Tag Archives: Over The Rhine

Over The Rhine – The Trumpet Child

Standard

Dei kastar slett ikkje bort tida di med musikk du ikkje treng.

7

cover

Det skjer ein del gonger at ei plate viser seg å vere mindre skarpskodd enn det ein først trur den er. I løpet av dei fem åra eg har synsa om plater på groove skal eg innrømme at eg nokre gonger har trekt konklusjonen før eg har oppdaga det, og slik komme i skade for å dele ut godord og poeng vel rundhanda. Den omvendte problemstilling derimot, at ei plate har vist seg meir skarpskodd enn kva inntrykket fortalte meg då konklusjonen vart trekt, er eit sjeldant fenomen.

Faktisk kan eg berre komme på ein gong der dette har hendt. Ohio er namnet på den plata. Ei dust farga, sakralt framstilt og særdeles innbydande tonesett plate, skapt med nennsam hand og enkle middel av mann og kone duoen Over the Rhine. Dobbel er den også, utan at den tar skade av det. Då eg skreiv nokre ord om den på nyåret i 2004 burde eg nok vore rausare med godorda og endt opp med seks groove-poeng i staden for fem. Ja for det hadde så avgjort den samlinga av sjelfulle songar frå ei kosmisk americana-bakgate fortent.

Turneen som fylgde Ohio sleit på ekteskapet, og dei to (Karin Bergquist og Linford Detweiler) bestemte seg for å nedprioritere musikken for å redde samlivet. Det kan tyde på at dei har lukkast med det, for i 2007 har musikken blitt opprioritert igjen. To nye plater. Snow Angels, som vel var denne julas finaste juleplate, og The Trumpet Child, ein blåfarga men håpefull midtvesten cabaret som har henta sin inspirasjon frå slikt som New Orleanske jazzbuler, gamle hymner og anna amerikansk pre-rock stoff.

Karin Bergquist legg ambisjonane der dei bør leggast når ho i første linje proklamerer fylgjande: «I don’t wanna waste your time with music you don’t need». Og ho, mannen og deira medmusikantar lever opp til ambisjonane. The Trumpet Child lever i eit sonisk landskap ikkje så heilt ulikt det damer som Norah Jones og Katie Melua tar seg fram i. Men spør du underteikna ja så opplever eg at Over the Rhine går litt djupare enn desse, samstundes som dei tar seg fram med ein frodigare bris i ryggen.

Karin Bergquist er utstyrt med denne forsiktig håse, sterkt sensuelle og myndige røysta som evnar å gjere ein song til eit personleg vitnesbyrd. Laust og ledig men med stor kontroll leiar ho songane langs ein om ikkje akkurat flomlyst så heller ikkje mørklagt veg. Og bakom henne sitt han Detweiler og trillar fram jazzige tema frå eit piano, Brad Jones har basskontroll med kontrabassen og Mickey Grimm spelar meir enn slår på trommene. Ein innhyra Jim Hoke smyg innom med varme tonar frå ein saksofon eller ein klarinett, og Tony Paoletta fargar nokre krokar med tonar frå ein steel-gitar.

Det handlar om kjærleiken. Sett gjennom augne til nokon som trur på den. Nokon som har håp, lyst og framtid. Nokon som vil omfamne og ikkje forkaste. «I don’t wanna waste good wine, if you won’t stick around» syng ho Karin i opningssporet. «You smell like sweet magnolias and Pentecostal residue» syng ho ein annan stad, men grublar også litt forsiktig over om ho lurer seg sjølv. Det gjer ho ikkje når ytrar eit ynskje til sin kjære om å fordrive heile dagen i senga, der dei kan bli «stoned on love».

Tittelkuttet handlar om kjærleiken til jazzmusikken. Og då spesielt den kraftfulle eller lyriske tone som kan komme når ein som kan det bles i hornet, «with Gabriel’s power and Satchmo’s grace». Don’t Wait For Tom handlar om kjærleiken til Tom Waits. Songe av mannen ved pianoet i ein sjargong veldig tett opp til slik vi kjenner gamle gode Waits; «He takes a little bow and tips his fedora, shouts like he’s gonna save Sodom and Gomorrah».

Dei avsluttar albumet i klassisk countryskapnad. Med ei låt som vel kan seiast å handle om kjærleiken den også. Kjærleiken til og trua på krafta i ein song. For If a Song Could Be President ville verda sett ganske så annleis ut om vi skal tru Over the Rhine. Då kunne Steve Earle «anchor the news», Neil Young vore senator, Emmylou Harris ambassadør og John Prine sjef for FBI. Det heile fortalt med minst to glimt i augekroken. Men glimt slett ikkje utan ein viss substans.

