Med over 30 år gammal rockehistorie i ryggen, punken i augekroken, og dametrøbbel rundt kvart hjørne.
The Blueskins er fire jyplingar frå Yorkshire-distriktet i England som her platedebuterer med ein spenstig rasjon bluesinfisert rock’n’roll sjau. Dei spelar som om dei har både Led Zeppelin, Faces, Yardbirds, MC5 og ein haug andre meir eller mindre legendariske rockeband i hælane. Og med denne over 30 år gamle rockehistorien i ryggen, punken i augekroken, og dametrøbbel rundt kvart hjørne leverer dei ein ganske så overbevisande debut.
Det er kun to år sidan kvartetten begynte på sine første famlande forsøk, men her er dei altså allereie på banen med debutskiva. Det kan virke som om engelske plateselskap hungrar etter å presentere unge røffe gitarbaserte band nå i kjølvannet av suksessen til grupper som The Strokes og White Stripes. Då seier det seg vel nesten sjølv at alt kan ikkje være like interessant. Men når det er sagt, The Blueskins høyrer absolutt til blant dei frodigaste vekstane i denne jungelen. Dei rår nemlig over eit meir enn anstendig låtlager, samt at dei legg for dagen eit uregjerleg men næringsrikt samspel.
Med sin Word of Mouth har The Blueskins ingen intensjonar om å frelse verden. Dei har heller ingen intensjonar om å revolusjonere musikkhistorien. Dei har kun sett seg føre å spre litt infernalsk kåtskap i melodifin innpakning. Og slikt er jo definitivt viktig nok det. Med tekstlinjer som stort sett ligg i eit klisjéprega «c’mon with me babe, you can do what you want»-landskap, gjer dei heller ingenting for å utvikle rock-lyrikken. Men det er i grunn heilt i orden, det og.
Kraftig og adrenalinfylt set dei ting på plass allereie i åpningssporet Bad Day. Ryan (karane presenterer seg kun med fornavn) sin raspande vokal i John Fogerty lende, leiar an i ein massiv bluesrock avgang. Eit driv Girl nokre nummer seinare heng seg på, og raffinerer i endå meir vital retning. I mellomtida har dei også gjennomført ein New York Dolls-svingar-seg-med-Eddie Cochran øvelse kalla Stupid Ones, ein heftig sak med eit popfikst refreng. Og dei har sparra med Led Zeppelin sin Black Country Woman, i det organiske og særdeles strålande akustiske skiffle-blues tilfellet Change My Mind. Ein stil dei og tangerer i den nesten like medrivande My Love Is Law, der dei og plussar på med eit allsangvennlig «la-la-la-la-like what I see» refreng. Meir la-la-la er å oppleve i Go, men denne gongen av det noko mørkare og sterkt vodka-dunstande slaget. Låta er nærmast å sjå på som ein polsk riksdag både med tanke på det aust-europeiske melodiuttrykket, og det stadig rytme-skiftande arrangementet.
Siste halvdel av plata har nok eit par spor som blir litt gråare (Ellie Meadows og Take Me Home), i alle fall målt mot halvdusinet som ligg først i løypa, men det tåler vi godt. I det minste så lenge dei slår tilbake med brillefine saker som Love Boat og den svette og temposterke melodi-festen Tell Me I’m Someone. Medan hardtarbeidande Magpie Blues truleg er ei slik låt som gjer seg aller best i levande live.
Sikkert ikkje viktig, sikkert ingen klassikar, men heilt sikkert ein storarta fest. Gje meg fem.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2004)