Author Archives: Oddmund Berge

Ukjend's avatar

About Oddmund Berge

musikk, rock, pop, psykedelia, punk, postpunk, funk, garasjerock, hiphop, country, soul, folk, kraut, jazz, blues, viser, americana, litteratur, romanar, noveller, poesi, groove, og slikt.

The Walkabouts – Watermarks (Slected Songs 1991-2002)

Standard

Eit samlealbum først og fremst tiltenkt det amerikanske markedet, men som og fungerer som ein grei introduksjon til eit framifrå band.

cover  Året er 1993, albumet New West Motel er mitt første møte med The Walkabouts, og dei presenterer seg med eit drønn. Kraftig, dramatisk rock tufta på tradisjonane frå folk og country. Ein frenetisk gitarlyd, sammen med ein drivande rytme er dei bærande elementa. Dette blir så supplert med lyden frå fiolin, orgel, trekkspel, mandolin og sang, ja ikkje minst sang. For bandets ubestridde leiarduo Chris Eckman og Carla Torgerson utfyller kvarandre perfekt, han med ei grov raspande stemme, ho med ei klokkeklar røyst. Grand Theft Auto og Glad Nation’s Death Song er to høgdepunkt, episk og intenst, definitivt ei makelaus plate.

4-5 månader seinare (året er fortsatt 1993), eg sitt nok ein gang og gjer meg kjent med ei Walkabouts plate. Denne har tittelen Satisfied Mind, men der New West Motel var nesten berre eigenkomponerte originallåtar er dette eit album med 13 coverversjonar. Her er sangar frå så pass ulike låtskrivarar som Nick Cave, John Cale, Patti Smith og Charlie Rich. Denne gangen er lydbildet atskillig meir dempa, men resultatet er nesten like storarta. Aller best er Nick Caves Loom of the Land, og Charlie Rich klassikaren Feel Like Going Home.

Det går om lag eit år, og ei ny plate dukkar opp. Det er energisk og det er mørkt, men det er anonymt og litt kjedelig, eg er skuffa. Albumet heiter Setting the Woods On Fire, eg setter det vekk. Neste gang Walkabouts gjer eit framstøt på platefronten har dei hyra inn Warzawa filarmoniske orkester. På Devil’s River som plata heiter finn vi smektande tonar, men og innslag av lumskare klangfargar. Plata inneheld flotte melodiar som The Light Will Stay On og Christmas Valley.

I 1997 dukkar Nighttown opp, og fortsatt er strykarar sentralt (denne gangen kallar dei seg Nighttown Orchestra), diskré elektroniske element er også å spore. Det er deires beste plate sidan Satisfied Mind, med høgdepunkt som Slow Red Down (kvifor er ikkje den tatt med på Watermarks?) og Lift Your Burdens Up.

Nå går det tre år før neste album kjem, Trail of Stars (2000), som er ein nedtur. Dei kjem sterkare tilbake året etter med ein ny coverlåt-samling, Train Leaves At Eight (denne gang med europeiske låtskrivarar, blant andre bidrar norske Midnight Choir, som Chris Eckman har produsert), og det dvelande og sterkt orkestrerte albumet Ended Up a Stranger samme året, viser at bandet fortsatt er å rekne med.

Watermarks er som undertittelen tilseier ein samling sangar frå perioden 1991-2002. Hovedvekt er lagt på midtperioden (Devil’s River og Nighttown) som er representert med seks spor. Her er to spor frå bandets svakaste plate Trail of Stars, det samme antallet er henta frå New West Motel. I forhold til mine oppfatningar om kor bandets beste stunder er å finne blir denne prioriteringa litt merkelig, men ser vi bort frå dei to Trail of Stars kutta er det berre flotte sangar her. At Satisfied Mind og Train Leaves At Eight kun har fått med ein sang kvar, er forståelig utfrå at bandet sikkert ynskjer å sette søkjelyset på Chris Eckman sitt materiell.

Albumet er for øvrig først og fremst tiltenkt det amerikanske platemarkedet. The Walkabouts er nemlig i den situasjonen at mange av platene deires ikkje er utgitt i USA, sjølv om dei er rotekte amerikanarar (frå Seattle, dei gav ut sine første plater på Sub Pop), er det i Europa dei har funne sitt publikum. Plata er ikkje forsynt med tidligare uutgitte spor eller liknande, så fansen har alt frå før. For folk som ikkje har kjennskap til bandet, kan Watermarks være ein heilt grei plass å begynne, men ein gjer aller lurast i å skaffe seg dei to 1993-utgjevingane.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

The Tyde – Twice

Standard

Ein forfriskande dusj med lett fargerik sommarpsykedelia.

cover  The Tyde er ei sval bølgje frå den amerikanske vestkysten, som har til hensikt å gje lyttaren ein forfriskande dusj med lett fargerik sommarpsykedelia. Ein dusj det slett ikkje er dumt å seie ja takk til, då den viser seg å innehalde ein heil del tiltalande nyansar henta frå det store pop- og rock-havet.

Som tittelen indikerer er Darren Rademaker og hans medhjelperar frå Los Angeles nå klar med si andre plate. Darren er ein mann med fartstid tilbake til 80-talet frå diverse obskure og halvobskure Los Angeles band. Han har med andre ord kjørt sitt musikalske løp litt på sida av den kommersielle motorvegen. Om The Tyde er eit forsøk på å styre seg inn på eit tettare trafikkert spor veit eg ingenting om. Men mykje av det denne plata har å tilby skulle slett ikkje være så vanskelig å like. Sjølv om Darren er ein artist som gjentatte ganger viser at han gjer sine ting meir på trass av enn på grunn av, for som han syng i A Loner:

So you keep me running to the sounds of yesterday,
Fence me in, cut me down, run me out of town,
I’ll find another place to play, I’m a loner anyway

Saman med broren Brent Rademaker var Darren på slutten av 90-talet drivkrafta i bandet Further. Då dette tiltaket stranda, blei dei to med å grunnlegge kvar sine bandprosjekt. Brent inntok rolla som bassist i Beachwood Sparks, medan Darren altså danna The Tyde. Nå var ikkje avstanden større mellom banda enn at tre av medlemmene i Beachwood Sparks også deltok aktivt saman med The Tyde.

