Den driftige, produktive og countryrockande Martin Hagfors gjer ein Home Groan for sjuande gong.
Sidan Martin Hagfors platedebuterte med sitt countryrock-foretak Home Groan i 1997 har han gjort det til ei sånn cirka årleg hending å komme med ny plate. Årets forsøk er bandet sitt sjuande album med nytt materiell (pluss at det har komme rekande både ei live-plate og ei samleplate). Når vi så også veit at mannen er aktiv i sideprosjekt som HGH og Groan Alone, har skreve låtar for fleire andre (Askil Holm, Helldorado, National Bank), samt produserer og spelar litt både her og der, er det ikkje å ta hardt i å kalle fyren driftig og produktiv. Lik mange andre produktive sjeler er ikkje alt Hagfors har føre seg like interessant, men mykje er det. Slik er stoda på The Opening Act også.
Høgt oppe på hitlister eller dominerande aktør på store konsert-evenement har Hagfors og hans band aldri vore. Så det skulle være ein mann med erfaringane innabords som talar, når han tek føre seg problematikken rundt dette å være oppvarmingsband. I eit sparsomt og akustisk tittelkutt syng han om å møte likegyldigheten, om håpet som renn ut i sanden, og om barske tider og den store einsemda. Ingen oppløftande skildring, altså. Plata som heilhet er likevel ingen dyster affære. Vel så typisk for albumet sin stemning er refrenget i melodivennlige og fine I Drive:
Let this night go on forever
I’m lighter than a feather
I feel too good just to be alive
På den noko kantete rockesaken Market Value plasserer han seg på populariteten sitt musikk-kart, med ein solid dose sjølvironi samt glimtet i augekroken intakt:
I love to hear those rich guys
sing about how poor they’ve been
I wanted to go watch Neil Young
But it cost a hundred dollars so I could not get in
Faktisk er det slik hos Hagfors at tekstane er vel så interessante som melodiane. Det er små historiar, artige observasjonar, og enkel kvardagsfilosofi dei fleste som har vandra rundt med augene åpne og kjenslene intakt sikkert kjenner seg igjen i. Og sjølv om han ikkje heilt kan måle seg med dei aller største poetane i bransjen, fører han ein elegant og treffsikker penn. Ei fin og karaktersterk stemme i eit Tom Petty-nasalt leie har han også. Litt meir på det jevne opplever eg fyren når det kjem over på melodi-planet. På The Opening Act, som på det eg har fått med meg av Home Groan tidlegare, dukkar det fram mykje småfint. Men dei veldig store opplevingane kjem ikkje så altfor tett. Eit par av låtane eg nemnte lenger oppe (tittelkuttet, I Drive) touchar imidlertid slike karakteristika. I tillegg er det eit tiltalande snitt av godtonar over White Dwarf. Den intense litt John Darnielle-aktige viriliteten som ligg over Easy Terms lever eg også godt i hop med. Det same går det an å gjere i selskap med Cowboys and Cactus, der den både stiller med refreng som har vind i segla, og friskt Jaga Jazzist-blås under vengene. Folk frå Jaga Jazzist har for øvrig vore gjester hos Home Groan ved tidlegare innspelingar også.
The Opening Act representerer slett ingen invasjon av originale tankar og takter. Men mykje fin tilnærming til velbrukte og stadig besøkte countryrock-tomter. Og skippar ein bort tre-fire litt tamme saker, går det fint an å ha ei trivelig stund i selskap med Hagfors og kompani denne gongen også.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2004)
Etter dei første to gjennomhøyringane var eg litt skeptisk. Hadde Jolie Holland flytta inn i samme etasje som Norah Jones, Diana Krall og deires like? Ikkje det at Norah og hennes søstre i ånden er så håplause, tvert imot, dei er rett som det er innom ålreite saker, dei. Men Jolie sin debut Catalpa fortalde trass alt om ei dame med endå større ting på programmet. Den var nemlig eit skjørt, underprodusert, eigenarta og vakkert lite eventyr litt utanom det vanlege. Sjølvsagt rekna eg ikkje med at Jolie skulle finne ei avsidesliggande og antikvert stove med knirkande plankar og 200 år gamle gyngestolar for å spele inn tonane sine, nok eingang. Sjølvsagt rekna eg med at ho kom til å oppsøke ein tanke meir strigla og moderne lokaliteter denne gongen. Men eg hadde håpa på at mystikken, og den uforfalska og lågmælte intensiteten, stadig var tilstades. Vel, det er den også.
Med ein liten bunke velfungerande låtar og godt med vitale strenger på plass smett det tidvis spirituelle prosjektet HGH innom med sitt fjerde album. Den særdeles aktive duoen Martin Hagfors og Håkon Gebhardt har funne plass på timeplanen til ei ny økt i hop med sin åndelige rettleiar Fader Seb. Resultatet har fått tittelen Miracle Working Man, og er i sine beste stunder eit friskt oppkok av banjodreven countryrock.
Det kan godt være at det finst, i alle fall i overført tyding, både ørken, sleipe hyener, lumske klapperslangar, ekle firfisler og hardføre kaktusar i Stavanger. Likevel er det veldig mykje i Helldorado si framferd her på deires album-debut som fører tankane mine i retning av det store og sagnomsuste kontinentet på andre sida av Atlanteren. Derfor trur eg like godt vi reiser frå heimbyen og startar på nytt.
Eg har sett fram mot Ed Harcourt sin tredje full-lengdar med visse forhåpningar. Etter den korte oppvarmingsrunden Maplewood (2000) slo mannen til med den solide Here Be Monsters (2001) i første runde, for så å avlevere den oppsiktsvekkande sterke From Every Sphere (2003) i andre. Utgjevingar som har fått tildelt eit lite, dunkelt, men fint møblert værelse i hjarta mitt. Når så produsent Jari Haapalainen (frå Luleå kultbandet Bear Quartet) og Harcourt for nokre månader sidan snakka om Big Star og Sister Lovers som kanskje den viktigaste innfallsvinkel til Strangers, begynte eg å fabulere omkring mulighetene for store ting.
Med halvopne og laust dinglande flanellskjorter, bootskledde føter og tyngde hjerter presenterer den australske septetten Halfway seg ved å seie Farewell to the Fainthearted. Det gjer dei i ei tonelei som aldri vik ein tomme ifrå allereie ferdigregissert countryrock.
Great Lake Swimmers. Sei det ein gong til. Smak litt på orda. Kva ser du for deg?
Augneblikket kjem, er her, og forsvinn. Kjærleiken kjem, er her, og forsvinn. Livet kjem, er her, og forsvinn. Men orda, orda kan muligens nagle det forgjengelige fast. Dette er noko av essensen i Olaf Bull sin diktargjerning. Frå tidlege dikt som Til Dig, via tvilsam Idyl og til mesterverket Metope
Dei tre Texas-veteranane Joe Ely, Butch Hancock og Jimmie Dale Gilmore har funne saman i platestudioet igjen, kun to år etter den store «reunion». Resultatet heiter Wheels of Fortune, og er nok ei Flatlanders-plate spekka med frodige countrytonar.