Tag Archives: Home Groan

Meg og Kammeraten Min – Det E’kke Bra Før Det Er Dårlig

Standard

Før var det trashgrass på engelsk, no er det søppelmusikk på norsk, for barn i mang slags aldrar.

7

cover

Eg har innimellom, ein og annan gong, dei siste åra, ikkje så ofte som eg kanskje burde, men likevel, lurt litt på kor trashgrass-orkesteret HGH har tatt vegen. Svaret har no dukka opp, i eit lite presseskriv som landa i postkassa mi her om dagen. Dei har for så vidt vore her heile tida, les eg. Det er berre det at dei har funne seg ei ny scene. Rundt omkring i barnehagar og på barneskular. Der dei etter seiande, i fleire år no, skal ha mora både seg sjølve og sitt unge publikum. Etterkvart har dei endåtil byrja å laga songar på det språket som i størst grad blir snakka her til lands, og det i tekstlige former som er meint å kunne kommunisere med borna som har benka seg opp framfor scena. Ein eller annan stad på vegen, nøyaktig kor veit ikkje eg, har imidlertid namnet HGH vandra heden. For evig og alltid? Det veit berre Meg og Kammeraten Min. Svaret kjem dei kanskje tilbake til ein annan gong, for no, akkurat no, er dei to mest opptatt av å formidle at Det E’kke Bra Før Det Er Dårlig.

Dei to er, som dei innvidde har skjønt, og resten skal merke seg, Martin Hagfors og Håkon Gebhardt. I tillegg til at dei har spelt i det førnemnte og smalt vidgjetne trashgrass-orkesterer HGH, har dei kvar for seg spelt i fleire samanhengar enn kva eg skal ta på meg å rekne opp. I alle fall her og no. Men eitt er sikkert, det har så vidt eg har fått med meg, og det er i grunn ein del, aldri handla om musisering for born. Og omlag like sikkert, når det no gjer det, handlar om musisering for born altså, så finn dei tonen, og formulerer tekstlinjer, som bør treffe smårollingar, og for så vidt andre rollingar også, heime.

Dei har tatt med seg tonen frå då dei kalla seg HGH og spelte trashgrass, countryrock, viser og slikt. Dei miksar det enkle og tilgjengelige med tonar av meir framandarta og snirklete, ja smått psykedelisk, karakter. Dei syng tøysete vers, rampete vers, absurde vers, undrande vers, vakre vers, hjertelige vers, og vemodige vers. Det handlar om rotter og nashorn, fingrar i nasa og klåfingra demontering, våte sokkar og gufne lukter, barnlig undring og skumle skyggar, kameratskap og kjærleik. Dei har eit ganske så tydelig åndelig slektskap med Knutsen & Ludvigsen.

Det er ein balansegang dette her. Å lage songar for barn. Det finst fleire måtar å snuble på. Ein kan bli for vaksen, for stiv i snippen, for moraliserande. Ein kan bli for barnslig, og rett ut pinlig og plomp. Ein kan bli for flink og fjern. Ein kan bli for masete. Ein kan bli kjedeleg. Meg og Kammeraten Min er respektlaust respektfulle overfor sitt publikum. Dei snublar ikkje.

Seksåringen i heimen smiler lurt når han høyrer Hagfors synge «sokken min er våt, jeg plumpa i ein dam på vei til skolen». For han har vore i den dammen, og han kjenner att det der refrenget. Og så har han demontert meir enn han har reparert. Mykje meir. Så han er heilt med når Gebhardt hevdar at det er når alt skal settast saman igjen, «det er da jeg sliter». Og han ler ganske så hjertelig når dei to trallar og tøysar seg gjennom tittellåta. Så ja, det funkar.

Men, plata har eit anna aspekt også, den funkar på pappen. Det melodiske, det soniske har eit vesen eg finn meg heime i. Og så kjenner eg meg jo att. Eg har jo vore i dammen eg også, og eg har heller ikkje funne ut korleis den demonterte vekkarklokke skal settast saman att. Samtidig handlar det også om at songane har meir enn ein dimensjon. At dei ofte viser seg å vere ein litt annan enn den eg først trudde dei var. Ja, og så syng dei jo om Jenta På Månen då, blir litt deLilloske, og formulerer suverene linjer som «hjertet mitt begynte å banke, som sko i en vaskemaskin».

