Primal Scream – Dirty Hits

Standard

Med to meisterverk i kofferten, og bra med både skitne, populære og upopulære låtar innabords er tida komme for ei samling.

cover  I sine beste øyeblikk; Screamadelica, XTRMNTR og deler av Vanishing Point, har Primal Scream framstått som eit av det britiske øyriket sine absolutt heftigaste rockeband. Det var det imidlertid lite som bar bud om i bandets spede ungdom. Dei to albuma dei gjorde på slutten av 80-talet var nemlig av den høgst ordinære sorten. Bobby Gillespie, vokalist og frontfigur hadde rett nok vore med å servert Psychocandy og andre godsaker som trommeslagar hos Jesus & Mary Chain, men dette nye prosjektet såg ikkje ut til å ha så altfor mykje å by på (den tidlige singellåta Velocity Girl er eit unntak). På Dirty Hits, bandets første samleplate, ignorerar dei då også desse to platene. Og gjer istaden eit forsøk på å innbille oss at det var slik det starta:

Nokre månader etter at dei har gjeve ut sitt sjølvtitulerte andre album bestemmer dei seg for å prøve den beste låta herifrå I’m Losing More Than I’ll Ever Had som singel. Då kan det jo være litt stilig med ein remiks som bonusspor (eit ganske vanlig påfunn). Til å ta seg av den jobben hyrer dei inn dj Andrew Weatherall. Det er då det skjer, mirakelet, forvandlinga. Det middelmådige rockebandet står med eit fram som eit kaleidoscopisk underverk, ein åpenbaring. Andrew har med hjelp av techno og house rytmar, sampling og glød gjort om den soul-aktige saken til eit eksplosivt, fargesprakande og originalt stykke musikk. Slik blir det til at Bobby Gillespie og hans menn plutselig står fram som eit banebrytande band og er i fronttroppen når det gjeld å hente ingrediensar frå house og techno-scenen over i rockens verden.

Låta blir gitt ut på singel i februar 1990 og døypt om til Loaded. Med unntak av nokre samplingar av Peter Fonda frå filmen The Wild Angels, og litt liflig korsang er låta fri får vokal. Med sin brass-seksjon, fortryllande slide gitar, piano-triller og Symphaty For the Devil følelse er den ein feiring av fridom, synd og hemningslaus livsførsel. Samstundes fungerer den perfekt også i hodetelefonane heime i godstolen. Stimulerande og magisk.

Albumet som fylgde året etter hadde sjølvsagt dette eventyret plassert på sentral plass. Men Primal Scream og Andrew Weatherhall viser også at Loaded slett ikkje er noko eingangstilfelle. Sreamadelica er nemlig stappa av lystelige rytmar, syndefulle tonar og tusen fargar. Come Together er eit suggerande groove i heftig foreining med samplingar frå ein 20 år gammal Jesse Jackson tale. Higher Than The Sun er funklande psykedelia for eit nytt tiår, med The Orb i produksjonsstolen. Medan den gamle Stones produsenten Jimmy Miller tar plass i samme stol på den gospel og, ja, Stones inspirerte Movin» On Up. Albumet er ein orgie av ord og tonar som feirer det ubekymra, flørter med synda og tilslutt dansar inn i solnedgangen med eit fornøyd glis.

To og eit halvt år seinare kjem albumet Give Out But Don’t Give Up. Og Primal Sceam er igjen eit høgst ordinært rockeband. Her har dei fått for seg at det tøffaste i verden er å agere Rolling Stones. Primal Scream er kanskje tøffe, men på denne plata er dei også veldig kjedelige. Men i karriere-dokumentasjonen sitt heilage navn skal jo Dirty Hits ha med ein liten forsyning herifrå også. Og då er det jo flott at dei har klart finne fram til dei tre låtane av litt verdi, Rocks, Jailbird og (I’m Gonna) Cry Myself Blind.

