Monthly Archives: oktober 2013

The Fiery Furnaces – Blueberry Boat

Standard

Eit nytt musikalsk angrep litt utanom det vanlige frå søskenparet Friedberger.

cover  Det tok nokre rundar før eg begynte å finne fram til skattane på Blueberry Boat. Av den noko flokete årsak at dette er ei musikalsk last fylt til randen (eller kanskje helst over randen) av fargerike, fantasifulle og smått infame påfunn som ein ikkje heilt skjønar poenget med med det samme. For sjølv om The Fiery Furnaces drikk av kjelder også andre har forsynt seg frå, ser det ut som effekten blir noko annleis når dette amerikanske søskenparet får stoffet innabords. Allereie på sitt friske og vindskeive debutalbum Gallowsbird’s Bark (2003), framstod Matthew og Eleanor Friedberger som noko litt for seg sjølv. Men dei to har likevel klart å plassere seg sjølve endå nokre hakk lengre vekk frå normal folkeskikk her på oppfølgjaren.

Matthew har uttalt at aller fremste inspirasjonskjelde til dette albumet er The Who, og då spesielt deires tidlegaste «små» rock-opera tilfeller A Quick One (While He’s Away) og Rael. Og ja, eg skal kjøpe den, spesielt sistnemnte låt (frå The Who Sell Out) surra nok rundt på høgfrekvens i skallen til Matthew når han tenkte ut eindel av innfalla her. Men opplegget deires dreg seg til tider lengre ut i det outrerte og avantgardistiske enn kvar Townshend og kompani (og dei fleste andre) nokon gong har vore. Ja, det blir tilført så rikelig med vitale og krakilske lydangrep at eg som lyttar dei to-tre første rundane føler meg temmelig forvirra (og litt skuffa). Etterkvart oppdagar ein imidlertid ein struktur og dynamikk i villnisset. Og då, då er det at lasta begynner å bli interessant.

Mykje er gjort når ein har forsert det glupske hinderet dei har plassert først i løypa. Det ber namnet Quay Cur, er seks akter breidt, ti minuttar langt, og høgare enn dødsforakten. Her får vi servert heile spekteret frå smertefulle piskeslag via «Moby-blues» til naiv ordleik, vandrande på ei ustabil linje frå den totale atonalitet til dei vakraste tonar. Krevande, men har ein først fått følelsen av ein slags kontroll med denne, blir dei resterande 65 minuttane litt lettare å hanskast med.

Langs ruta skal ein gjere seg kjent med talrike og ordrike skildringar. Surrealistiske, vanvittige og nokon det nesten går an å forstå. Dei slår seg fram i ein jungel av innfallsvinklar. Forfulgt av tonar henta frå ulike hjørner av rockehistorien, cabaret-formen, musikalar, spenstig folk og… tja, litt av kvart igrunn.

Idet den tidlegare nemnte brygge-glefsaren er passert ber turen over i Straight Street. Og som tittelen nokså korrekt indikerer er vi nå over i eit meir rettlinja parti. Eit parti som kan minne litt om bandet slik vi lærte å kjenne dei på debuten. Her er det vers-refreng-vers i tilnærma konvensjonell drakt. Låta travar fort avstad og fortel historien om ein lettare forvirra amerikanar som sit på Damascus computer cafe og høyrer på fotballprat; «Arsenal, Inter, Madrid vs. Valencia, I’m over-hearing all their nonsense in extensia». Refrenget kontrar det heile fullstendig og er seigt og bluesy; «So I walked up the length of the street they call straight, cursing myself cause I got there to late». Sterk sak.

Sterk kan og få være namnet på tittelkuttet. Nesten like langt som åpningssporet. Men kanskje litt meir likevektig. Med det meinar eg å seie at dei ulike delane den er satt saman av er i ein nærare melodisk familie med kvarandre. Ein familie det etterkvart er inspirerande å bli kjent med. Temaet er ein båttransport med merkelige og ublide opplevingar. Ved roret står ein viljesterk skipper som ikkje eingong lar seg skremme av piratar. Dermed endar det slik det må; «It’s sad and it’s cold at the bottom of the sea, but at least I got my blueberries with me».

Historiane om Chris Michaels og Chief Inspector Blancheflower høyrer og med til kategorien «nærmar seg ti minuttar og femner sonisk vidt». Førstnemnte varierer mellom å være travel, seig, fortryllande, vimsete og er tekstmessig fyldig men noko uklar (som kjent treng ikkje det være noko minus). Blancheflower-affæren er først historien om ein liten gut som har «dexadrine hyperactivity». Matthew er stemma hans, ei hastig nesten litt dysfunksjonell ei. Guten veks opp og blir politi. Og då kjem også Eleanor på banen. I eit meir melodiøst leie fortel ho, i vekselsang med broren, ein kriminell historie frå grisgrendte strøk (det er her vår unge venn er blitt sjefsinspektør). Tilslutt set Matthew punktum med eit heitt gitarminutt. Slett ikkje umulig å like denne heller.

Dei tre låtane som ligg mellom Michaels og Blancheflower opererer på meir konvensjonelle tomter. Og det er nett det som er litt greit her. Vekselverknad-strategien; tungt-lett-gyldent-mørkt-vondt-godt-trangt-fritt. Dei tre: Paw Paw Tree er ein rimelig enkel poprock-affære med sylskarpt gitarunderlag og noko dystre utsikter. My Dog Was Lost But Now It’s Found er spenstig og melodiøs blues, stundom akustisk, stundom stormande, heile tida storveges. Mason City blandar søtsmak og saltsmak, og er både seig og elegant. Dens leiande instrument er pianoet, noko den har tilfelles med fleire låtar på plata. For Matthew driv også denne gongen vel så mykje med tangent-traktering som gitar-lydering. Han trer fram og syng ein del også, noko han gjorde svært lite av på debuten. Men det er fortsatt søster Eleanor som er den dominerande vokale faktor. Og bra er det, for ho har nok ei betre stemme. Ei karaktersterk og drivande ei. Hennes rytmiske sangstil kan faktisk minne litt om Patti Smith, særlig der ho driv av gårde på sine villaste ferder.