Det er leikent, det er musisk, det er medrivande. Dei spelar på både det eine og det andre, og har hatt med seg ein driftig gjeng (mellom andre Mathias Eick, Lars Horntveth og Amund Maarud) i studio. Og den beste konklusjonen på kva dette er kjem dei i grunn opp med sjølv, i eit friskt lite refreng:

Det er dette som er gull
Ikke gods og masse tull og millioner.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

Martin Hagfors – I Like You

Standard

Han malar vidare på det komplekse popbildet han starta på sist, med minst like interessante strøk.

7

cover

I fleire år dreiv Martin Hagfors eit vekselbruk mellom konstellasjonane Home Groan og HGH. Utan at dei to banda kunne seiast å vere diametrale motsetningar. Dei levde og ånda begge i eit country- og folkrocklandskap. Gjennom eit drygt dusin med plater. Så var det at han i 2009, med plata Men and Flies, for første gong presenterte seg under eige namn. Då hadde songen brått fått ein annan lyd.

Då var songen hans å finne i eit poppsykedelisk forsiktig jazzflørtande og ganske så lydfassetert landskap. Den hadde det bra der, fekk eg inntrykk av. Det same synst Hagfors så han har ikkje dratt derifrå. Han er der i år også. På den enkelt og greitt titulerte, men sonisk noko meir intrikate, I Like You.

Som sist er han slett ikkje åleine der, han har med seg fleire av dei same folka. Lars Horntveth har den same sentrale rolla, som multiinstrumentalist, arrangør og produsent. Han har skapt eit innhaldsrikt men reint lydbilde. Eit sofistikert men livskraftig eit. Eit romslig eit. Motorpsycho-trommis Kenneth Kapstad er den spelande, luftsøkande, virvlande slagverktraktøren. Nikolai Eilertsen frå Big Bang spelar bassgitar. Groovet er skiftande. Groovet er godt. Det dansar klare tonar frå Morten Qvenild sitt grand piano. Ein strykekvintett gjer seg variert gjeldande i platas siste halvdel. Gitaren er nesten fråverande, men ei harpe kling reint, ein saksofon og ein trombone kranglar litt, og Susanne Sundfør syng harmoni.

Martin Hagfors nøyer seg med å synge. Med si sympatiske og 100 % uaffekterte røyst syng han om kjærleiken, reflekterer over tilværet, og peikar på nokre misgjerningar i den store verdsmålestokken. Så på det tekstlige planet fordeler han merksemda omlag slik han alltid har gjort det.

Tittelkuttet er eit dugande artikulert framlegg om våpenkvile. På heimefronten. Ei audmjuk bøn om tilgiving. Ei kjærleikserklæring. Melodisk og varm, men også ein tanke bister, plassert midt i eit suggererande krautgroove som eg mistenker har komme til dei via Wilco. Slik er ikkje groovet når Hagfors igjen går kjærleiken tett på klinga i A Voice Dipped In Honey. Her er det strykarprega og behagelig gyngande. Og omlag det same kan ein vel seie om songaren sitt syn på sin kjære. «My baby has a voice dipped in honey, sweeter than the month of may, she plays with pause and rhythm, pause and words begin to sway».

Det er fleire spor av det poppsykedeliske 60-talet her. Chewing My Nails har sine, tydelige. Den har også platas einaste gitarplukkande parti, eit varlig eit. Kva den tekstlig vil uttrykke er ingen opplagt sak. Den har eit rastlaust skjær, og er i mellomrommet. Mellom der hovudpersonen er og der han skulle ha vore. «I keep my foot in the door, because they don’t fit the floor». Den handlar om å vere låtskrivar, blant anna.

Martin Hagfors er ein god låtskrivar. Han er ein kvardagens låtskrivar. Han formulerer den ikkje flat og klisjétynga, eller tyr til høgtravande og svevande linjer. Ikkje er han overtydelig heller. Han er i mellomrommet. Mellom det forståelige og det uforståelige. Og skapar songar som heilt naturlig høyrer til der.

Not Now, der hovudpersonen trekk sin heimastrikka genser over sitt svimle hovud, og byrjar fabulere over dagane, som går, ustoppelig, den eine forfylgt av den neste. «Days that are like ice cubes, thawing in a glass, cool in the morning, but nothing cool can last».

