Med punkattityde, garasjelukt og ein solid porsjon sterke låtar presenterer den unge amerikanaren seg på eit primitivt og overtydande vis.
Scene 1 (platecoveret): Ein ung tynn fyr står på tå hev midt i trappeoppgangen med repet stramt rundt halsen, og med ei kriblande uro frå øvst i rockabilly-sveisen til innerst i eit par sveitte sko.
Scene 2 (songane): Med punkattityde, garasjelukt og ein solid porsjon sterke låtar i ryggen kuttar fyren repet og kastar seg ut i ein febrilsk dans i selskap med upålitelige kvinner og lumske slangar. Ja, full av ungdommelig råskap og frenetisk pågangsmot serverer jyplingen ein sprek (om enn ved nokre få høve litt melodisk tvilsam) kombinasjon av Eddie Cochran stimulert rockabilly, The Stooges egga garasjeglød, Modern Lovers influert punkminimalisme og Violent Femmes jagande folkpunk. Det er til å bli yr, vill og ung igjen av.
Dan Sartain kjem frå Birmingham, Alabama og er i byrjinga av 20-åra. Han har vore oppslukt av gitardriven musikk heilt sidan første gong han høyrte lyden av den, og har allereie to sjølvutgjevne album på CV’en sin. Det tredje kjem her sprelsk rockande via den vitale garasjepunkaren John Reis (Rocket From the Crypt og Hot Snakes) sin label Swami. Heilt ferskt er det rett nok ikkje. Det har berre tatt litt tid før det har nådd fram til steinrøysa vår. Vs. The Serpientes er nemlig sett saman av låtar frå dei nemnte sjølvutgjevne platene samt nokre nyare innspelingar gjort i 2003.
Primitivt kan vel vere ein slags fellesnemnar for det meste fyren har på programmet. Han kastar seg uti det med gitaren i usikra stilling og røysta som tennvæske, og tett bakom i knoklete men effektiv stil pressar rytmikken seg på. Her blir det gått direkte til verket både i toneframferd og tekstlig utforming, pynta omvegar blir aldri tatt i bruk. Og det er ting som tyder på at han allereie har opplevd ein overdose trøbbel i sitt unge liv. Sentralt i så måte står det eg velgjer å titulere som Kobra-trilogien. Tre låtar med uforsonlige trekk der fokuset blir retta mot svik, einsemd, mismot og hemntankar. Walk Among the Cobras (pt. I) buktar seg skarpt fram i punkabilly fasong, og gjer råd om «to scream instead of holler».
Cobras (pt. II) tar få melodiske omvegar, og legg heller ingen tekstlige lokk på kva for tankar som står fremst på agendaen; «I figure out a way to hang you by your neck». Medan Cobras (pt. III) har ei meir tilbakelent melodisk form, men touchar kjente og beiske Dylanske utsegn når det i refrenget blir forfekta at «you don’t know what it’s like to be alone, no baby, you don’t know how it feels to have the cobra snappin» at your heels».
Før vi er framme ved Kobra-trilogien har Sartain sparka, stønna, tralla og bjeffa seansen i gang med energiske Tryin» to Say, fylgt opp med like energiske P.C.B 98, og roa seg litt ned med den angerfulle I Could Have Had You. Ikkje fullt så tett med upolerte perler kjem ramlande i albumet sin andre halvdel. Dei litt Pixies-aktige tilfella Love Is Crimson og Leeches (pt. I) strevar i melodisk motbakke, og kjellarbluesen Romance blir i hjelpelausaste slaget.
Metropolis derimot skal få tildelt solid plusskarakter, rytmisk velskapt og melodisk raffinert som den er, i eit vagt latinslekta lende. Sartain viser også at han meistrar dei straumlause formene i dei to akustisk-gitar draperte visene Place to Call My Home og Got That Feeling. I den første fyller han ut biletet med skeive pumpeorgel-tonar, og den andre glir inn i eit blått hornparti midtvegs. I det heile er andre halvdel meir avbalansert, men såleis heller ikkje like spenningsfull som den første.
Rykta fortel at Sartain i desse dagar er i gong med å spele inn rykande ferske låtar for ei 2006 utgjeving. Skulle han der utvikle låtskrivar-åtferda og dei eigenarta rock’n roll manerane sine ytterligare kan det fort vise seg å bli ein av neste år sine meir kjærkomne musikkopplevingar.
7/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)
Rockehistorien er full av artistar med songar der bilen og bilkøyring er temaet. Frå gamle klassiske Route 66, via Chuck Berry, The Beach Boys og til Bruce Springsteen, berre for å nevne nokon få. Men det er ikkje mange som viser eit så intenst forhold til denne firhjulingen som det Leeds-jenta Sally Crewe gjer på si debutplate, der over halvparten av spora streifer innom bilen i ein eller annan samanheng.