Det går tre år før den tredje plata etter den store forvandlinga er klar. Den ber tittelen Vanishing Point (1997), og er eit langt skritt i positiv retning etter famøse Give Out But Don’t Give Up (1994). Nå er dei tilbake med ein ny mikstur av electronica og rock. Denne gangen har dei imidlertid fjerna seg frå den fargerike psykedeliaen som prega Screamadelica og bevega seg inn i eit langt dystrare, skitnare og takka være Mani (frå Stone Roses) sine kraftfulle basstonar, eit meir funky landskap. Og sjølv om det ikkje er fullt så tiltalande som Screamadelica, viser dei med rytmesterke og skumle saker som Burning Wheel og temposterke Kowalski at dei absolutt ikkje må avskrivast ennå.

Den første månaden i det nye årtusenet, dukkar det så opp. Lydsporet frå helvete. Frå dei kvittar seg med alle hippiar i åpningssporet, og i samme slengen siste bit av Screamadelica, er dette eit knyttneveslag som treff der det gjer aller best, i ryggmargen. Eit kompromisslaust industrielt funkangrep, lada med eit knippe henrivande råtass-låtar. Nokon vil nok hevde at XTRMNTR blir for kald og rå, og at sjela aldri vart med inn i platestudioet. Men sjela er her den, det er rett nok ei djevelsk sjel, men like fullt ei sjel god (eller vond) som nokon. Eller som Gillespie sjølv manar det fram i Kill All Hippies; «you got the money, I got the soul», i eit infamt angrep på makt og mammon. Og endå meir brutalt skal det bli. Accelerator er full gass, overstyrt gitar, smerter og desperasjon. Exterminator (som av uforståelege grunnar ikkje har fått plass på Dirty Hits) er Gillespie som bombarder oss med framtidspessimisme oppå ein steintøff monsterbass. Men høgdepunktet er Swastika Eyes, eit hyperaktivt tilfelle, eit svett åtak, sarkastisk og uimotståelig. Suveren er også den beksvarte monotone nesten-instrumentalen Shoot Speed/Kill Light.

Kevin Shields frå My Bloody Valentine har ansvar for mange av lydangrepene på XTRMNTR, saman med ein flokk andre velrennomerte musikantar og lydfolk. Og det er vel ikkje til å legge skjul på at bandet nok er avhengig av slike visjonære medhjelperar, for å kunne meisle saman album som dette. Bobby Gillespie har ei stemme som er perfekt til denne musikken, men som låtskrivar og musikar utover det har han nok sine begrensningar. Derfor er produksjon, miksing og arrangement nok ganske så viktig for sluttresultatet.

Neste gang vi høyrer frå Primal Scream er i august 2002. Då er det albumet Evil Heat som dukkar opp. Og sjølv om det manglar eindel på XTRMNTR nivå, har også denne sine makelause stunder. Aller flottast er den massive og manande og veldig Kevin Shields dominerte Deep Hit of Morning Sun. Miss Lucifer er ein rebelsk elektro-dreven punklåt. Kraftwerk pastisjen Autobahn 66 derimot høyrer vel kanskje ikkje til bandets største øyeblikk. Mens versjonen av Lee Hazlewoods Some Velvet Morning, med Kate Moss på vokal, godt går an å like, sjølv om den ikkje er nokon ruvande sak.

På eit begrensa opplag av Dirty Hits er det for øvrig ein ekstra CD med 13 remiksar, her vi mellom anna får ein Massive Attack mix av Exterminator, bra men ikkje fullt så fokusert og drivande som albumvarianten.

Ein glimrande og særdeles passande tittel forresten; Dirty Hits. Og om ikkje alle 18 låtane har vore hits, er dei fleste viktige spor frå vår nære rockehistorie. Frå solskinn til regnvær, frå himmel til helvete, frå lys til mørke. Primal Scream har vingla frå den eine grøftekanten til den andre, frå optimismens blomstereng til pessimismens møkkahaug, og Dirty Hits dokumenter at dei veldig ofte har klart å levere henrivande lydbilder frå turen.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s