The Fiery Furnaces – Blueberry Boat

Standard

Eit nytt musikalsk angrep litt utanom det vanlige frå søskenparet Friedberger.

cover  Det tok nokre rundar før eg begynte å finne fram til skattane på Blueberry Boat. Av den noko flokete årsak at dette er ei musikalsk last fylt til randen (eller kanskje helst over randen) av fargerike, fantasifulle og smått infame påfunn som ein ikkje heilt skjønar poenget med med det samme. For sjølv om The Fiery Furnaces drikk av kjelder også andre har forsynt seg frå, ser det ut som effekten blir noko annleis når dette amerikanske søskenparet får stoffet innabords. Allereie på sitt friske og vindskeive debutalbum Gallowsbird’s Bark (2003), framstod Matthew og Eleanor Friedberger som noko litt for seg sjølv. Men dei to har likevel klart å plassere seg sjølve endå nokre hakk lengre vekk frå normal folkeskikk her på oppfølgjaren.

Matthew har uttalt at aller fremste inspirasjonskjelde til dette albumet er The Who, og då spesielt deires tidlegaste «små» rock-opera tilfeller A Quick One (While He’s Away) og Rael. Og ja, eg skal kjøpe den, spesielt sistnemnte låt (frå The Who Sell Out) surra nok rundt på høgfrekvens i skallen til Matthew når han tenkte ut eindel av innfalla her. Men opplegget deires dreg seg til tider lengre ut i det outrerte og avantgardistiske enn kvar Townshend og kompani (og dei fleste andre) nokon gong har vore. Ja, det blir tilført så rikelig med vitale og krakilske lydangrep at eg som lyttar dei to-tre første rundane føler meg temmelig forvirra (og litt skuffa). Etterkvart oppdagar ein imidlertid ein struktur og dynamikk i villnisset. Og då, då er det at lasta begynner å bli interessant.

Mykje er gjort når ein har forsert det glupske hinderet dei har plassert først i løypa. Det ber namnet Quay Cur, er seks akter breidt, ti minuttar langt, og høgare enn dødsforakten. Her får vi servert heile spekteret frå smertefulle piskeslag via «Moby-blues» til naiv ordleik, vandrande på ei ustabil linje frå den totale atonalitet til dei vakraste tonar. Krevande, men har ein først fått følelsen av ein slags kontroll med denne, blir dei resterande 65 minuttane litt lettare å hanskast med.

Langs ruta skal ein gjere seg kjent med talrike og ordrike skildringar. Surrealistiske, vanvittige og nokon det nesten går an å forstå. Dei slår seg fram i ein jungel av innfallsvinklar. Forfulgt av tonar henta frå ulike hjørner av rockehistorien, cabaret-formen, musikalar, spenstig folk og… tja, litt av kvart igrunn.

Idet den tidlegare nemnte brygge-glefsaren er passert ber turen over i Straight Street. Og som tittelen nokså korrekt indikerer er vi nå over i eit meir rettlinja parti. Eit parti som kan minne litt om bandet slik vi lærte å kjenne dei på debuten. Her er det vers-refreng-vers i tilnærma konvensjonell drakt. Låta travar fort avstad og fortel historien om ein lettare forvirra amerikanar som sit på Damascus computer cafe og høyrer på fotballprat; «Arsenal, Inter, Madrid vs. Valencia, I’m over-hearing all their nonsense in extensia». Refrenget kontrar det heile fullstendig og er seigt og bluesy; «So I walked up the length of the street they call straight, cursing myself cause I got there to late». Sterk sak.

Sterk kan og få være namnet på tittelkuttet. Nesten like langt som åpningssporet. Men kanskje litt meir likevektig. Med det meinar eg å seie at dei ulike delane den er satt saman av er i ein nærare melodisk familie med kvarandre. Ein familie det etterkvart er inspirerande å bli kjent med. Temaet er ein båttransport med merkelige og ublide opplevingar. Ved roret står ein viljesterk skipper som ikkje eingong lar seg skremme av piratar. Dermed endar det slik det må; «It’s sad and it’s cold at the bottom of the sea, but at least I got my blueberries with me».

Historiane om Chris Michaels og Chief Inspector Blancheflower høyrer og med til kategorien «nærmar seg ti minuttar og femner sonisk vidt». Førstnemnte varierer mellom å være travel, seig, fortryllande, vimsete og er tekstmessig fyldig men noko uklar (som kjent treng ikkje det være noko minus). Blancheflower-affæren er først historien om ein liten gut som har «dexadrine hyperactivity». Matthew er stemma hans, ei hastig nesten litt dysfunksjonell ei. Guten veks opp og blir politi. Og då kjem også Eleanor på banen. I eit meir melodiøst leie fortel ho, i vekselsang med broren, ein kriminell historie frå grisgrendte strøk (det er her vår unge venn er blitt sjefsinspektør). Tilslutt set Matthew punktum med eit heitt gitarminutt. Slett ikkje umulig å like denne heller.

Dei tre låtane som ligg mellom Michaels og Blancheflower opererer på meir konvensjonelle tomter. Og det er nett det som er litt greit her. Vekselverknad-strategien; tungt-lett-gyldent-mørkt-vondt-godt-trangt-fritt. Dei tre: Paw Paw Tree er ein rimelig enkel poprock-affære med sylskarpt gitarunderlag og noko dystre utsikter. My Dog Was Lost But Now It’s Found er spenstig og melodiøs blues, stundom akustisk, stundom stormande, heile tida storveges. Mason City blandar søtsmak og saltsmak, og er både seig og elegant. Dens leiande instrument er pianoet, noko den har tilfelles med fleire låtar på plata. For Matthew driv også denne gongen vel så mykje med tangent-traktering som gitar-lydering. Han trer fram og syng ein del også, noko han gjorde svært lite av på debuten. Men det er fortsatt søster Eleanor som er den dominerande vokale faktor. Og bra er det, for ho har nok ei betre stemme. Ei karaktersterk og drivande ei. Hennes rytmiske sangstil kan faktisk minne litt om Patti Smith, særlig der ho driv av gårde på sine villaste ferder.

Blant dei siste fem låtane er det kanskje eit og anna smådorskt augeblikk, men ikkje noko å dvele for mykje ved. Vesle Birdie Brain (kun tre minuttar lang) er nå i alle fall heilfin og farefullt vanedannande. Og avsluttande Wolf Notes ein surrealistisk og saktegåande skakkvals eg ikkje har tenkt å klare meg utan.

Slik kjem dei seg til lands, litt skamfarne, litt sjøsjuke, men med ein fangst langt over gjennomsnittet, og kun nokre betydningslause små bølgjeskvulp bak debuten sin. Så derfor mønstrar eg nok snart på igjen, med forventning i blikket og saltsmak i kjeften, vil eg tru.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s