Amerikanaren Tom Russell er ein mann med fleire forbindelsar til Norge. Han har dei siste 20 åra vore ein flittig gjest på norske konsertscener. I perioden 1987-91 spelte han inn tre plater i Norge, med fleire norske musikarar involvert, av desse står Poor Man’s Dream frå 1989 fram som kanskje den beste av alle Tom Russell sine utgjevingar. På den kan ein finne klassikarar som Blue Wing, Gallo Del Cielo og Navajo Rug. I 1999 gav han så ut «folk-operaen» The Man From God Knows Where, ein sangsyklus med utgangspunkt i Russell sine røter frå Irland og Norge, også her med deltaking frå fleire kjente norske musikarar.
Det dukkar stadig vekk opp nye unge kvinner og menn med ein akustisk gitar i fanget og ein bunke sjølvlaga songar på hjertet, då helst av det melankolske slaget. Dette enkle og hevdvunne viset å uttrykke sine livserfaringar og dela ymse observasjonar med omverden på, kjem aldri til å forsvinne. Og takk for det. For blant desse trubadurane er det nemlig ein og annan som verkelig har ting på programmet som er verd å få med seg. Josh Ritter frå Idaho høyrer med blant desse.
Langt borte frå tonepyntarane og lydakklimatisererane sin verden går livet stadig sin skeive gang. Eit band som manar fram inspirerte tonar frå denne delen av musikk-kartet er Portland, Oregon kvartetten Richmond Fontaine. Utan den store halloien er dei i desse dagar klar med sin femte utgjeving sidan starten i 1996. Plata med tittelen Post To Wire gjer det klart og tydelig at vi her har å gjere med eit band som har så vel skarpsindige ord som tonar på programmet. På ein sti like i nærleiken av countryrock terrenget Uncle Tupelo, Jayhawks (Mark Olson-æra) og Whiskeytown vandra rundt i på 90-talet har dei funne eit åpent lende der så vel sår akustikk som truande ørkenvind og råbarka gitar overhalingar for lov å gjere seg gjeldande. Ein plass der også melodi-snittet til gamle heltar som Paul Westerberg (The Replacements) og Grant Hart (Hüsker Dü) gror.
Brødreparet Craig og Charlie Reid gjorde seg første gong bemerka i 1987 med Throw the «R» Away, som var åpningssporet på debutplata This Is the Story. Ein sang om brødrene sin ettertrykkelige og ikkje så lite utprega skotske aksent. Ein aksent som fort vart eit av The Proclaimers mest markante kjenneteikn. Året etter kom albumet Sunshine On Leith, eit rett så spenstig og trivelig folkpop-album. Med eit åpningsspor, I’m Gonna Be (500 Miles), som var ingenting mindre enn ein liten poptriumf. Nokre år seinare vart låta også ein velfortjent hit, gjennom sitt nærvær i filmen Benny & Joon.
I sine beste øyeblikk; Screamadelica, XTRMNTR og deler av Vanishing Point, har Primal Scream framstått som eit av det britiske øyriket sine absolutt heftigaste rockeband. Det var det imidlertid lite som bar bud om i bandets spede ungdom. Dei to albuma dei gjorde på slutten av 80-talet var nemlig av den høgst ordinære sorten. Bobby Gillespie, vokalist og frontfigur hadde rett nok vore med å servert Psychocandy og andre godsaker som trommeslagar hos Jesus & Mary Chain, men dette nye prosjektet såg ikkje ut til å ha så altfor mykje å by på (den tidlige singellåta Velocity Girl er eit unntak). På Dirty Hits, bandets første samleplate, ignorerar dei då også desse to platene. Og gjer istaden eit forsøk på å innbille oss at det var slik det starta:
Ganske langt unna Hollywoodsk glamour, staffasje og forfina tonar gjer denne Oslo-kvintetten sin variant over konvensjonell amerikansk rock’n’roll. Kall det Americana, kall det Heartland, kall det roots rock; tradisjonelt og velprøvd er det i alle fall.
Joe Pernice gjorde seg første gang bemerka på midten av 90-talet saman med alt-country laget Scud Mountain Boys. Etter at han tok turen ned frå det fjellet og danna Pernice Brothers, er uttrykket blitt meir pop- og rockorientert. Men den melankolske sinnstilstanden og outsider-rolla er stadig dominerande faktorar i musikken.
Er du redd for steel gitarar, høyrest dette bandnavnet sikkert skummelt ut. Men det er ingen grunn til å skygge unna, for Pedal Steel Transmission leverer ein time rockbasert musikk som bør røre ved sjela til langt fleire enn steel gitar interesserte. Ja, når sant skal seiast er det nok atskillig meir å hente her for tilhengarar av frigjort rock’n’roll enn for dogmatiske country-entusiastar. På programmet står nemlig ein saliggjerande mikstur av det meste ein kan tenke seg frå countryrock via psykedelia og progrock til postrock. Og heilt utan at det virkar forvirrande, kun stimulerande.