Tag Archives: Dan Schneider

Sainte Chapelle – Soon To Fail

Standard

Dunkel, stemningsskapande og moderat påkledd folk med få ord.

cover  Å oppleve fargedansen på glasmaleria i Sainte Chapelle-katedralen ein solskinsdag i Paris skal visst være ei fargesprakande og fager oppleving. Like rik på fargar er nok ikkje tonedansen til Chicago-duoen som har tatt namnet sitt etter den gotiske katedralen. Ekspedisjonen dei legg ut på her på sin første full-lengdar er av meir dunklare karakter. Sjølv om den aldri er i nærleiken av å nærme seg redslene og uhyggen som gjekk føre seg i katedralen under den franske revolusjonen, då den var omgjort til fengsel for folk som skulle i giljotinen.

Dan Schneider (gitarar og litt vokal) og Gary Pyskacek (trommer og andre rytmesaker) vil kanskje nokon kjenne igjen som dei drivande kreftene bak bandet Pedal Steel Transmission. Eit fargerikt og sjangerblandande band som overbeviste underteikna ettertrykkelig med fjorårets album The Angel of the Squared Circle. Sainte Chapelle er tilfluktsstaden dei to søker til når dei vil være meir einsarta og dempa. Då står dei fram som eit folk-band med visse ambiente interesser.

Av Soon to Fail sine elleve kutt er sju reine instrumentalar. Det vanligaste bildet er Schneider i front med ein gitar i fanget og fingrane jagande over strengene. Litt lenger bak sit så eit duplikat av same mann og lagar meir fluktuerande lydar frå ein annan gitar (av typen elektrisk eller pedal steel). Ved sida av han igjen står Pyskacek med sine rytmesaker, som han nyttar enkeltvis og sjeldan høglytt.

Det er søkande og repeterande, og i hovudsak maktar dei to å finne eit dynamisk uttrykk for ferda slik at tonane ikkje svinn avstad ut i det store tomrom. I staden fangar dei interessa, og lagar bilde for det indre filmlerretet. Bilde som alle har dei same grågule fargenyansane av golde landskap, lengsel og sakte rørsler. Like fullt har dei ulike låtane kvar sin personlige innfallsvinkel. In Search of Skip held same gnagande fasong heile vegen, og lever godt på det. Låta med den «velklingande» tittelen May 17th flyttar seg frå einsam strengeplukking og over i grundig el-gitar behandling, før den klimprar svalt mot mål. På Mantra daskar Schneider på strengene i eit gjentakande mønster medan lydkjelder lengre bak skaper både ein melodiøs og ambient verden. På Cartography byter han ut gitaren med pianoet, og slepp Joon He Park til med vemodsfulle fiolintonar.

Ved fire tilfelle bryt Sainte Chapelle ut av sitt ordlause landskap for å synge litt. What Do We Call Love? spør dei første gongen dei prøver seg på det. Vokalen er einstonig og dvelande, frasene er vemodige og gåtefulle. Det same kan seiast om tittellåta sine spådomar om snarlege bommertar. På motsatt side av optimistisk finn duoen seg også i This One Follows Me Around; «day begins again, we don’t see light». Aller lengst inne i katedralen sine mørke kjellargangar finn vi likevel den lengtande sørgesongen To Crave, sjølv om den slår til med eit litt lysare Django Reinhardt-aktig parti midtvegs.

Om det ikkje akkurat er det glade bodskap som spring fram gjennom tonane til Sainte Chapelle, er det noko saliggjerande med melankolien på Soon to Fail. Den er i alle fall ein velkomen kompanjong for fredfulle timar rundt midnatt.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Pedal Steel Transmission – The Angel of the Squared Circle

Standard

Ein stilblandande og frigjerande trip inn i den musikalske saligheita.

cover  Er du redd for steel gitarar, høyrest dette bandnavnet sikkert skummelt ut. Men det er ingen grunn til å skygge unna, for Pedal Steel Transmission leverer ein time rockbasert musikk som bør røre ved sjela til langt fleire enn steel gitar interesserte. Ja, når sant skal seiast er det nok atskillig meir å hente her for tilhengarar av frigjort rock’n’roll enn for dogmatiske country-entusiastar. På programmet står nemlig ein saliggjerande mikstur av det meste ein kan tenke seg frå countryrock via psykedelia og progrock til postrock. Og heilt utan at det virkar forvirrande, kun stimulerande.

The Angel of the Squared Circle er denne Chicago-kvartetten sitt tredje album. Og likeins dei to forrige er det i høgaste grad ein uavhengig utgjeving vi har med å gjere. Labelen plata kjem ut på, Cardboard Sangria, er det nemlig bandet sine to frontfigurar Gary Pyskacek og Dan Schneider som i stor grad styrer med.

Pedal Steel Transmission (PST) støttar seg for det meste til organiske kjelder som gitar (elektrisk, akustisk og sjølvsagt pedal steel), piano, bass og tromme, men får og litt assistanse frå meir syntetiske dingsar. Med hjelp av desse redskapene piskar bandet i hop eit av haustens aller mest innbydande rock’n’roll brygg, der ein kan kjenne smaken av alt frå Love og Flying Burrito Brothers til nyare akter som Mercury Rev, Built to Spill og Wilco. Men når det er sagt; blandingen PST serverer er aller mest noko heilt for seg sjølv. Låtane dei presenterer er kun unntaksvis innehavarar av eit stabilt mønster, ja mest kan ein sjå på dei som soniske kaleidoskopiske foretak, der stadig nye fargar og teksturar blir slengt fram for nyting og innvortes stell.

Den første frigjorte affæren vi møter på er ni minuttar lange Waiting. Her blir vi invitert med på eit opplegg som bringer oss frå taktfulle klassiske gitarfigurar over i ørkentango frå samme tonelandskap som deLillos sin Hjernen Er Alene, det er dystert og det er goldt, med ein intens vokal som sjonglerer mellom det lågmælte og det langt meir brutale. Tangoen blir etterkvart gradvis avløyst av eit viltert og uforedla gitarløp som fører låta på ustøe bein mot ei vaklevoren havn. Når bruset av stormen legg seg dukkar så den vakre countryfolk-saken Amy fram, ei fortvila bøn frå ein vraka mann. Litt meir elektrisk blir det i Maritime Glare, men fortsatt er vi i folkrock-sfærer, og fortsatt er det ein ulykkelig mann som fører ordet. Det er i det heile mange motiver henta frå einsame nattetimar der plaga sjeler kjempar ein opprivande kamp mot traurige og destruktive tankar. Eller som det lyder i Breaking Windows Everywhere; «Bleeding night, dayless sight, crying sun, broken love», i ei låt som verkelig kjærteiknar uimotståelige melodilinjer.

Med spor som I Save the Last Highstyle For You og Silent Like Hands viser PST for alvor korleis dei kan kaste låtane sine uti eit virvar av sceneskift og taktomslag men samstundes få ting til å henge uklanderlig saman. The Angel of the Squared Circle når sitt endelige klimaks med Baionette, ein sak som går ut i countryrock-fasong, men som endar som eit frådande blues-åtak med sylskarpe gitarar, skrik og skrål; «It makes you wanna cry, It makes you wanna bleed, It makes you wanna love, love, love…» Nemlig.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)