere, i alle fall så lenge forteljaren så hardnakka kan seie opp i fjeset på han at «you got mistaken for strangers by your own friends».
Før eg går vidare kan eg vel eigentlig berre legge hovudet til rette på stabben og innrømme at eg opplever området frå Fake Empire til den siste Gospel som ei sone fri for dødpunkt. Likevel gjer nokre av punkta litt større inntrykk enn andre. Slow Show er eit av desse. I eit kraftfullt tiltrekkande melodisk mønster møter vi ein skremt stakkar som ikkje heilt veit korleis han skal oppføre seg når han endelig ser ut til å ha fått sjansen hos henne han har draumt om og sakna i 29 år. Men no står han der altså, eller rettare sagt han ser etter «somewhere to stand and stay», for, som han mistrøystig sukkar «I leaned on the wall and the wall leaned away». Ikkje så lite fortvila og fjernt frå nykter, ber han derfor om å få berre eit lite minutt «of not being nervous, and not thinking of my dick». Det er ikkje Boxer sin mest subtile sak, men den merkast. Kan det ha noko med ein viss grad av gjenkjenning å gjere tru?
«Raise our heavenly glasses to heavens! Squalor Victoria! Squalor Victoria». Slik lyde det feststemte refrenget i energiske og gåtefulle Squalor Victoria. Her møter vi den dekadente bohemen som går inn i problema med opne auger, utan at det ser ut til å komme så altfor mykje godt utav det. Brainy er på si side ein sånn liten sleip småsuspekt satan, som Berninger kjem opp med av og til. Eller kva skal vi seie om ein hovudperson som fortel si gudinne at «you know I keep your fingerprints in a pink folder in the middle of my table»? Eit vidare sunt syn på tilvære kan ein vel neppe seie at paret i Apartment Song er plaga med heller, der dei oppheld seg dag etter dag i sin eigen «rosy-minded fuzz» og «do whatever the TV tells us».
På debuten var det Anna Freud, på Sad Songs heitte ho Rachel, på Alligator Karen og no er det Ada. Men ho er alt anna enn enkel å hanskast med denne kvinna. Til trillande pianotonar og eit dunkelt strykartema fortel hovudpersonen om sitt trøblete forhold til henne. «Ada don’t talk about reasons why you don’t want to talk about reasons why you don’t wanna talk». Du tok den? Han vil helst inn til kjernen, for å finne ut kva det handlar om. Men likevel står han der som ein tussaladd; «inside an empty tuxedo with grapes in my mouth, waiting for Ada.»
Nei, ein kan vel ikkje nekte for at Berninger har ein hang til å langt oftare dvele ved dei meir nedslåande opplevingane menneska blir utsett for (eller utsette seg sjølv for) enn å finne det høvelig å trekke fram noko oppløftande. Det handlar mykje om desse skikkelsane som Hamsun så velformulert kalla «tilværelsens utlendinger». Slike som har komme på kant med venner, kvinner, håpet og det gjengse syn på korleis ein skal ordne seg. Berninger er likevel langt unna å vere den mørkaste mannen i klassen. Han kan stundom virke sarkastisk, men han er ikkje ein sytar som stadig ropar på frispark. Han er for fintesterk og ordsikker til det.
Medan eg, eg burde vel no ha komme til det stadiet der eg gjer greiast i å legge henda bak hovudet og erkjenne at uansett kor eg strevar, den heile og fulle sanninga om Berninger, The National og Boxer vil eg aldri klare å få fram. Størst sjanse til å finne den har du så definitivt om du skaffar deg plata, og lyttar til den, fleire gonger.
Så gjer det.
Først publisert på Groove.no (i 2007)