Blant dei siste fem låtane er det kanskje eit og anna smådorskt augeblikk, men ikkje noko å dvele for mykje ved. Vesle Birdie Brain (kun tre minuttar lang) er nå i alle fall heilfin og farefullt vanedannande. Og avsluttande Wolf Notes ein surrealistisk og saktegåande skakkvals eg ikkje har tenkt å klare meg utan.

Slik kjem dei seg til lands, litt skamfarne, litt sjøsjuke, men med ein fangst langt over gjennomsnittet, og kun nokre betydningslause små bølgjeskvulp bak debuten sin. Så derfor mønstrar eg nok snart på igjen, med forventning i blikket og saltsmak i kjeften, vil eg tru.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Euroboys – Soft Focus

Standard

Særlig lengre unna turbolyd enn det vi får servert på Soft Focus er det vel knapt mulig å komme.

cover  Lyden av Euroboys anno 2004 er ganske så forskjellig frå den som stod på programmet den gongen på midten av 90-talet då dei kalte seg Kåre & the Cavemen. Den gongen dei var husband av direkte lykke, hovedsakelig spelte instrumentell surf-rock og debuten Jet Age var eit særdeles friskt innslag i den norske platejungelen anno 1997. På den noko meir søkande og hardare rockande Long Day’s Flight Till Tomorrow (1999) og temmelig grumsete Getting Out of Nowhere (2000), begynte dei så smått å innføre vokale innslag. Og nå på sitt fjerde album er ni av dei elleve spora utstyrt med tekstar og sangharmonisk ynde. På eit album der fokuset nok eingong er endra, her er det nemlig dei mjuke og velproporsjonerte sfærer som blir vitja.

Utskiftingane i mannskapet har vore stort i løpet av desse åra. Tilbake frå originalbesetningen finn vi i 2004 berre gitarist og fremste våpendragar Knut Schreiner. Ein kar som dei fleste sikkert også kjenner som gitartraktør i ikkje heilt ukjente Turboneger. Og nettopp gjenforeninga og all viraken som har blitt dette bandet til del dei siste par åra, har nok vore hovedårsaken til at det har tatt såpass med tid før eit nytt Euroboys-album har fått prioritet.

Særlig lengre unna turbolyd enn det vi får servert på Soft Focus er det vel knapt mulig å komme. For her er det dei harmoniske bølgeslagene, det varme og livgjevande sollyset, og lengselen mot sinnsro og hugnad som får det meste av merksemda. Slik dei så perfekt slår det fast med utsøkt melodiøst skarpsyn allereie i den Teenage Fanclub-aktige åpninga Break Away; «I wanna drive across these hills, and get to the ocean, and break away».

Schreiner og hans kompanjongar har funne ei kjelde som det ikkje har blitt drukke så altfor ivrig av dei siste tiåra. Ei kjelde med ein velordna og harmonisk smak. Soft Rock yndar mange å kalle det. Eagles, Fleetwood Mac og Bread er nokre av dei som har operert innafor feltet. Nå legg imidlertid Euroboys seg slett ikkje tett opp til nokon av dei nemnte banda, men finn sin eigen vesle oase, som også byr på fleire smakar enn berre denne soft-is varianten. For her finn ein elementer både i psykedeliske retningar, og som i det før nemnte åpningssporet Break Away, samt i singelvalget One-Way Street, innslag av meir skarplada popimpulsar. Tittelen på den siste hentar jo og fram minner om ei viss live-plate kalt Four Way Street av og med det ofte omtalte firkløveret Crosby, Stills, Nash & Young. Fire herrar som Euroboys nok også har latt seg inspirere av, både i denne konstellasjon og andre alliansar dei har spelt viktige roller i.

Og fint er det. Slik som den saktegåande og mjuke psykedeliske vellyden dei skaper i Sleep «Til Tomorrow. Der hovedpersonen har landa i senga og ser fram imot ein lang søvn sånn i etterkant av eindel høgtflygande eskapader. Og vellyden held seg stort sett trygt på den rette sida av spenningsfull og tiltrekkande heilt til siste tone forlet fokus i den dorske og smygande Crystal Pipeline.

På Getting Out of Nowhere fekk Mads Engen, yngre bror av tidlegare medlem (no i Turboneger) Christer Engen, så vidt debutere saman med gjengen. Den gongen som bassist på eit kutt. På Soft Focus er han truleg ein like sentral mann for den endelige avlinga som det Knut Schreiner er. Som låtskrivar er han, enten åleine eller saman med Schreiner og/eller gitarist-nykommar Trond Mjøen, ansvarleg for eit fleirtal av låtane. Og han har ei stemme som ber songane vel så godt som Schreiner si. Ei stemme som trer fram i låtar med eit noko større vemod over seg enn kva tilfellet er der Schreiner leiar an. Som på den Mellotron-draperte Fears Be Gone og den smått fatalistiske Good Enough For Now.

Og det er nett kva denne plata er. Good enough for now, altså. Ja faktisk for heile sommaren og vel så det, tenkjer eg vi seier.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Chris Eckman – The Black Field

Standard

Songar frå einsame landskap, der tonane får puste, og det moderate står i sentrum.

cover  Ser vi bort ifrå eit par samleplater, har det vore lite med lyd frå Seattle-bandet The Walkabouts sidan Ended Up a Stranger frå 2001. Vi har heller ikkje fått fleire Chris & Carla album eller nye soloutspel frå låtskrivar og åndelig leiar Chris Eckman. Men nå er det visst for alvor ting på gang, Carla jobbar med si første soloplate, og The Walkabouts har planar om å spele inn ny musikk til hausten. Men aller først får vi servert Chris Eckman sitt andre soloalbum. Han har kalt det The Black Field, og sjølv om det nok har eit mindre og stillare lydbilde enn nokon Walkabouts-utgjeving kan skilte med, er det likevel umiskjennelige Eckmanske toner vi får servert.