The Trumpet Child grev seg kanskje ikkje like djupt inn i sjel og sinn som det Ohio med tida har klart, men den får sinnet til å danse. Med raffinerte og stødige steg. Ikkje kom her og sei at slike tonar ikkje trengs.

Først publisert på Groove.no (i 2008)

Over The Rhine – Ohio

Standard

Skånsom mentalhygiene i eit dust americana landskap.

cover

Himmel og helvete. To motstridande dimensjonar det har blitt sunge mang ein sang om. Vi kjenner godt dei tilsynelatande overbeviste, enten dei kallar seg kristne eller for den saks skyld satanistar, fascinerande ord og tonar har dei sjeldan på programmet. Nei, då er det langt meir å hente hos tvilarane, dei som i det eine øyeblikk tilber, i neste spottar, dei syndar og dei angrar, jublar og fortvilar. Frå dette hjørnet dukkar det rett som det er opp blendande førestellingar i ulike musikalske drakter. Lista er lang, men Little Richard, Al Green, Solomon Burke, Johnny Cash, Bob Dylan, T-Bone Burnett, Maria McKee er nokre av navna som har levert både lovprisande hymner og hatsk blues herifrå.

Duoen Karin Bergquist og Linford Detweiler har her på sin tiende utgjeving under signaturen Over the Rhine, også sin forsyning med utfall og innfall henta frå det åndelige hjørnet. Og då snakkar vi sjølvsagt om det ambivalente hjørnet til Cash og hans frendar. I den uimotståelige og langsomt huskande honkytonk-affæren Jesus In New Orleans fortel den Bloody Mary-drikkande hovedpersonen om eit barbesøk der denne mykje hylla fyren dukkar opp. Om det er lett animerte fantasier eller sterk tru som ligg bak er egentlig underordna. For her er det først og fremst kjærleik i møte med eigen avmakt som blir illustrert; «He’s still my favorite loser, falling for the entire human race». Den inderlige soul-balladen Changes Come er på si side eit fortvila rop og ei inderlig bøn til den samme Jesus om å komme for å «turn the world around» for «this ol» world’s too fucked up». Når så Karin blir åleine med pianoet i Remind Us stiller ho spørsmål med om ikkje Gud berre er noko vi brukar for å fremme vår eiga sak. Og som ein gøymt liten sang heilt til slutt dukkar Idea #21 (Not Too Long) opp, eit friskt gospelnummer om fred, forsoning og ein betre verden.

Over the Rhine er imidlertid mykje meir enn åndelige funderingar. Dei er eit skånsomt forpleiande orkester som også kretsar rundt temaer som sakn, lidenskap, overgrep og dagdraumar, der instrument som akustisk gitar, steel gitar, hammond orgel og ikkje minst piano får lov å være dei berande elementa i lydbildet. Ganske så dristig har dei valgt å tilby oss samtlige sangar frå innspelingane, og resultatet er eit 21 låtar og drøyt 90 minuttar langt dobbeltalbum. Det går nok an å finne nokre spor ein kunne levd forutan, men her er ikkje verre feilskjær enn at dobbeltalbumidéen er veldig lett å fordøye.

Eg nevnte Maria McKee lenger oppe i teksten, og det er fleire av spora på Ohio som bringer tankane mine i retning av denne dama sin strålande eigentitulerte solodebut frå 1989. I tillegg til at Karin Bergquist har ein viss stemmelikskap med McKee, er Over the Rhine sin blanding av soul, folk, country og pop ganske identisk med det som var Maria McKee sitt prosjekt for snart 15 år sidan. Slik går dei også i salige Gram Parsons sine fotspor og gjer sin variant av The Cosmic American Music. Ja faktisk har dei ein sang med samme tittel som ein av Parsons sine aller finaste øyeblikk, og Over the Rhine sin She gjer ikkje skam på tittelen. Den er ein nydelig ballade med eit popfikst refreng, som tar føre seg eit alvorlig tema; den voldelige mannen og hans offer. Useieleg vakker er også den lengtande countrysoul balladen Long Lost Brother. Medan religiøse ytringar av det ganske så raffinerte slaget får vi servert i den jazzige countrysaken Cruel and Pretty; «Meet me in the backstreets of heaven». Ja sannelig om det ikkje er nett der, i ei røykfullt kneipe, Over the Rhine kjem til å være eit fast innslag eingong. Eg trur faktisk eg godt kunne tenkt meg å være der eg og.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)