Hanging On To Innocence, fangar ein situasjon. Med ein syklande mann, ei kvinne som smiler mot han, og prisar hans uskyldige vesen. Og over dansar helikoptra «like June bugs». Strykarar spelar tonar som flyg, vennlig. Songen ekspanderar, uforderva. Stikkene til trommeslagaren dansar på trommeskinnet. Susanne Sundfør syng harmoni. Verden er god.

Eller kanskje ikkje. Freedom To the Hounds, handlar om lærdomen vi aldri tar til oss frå historia, om krigen som alltid har flest taparar, om fridomen vi har lagt i henda på vaktbikkjene. Men poptonen er sløy og groovet går bevisst til verket.

Og til slutt openbarar Thick and Thin Skin seg, i platas fyldigaste soniske bilde. Som ein bror av songane som fylte opp Flaming Lips sitt Soft Bulletin-album. Og eigar av eit refreng som glir inn, og endå litt lengre inn. «If you want to hang on to your lover you have to say the right words, you have to say the right words or she’ll be gone….».

Visst har han skifta litt retning, men det høyrest ikkje ut som Martin Hagfors har akutte planar om å slutte å gje ut gode plater av den grunn.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

 

Martin Hagfors – Men and Flies

Standard

Hagfors tar ein skarp venstresving bort frå den americana-skilta vegen, og inn i eit fasettert poplandskap.

7

cover

Sist gong eg omtalte ei plate frå Martin Hagfors si hand avslutta eg på fylgjande vis: «Om eit års tid tar eg gjerne imot eit nytt Hagfors-album, eg. Og det må gjerne handle om det same gamle». Det skulle gå nesten to år, og det skulle vise seg å slett ikkje handle om det same gamle. Utan at eg sit her og sturar av den grunn. Dette nye han presenterer er for bra til det. Altfor bra.

Sist gong eg omtalte ei plate frå Martin Hagfors si hand, gjaldt det ei plate under HGH-signaturen. Ein signatur han har nytta når han har gjort plater saman med Gebhardt og Lars Håvard Haugen. Ved andre høve har han virka under Home Groan-signaturen. Aldri har hans eige namn stått fram åleine på ei coverframside. Ikkje før no.

Alle hans tidlegare album har vorte til langs ein americanaveg. Der dei har plukka med seg country, bluegrass og viser av ymse slag. Som berre Martin Hagfors er han ikkje lenger på den vegen. Han har svinga til venstre og funne andre tonar, andre klangar og andre fargar. Men han er nok ikkje heilt åleine der.

Eg hadde ikkje sett på det som merkelig om det på coveret bak Martin Hagfors hadde stått & Lars Horntveth. For den aktive Jaga Jassistaren har spelt ei viktig rolle på albumet. Ja albumet hadde skråsikkert blitt noko heilt heilt anna utan han, og alle hans instrument, så aktivt til stades.

Men det er Hagfors sine songar. Komponert og tekstforfatta av han åleine. Han skriv som vel mange kjenner til langt fleire enn kva han klarer nytte seg av sjølv. (Og deler såleis litt ut både her og der. Til National Bank, Big Bang, Elisabeth Andreasson, Bönkers og Motorspycho, for å ha nemnt nokon). Ein produktiv kar denne Hagfors altså. Men jammen er det mange fine songar han har skrive også då. Før, men kanskje spesielt denne gongen.

Denne spesielle gongen.

Røysta hans er til å kjenne att. Denne svale og lune røysta som gjer så sterkt eit inntrykk av at den helst vil deg godt. Den fortel på ingen måte berre om hugnadsstemte tankar og hendingar, men den vegrar seg mot å gnikke og skrape for hardt i dei mest betente krokar ei sjel kan ha. Den høyrest ikkje bitter, syrleg eller gretten ut. Slik er ikkje Hagfors. Og det er greitt. Veldig greitt.

Men han har aldri gått av vegen for å komme med utfall mot sitt tidlegare heimland USA. Og då spesielt politiske og militære aktivitetar dette landet driv med på utsida av sine grenser. I Need To Know heiter det denne gongen. Og det han i hovudsak ynskjer å få vite er kven som skal betale klimakvoter for røyken som stig opp frå bomba oljeanlegg i Irak. «selling quotas, denying motives, ignoring common sense and turning tides» lyde det i låtas sterkt psykedeliserte avslutningsparti.