Blant Darrens uttalte inspirasjonskjelder figurerer det engelske 80-tals bandet Felt høgt oppe på lista, eit gitarbasert poprock-orkester som igjen henta mykje av sin inspirasjon frå amerikanske band som Television. På debuten som kom i 2001, og hadde tittelen Once (sjølvsagt), kunne ein like fullt også finne tydelige spor tilbake til Los Angeles band som Love, The Byrds og Rain Parade. Ytterligare nokre engelskmenn, Lloyd Cole og Nick Lowe, har nok også sett sine avtrykk i Darren sitt musikalske univers.

Sjølv om mykje av besetningen er bytta ut sidan debuten (det er berre broder Brent Rademaker som er med frå Beachwood Sparks denne gongen) så følgjer dei stort sett det samme sporet som vart staka ut i startfasen. Slett ikkje noko dumt spor å følgje, for her passerer den eine klangfulle og delikate låta etter den andre forbi. Dermed demonstrerar Darren Rademaker nok ein gong at han er ein låtskrivar som i sine lysaste øyeblikk er i nærkontakt med skikkelig gullkanta tonar.

Plata tek av i himmelen med praktfulle Byrds-inspirerte tonar i den før nevnte A Loner, og held fram i endå meir oppglødd stil når Henry VIII entrar scenen. Feiande friske Crystal Canyons får meg av ein eller annan grunn til å tenkje på salige Steve Harley, mens Memorable Moments er pop-psykedelia slik Andy Partridge (XTC) dreiv med på 80-talet. Blood Brothers overtar, og fører oss over i eit meir gyngande rockedriv, med Dylanske fraseringar. Det nærmaste ein kjem country på plata er i den utsøkte balladen Breaking Up the Band. Når så The Tyde avsluttar med fem minutter fyndig og ruvande poprock i New D, er det eit kvalifisert punktum.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Tumbleweed – Once More, With Feeling

Standard

Trivelig, liketil og litt vindskeiv countryrock frå Stavanger.

  Musikken som fyller dette albumet er på ingen måte spekka med nye og originale idear. Stavanger-bandet Tumbleweed lenar seg istaden mot ein mangeårig countryrock-tradisjon, uten å gjere dei minste forsøk på å flytte grensene, og det høyrest til og med ut som dei trivst med det. Ja, faktisk er det ikkje fritt for at eg som lyttar kan trivast med det også.

Dei tre første spora på Once More, With Feeling… kan kanskje få sleppe unna merkelappen countryrock. For her oppheld bandet seg meir i det vi kan kalle eit vindskeivt poprock landskap. Ingen av låtane er blant albumets beste spor, men alle har ein liten dose sjarm og hygge i seg. På dei tre neste blir det meir country-følelse over Tumbleweed. Med god hjelp av ei livlig fele står dei fram som ei slags lettvekterutgave av Uncle Tupelo. Det tilfører catchy og popinfiserte refrenger der det nok er ei og anna tjuvlånt melodilinje, men aukar så definitivt sjarmfaktoren endå eit lite hakk.

Likevel, det er når vi kjem til If I Could Give You My Love vi begynner å nærme oss albumets kjerne. Her viser dei seg frå ei meir fortetta side, med ein melodi som flyt langsomt avgårde. Men kanskje aller viktigast er Ingfrid Straumstøyl sitt inntog på harmonivokal. Ei rolle som ho i endå større grad blir gitt mulighet til å utfolde seg i på neste låt, Mamas Song Revisited. Der ho og vokalist Rolf Gjesdal fordeler dei to høyttalarane seg imellom («Flying Burrito-style»), og syng albumets mest utprega country-tilfelle i fanden så uimotståelege vendingar; «a bleeding heart and open-tuned guitar», fele, steel gitar og vemodig hygge. Neste sak inn på teppet fullfører eit aldri så lite hat-trick; Wasted Time er Tumbleweed i eit litt skarpare hjørne, med brass-seksjon i tilnærma Asbury Jukes stil.

Nå klarar ikkje bandet å halde temperaturen heilt ved like albumet igjennom. Produksjonsmessig blir det kanskje litt tandert og kantete til sine tider. Utan at det forpurrar heilhetsinntrykket på plagsomt vis. Eg foreslår heller at ein lar Tumbleweed sin upretensiøse sjarm og velvillige apetitt på lure melodilinjer få pirre sansane litt, sånn i all enkelhet.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Transmissionary Six – Spooked

Standard

Seks lydtransporterande misjonærar slentrar sakte rundt blant spøkelser, mordarar og konspirasjonsforetak.

cover  Odd Børretzen har ein liten historie om det å ligge i senga og innbille seg at ein høyrer og ser gufne ting. Høgdepunktet i historien kjem når han «høyrer» ein einbeint mann på loftet, og så lurer på om han skal gå opp å sjekke. Noko han ikkje gjer. Fordi hvis han går opp og undersøker, og oppdager ingen mann, for så å komme ned i senga og fortsatt høyre lyden, då veit han jo at det er ein usynleg einbeint mann på loftet, «og er det noe bedre?».

