Ein hurdy gurdy mann rettar blikket mot Kerouac og frendar. Jazzig, røykfullt og dugande.
Sjølv om det går lengre tid mellom utgjevingane no for tida (8 år sidan sist), er Donovan, 40 år etter at han debuterte på dei britiske hit listene med Catch the Wind, stadig aktiv på platefronten. Denne frittflygande folkartisten som på 60-talet også hadde hits med låtar som The Hurdy Gurdy Man, Sunshine Superman og Mellow Yellow. Hitlistene har han sjeldan vore innom sidan den gongen, og gjer det vel neppe med sin nye utgjeving heller. Til det er nok dette prosjektet i smalaste laget.
Donovan har teke på seg sine gamle solbriller, og inviterer lyttaren med inn på Beat Cafe. Her prøver han, frå sin ståstad ein eller annan stad mellom den harde jordoverflata og stjernene, å presentere oss for tankar og idear som ligg til grunn for motkulturar generelt og beat-generasjonen spesielt. Jack Kerouac, Allen Ginsberg, William Burroughs, dei rastlause legendene som gjennom kunstnarlege uttrykksformer og bohem livsstil utfordra hykleriet, grådigheita og samfunnet sine absurde tendensar. Farga av sitt sedvanlige håpefulle grunnsyn syng Donovan om kjærleik, lys, solskin, søte fantasiar, ekstase, fredfulle elvar, elskarar, barfota kjærestar med malte tær og blomar i håret, og om kafeen der «the music is cool and the chicks are slow». Og sjølv om her finst vakre metaforar og vendingar, finst her også ei kjensle av å delta på noko litt flyktig, høgtravande og filosofisk svevande; «you yin my yang, I’ll yang your yin». Ikkje at det treng være noko gale i nett det, men i høve til Donovan sine uttalte ambisjonar held det kanskje ikkje heilt.
I groove-sterke og folkjazzy saker som Love Floats og The Question, der han både kan minne om Joe Henry samt byr på kviskrande trip hoppin» à la Massive Attack, er det like fullt veldig lett å like mannen. God er han også når han intenst tilstades resiterer eigne linjer i Two Lovers og poeten Dylan Thomas sine i Do Not Go Gentle. Intenst tilstades både på desse og store deler av plata er også den kontrabass-spelande Danny Thompson (John Martyn, Nick Drake, Richard Thompson) og den mykje nytta trommisen Jim Keltner (blant andre Bob Dylan og Ry Cooder). Komplettert med produsent og tangent-traktør John Chelew, blir dette ein kvartett som avgjort kunne vore verdt eit kafebesøk (utanfor Høybråten sine direktivsfærer, vel å merke). Særlig trur eg det sprelske og jazzige tittelsporet ville fått både temperaturen og appetitten til å stige nokre syndige hakk. Jazz kjensla er forresten sterkt tilstades i det meste på Beat Cafe, aller mest markant i bassgangane til Danny Thompson.
Som den skotten han er forsøker Donovan seg sjølvsagt også på litt scottish-soul, ikkje av den voldsomt svaiande sorten, men tankane mine flyg i retning hans landsmann Jackie Leven på både Lover O Lover og i første del av Yin My Yang. Utan at han på noko som helst vis gjer den gamle Doll By Doll-sjefen rangen stridig på dette feltet.
Seansen har ein liten håndfull låtar som nok er utstyrt med eit litt for melodifattig og traurig utgangspunkt til at det heile vært ei udelt fengslande oppleving. Men slett ikkje verre enn at hovedinntrykket dei etterlet seg er eit bilde av fire menn med gode hensikter, dugande innstilling og fleire aktverdige saker på programmet.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2004)