Chris Eckman sin musikk har av ein eller annan grunn funne fleire tilhengerar på det europeiske kontinent enn heime i Amerika. Den tyske labelen Glitterhouse har då også stått som utgjevar av det meste han har gjort sidan 1993 (Walkabouts, Chris & Carla etc.). Medan mannen sjølv dei siste åra har levd mesteparten av tida si i Slovenia, der kona hans Anda kjem ifrå. Det er også i dette landet, nærare bestemt i hovedstaden Ljubljana, at musikken på The Black Field er blitt til.

Kimen til albumet fekk Chris gjennom maleriene til den slovenske kunstnaren Nikolaj Beer (som også er Eckman sin svigerfar). Det er derfor ganske naturlig at Beer sine fyldige penselstrøk av mørke landskaper får pryde coveret på plata. Songane spelte Chris inn live i studio saman med to lokale musikantar. I etterkant spredde han så demoane rundt til ulike musikalske venner, og lot desse få fylle ut bildet med eigne innfall.

Resultatet er blitt ei samling songar der det moderate får stå i sentrum. Her blir aldri lyden frå ei kjelde prøvd overgått av ei anna. Her får tonane puste, og det blir gitt rom får både stillheita og det usminka. Det menneskelige, det ærlige og det ufullkomne trer fram, og plasserer det perfekte, det skråsikre og det sterile ute på kanten.

Blant vennene som har bidratt på plata finn vi også ein nordmann. Al deLoner frå Midnight Choir skaper mykje dunkel atmosfære på det intense tittelkuttet. Både ved hjelp av piano, melodica og ein eldre analog synthesizer. Men spesielt er det spøkelsestonane frå gitaren hans som er med og driv fram bilder av lumske landskap og suspekte opptrinn, og mot ein konklusjon av det ublide slaget; «I felt much better when I was wrong, there are some things it ain’t safe to be right about».

Endå ein porsjon tåkefulle Twin Peaks-stemningar blir servert når Paul Austin (Willard Grant Conspiracy, Transmission Six) dreg fram baritongitaren sin for å krydre Healing Waters of the Flood. Den engelske fiolinisten Matt Howden draperer smidige Crystalline. Medan dobrotonar frå Terry Lee Hale sine hender er med å understreker uroen i Restless. Kona Anda og koret hennes Carnice Vocal Group bidrar med sakral sang på Low Country, og ikkje minst på Eckman sin versjon av den seksuelt lada og glødande Buzzcocks-låta Why Can’t I Touch It?

Eit par av spora høyrer kanskje til i sekken for litt anonyme tilfeller. Det er likevel langt ifrå det overordna inntrykket, som nok heller ligg nærmare båsen for vemodig og saliggjerande tonekunst.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Donovan – Beat Cafe

Standard

Ein hurdy gurdy mann rettar blikket mot Kerouac og frendar. Jazzig, røykfullt og dugande.

cover  Sjølv om det går lengre tid mellom utgjevingane no for tida (8 år sidan sist), er Donovan, 40 år etter at han debuterte på dei britiske hit listene med Catch the Wind, stadig aktiv på platefronten. Denne frittflygande folkartisten som på 60-talet også hadde hits med låtar som The Hurdy Gurdy Man, Sunshine Superman og Mellow Yellow. Hitlistene har han sjeldan vore innom sidan den gongen, og gjer det vel neppe med sin nye utgjeving heller. Til det er nok dette prosjektet i smalaste laget.

Donovan har teke på seg sine gamle solbriller, og inviterer lyttaren med inn på Beat Cafe. Her prøver han, frå sin ståstad ein eller annan stad mellom den harde jordoverflata og stjernene, å presentere oss for tankar og idear som ligg til grunn for motkulturar generelt og beat-generasjonen spesielt. Jack Kerouac, Allen Ginsberg, William Burroughs, dei rastlause legendene som gjennom kunstnarlege uttrykksformer og bohem livsstil utfordra hykleriet, grådigheita og samfunnet sine absurde tendensar. Farga av sitt sedvanlige håpefulle grunnsyn syng Donovan om kjærleik, lys, solskin, søte fantasiar, ekstase, fredfulle elvar, elskarar, barfota kjærestar med malte tær og blomar i håret, og om kafeen der «the music is cool and the chicks are slow». Og sjølv om her finst vakre metaforar og vendingar, finst her også ei kjensle av å delta på noko litt flyktig, høgtravande og filosofisk svevande; «you yin my yang, I’ll yang your yin». Ikkje at det treng være noko gale i nett det, men i høve til Donovan sine uttalte ambisjonar held det kanskje ikkje heilt.

I groove-sterke og folkjazzy saker som Love Floats og The Question, der han både kan minne om Joe Henry samt byr på kviskrande trip hoppin» à la Massive Attack, er det like fullt veldig lett å like mannen. God er han også når han intenst tilstades resiterer eigne linjer i Two Lovers og poeten Dylan Thomas sine i Do Not Go Gentle. Intenst tilstades både på desse og store deler av plata er også den kontrabass-spelande Danny Thompson (John Martyn, Nick Drake, Richard Thompson) og den mykje nytta trommisen Jim Keltner (blant andre Bob Dylan og Ry Cooder). Komplettert med produsent og tangent-traktør John Chelew, blir dette ein kvartett som avgjort kunne vore verdt eit kafebesøk (utanfor Høybråten sine direktivsfærer, vel å merke). Særlig trur eg det sprelske og jazzige tittelsporet ville fått både temperaturen og appetitten til å stige nokre syndige hakk. Jazz kjensla er forresten sterkt tilstades i det meste på Beat Cafe, aller mest markant i bassgangane til Danny Thompson.