Det er nett ein slik framtoning Transmissionary Six har fanga lyden av, og tilført litt ekstra frykt og beven, i det innleiande og ambiente instrumental-sporet Wrong. Gniss gniss og dunkande uhygge. Dermed er stemningen satt for ein heller dyster tur i skumring og natt, blant karaoke-stjerner frå outer space, treet som elskar øksa og mordet på ein klovn. Seks sjeler i kvar sin tilårskomne og knirkande gyngestol på ein veranda. Kringsatt av mørkret, spøkelser, og golde landskap, lar dei melankolien få komme til uttrykk i ei særdeles dvelande form.

Transmissionary Six er bandet der strengetraktøren Paul Austin frå Willard Grant Conspiracy og Terri Moeller som ellers sit bak trommene hos Walkabouts, har funne saman og trer fram som skaparar av ord og tonar. Terri har fått plass framfor mikrofonen og viser at ho har ei stemme i eit leie ikkje så langt unna kollega Carla Torgerson. Paul ber største tyngden av den instrumentelle børa, men får hjelp av Walkabouts sin produsent Kevin Suggs til litt av gitarlyden (spesielt pedal steel). Dei tre siste i gjengen er multikunstnar Ben Thompson på diverse slagverk-ting (han har og designa omslaget), Anne Marie Ruljancich (Walkabouts, Jesse Sykes and the Sweet Hereafter) på fiolin, samt Jon Hyde (Mount Analog) på ein Wurlitzer.

Ilag gyngar dei seks oss inn i sin vakre og saktegåande toneverden. Der dei framstår som skaparar av ein slags slow-americana bore fram av ulike gitarklangar, stundom tilført vemodige fiolintonar, og krydrar nennsomt med loops og diverse mystiske lydar. Det går absolutt an å finne slektskap til moder-banda, likevel står dei kanskje nærare meir sakrale og varsomt drone-kledde band som Low, Mazzy Star og Slowdive. Spesielt gjeld dette låtar som den gnagande og intense Big Game Hunter, dunkle og monotone Clown Homicide, den pedal steel-draperte Karaoke Star Suffocate og sangen til dykkarkongen og eventyraren Jacques Cousteau. Den bluesy Almost Every Dog, og den meir countryfolk-aktige Sermon On the Hatchback er låtar i eit landskap canadiske Cowboy Junkies har bevega seg rundt i mang ein gong. Ein personleg favoritt er den lett uvørne og kaktusrytme-fôra folkrap-affæren Gawker’s Backup. Og når Terri i denne snakkar om at «the deep november sleep is here» er ho nok og inne på grunn-elementene i albumet, for dette er avgjort musikk som høyrer heime i den mørkaste delen av året. Heilt tilslutt forlet dei oss så med ei lita vise kalt Dream a Little, som hadde det ikkje vore for tekstlinjer som «throw up your coffee on the neighbours walk» og «death is a holiday», kunne fått stempelet idyllisk og barnevennlig.

Eg trur eg hentar albumet fram igjen sånn cirka rundt førstkommande november-fullmåne. Så kryp eg inni sofakroken, let att augo og blir litt Spooked sånn rett før sengetid.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

The Thorns – The Thorns

Standard

Ein dreven trio dyrkar sangharmoni og velklang.

cover  Ein av dei beste platene frå det tidlege 90-talet er Matthew Sweet sin Girlfriend (1991). Det var ein strålande oppvisning i låtskrivarkunst og gitardreven power-pop. Sjølv om Sweet aldri har klart å matche denne utgjevinga, har han heile tida sidan vore ein trufast leverandør av solid musikk henta frå den same gata (rett nok også ispedd idear gravt fram frå andre musikalske krokar).

Nå har Matthew Sweet slått seg saman med to andre utøvarar som også gjorde sine viktigaste bidrag på pop/rock fronten i 90-åra. Shawn Mullins vil vel hugsast best for hiten Lullaby, medan Pete Droge opererte i smalare kretsar med sin variasjon av pop og rock musikk, utan at nokon av dei gjorde det store inntrykket på underteikna. Diverse tilfeldighetar og kryssande vegar førte til at desse tre begynte å snuse på eit lite samarbeidsprosjekt. Resultatet ligg no føre i form av denne absolutt ikkje uefne plata. Matthew Sweet har nok levert sterkare saker ved tidlegare anledningar, men dette kan godt være det beste Shawn Mullins og Pete Droge har vore med og frambrakt av musikk.

The Thorns, som dei har valgt å kalle seg, dyrkar sangharmoniar og velklang på dei 13 låtane vi blir skjenka her. Dei vev stemmene sine saman på eit vis som på sitt beste blir eit sprudlande felttog i den organiske poplåten sin tjeneste. Slikt blant andre Simon & Garfunkel og Crosby, Stills & Nash var talsmenn for, for over 30 år sidan. Nå er ikkje alle komposisjonane her av det sylskarpe slaget, og heile seansen kan kanskje virke i drøyaste laget velsmurt. Det hadde slett ikkje vore så dumt med litt meir skjødeslaushet for spre ein smule forvirring. Men for all del, det er musikk her som kan behage ein doven kropp og salve ein solbrent rygg. Først og fremst i briljante pop-injeksjonar som I Can’t Remember, I Told You og Among the Living, alle med det til felles at det lyder umiskjennelig Matthew Sweet. Medan det på nydelige låtar som Long Sweet Summer Night og den Tom Petty influerte Runaway Feeling virkar som dei to andre sine idear har fått meir spelerom. Ikkje for det, harmonisangen her er så sammenvevd, og bandet så opptatt av å være ei eining, at det kan være eg blir lurt, og at mine påstandar er av det risikable slaget. Uansett blir det feil å trekke fram nokon som viktigare enn andre, for det er tre sangarar som bidrar til å gjere dette til ein lett fordøyeleg porsjon sommarleg lykke.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Chris T-T – London Is Sinking

Standard

Byen, elva og menneska. Ein fryktlaus rapport frå livets skrå elvebredder.

cover  Legenden seier at Chris T-T kom til London samme veke som Tony Blair blei Storbritannia sin 51. statsminister (1997), den seier imidlertid ingenting om kor han kom frå. Med seg hadde fyren ein trestrengs gitar og ei dugandes skjorte. Samme kveld fekk han sin første spelejobb, som oppvarmar for den Londonbaserte folkrock-trioen Hefner. Sidan den gang har han budd i byen. Men skal vi ta tittelen på hans siste plate bokstavelig blir han kanskje ikkje buande der lenger nå.

