Tag Archives: JoshRitter

Josh Ritter – Hello Starling

Standard

«I’ll be yours for a song». Eller: Bill.mrk: ung mann med akustisk gitar, enkle songar og poetiske refleksjonar søkjer lyttarar for nytt album.

cover  Det dukkar stadig vekk opp nye unge kvinner og menn med ein akustisk gitar i fanget og ein bunke sjølvlaga songar på hjertet, då helst av det melankolske slaget. Dette enkle og hevdvunne viset å uttrykke sine livserfaringar og dela ymse observasjonar med omverden på, kjem aldri til å forsvinne. Og takk for det. For blant desse trubadurane er det nemlig ein og annan som verkelig har ting på programmet som er verd å få med seg. Josh Ritter frå Idaho høyrer med blant desse.

Josh har kanskje ikkje skapt sin eigen 100% krystallklare signatur ennå. Til det er det i melodiføringa fortsatt litt for mange spor etter inspiratorane. Men det er ofte utsøkte tonar han har huka tak i, og han leverer dei med uanstrengt overbevisning. Derfor skal vi ikkje bekymre oss så veldig over denne problemstillinga. I staden skal vi glede oss over den unge mannen sitt elegante og lyriske samkvem med orda. Josh er nemlig kar for å skape levande bilder, lansere fiffige metaforer og fortelje truverdige historiar. Som når han skildrar den sjenerte og forelska ungguten i sangen Kathleen. Han som står ved utgangsdøra og observerer, tilber og drøymer. Drøymer om å bli «the one to drive you back home, Kathleen». Det er sårt, det er varmt, det er Hammond-orgel og det er flotte tonar.

Hello Starling er Josh Ritter sitt andre album. Og følgjer i mange av dei samme spora som den lovande debuten Golden Age of Radio (2002) også trakka rundt i. Det vil altså seie viser i ein tradisjon der countryfakter og snev av rocketakter også for være med på leiken. Den instrumentelle hjørnesteinen er Josh sin akustiske gitar. Nokon gonger får den være heilt aleine saman med gjerningsmannen og hans stemme, andre ganger deler den merksemda med litt fleire lydkjelder. Eg nemnte
Hammondorgelet lenger oppe, eit instrument som gjer seg gjeldande ved fleire høve her. Men aldri så dominerande som på den energiske og svakt Springsteen-kolorerte Man Burning. Ein sang om den upålitelig og heller sjølvdestruktiv skikkelsen som brenn lyset i begge endar. Og det er utan unntak mellommenneskelige relasjonar som er tema i Ritter sine tekstar. Nokon gonger lykkelige og håpefulle, andre ganger meir over på den fortvila og dunklare sida av tilværet. Til dei førstnemnte tilfella høyrer definitivt den drivande Snow Is Gone, låta der albumtittelen er henta frå; «Hello blackbird, hello starling, winter’s over be my darling». Medan meir trøblete tilhøve blir eksponert i den dylanske You Don’t Make It Easy Babe; «I’m your locked door’s worst knocker, I’m your curtain’s best friend».

Vemodig, men med forhåpningar, er den spartanske og Nick Drake-influerte Rainslicker. Medan Ritter driv omkring i Leonard Cohen strøk på utsøkte Wings. Ei låt om rastløyse, flukt og draumar, som ikkje heilt ukjente Joan Baez gjorde sin versjon av på fjorårets Dark Chords On a Big Guitar album.

Innspelingane vart for øvrig unnagjort i løpet av ein fjorten dagars tid i ein låve på den franske landsbygda. Og mykje av utstyret som er nytta tilhøyrde i si tid den ikkje ukjente soul-legenden Curtis Mayfield. Nå vil neppe den godaste Josh Ritter oppnå legendestatus med bakgrunn i desse innspelingane, men ein dag, kanskje…

6/10

Først publisert på Groove (2004)

Josh Ritter – Golden Age of Radio

Standard

Ung amerikanar med gitar som har i seg ei melodisk og poetisk kraft ein ikkje møter på kvart americana-hjørne.

cover  Ein mann, hans akustiske gitar og 12 songar. Du har sett og høyrt det før, tenker eg. Vel, her er ein til. Navnet er Josh Ritter, han er i midten av tjueåra, og Golden Age of Radio er debutalbumet hans. Plata kom ut på det amerikanske platemarkedet via etiketten Signature Sounds recordings i 2002, men det er først nå i 2004 (via Setanta Records) den får sin offisielle utgjeving her i Europa. Hyggelig det. For den unge amerikanaren har absolutt taket på å skaffe til vegs fruktbare songar. Ja han har til og med laga dei sjølv, alle ihop. Men før han kom så langt har nok Josh snappa opp ein og annan idé frå folk som har gjort slikt tidlegare. Utan at eg har tenkt å bruke det imot han, for til og med Bob Dylan lever jo i ein lang musikkhistorisk tradisjon. Det er likevel nesten litt skummelt kor lik Josh er på ein avdød engelsk melankolikar innledningsvis her.

Det regnar, og inne bak den regndynka vindaugsruta sit unge Ritter med sin gitar og syng Come and Find Me. Eg lukkar augene og tenkjer på Nick Drake, ein seinhaustkveld og det er kun five leaves left. Går det verkelig an å likne så mykje? Ja, og endå meir, til og med. Spor tre heiter You’ve Got the Moon, og kunne like godt ha vore ein bortkommen song frå Pink Moon-innspelinga. Men det er vemodig og vakkert, veldig vakkert. Så dette slepp du unna med lett som berre det, unge mann.

Her forlet vi Nick Drake. Men ikkje Josh Ritter. Han vandrar vidare blant andre tonar, henta frå eldre marker, nyare marker og eigne marker. Me & Jiggs er ei heller sorglaus countryvise om ungdom, forelskelse og laurdagskvelden som blir til natt, og då kan ein jo for eksempel drive med slikt:

«Sitting on the porch singing Townes van Zandt, we play guitar to burn off the hours
till we climb the fences at the edge of town
and paint our names on the water towers…»

Ellers handlar det mykje om å være på farten, om rastlause kjensler, og om å ynskje seg eit anna liv ein annan stad. Slik kan vi dra trådane frå Ritter via Springsteen, Guy Clark, van Zandt og attende til Woody Guthrie og Hank Williams. Låtskrivarar som alle har skildra slitaren, vandraren, einsemda og ikkje minst lengselen, det være seg etter betre kår, ei kvinne, eller berre litt sjelefred.

Så når Ritter syng linjer som «west of her there’s a place I know» i Roll On, eller «I’m still waiting for the whiskey to whisk me away» i Other Side er han inne på tankar både van Zandt og andre har behandla før. Det er han også når han skildrar fortvila sosiale skjebner i Lawrence, KS og Harrisburg. Men så lenge mannen leverer tekstar å tru på, linjer med poetisk kraft og tonar det går an å føle godt for, er han velkommen i mi stove.

Derfor ser eg fram til eit nytt møte med fyren. Og det treng slett ikkje være langt unna. For sidan dette albumet først når våre breddegrader godt over to år etter at det var ferdig innspelt, har Josh Ritter sjølvsagt alt nye ting på gang.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)