Som den skotten han er forsøker Donovan seg sjølvsagt også på litt scottish-soul, ikkje av den voldsomt svaiande sorten, men tankane mine flyg i retning hans landsmann Jackie Leven på både Lover O Lover og i første del av Yin My Yang. Utan at han på noko som helst vis gjer den gamle Doll By Doll-sjefen rangen stridig på dette feltet.

Seansen har ein liten håndfull låtar som nok er utstyrt med eit litt for melodifattig og traurig utgangspunkt til at det heile vært ei udelt fengslande oppleving. Men slett ikkje verre enn at hovedinntrykket dei etterlet seg er eit bilde av fire menn med gode hensikter, dugande innstilling og fleire aktverdige saker på programmet.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Diverse Artister – We Walk the Line: Inside a Norwegian Prison

Standard

Fleire av Norge sin beste stemmer bidrar til ein Cash-tribute av det meiningsfulle slaget.

cover  Å framføra sangar den gamle hedersmannen Johnny Cash har hatt på repertoaret er ingen lettvint veg til heder og ære. Ein skal nemlig gjere ein ualminnelig sterk innsats for ikkje å få slengt i seg «hmmm, men det er no ikkje heilt som Cash, då», eller noko slikt. Utan at alle nok lukkast 100% klarar imidlertid dei norske sangarane som var samla til konsert i Oslo kretsfengsel ein desemberdag i 2003 seg overraskande bra i sin tilnærming til sine utvalgte låtar frå Cash sitt repertoar.

Overraska vart også Cash si datter Rosanne Cash, i alle fall viss vi skal tru hennes essay i bookleten på denne utgjevinga. Der beskriv ho korleis ho litt motstrebande og tvilande entra tilskuarplass, for så å bli rørt til tårer. Og konkluderer med at dette var ein av hennes finaste opplevingar i selskap med faren sin musikk. Og ja, det er stunder på dette opptaket der eg skjønar dama sine deklarasjonar veldig godt. For med We Walk the Line: Inside a Norwegian Prison maktar nokon av landet sine mest markante stemmer innanfor rock og country sjangeren å komme opp med den klart beste Johnny Cash-tribute plata underteikna har høyrt.

Med Johnny Cash sine legendariske Folsom Prison og San Quentin innspelingar i tankane er det sjølvsagt ein glimrande idé å gjere ei slik plate som eit konsertopptak frå eit fengsel. Glimrande er og idéen å la overskuddet frå prosjektet gå til inntekt for SOS-barnebyar. Både fordi det er i Cash si ånd (han var the Man In Black som talte dei svake og utstøytte si sak, og var sjølv bidragsytar i forhold til SOS barnebyar), og fordi det er ei sak som fortjener merksemd og støtte uansett.

Nå blir aldri stemningen på Botsen like fortetta som den var i Folsom Prison og San Quentin. Men det inspirerte femmannsbandet og dei 13 sangarane gjer dette til ei fengslande stund likevel. Trass i det, og som nemnt tidlegare, er likevel ikkje alle forsøka like kvalifiserte. Trond Asker (vokalist i Haldenbandet The Squareheads) sin versjon av Folsom Prison Blues er stødig nok, men og litt fargelaus. Steinar Albrigtsen er som vanlig habil, men gjer ikkje så altfor mykje utav verken Don’t Take Your Guns to Town eller Long Black Veil. Øystein Greni åleine med sin akustisk-gitar i Solitary Man er grei nok, men når ikkje dei store høgder. Og Paal Flaata si fløyelstemme kjem nok litt til kort på Kris Kristoffersen sitt ultimate evangelium over bakrus, anger og einsemd, Sunday Morning Coming Down. Ein sang så til dei grader udødeliggjort av prosjektet sin avdøde hovedperson. Den godeste Flaata tar imidlertid ein praktfull revansj med sin versjon av Ewan McColl-låta The First Time I Saw Your Face (ein låt både Elvis Presley, Roberta Flack og sjølvsagt Cash har gjort sine tolkingar av ved tidlegare anledningar).

Rita Eriksen og Hilde Heltberg er ofte i elden som kordamer albumet igjennom. Når dei kjem i sentrum for hendingane trør dei til med ein fin versjon av Wayfaring Stranger. Rita åleine nærmar seg Maria McKee-sfærer (anno Lone Justice) i sin tolkning av I Guess Things Happen That Way. Rett så innsmigrande korutøving foretek damene seg på Sondre Bratland si friske utgåve av It Was Jesus, -ein av Cash sine religiøse hymner. Besatt av heilt andre følelsar er fyren på den håplause men intense kjærleiksjakta i Big River, ei låt Sivert Høyem tek eit særdeles overbevisande tak i. Fyrig er også samme mann sin duett med Karen Jo Fields i If I Were a Carpenter. Fields på si side har ingen problemer i sin saftige omgang med Tennessee Flat-Top Box. Med hjelp av solid korinnsats frå Høyem og Asker gjev Vidar Busk gode gamle Get Rhythm ein modernisert blues-medfart. Medan Thomas Dybdahl tar eit ypperlig countrysoul tak i I Still Miss Someone.

Så var det bergenserane då. I si framføring av den tristaste av sangar Give My Love to Rose treff Sgt. Petter hovednerva. Gamle Cash gjorde det mange ganger, men det er slett ikkje kvar dag ein syngande nordbuar evner det. Utan fakter, utan pretensionar kallar den unge bergensar fram klumpen i halsen og våte augekrokar (ikkje sant, Rosanne?). Neste bergensar i sentrum er jammen ikkje dårligare. To forsøk får han, og skyt blink i begge. Magnet. Sitt artistnavn verdig dreg han låtane inn i sin eigen vesle verden, og leverer dei attende i heilt ny drakt. Stemma hans, lap-steelen og eit forsiktig komp krøllar seg sakte rundt den feberheite kjærleikserklæringa I Walk the Line. Dristig å plassere ein av Cash sine signaturlåtar i eit slikt lydbilde, men både smart og effektfullt utført. Mykje av den samme behandlinga blir også Lucky Old Sun (Just Rolls Around Heaven All Day) tildelt. Standardlåta Cash vant ein sangkonkurranse med i ungdommen, men som han først spelte inn på plate på sin tredje American utgjeving. Magnet gjer den til sin, akkurat som Cash gjorde. Vart, vakkert og vemodig.