Nå skal vi sjølvsagt ikkje forholde oss til tittelen London Is Sinking så slavisk. Snarare kan vi kanskje sjå på den som ein slags metafor for følgene av dei vellykka og utspekulerte sin dans rundt gullkalven. For dansar ein lenge nok, og blir kalven for tung, når ein vel stadiet der dei som ber byrden ikkje lenger orkar halde dansegolvet flytande. I det frådande nummeret Cull, går Chris T-T til og med ganske langt i å oppfordre til revolusjon. Ja, for sjølv om det kun er å lese mellom linjene og i parentes, så kjem han faktisk her med oppfordringar om å sørge for at verden blir kvitt eindel snyltarar og profitørar.

Med utgangspunkt i den engelske hovedstaden og spesielt elva som renn gjennom den, Themsen, har Chris laga ei slags konseptplate. Der det ikkje er ein samanhengande historie som blir fortald, men fleire beslekta skildringar om hendingar i og rundt den berømte elva. Og det er skildringar som nok ikkje høyrer heime i Tony Blair sin versjon av tilstanden i landet han regjerer. For frå den brutale cellodrevne åpninga London Aquarium, ei frenetisk skildring av framandgjering og stereotype rutinar, til Chris sin moderne versjon av London Bridge Is Falling Down, kalt Oil, er dette ein fryktlaus rapport frå livets skrå elvebredder.

Dette er ikkje Chris T-T sitt første framstøt i innspelt format. Debuten såg nemlig dagens lys i 1999, og hadde tittelen Beatverse. Året etter fekk han kontrakt med sitt nåværande plateselskap Snowstorm, og London Is Sinking er mannen sin tredje full-lengds utgjeving på denne labelen. Tidligare i år hadde han for øvrig eit liten lynvisitt i rampelyset, med
den spøkefulle singelen Eminem Is Gay. Den er ikkje å finne på dette albumet. Og takk for det, den hadde nemlig vore ganske på sidelinja i forhold til den heller motlause og innimellom endåtil uhyggjelige tonen som pregar desse 10 sangane.

Som ein barskare, men og meir poptone-fiksert og mangslungen utgave av Billy Bragg serverer Chris eit knippe desperate men melodisikre betraktningar frå ein sivilisasjon i trøbbel. Nå er slett ikkje London Is Sinking å betrakte som eit agitatorisk innlegg i den politiske debatten (kanskje med unntak av nevnte Cull), men meir eit knippe møter med mennesker i fatale livssituasjonar. Historiane han fortel kan og ha eit ganske outrert preg. Som 7 Hearts, om guten som er fødd med sju hjerter, og mora som skjermar han for all kontakt med det motsatte kjønn. For ein kan jo berre tenke seg for ein belastning forelskelse, og endå verre; hjertesorg, vil være i slik ein tilstand. Likevel er det ingen absurd eller vasete forteljing, men ein vemodig og nydelig sak om frykt, lengsel og tilslutt; møtet med ei jente.

Albumet sitt vondaste øyeblikk er den langsomme Battersea Bridge Baptism, der Chris til tonane av elektroniske klangar og ultratriste cellostrøk fortel om jenta som druknar sin nyfødde i Themsen. Mens det i den nennsomme Tomorrow Morning finst eit håp for morgondagen. Eit håp som er forsvinnande lite i det før nevnte avslutningssporet Oil. Ein dramatisk affære med ei avslutning i fullt kaos, skarpt understreka av eit manisk repeterande: «Oil in the river when the bridge fell down».

Ikkje så veldig lystelig med andre ord.

7/10

Først publisert på Grovve.no (i 2003)

Richard Swift – The Novelist

Standard

Ein psykedelisk miks av 30-tals cabaret-tonar og nyare popmusikk på musikkhistoria sitt kortaste konseptalbum.

cover  «Det var i den tid jeg gik omkring og sultet i New York City, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fåt mærker av den…» (fritt etter verdenslitteraturen sine kanskje mest berømte opningslinjer).

Det har seg nemlig slik at Richard Swift har satt seg føre å lage eit lite konseptalbum om ein forfattar-yngling som i 1930-åra flyttar til den store byen for å søke kjærleiken, samt få inspirasjon til å skrive ruvande litteratur. Men der veldig lite går slik han hadde tenkt seg det. Slik har hans prosjekt temamessig mykje til felles med Knut Hamsun sitt sagnomsuste mesterverk frå 1890; Sult.

The Novelist er sannsynlegvis også musikkhistorien sitt kortaste konseptalbum. Åtte spor unnagjort på i underkant av 20 minuttar (det er vel i grunnen slikt ein kallar eit minialbum). Swift nyttar imidlertid tida si godt. Og klarer både ved hjelp av smarte tonar og melankolske bilder å gje lyttaren aninga av å komme innpå denne forhutla sjela som vandrar rundt i depresjonstida sitt New York. Sjølv om det i eldfull intensitet aldri når Hamsunske høgder.

