Jolie Holland – Escondida

Standard

Jolie Holland anno 2004: Litt meir produsert. Litt nærmare jazzleiren. Framleis omgitt av denne eimen av svunne tider. Framleis ei særeigen stemme.

cover  Etter dei første to gjennomhøyringane var eg litt skeptisk. Hadde Jolie Holland flytta inn i samme etasje som Norah Jones, Diana Krall og deires like? Ikkje det at Norah og hennes søstre i ånden er så håplause, tvert imot, dei er rett som det er innom ålreite saker, dei. Men Jolie sin debut Catalpa fortalde trass alt om ei dame med endå større ting på programmet. Den var nemlig eit skjørt, underprodusert, eigenarta og vakkert lite eventyr litt utanom det vanlege. Sjølvsagt rekna eg ikkje med at Jolie skulle finne ei avsidesliggande og antikvert stove med knirkande plankar og 200 år gamle gyngestolar for å spele inn tonane sine, nok eingang. Sjølvsagt rekna eg med at ho kom til å oppsøke ein tanke meir strigla og moderne lokaliteter denne gongen. Men eg hadde håpa på at mystikken, og den uforfalska og lågmælte intensiteten, stadig var tilstades. Vel, det er den også.

Det tok nemlig ikkje så mange fleire rundar før eg oppdaga at vår kjære Jolie oppheld seg i eit litt anna slags rom enn den perfekt designa og uklanderleg møblerte stova til Norah og Diana. Sjølvsagt gjer ho det. Istaden er ho å finne oppe på loftet der tradisjonane lever og bur. Der, med ein nennsom respekt for arven som sit i veggane, og som gøymer seg i krokane, transformerer ho musikk frå svunne tider over i ein moderne verden. Oppe på loftet har ho tatt innover seg ånden frå avdøde søstre som Bessie Smith, Billie Holiday og Patsy Cline, samt vore lydhøyr for dei fleste gamle folk-songarane Harry Smith og Alan Lomax fant på si vandring. Ho har bladd i gamle fotoalbum, lest både Faulkner og Flannery O’Connor. Og funne sin eigen tone.

Nå var eigenarta i tonen hennes for så vidt solid på plass allereie på Catalpa, men ho har utvikla den endå litt vidare, gjeve den eit meir jazzigt slør. Den tek slett ikkje skade av det. Fortsatt er det ei forsiktig dame vi møter, som heile tida held stemma i eit reservert leie. Men som samstundes maktar å mane fram klangfulle tonar av stor nåde. Ja, så veldig vågalt er det vel ikkje å hevde at dama er innehavar av ein av dei finaste stemmene som har introdusert seg i det nye milleniet.

Med seg på Escondida (som er spansk for gøymt), har Jolie instrumentalistar på både strenger (banjo, mandolin, gitar, bass), blås (trompet, saksofon), og ulike rytmiske lydkjelder. Utan at lyden av alt dette på noko som helst vis tar av i nærleiken av kakafoniske retningar. Neidå, her blir det helde nedpå, og gitt god plass til kvart instrument. Varsemd og luft.

Akkurat slik den dunkle spøkelses-visa Alley Flower gjorde det på debuten så set den velforma atmosfæren i åpningssporet Sascha saker og ting på plass frå første strofe. Til raffinert Billie Holiday-aktig sjonglering med bluesen i jazzen (eller jazzen i bluesen) syng ho; «Oh tonight my heart is full of a sad song, my lonesome lover has taken off». Og der, på den vemodige delen av trivsels-skalaen, er det at vi møter Jolie mesteparten av tida.

Black Stars er sakte og ulmande, og som tittelen hintar om, ikkje av det lystigaste slaget. Glødande i samme melankolske ærend, akkompagnert av piano og mørke bass-strofer, kjem Damn Shame smygande med sin eim av skam og brent eksos. Frå ein mørk stad midt mellom den tradisjonelle gospel-låta Old Time Religion og gammal medtatt akustisk blues dukkar fabelaktige Old Fashion Morphine fram. Den pianodraperte og lune balladen Amen høyrer på si side til blant Escondida sine meir oppstemte øyeblikk. Kun akkompagnert av heftige trommevisper og klangen frå eit par cymbalar syng Jolie den gamle engelske folkevisa Mad Tom of Bedlam. Goodbye California byr seg fram som ein vindskeiv Jambalaya, og for å illustrere lengselen mot heimtraktene syng Jolie låta med ein brei og nærast uforståelig aksent. Medan hovedpersonen i Do You?, i nokså fortvila tilstand, trør til med kraftuttrykk som; «and you motherfucker, I wanted you». Og Faded Coat of Blue er ei gammal vise ho har funne fram om ein soldat sitt triste sorti, den er også Escondida sitt teppefall.

Men historien om Jolie Holland sluttar nok ikkje her, den har akkurat starta. For eg er heilt sikker på at denne dama kjem til å hente fram inspirerte tonar frå morkne veggar, mørke krokar og frå si eiga gåtefulle sjel også i åra som kjem.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s