Skal du berre ha ei Johnny Cash tribute-plate, så ikkje speid mot Amerika, og i alle fall ikkje mot Nashville, det er nemlig We Walk the Line: Inside a Norwegian Prison du skal ha.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Diverse Artister – Nevermind: Glitterhouse is 20

Standard

Glitterhouse markerer sitt 20 års-jubileum med ein trippel CD som viser at dei har mykje fint å by på.

cover  Med kjærleiken til musikken som drivkraft har den tyske labelen Glitterhouse ført ei kompromisslaus linje, og servert oss ei rekke sterke utgjevingar frå små uavhengige plateselskap i USA, Australia, England, Tyskland og Skandinavia. Ja, i 20 år har Reinhard Holstein og hans medsamansvorne vore på denne misjonen for spreiing av musikk frå undergrunnen. Dette markerar dei i desse dagar mellom anna med ein trippel CD, der mange av artistane dei har eller har hatt i stallen blir presentert.

Å kalle utgjevinga Nevermind er slett ikkje det Nirvana-tjuveriet enkelte kanskje vil tru. Det var faktisk Glitterhouse som seint på 80-talet, som dei første i Europa, fatta interesse for musikken på den vesle Seattle-labelen SubPop. Før ei einaste sjel på vår sida av Atlanteren hadde teke ordet grunge i sin munn gav dei engasjerte tyskarane ut musikk av Green River, Mudhoney, Screaming Trees, Soundgarden og (ja nettopp) Nirvana.

Glitterhouse var først namnet på ei fanzine. Det var tidleg på 80-talet og unge Reinhard Holstein skreiv om band som The Associates, The Feelies, Go-Betweens og Gun Club. For å få alle dei australske gitarbanda han var fan av ut til folket, starta han så opp postordre butikken Glitterhouse. Fanzina vart no også eit nyhetsbrev for denne butikken. For å fylle fritida spelte Reinhard også i band, eit primitivt garasjerock band kalt The Chosen Monks. Rundt i Tyskland fanst det fleire band som svergja til same musikken. Reinhard og venene hans fekk dermed ideen å lage ein garasjerock-samling. Dei kalte den The Battles of the Band og gav den ut på kassett. Ikkje så lenge etter vidareførte dei ideen, og gav ut ei internasjonal samling av obskur garasjerock kalt Declaration of Fuzz. Denne gong på vinyl, dermed var Glitterhouse også blitt ein plate-label.

Plate nummer 31 på labelen var Green River sin Rehab Doll, og fleire SubPop-lisensierte utgjevingar fylgde. Men som vi veit, når musikk byrjar lukte pengar kjem forretningsmennene. Grunge var blitt eit begrep, men idealistane i Glitterhouse fekk ikkje vere med på den inntektsbringande perioden, den var det Warner, Sony og slikt noko som tok seg av. Holstein og kameratane byrja i staden å pushe eksplosive og hardtspelande band frå den amerikanske labelen Amphetamine Reptile (Helmet, Boss Hog og God Bullies). Ti år gamle hadde Glitterhouse 360 utgjevingar bak seg.

Sjølv om dei var blitt spelt utover grunge-sidelinja var dei ikkje heilt utan Seattle-band i stallen. The Walkabouts (og frontfigurane Chris Eckman og Carla Torgerson sine andre prosjekt) skulle utover nittitalet bli den kanskje fremste representanten for det «nye» Glitterhouse. Dei neste ti åra endra nemlig labelen profilen sin ganske så drastisk. Frå å vere ein heim for hardtslåande og gitar rockande band flytta dei no merksemda mot artistar i folk, country og americana segmentet. Samstundes auka dei aktiviteten i postordre-delen av huset.

The Walkabouts og deira utallige sideprosjekt har nok vore flaggskipet i Glitterhouse dei siste ti åra. Men dei har også distribuert lyden av band og artistar som 16 Horsepower (med sideprosjekt), Johnny Dowd, Califone, Willard Grant Conspiracy, Neal Casal, Knife In the Water og M. Ward. Dei aller fleste frå USA. Etter årtusenskiftet har det også kome fleire norske artistar i distribusjonsapparatet deira. Midnight Choir, Ricochets, Ai Phoenix, Thomas Dybdahl og Helldorado. Labelen har i tillegg vist ei noko meir eklektisk innstilling dei siste fem åra med å gje ut plater langt på sida av både det gitarbaserte og americanaspaserte. Til dømes norske Salvatore og The White Birch, og eksentrikaren David Thomas sine ulike prosjekt.

CD-trippelen dei markerer jubileet med hentar låtar berre frå den siste tiårsperioden til labelen. Litt merkelig, for skal ein fortelje historien ved hjelp av lydspor bør ein vel grave fram representantar frå heile lasset. Men kanskje det er meint vel så mykje som eit promoteringsprosjekt. Då er det jo greit å vise fram det som er mest aktuelt og som kan skaffast frå lageret. Litt forretningssans er det trass alt til stades hos Glitterhouse sine folk også.