Det første minuttet, Foreward, blir brukt til å stille øyregangane inn på førkrigstida sine lydar og tonar. Men når vi først er plassert der er den unge Swift smart nok til å bringe inn elementer frå seinare tiders musikalske krumspring. Slik gjer han både historien og tonane til meir tidlause hendingar. Lady Day har sitt vaudeville piano, sin lyd av gamle radiobølger, men i dens langsomme og sorglause skapning kan vi også ane undertonar av 60-tals psykedelia, samt trampe takten etter pulsen frå ein moderne trommeboks. Lovely Night startar som om var den eit spor frå Kurt Weills Tolvskillingsopera, men etterkvart trer den ut av det gamle lydbildet og inn i eit langt meir moderne landskap, der vi kan skue spor av både Brian Wilson og Ed Harcourt.

På Sadsong St. har skylaget no for alvor begynt å dekke til utsiktene i retning den brennande lidenskapen, og vår mann trøystar seg; «over and over and over I say it again, I’m happy when the sun don’t shine». Lengselen tilbake til barndomsheimen blir illustrert med eit minutt trillande tonar frå ein leike-musikkboks, i Blues For Mother. Tittelkuttet er ein piano-støtta og småskeiv dystervals av det tiltrekkande slaget, og skildrar leitinga etter orda, og den manglande energien til å få noko utav funna. Ballad of Clifford Swift er eit nytt kort instrumentelt mellomspel som set fokuset mot slekt og heimtrakter. Noko den sjølvransakande og sterke konklusjonen Looking Back, I Should Have Been Home More også har merksemda retta mot. Før den fader ut med å fleire gonger gjenta dei lengtande orda; «remember when you loved me babe».

Denne karen noterer vi oss, ikkje sant?

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Stephen Malkmus & The Jicks – Pig Lab

Standard

Frå slentrande fiksfakserier til manande progrock.

cover  Pavement; 1990-åras kanskje fremste leverandør av essensielle rockeplater. I løpet av ein drøy fem års periode, presterte dette bandet å gje oss tre plater som alle fortjener å bli karakterisert som blendende oppvisningar i vanvittig rockmusikk. Dei meldte for alvor sin ankomst med det ultimate slacker-mesterverket Slanted & Enchanted (1992), ei plate underteikna aldri kjem til å føle seg ferdig med. Denne blei to år seinare etterfulgt av Crooked Rain, Crooked Rain, som er spekka til randen av frigjerande og vilter pop og rock. Wowee Zowee (1995) var i Pavement-målestokk eit lite kvileskjær, men like fullt ein solid prestasjon. Det tredje mesterverket kom med Brighten the Corners (1997), eit album som bygger på det beste frå tidlegare utgivelsar, og er ei makelaus rekke med frodige sangar. På Terror Twilight frå 1999 heldt dei dessverre ikkje lenger samme klasse, låtane var greie nok, men gløden virka å være på vikande front, og ikkje lenge etter kom meldinga om at Pavement var historie.

Stephen Malkmus (Pavements vokalist, gitarist og ansvarleg for største delen av låtskrivinga) fekk etter kort tid ein solokarriere på beina. Det sjølvtitulerte albumet frå 2001 var imidlertid ikkje den heilt store opplevinga, noko som fekk meg til å konkludere i retning av at han kanskje hadde gjort sitt når det handla om å forsyne oss med sprelsk rock’n’roll. Kjekt derfor å kunne melde at dette lyt revurderes, for med Pig Lib viser han seg frå ei sprekare side enn på mange år.

Dette er for øvrig ingen soloplate i ordets egentlige betydning, for både i ord og uttrykk er medmusikantane i The Jicks så avgjort viktige for resultatet. Dei deltok også på framstøtet i 2001, utan å gjere seg særlig bemerka ved den anledningen. Nå er to år godt og Stephen og gjengen er blitt ein samspelt og heftig combo.

Albumet er både samme gamle gode Malkmus, og ein Malkmus i ein smule utvikling. Eg har alltid betrakta mannen først og fremst som låtskrivar og sangar, men på Pig Lib framstår han meir som gitaristen Stephen Malkmus enn han har gjort på noko anna plate. Her finn ein for eksempel den ni minuttar lange 1 % Of One, der 2/3 av låta er ein jam som spenner frå det nennsomme til det oppjaga. Gitarpoesi som nærmar seg Tom Verlaine si klasse manar han fram på Witch Mountain Bridge, ein låt som i likhet med fleire andre på plata hentar litt elementer frå progrock. Pluss på ein dose psykedelia, litt folkrock og dei sedvanlige slentrande Malkmus-fiksfakseriene, og du har kanskje eit lite bilde av kva det heile dreier seg om.

Låtsmeden Stephen Malkmus har så desidert trylla fram nokre skikkelig godbitar her, som den smarte og melodisikre (Do Not Feed the) Oyster (med ein usedvanlig surrealistisk tekst), og avslutningssporet «Us», som med sin harmonisang er litt utypisk, men du verden så vakker. Imens poprock-saken Vanessa From Queens er ein tragikomisk affære, der Stephen syner sin språklige schwung; «There’s aggresion in the air this morning, got your ballerina tights around my head, in a samurai pose on the bed.» Heftig går det også føre seg i det psykedeliske funk-nummeret Sheets; «It takes all night to get off you».

Følgende tekstlinje henta frå før nevnte Us, kan få stå som ein illustrasjon over kva Stephen og bandet har fått til på denne plata; «I wish we could get our act together, make some sense of present tense alright».
Så la oss ikkje avskrive denne mannen ennå, for sjølv om vi ikkje snakkar mesterverk i klasse med dei tre nevnte Pavement-platene, så er dette i alle fall eit overbevisande frontalangrep på oss som tvilte.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Candi Staton – Candi Staton

Standard

Over 30 år gamle soul-skattar, for første gong tilgjengelig på CD.

cover  Då kan alle som har høyrt om Candi Staton rekkje opp handa. Som eg tenkte ja, det var ikkje så mange. Men de to borte i kroken med henda oppe, kan de snakke litt høgare. «Young Hearts Run Free». Akkurat ja, disko-hiten til dama frå midten av 70-talet, det er den de kjenner til. Men det er heilt greit det, vi andre har jo endå mindre å bidra med. Og Young Hearts Run Free er jo ei ålreit låt det, sånn i klasse med Gloria Gaynor sin I Will Survive, og Donna Summer sin Love To Love You, Baby.

