Energisk, ukomplisert og minimalistisk rock.
Rockehistorien er full av artistar med songar der bilen og bilkøyring er temaet. Frå gamle klassiske Route 66, via Chuck Berry, The Beach Boys og til Bruce Springsteen, berre for å nevne nokon få. Men det er ikkje mange som viser eit så intenst forhold til denne firhjulingen som det Leeds-jenta Sally Crewe gjer på si debutplate, der over halvparten av spora streifer innom bilen i ein eller annan samanheng.
Tenk deg Liz Phairs Exile In Guyville (hmm, eller kanskje Whip Smart), og pluss på med ein dose Buzzcocks og Wire (eller for så vidt kvart einaste New Wave-band frå 1979 du kan komme på) så er vi i nærheten av korleis dette fortonar seg. Energisk, ukomplisert og minimalistisk rock. På ei plate som definitivt lever opp til tittelen, for her går det unna; 12 songar klokka inn på 26 minuttar, der ingen av låtane er over tre minutt, og dei kortaste berre drøyt minuttet lange. Sally tar ingen omvegar, ho stormar til angrep med få akkordar, skarp lyd og eit rasjonelt komp (Sudden Moves er Britt Daniels og Jim Eno frå Texasbandet Spoon).
Alt bra så langt. Men så til mitt vesle sakn; tilstrekkelig med skikkelig gode låtar. Rett nok åpnar det lovande med sprelske Tonight, der ho både i frasering og melodiklang kan minne om Graham Parker. Det påfølgande tittelsporet er heller ikkje ueffent, det er den klassiske historien om rebellen og kjæresten, med eit refreng som er «full tank og sjå deg ikkje tilbake». Etter desse er det lengre mellom godsakene, og mykje kan egentlig beskrivast med eit ord; eindimensjonalt. Låtane er for det meste smidd over samme lest, samstundes som den store melodifølelsen også til dels uteblir. Unntaka er den friske power-pop saken ABC (Waiting For You), den svale Liz Phair infiserte Silver, og den Belly-poppige Forget It. Men gløyme Sally Crewe heilt er langt ifrå nokon god idé, til det viser ho for mykje guts.
Berre ho får modnast litt som låtskrivar kan det godt være at ho utrettar større ting neste gang.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2003)