Offisielle albumkutt er i fleirtal blant dei 51 låtane på samlingen, men her er også eit knapt dusin tidlegare uutgjevne spor. Frå sistnemnte kategori er det tre som er innspelt av Chris Eckman med venner. Befell var rett nok med på The Black Fields-albumet hans i fjor, men her er den å høyre i sommarmix. Dei to andre er heilt nye, men korkje den åtte minuttar lange collagen Eveningland (Abendland) under Walkabouts-monikoren, eller einstonige Monorock under signaturen S.Y.P.H vekker minner om Eckman & co sine beste stunder. Låta Swinger 500 henta frå klassiske Chris & Carla dagar er derimot ei vemodsfull stjernestund.

Av dei åtte norske som er tildelt speletid på utgjevinga er det vel inga overrasking at Midnight Choir utmerkar seg. Deira fine Electric Rain er med i ein litt anna, men ikkje dårligare, versjon enn den som er å finne på Unsung Heroine. Skarpe saker vert også servert frå både Ricochets og Salvatore sitt innspelte repertoar.

Ellers er David Eugene Edwards representert med to bevrande saker, Sparrow Falls i Woven Hand-handsaming og American Wheeze med 16 Horsepower. Av anna som glitrar bør eg vel også nemne Butch Hancock si vakre vise If You Were a Bluebird, Neal Casal sin triste Free Light of Day og Califone sitt spenstige gitarskarpe eventyr Wade On the Water.

Sånn alt i alt dokumenterer denne utgjevinga at det har komme mykje inspirert lyd frå Glitterhouse-depotet siste ti åra, men også at det har dukka opp eit og anna av det dvaskare og mindre interessante slaget. Kor som er har labelen gjort (og vil forhåpentlegvis fortsette å gjere) eit viktig arbeid for at god musikk frå kjellarar, garasjar, bakgårdar og andre dunkle avkrokar når ut til folk.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Diverse Artister – Sleepwalking

Standard

19 spor henta frå arkivet til den usignerte og avdøde låtskrivaren Alf Roar Vold. Med på laget er mellom andre Karin Park, William Hut og Sissy Wish.

cover  På Sleepwalking blir det framført nitten låtar alle henta frå same skrivebordskuff. Skuffen tilhøyrde Alf Roar Vold, ein låtskrivar og musikar truleg ikkje så veldig mange har høyrt om. Hausten 2003, i ein alder av 32 år, døydde Alf Roar Vold av kreft. Han etterlet seg mange songar (nedskribla og i demoutgåver), men ingen var nokon gong blitt gjevne ut. Dette ville musikarvenene hans gjere noko med. Resultatet er denne plata.

Alf Roar Vold kom opprinnelig frå Sunnmøre, men levde dei fleste av sine musikkaktive år i Bergen. Dei fleste artistane på albumet har derfor sin tilknytning til musikkmiljøet i denne byen. Sleepwalking har blitt eit absolutt habilt dokument over den usignerte musikar, og viser ved fleire høve at mannen kunne det å snekre i hop ein låt. Sjølv om det, så lenge hovudpersonen ikkje sjølv er med, nok er langt unna å gje det heile og fulle bildet av mannen si toneverd.

Av forståelige årsaker har ikkje underteikna fått høyre Vold sine eigne versjonar av låtane. Eg har like fullt ein mistanke om at dei hadde vore noko annleis. Det er trass alt dei utøvande musikarane sine ulike uttrykk som i stor grad bestemmer korleis det soniske utfallet blir på plata. Vold sine fremste inspirasjonskjelder var John Lennon, Neil Young og Led Zeppelin. Det går det an å høyre, men uttrykka som gjev seg til kjenne her varierer likevel over eit langt vidare register enn som så. Slik må det jo også bli når deltakarane spenner frå Sissy Wish sine nette poptonar til Manngard sine vesentlig tyngre åtak.

Det er nok ikkje alle av dei nitten låtane som påkallar interesse. Her finst spor som blir for flate og manglar både eigenart og melodisk kraft. Noko som sannsynlegvis kan tilskrivast den einskilde utøvar vel så mykje som komponisten. Skal ikkje dvele ved den sida av albumet, vil heller nemne stundene som bit best ifrå seg. Det startar særdeles friskt med Karin Park og Per Vidar Staff i sprudlande New Pornographers-stil. Deires versjon av Loaded vart spelt inn før Alf Roar sin død, og er albumet sitt udiskutable høgdepunkt. Velfungerande og livat er også Real Ones og deires folkrocknummer Just a Dream. Datarockar Fredrik Saroea stiller åleine, gjer seg ferdig på under to minuttar, men etterlet seg eit sprelskt inntrykk med Stay Easy. Noko av det same inntrykket etterlet trioen Jack seg også, tett, kjapp og heftig rock med ei opplagt Solgunn Ivana Valstad på vokal. William Hut feilar sjeldan, det gjer han heller ikkje med den spartanske balladen Crying Fish. When The Ocean er seks minuttar med Emmerhoff & the Melancholy Babies i velkjent terreng – duvande, zeppelinsk og strengeflott. Islandske Gisli (ein av få ikkje-vestlendingar) tar seg også fram i dugande terreng, med ein sampla og programmert mikstur av psykedelia, Led Zeppelin og Beck kalt Hammer of the Gods.

Ein fin gest til ein ung mann som heilt sikkert fortjente denne merksemda, og overskuddet av prosjektet går til kreftforskning.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Al DeLoner – The Mess Age Is Joy

Standard

Djupt personleg og dyster affære frå ein midnattsmann utan kor.

cover  I 2004 kom meldinga om at Midnight Choir var oppløyst. Paal Flaata, mannen med den fantastiske stemma og bandet sitt mest kjente ansikt, gjekk ut i avisene og sa at no var det nok. Kjemien var på frysepunktet og han ville vidare. Frå bandet sin låtskrivar, gitarist, pianist og lydutviklar Al DeLoner (Atle Bystrøm i folkeregisteret) kom det ikkje eit ord. Ikkje før eit halvt år etter, då kom denne plata.