Kjensgjerninga er imidlertid den at mellom 1969 og 1973 spelte Candi Staton inn ein bunke låtar som nesten alle saman går solid utanpå disco-musikken nokre år seinare. Med ei rungande, blødande og sjelfull stemme – heilt i Aretha Franklin og Etta James-klassen – trillar det eine soulhøgdepunktet etter det andre fram frå denne nyleg utgitte samlinga. Låtar som for aller første gong blir servert i CD-format. Låtar som bør finne vegen til alle der ute med ei viss interesse for «that sweet soul music».

Candi Staton vart fødd i den vesle Alabama-byen Hanceville i 1943. Her vaks ho opp under fattige kår. Allereie i fireårsalderen begynte ho å synge gospelsangar i det lokale kyrkjekoret. Ti år gammal vart Candi så sendt til ein kostskule i Nashville, der ho etterkvart blei del av ein gospeltrio, ein trio ho sjølv beskriv som «The Jackson Five of gospel». Dei turnerte med størrelsar som Mahalia Jackson, The Staple Singers samt ei ung og då ukjent Aretha Franklin. Sytten år gamal gifta ho seg nesten med sangaren Lou Rawls. Istaden vart det året etter ekteskap og med tida fire barn saman med ein presteson frå fødebyen hennas. Med hjelp frå bror sin fekk ho mot slutten av 60-talet sang-jobbar på ein lokal klubb, og vart her ein kveld oppdaga av R&B-sangaren Clarence Carter.

Herifrå gjekk vegen ganske så fort til Fame-studioet i Muscle Shoals i nordvestre Alabama. Sjefen og musikkideologen på Fame-labelen, Rick Hall, såg i Candi Staton ei dame som kunne utrette saker av samme grad som Etta James hadde gjort i hans studio året før (då klassikarar som Tell Mama og I’d Rather Go Blind vart spelt inn). Hall var ein mann med klare visjonar for korleis ting skulle lyde. Låtane var det stort sett han som plukka ut, lydbildet var hans verk, og Candi si stemme, i det håse, kraftfulle leie den er å høyre på desse innspelingane, var det Hall som lirka fram. Dermed kan ein jo saktens stille seg spørsmål om kor fullblods Candi Staton dette egentlig er. Og om det heile er så mykje meir ekte enn dagens TV-lanserte idoler. Det er det. For dette er musikk skapt først og fremst utifrå kjærleiken til tonane og ikkje til pengane. Og det er musikk som skildrar ekte kjensler og ekte opplevingar, formidla av ei dame som har kjent det og opplevd det og som forstår kvart ord ho syng. Enten ho syng om tapt kjærleik, svik, utroskap, søte kjensler, synd, skam, fortvilelse, armod, fridom, tru eller håp.

Her er tett med funky og kvasse tilfeller, kledd i drivande blåsearrangement og heftig koring. Aller fremst i rekkja står magiske I’m Just A Prisoner (Of Your Good Lovin»), raffinerte, den frekke I’d Rather Be An Old Man’s Sweetheart (Than A Young Man’s Fool), og den sensuelle og særdeles smart oppbygde He Called Me Baby. Men her er også nådelause og svette balladar, slike som Otis Redding-låta That’s How Strong My Love Is og den svikefulle Another Man’s Woman, Another Woman’s Man. Candi tar og Tammy Wynette sin countryklassikar Stand By Your Man og gjer den om til eit inderlig soulnummer. Og hennes versjon av Mac Davis-låta In The Ghetto står ikkje eit sekund tilbake for Elvis si noko meir kjente utgåve. Ei fabelaktig dame. Ei stor stemme. Vi lar ho ikkje bli gløymt ein gong til, gjer vi vel?

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Bruce Springsteen – The Essential Bruce Springsteen

Standard

30 låtar; frå dei første åra sine vitale tonar til dei seinare åra sine slappare saker.

cover  I den stadig veksande serien av Essential-utgjevingar frå Sony, er turen nå komme til Bruce Springsteen. Det er ein dobbel ein som inneheld 150 minuttar med musikk, pluss ein bonus-CD med raritetar. Som tilfellet er med dei fleste i samme serien, blir spørsmålet om dette så er det mest essensielle. Springsteen gjer i sine liner notes eit forsøk på å avvæpne ei slik problemstilling; «In any body of work there are obvious high points. The rest depends on who’s doing the listening. Where you were, when it was, who you were with when a particular song or album cut the deepest». Likevel, du kjem deg ikkje unna, mann.

Prime time Springsteen er perioden frå The Wild, the Innocent & the E Street Shuffle fram til den heimalaga og sordinerte Nebraska såg dagens lys i 1982. At denne epoken får tildelt det meste av CD1 er sjølvsagt eit absolutt minimum. At den heller ujevne debuten Greetings From Asbury Park N.J. får boltre seg med tre sangar er derimot litt i overkant. Det kunne strengt tatt helde med ein låt herifrå, nemlig den hormontette og blendande Growin» Up, men den er merkelig nok ikkje tatt med. Istaden får vi Blinded By the Light, For You og Spirit In the Night, ikkje dårlige låtar, men heller på ingen måte essensielle kutt. Frå spor fire til spor 15 derimot, er dette, med eit unntak, ein samanhengande straum av Springsteen-høgdepunkt, eit knippe av rockehistorien sine mest vitale øyeblikk, ein rock’n’roll-fest, rett og slett. Unntaket, for å ta det først, er hitten og allsang-tiltaket Hungry Heart, som eg aldri har følt noko særlig dragning mot.

