Candi Staton – Candi Staton

Standard

Over 30 år gamle soul-skattar, for første gong tilgjengelig på CD.

cover  Då kan alle som har høyrt om Candi Staton rekkje opp handa. Som eg tenkte ja, det var ikkje så mange. Men de to borte i kroken med henda oppe, kan de snakke litt høgare. «Young Hearts Run Free». Akkurat ja, disko-hiten til dama frå midten av 70-talet, det er den de kjenner til. Men det er heilt greit det, vi andre har jo endå mindre å bidra med. Og Young Hearts Run Free er jo ei ålreit låt det, sånn i klasse med Gloria Gaynor sin I Will Survive, og Donna Summer sin Love To Love You, Baby.

Kjensgjerninga er imidlertid den at mellom 1969 og 1973 spelte Candi Staton inn ein bunke låtar som nesten alle saman går solid utanpå disco-musikken nokre år seinare. Med ei rungande, blødande og sjelfull stemme – heilt i Aretha Franklin og Etta James-klassen – trillar det eine soulhøgdepunktet etter det andre fram frå denne nyleg utgitte samlinga. Låtar som for aller første gong blir servert i CD-format. Låtar som bør finne vegen til alle der ute med ei viss interesse for «that sweet soul music».

Candi Staton vart fødd i den vesle Alabama-byen Hanceville i 1943. Her vaks ho opp under fattige kår. Allereie i fireårsalderen begynte ho å synge gospelsangar i det lokale kyrkjekoret. Ti år gammal vart Candi så sendt til ein kostskule i Nashville, der ho etterkvart blei del av ein gospeltrio, ein trio ho sjølv beskriv som «The Jackson Five of gospel». Dei turnerte med størrelsar som Mahalia Jackson, The Staple Singers samt ei ung og då ukjent Aretha Franklin. Sytten år gamal gifta ho seg nesten med sangaren Lou Rawls. Istaden vart det året etter ekteskap og med tida fire barn saman med ein presteson frå fødebyen hennas. Med hjelp frå bror sin fekk ho mot slutten av 60-talet sang-jobbar på ein lokal klubb, og vart her ein kveld oppdaga av R&B-sangaren Clarence Carter.

Herifrå gjekk vegen ganske så fort til Fame-studioet i Muscle Shoals i nordvestre Alabama. Sjefen og musikkideologen på Fame-labelen, Rick Hall, såg i Candi Staton ei dame som kunne utrette saker av samme grad som Etta James hadde gjort i hans studio året før (då klassikarar som Tell Mama og I’d Rather Go Blind vart spelt inn). Hall var ein mann med klare visjonar for korleis ting skulle lyde. Låtane var det stort sett han som plukka ut, lydbildet var hans verk, og Candi si stemme, i det håse, kraftfulle leie den er å høyre på desse innspelingane, var det Hall som lirka fram. Dermed kan ein jo saktens stille seg spørsmål om kor fullblods Candi Staton dette egentlig er. Og om det heile er så mykje meir ekte enn dagens TV-lanserte idoler. Det er det. For dette er musikk skapt først og fremst utifrå kjærleiken til tonane og ikkje til pengane. Og det er musikk som skildrar ekte kjensler og ekte opplevingar, formidla av ei dame som har kjent det og opplevd det og som forstår kvart ord ho syng. Enten ho syng om tapt kjærleik, svik, utroskap, søte kjensler, synd, skam, fortvilelse, armod, fridom, tru eller håp.

Her er tett med funky og kvasse tilfeller, kledd i drivande blåsearrangement og heftig koring. Aller fremst i rekkja står magiske I’m Just A Prisoner (Of Your Good Lovin»), raffinerte, den frekke I’d Rather Be An Old Man’s Sweetheart (Than A Young Man’s Fool), og den sensuelle og særdeles smart oppbygde He Called Me Baby. Men her er også nådelause og svette balladar, slike som Otis Redding-låta That’s How Strong My Love Is og den svikefulle Another Man’s Woman, Another Woman’s Man. Candi tar og Tammy Wynette sin countryklassikar Stand By Your Man og gjer den om til eit inderlig soulnummer. Og hennes versjon av Mac Davis-låta In The Ghetto står ikkje eit sekund tilbake for Elvis si noko meir kjente utgåve. Ei fabelaktig dame. Ei stor stemme. Vi lar ho ikkje bli gløymt ein gong til, gjer vi vel?

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s