The Mess Age Is Joy er ein djupt personleg og dyster affære. Al DeLoner har hatt sitt å stri med og lar det kome til uttrykk gjennom ord med tonefylgje. Det handlar om relasjonar som er gått i oppløysing, som han sjølv skriv i eit notat inni coveret. Kvinner, familie, venner og samarbeidspartnarar.

Al er langt ifrå den første som gjer dette. Musikkhistoria er full av tonar med sitt utgangspunkt i liknande tilhøve. Med Bob Dylan sin Blood On the Tracks som den kanskje mest omtalte. DeLoner sine ord kjem nok ikkje ut i ei like rik poetisk drakt som dei gjer hos the Bobness, men dei dirrar like fullt av både sakn, angst, uro og forbitrelse. Tekstane verkar som dei i liten grad har vore gjennom noko form for redigering. Vi får servert den første tanken og den første formuleringa. Den som trengde seg på då Al sat der og lirka og klimpra dei fram første gongen.

Innspelingane har han gjort heime i sitt gule hus ved sjøen. Han presenterte dei for plateselskapet som skissar og demoar, og dei ansvarlege på selskapet høyrde i desse innspelingane ei nerve dei var redd forsvann skulle dette bli gjort om. Så difor kjem plata i rå tapning, med akustisk gitar eller piano som leiande instrument, og litt vagt lydgniss i bakgrunnen, samt ein Al som syng «ba-ba-ba-pa-para-pa» der han hadde tenkt seg ein trompet.

Totalt blotta for sinnsstemningar av lysare grad er albumet forresten ikkje. Tittelen til dømes har jo rom for alternative tolkningar av både ironisk og munter karakter. Første vers i I Met Daryl Hannah In a Dream har og eit drag av det komiske over seg. Vel, så mykje meir slikt er det kanskje ikkje, i tredje vers i denne Nebraska-era Springsteen-liknande og melodisk vakre songen melder i alle fall den bitre angeren seg for første men ikkje siste gong. Dei aller sterkaste tonane, henta frå dei same triste marker som Beck søkte på Sea Change, kjem smygande på The Dead End of Me. Om kvinna som sviktar han for ein annan. På Be Good to Me står han fram som nokså kategorisk avvisande overfor folk han meinar har gjort han urett. På sitt aller mest hatske og urokkelege er han likevel når han snakkesyng seg gjennom prøvingar ein kan utsetje han for, men likevel; You Can’t Break Me Down.

Det er berre åtte songar på albumet, men dei er relativt lange så samla speletid strekk seg mot 45 minuttar. Lengst (nesten åtte minuttar) er avsluttande Three Weeks Bleak. Ei pianodrapert vise i slekt med både John Lennon sine mest opprivande stunder på Plastic Ono Band og Neil Young sine ditto på Tonight’s the Night. Slik dør plata ut med Al DeLoner i nær falsettleie og ei sår gjentakande bøn; «Take My Pain Away.»

Eg ser ingen grunn til å be om årsaking for at eg lar meg bevege av DeLoner sin «boksekamp med stilla» (for å nytte venen Chris Eckman sine ord). Det er personleg stoff, men det er også allmene kjensler som vert vridd og vrengt på. Er du menneske har du sannsynlegvis følt og kjem til å føle mykje av det Al syng om her (om enn kanskje ikkje like intenst). Syng ja, han har ikkje toneregisteret til Flaata, men nærleiken han har til stoffet erstattar glatt tekniske manglar.

Eit par av låtane er utstyrt med ei litt for anonym melodidrakt. Like fullt er dette heilt på høgde med dei seinaste Midnight Choir-utgjevingane. Ja, kanskje vi må tilbake til Amsterdam Stranded for å finne ei betre plate frå denne kanten.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Neko Case – The Tigers Have Spoken

Standard

Livfulle opptak frå konsert og konferanse. Over halvparten er coverlåtar, nokre er ferskvare, det meste er flott.

cover  Mykje av den beste countrymusikken dei siste ti åra er det damer som har stått for, og då tenkjer eg ikkje på Shania Twain og Faith Hill. Namn som Emmylou Harris, Lucinda Williams, Gillian Welch, Mary Gauthier, The Be Good Tanyas, Oh Susanna, Grey deLisle og ikkje minst Neko Case har imidlertid servert mykje tiltalande stoff frå den uforfalska delen av musikkverda.

I 1997, nokre år etter at ho starta musikk-karrieren sin som trommeslagar i eit punkeband, debuterte Neko Case med countryfolk-plata The Virginian (hennes fødestad er Alexandria, Virginia). Eit meir enn habilt album med for det meste Neko sine tolkningar av andre sine låtar. På oppfølgjaren Furnace Room Lullaby frå 2000 stod ho i kompaniskap med andre sjølv for låtmaterialet. Heitt, kjenslefullt og melodisk solid, vitna albumet om ei sterk dame som for alvor byrja å få grep om sakene. To år seinare tok ho seg i hovudsak av låtskrivinga på eigen hånd. Blacklisted som albumet heitte er ein dampande, sjelfull og intens countryfolk-affære. Neko Case sin mest personlege og beste. Ei plate det er umogeleg å koma utanom viss ein ynskjer å sette lyset på dei viktigaste hendingane på countryfronten etter milleniumskiftet. I tillegg har dama, som mange sikkert veit, vore ein livfull og særdeles viktig del av det energiske, Canada-baserte orkesteret The New Pornographers.

The Tigers Have Spoken er ikkje dama sitt fjerde studioalbum (ryktene seier at det skal dukke opp sommaren 2005), men ei liveplate. Heldigvis er det ikkje åtti minuttar med, som Camper van Beethoven for nokre år sidan så fiffig titulerte det, «greatest hits played faster». Av dei elleve låtane er berre to blitt spelt inn av Neko Case tidlegare. Det er det inderlige og folkbluesy tittelkuttet frå Blacklisted, og den blå balladen Favorite frå den meir obskure EPen Canadian Amp.