Frå svermeriske The Wild… får vi servert den vakre balladen 4th of July, Asbury Park (Sandy), samt den lausslupne rockaren Rosalita (Come Out Tonight), eit glansnummer frå mang ein Springsteen-konsert. Eg hadde ikkje hatt noko imot om det rikhaldige opuset Incident On 57th Street også hadde fått plass her. Neste plate ut er den vegg-til-vegg produserte rocke-odysséen Born to Run. Fortsatt er det ein romantisk anlagt Springsteen vi møter, men samstundes kjem her og erkjenningar om at «maybe we ain’t that young anymore» og «the door’s open but the ride it ain’t free». Sitata er henta frå Thunder Road, ein legendarisk rock’n’roll tur ut av Jante med eit sterkt håp om å vinna førsteprisen; «So Mary climb in, it’s a town full of losers, and I’m pulling out of here to win». Fyren i det frenetisk temposkiftande og ikkje så lite fantastiske tittelkuttet tyr i si rastløysa til formålslaus bilkøyring, men har og ein vag draum om at; «someday girl I don’t know when we’re gonna get to that place, where we really want to go». Den episke rock’n’roll operaen Jungleland er tredje sak frå Born to Run, eit absurd drama i tre akter blant angstridde, tvilsomme og sjarmerande individer som dansar dødsvalsen i overoppheita gater:

Between flesh and what’s fantasy
and the poets down here don’t write nothing at all
they just stand back and let it all be
and in the quick of the night they reach for their moment
and try to make an honest stand
but they wind up wounded
not even dead…
Tonight in Jungleland.

Hardkokt poesi. Og sjølvsagt burde desperate Backstreets også vore med.

Mannen sin aller største bedrift er 1978-utgjevinga Darkness On the Edge of Town. Den har også fått med tre kutt. Den sviande og fryktlause Badlands kjem først. Ein melodisterk sak full av poetisk glød og med eit dynamisk driv som sparkar mismotet midt i ballane. Det er ein langt meir desillusjonert Springsteen vi møter denne gangen. Tittelkuttet er ein inderlig pulserande ballade om fyren som har mista alt, og har ingen forhåpningar om å vinne noko som helst tilbake. Han velger derfor å betale sitt avlat, og sonar der ute i mørkret på stupet av tilværet. Eit pågåande munnspel driv den heftige og innbitte Promised Land framover. Om den unge mannen som bit tenna saman og prøver å overbevise seg sjølv om at ein plass finst det eit bedre liv. Det er vel liten tvil om at både Adam Raised a Cain og Racing In the Street også skal ha plass på alt som vågar å kalle seg Essential Springsteen.

Hausten 1980 kjem dobbeltalbumet The River. Eit album som er meir komplekst i sine temaer enn dei føregåande. På den eine sida møter vi fortsatt dei desillusjonerte, dei tvilande og dei tungsindige, men her er og gitt plass til meir lettliva og optimistiske syn på tilværet. Det er likevel ingen tvil om at sangane som tilhøyrer førstnevnte kategori kjem best frå det. Og aller best er det velkjente tittelkuttet. Forpinte munnspeltonar drar denne vemodige balladen i gang. Her møter vi det unge paret som har fått livet sine barske realitetar midt i trynet. I det retrospektive sisteverset stiller hovedpersonen seg spørsmålet; «Is a dream a lie if it don’t come true», og det er då ein for alvor kjenner igjen skikkelsen som så kjekt skulle «pulling out of here to win» i Thunder Road. Tiltaket blei kanskje ikkje så seiersrikt likevel. Sammen med før nevnte Hungry Heart er dette den einaste låta frå The River som har fått plass på denne samlingen. Eg kunne også godt tenkt meg den melankolske, men akk så vakre far/son saken Independence Day. Frå eit album der balladane gjer djupast inntrykk kunne og spor som Point Blank, Drive All Night, Stolen Car og Wreck On the Highway absolutt vore aktuelle å plukke blant.

Så, idet mannen er i nærleiken av eit massivt kommersielt gjennombrot, gjer han ut ei plate med demo-innspelingar, og insisterer på at den er like offisiell som hans fem tidlegare studioalbum. Åleine, heime på kjøkkenbenken utstyrt med eit par gitarar, eit munnspel, stemma si og ein firespors bandopptakar spelar han inn låtane som skal bli til albumet Nebraska. Definitivt modig, definitivt vellykka. Kommersielt sett er det vel ingen stor suksess, men kunstnarleg er det eit av Springsteen sine aller beste album. Kun to kutt herifrå har fått plass på denne samlingen. Tittelkuttet er ein desperat og nådelaus ballade om paret som gjennomfører eit meiningslaust mordar-raid. Orda i sangen er lagt i munnen på drapsmannen, og viser fram ein forherda skikkelse som ikkje har funne nokon som helst grunn til å respektere verken sitt eige eller andre sitt liv; «I can’t say that I’m sorry for the things that we done, at least for a little while Sir, me and her had us some fun». Springsteen gjer ingen forsøk på å pynte på kjensgjerningane, brutalt og usminka lar han skakk-køyrde, desperate og fortvila skikkelsar frå vrangsida av den amerikanske draumen få komme til orde. I albumet sin beste låt, den melodisikre og heite Atlantic City, møter vi ein motlaus fyr som på grunn av at han har «debts no honest man can pay», tyr til gambling og i neste omgang lovbrot for å komme seg ut av uføret. Han ser likevel det tvilsame med å la seg drive inn på eit slikt spor, og prøver å overbevise seg sjølv og sin kjære om at det finst eit liv og ein ny sjanse på den andre sida av forbrytelsen; «Well I guess everything dies baby that’s a fact, But maybe everything that dies someday comes back». Det er naturligvis ein skam at den avsindig triste balladen Highway Patrolman ikkje er med her, likeins kunne det godt blitt avsett plass til både spartansk rockande Johnny 99 og den mørke State Trooper.

«Boooorn In the USA». Slik lydde det overalt sommaren, hausten 1984 (og for så vidt langt inn i 1985). Bruce er for alvor blitt stadionrockaren framfor nokon. Den maksimale suksessen er spikra, og dens navn er Born In the USA. Tittelkuttet høyrer egentlig til Nebraska-avsnittet, då var den ein bitter Guthrie inspirert folkblues sak (den er å høyre i ein slik versjon på outtakes-samlinga Tracks). I sin mest kjente utgave er den imidlertid eit keyboard- og gitardreve rockenummer med ein veldig datert 80-tals lyd. Sjølv om den tekstmessig er meint som eit angrep på det etablerte Amerika, sett gjennom augene på ein svikta Vietnam-veteran, blei den dessverre noko heilt anna. Springsteen sjølv gjorde vel i sin stadionrus heller ikkje så altfor mykje for å fjerne seg frå oppfatningen av låta som ein tilnærma nasjonalsang. Glory Days er ein midt i vegen rockar, tjomsleg og grei, men lite engasjerande. Dancing In the Dark er meir av det samme, berre endå kjedeligare. Nei, gje meg heller intenst kåte I’m On Fire, den einaste låta frå plata som hadde fortjent plass her. Jadå, eg veit at albumet har flust av hitlåtar, og eg veit det er mange som ser på plata som mannen sin beste. Men i mine auger er den temmelig ordinær.

Midt oppi Born In the USA ståheien giftar Springsteen seg med b-skodespelaren Julianne Phillips. På plata som dukkar opp i 1987, Tunnel of Love, er det mykje som tyder på at mannen begynner å tvile på heile giftemålet. Og til låtar kledd i ei meir beskjeden sonisk drakt enn 1984 utgåva syng han om kjærleik, tvil og freistingar. Tittelkuttet samt førstesingelen Brilliant Disguise er valgt ut derifrå og flyt av gårde i eit keyboard-dominert lydbilde, men klarer ikkje å trenge skikkelig under huden. Personleg ville eg nok heller føretrekt den vakre og håpefulle Tougher Than the Rest, samt den nakne og langt meir resignerte One Step Up.

Springsteen blir skilt og finn den ekteskapelige lykke saman med kordama Patti Scialfa. Desse gode dagane og eindel andre ting syng han om på dei simultant utgitte albuma Human Touch og Lucky Town. Bortsett frå eit velretta stikk til alle dei dårlige TV-kanalane, 57 Channels (And Nothin» On), ein låt som sjølvsagt ikkje har fått plass på samlinga, har han svært lite å by på. Dei to tittelkutta og Living Proof som er valgt ut, er ganske bleike og kjedelige affærer alle tre. Året etter lagar han filmmusikk. Og den fine låten til Tom Hanks-filmen Philadelphia vinn endåtil ein Oscar.

Ved neste korsvei har Springsteen flytta seg nærmare temaer han hadde føre seg i sine glansdagar. Plata vi snakkar om er den neddempa, sosialrealistiske og John Steinbeck-inspirerte The Ghost of Tom Joad. Dessverre framstår den i ei litt for einsformig og stilleståande drakt, så den store gnisten klarar han ikkje å tenne med dette albumet heller. Sterkt påvirka av tragedien den 11. september leverer han seinsommaren 2002 albumet The Rising. Men den store oppstandelsen er det slett ikkje. Ein heller middelmådig affære utan ein einaste låt som kallar på særlig interesse. Likevel meiner tydeligvis Bruce og Sony at tre av låtane kan kallast essensielt stoff. Nei, då er det langt meir schwung over låta han laga eit par år tidlegare, men som ikkje fekk plass på The Rising. American Skin (41 Shots), her i live-tapning, er ein sterk og intenst gripande sak om unge og mørkhuda Amadou Diallo som brutalt og heilt meiningslaust fekk kroppen fylt med tilsaman 41 kuler frå pistolane til fire New York politimenn. Grunn: Han stod i ein døråpningen med handa innanfor jakka for å hente fram lommeboka si. Den beste låta Springsteen har laga sidan kjøkkenbenk-seansen i 1982.

I 1998 gav Springsteen ut Tracks, ein boks med 67 tidlegare ikkje utgitte låtar. Det er tydeligvis meir slikt som ligg rundt og sleng, for han har fylt opp ein bonus-cd her med 12 songar av samme kategori. Det meste er nok kun av interesse for innbitte fans. Men From Small Things (Big Things One Day Come), låta han i si tid gav til Dave Edmunds, er ein straight liten fin rock’n’roll sak. Endå bedre er det spartanske rockabilly-nummeret The Big Payback, ein blodtørstig sak gjort like etter Nebraska-innspelingane. Mørk, og avgjort verknadsfull er også Springsteen sitt bidrag til filmen Dead Man Walking. Og mannen sin versjon av Jimmy Cliff-låta Trapped, som i si tid var med på We Are the World-albumet, er heller ikkje ueffen.

Konklusjon: Alt i alt er det for mange merkelige prioriteringar på denne samlingen til at den gjev det rette bildet av Springsteen sine beste øyeblikk. Strengt tatt treng vi vel heller ikkje ein slik sak for å dokumentere dei. Den essensielle Springsteen er stort sett å finne på The Wild, the Innocent & the E Street Shuffle, Born to Run, Darkness On the Edge of Town, The River, Nebraska (og kanskje Tunnel of Love). Resten av mannen sin karriere er temmelig middelmådig, med enkelte små lyspunkt innimellom.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)