Til å hjelpe seg har dama fått med seg fleire av den alternative countryen sine finaste utøverar. Dei vene stemmene til Kelly Hogan og Carolyn Mark, strengevirtuosen Jon Rauhouse og heile The Sadies. Gutane frå sistnemnte band er også oppført som medkomponistar på to heilt nye Neko Case-originalar, If You Knew og tittelkuttet. To medium-tempo affærer som både har i seg Blacklisted-fakter og speidar mot eit litt meir rockprega terreng. Solide saker som i alle fall ikkje dempar forventningane til det komande studioalbumet.

Resten av kutta på The Tigers Have Spoken er henta hos andre låtskrivarar. Gode gamle Loretta Lynn, som godt hjulpen av Jack White nyleg gjorde comeback på platefronten til velfortjente ovasjonar, er blant Neko Case sine største inspirasjonskjelder. Akkurat som White Stripes har gjort, grip Neko også tak i Loretta sitt klassiske skilsmisse-epos Rated X. Hennes versjon ligg nok nærare opp mot originalen enn White Stripes sitt ubehandla åtak, men er slett ikkje noko dårligare av den grunn. Då det obskure bandet Nervous Eaters i 1980 song om Loretta, er eg ikkje så sikker på om det var Loretta Lynn dei hadde i tankane. Det trur eg imidlertid det er Neko og kompani har når dei i heftig cowpunk-drakt grip tak i denne låta. Heftig så det held er også gjengen sin versjon av Shangri-La låta Train From Kansas City.

Buffy Sainte Marie er også ei dame Neko set høgt, her gjer ho ein dugande versjon av Soulful Shade of Blue. Frå den yngre garde av kvinnelige låtskrivarar har ho henta den vemodsfulle balladen Hex, første gong å høyre på solodebuten (i 2002) til Freakwater-vokalist Carolin Ann Irwin. På denne som på fleire av spora er raffinert koring ein viktig ingrediens.

Den litt for korte seansen (34 min.) vert avslutta med to gamle songar. Bluegrass og gospel-miksturen This Little Light, og særdeles velbrukte Wayfaring Stranger er kanskje ikkje verdens mest spennande valg, men er like fullt habile innslag. Den siste i eit opptak frå ein konferanse, med publikum som stor-kor.

Ei fantastisk dame med ei stor stemme i eit absolutt givande opplegg.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

The Blueskins – Word of Mouth

Standard

Med over 30 år gammal rockehistorie i ryggen, punken i augekroken, og dametrøbbel rundt kvart hjørne.

cover  The Blueskins er fire jyplingar frå Yorkshire-distriktet i England som her platedebuterer med ein spenstig rasjon bluesinfisert rock’n’roll sjau. Dei spelar som om dei har både Led Zeppelin, Faces, Yardbirds, MC5 og ein haug andre meir eller mindre legendariske rockeband i hælane. Og med denne over 30 år gamle rockehistorien i ryggen, punken i augekroken, og dametrøbbel rundt kvart hjørne leverer dei ein ganske så overbevisande debut.

Det er kun to år sidan kvartetten begynte på sine første famlande forsøk, men her er dei altså allereie på banen med debutskiva. Det kan virke som om engelske plateselskap hungrar etter å presentere unge røffe gitarbaserte band nå i kjølvannet av suksessen til grupper som The Strokes og White Stripes. Då seier det seg vel nesten sjølv at alt kan ikkje være like interessant. Men når det er sagt, The Blueskins høyrer absolutt til blant dei frodigaste vekstane i denne jungelen. Dei rår nemlig over eit meir enn anstendig låtlager, samt at dei legg for dagen eit uregjerleg men næringsrikt samspel.

Med sin Word of Mouth har The Blueskins ingen intensjonar om å frelse verden. Dei har heller ingen intensjonar om å revolusjonere musikkhistorien. Dei har kun sett seg føre å spre litt infernalsk kåtskap i melodifin innpakning. Og slikt er jo definitivt viktig nok det. Med tekstlinjer som stort sett ligg i eit klisjéprega «c’mon with me babe, you can do what you want»-landskap, gjer dei heller ingenting for å utvikle rock-lyrikken. Men det er i grunn heilt i orden, det og.

Kraftig og adrenalinfylt set dei ting på plass allereie i åpningssporet Bad Day. Ryan (karane presenterer seg kun med fornavn) sin raspande vokal i John Fogerty lende, leiar an i ein massiv bluesrock avgang. Eit driv Girl nokre nummer seinare heng seg på, og raffinerer i endå meir vital retning. I mellomtida har dei også gjennomført ein New York Dolls-svingar-seg-med-Eddie Cochran øvelse kalla Stupid Ones, ein heftig sak med eit popfikst refreng. Og dei har sparra med Led Zeppelin sin Black Country Woman, i det organiske og særdeles strålande akustiske skiffle-blues tilfellet Change My Mind. Ein stil dei og tangerer i den nesten like medrivande My Love Is Law, der dei og plussar på med eit allsangvennlig «la-la-la-la-like what I see» refreng. Meir la-la-la er å oppleve i Go, men denne gongen av det noko mørkare og sterkt vodka-dunstande slaget. Låta er nærmast å sjå på som ein polsk riksdag både med tanke på det aust-europeiske melodiuttrykket, og det stadig rytme-skiftande arrangementet.

Siste halvdel av plata har nok eit par spor som blir litt gråare (Ellie Meadows og Take Me Home), i alle fall målt mot halvdusinet som ligg først i løypa, men det tåler vi godt. I det minste så lenge dei slår tilbake med brillefine saker som Love Boat og den svette og temposterke melodi-festen Tell Me I’m Someone. Medan hardtarbeidande Magpie Blues truleg er ei slik låt som gjer seg aller best i levande live.

Sikkert ikkje viktig, sikkert ingen klassikar, men heilt sikkert ein storarta fest. Gje meg fem.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)