Og psykedelia dukkar opp i fleire krikar og krokar albumet igjennom. Politiske tankar er derimot fråverande på dei åtte resterande spora. Der handlar det nok mest om menn, insekt, kløe, «the girl who lives upstairs», «you and I», og ho Scarlet.

Ei sped, skjør og skada jente denne Scarlet, som «blows off steam with vividness», eller «holds the blade when she’s alone». Arrangementet i songen om henne er tandert, tonen likeså. Og veldig vakker. Eit adjektiv eg lett kunne dratt opp av lomma for å skildre mykje av det som hender på plata.

Som når han syng om sin «lady of the sacred heart» i den strykardraperte, og mangt anna draperte, Appetite. Skaper eit tilnærma idyllisk speglbilde av Big Star sin Holocaust i kammerpopaffæra Liaison. Eller når han syng om eit noko gåtefullt par i det mangslungne tittelsporet. Det drivande, lettbeinte, transparente og dramatiske tittelsporet, der knokkeltonane frå pianoet til Morten Qvenild er enkeltelementet med aller djupast resonans.

Positive inntrykk blir også skapt med yppande saksofontonar og eit nennsamt duvande orgel i det sensuelle og lystfulle nummeret Tattooed On My Eyes. Og med Dylanske snerr i sterkt elektronisk-farga It’s A Cinch. Medan utroskaptematikken i Married Man blir tilført effektfull sonisk skjebnetyngde.

Det er ikkje få instrument som gjer seg til kjenne albumet igjennom. Enten dei er spelt av Hagfors, Horntveth eller dusinet av andre medskyldige. Men dei går aldri i vegen for kvarandre. Alle får plass, og pusterom. Uansett om dei går fram med straighte popsteg, svingar seg i psykedelisk skapnad eller snusar på jazzstrukturar.

Eg tar gjerne imot meir av same slaget om eit års tid, eller så.

 

HGH – All the Men in Dresses

Standard

Mange solide venstrehooks og lite jabbing, slik det ofte plar vere når desse karane går i ringen.

6

cover

Det går ikkje så lang tid mellom kvar gong Martin Hagfors lar høyre frå seg. Og sjølv om han dekker seg bak ulike signaturar og dansar med litt forskjellige partnarar frå gong til gong så plar han ikkje vere så veldig vanskelig å kjenne att. Den soniske strategien hans har sitt grunnlag frå dei americana-tona sfærer, og i det tekstlige har han vel så gjerne noko å seie om samfunnsordninga som om dei nærare relasjonar (eller mangelen på sådanne).

I 2006 leverte han ein av sine betre utgjevingar (Hey Revolution Now!) saman med vennene i Home Groan. I år kjem han for femte gong vandrande under HGH-banneret. Og då veit vel ein del av dykk at ex-Motorpsycho Håkon Gebhardt vandrar tett ved sida av han. Og sannelig, med All the Men in Dresses trur eg jaggu meg duoen har prestert sitt kanskje beste stykke arbeid.

Bluegrass-inspirasjonen og banjo-faktene, som har vore eit av HGH-prosjektet sine varemerke, er noko nedtona denne gongen. I staden har dei sikta seg inn mot meir popfikserte saker. Og når dei kjem frå det med såpass høg treffprosent som her, kan ein vel ikkje gjere anna enn å applaudere for den ideen.

At norskamerikanaren Martin Hagfors ikkje synst noko særlig om dei tette politiske bånda mellom USA og Norge har han sagt klart ifrå om fleire gonger. Denne gongen gjer han det med ei banjofrisk vise om Afghanistan. Raljerande og i kvasse ordelag ser han den vesle søkkrike oljenasjonen som like ansvarleg for krigsofra sine lidingar som det deira brutale storebror er; «a bullet might hit and then explode, Norwegian built in silver and gold… we live in a land that’s rich and free, where money’s worth more than liberty».

Ein fyr i nabolaget mitt har rekna ut at hans andel av den norske oljeformuen er kr. 350 000,-, desse pengane meinar han den norske stat burde føle seg pliktig til å sette inn på hans private konto prompte. Og, legg han til, Folk Flest (kven nå det måtte vere) ser det på same måten. I det popspretne og saksofon-drivne opningssporet It’s Mine legg ikkje Hagfors og Gebhardt skjul på kva dei synst om ei slik haldning;

«Do you really think you deserve, all the meals you get served, the meek never seem to inherit, so on what merit do you find the nerve to say; It’s mine, it’s mine, it’s mine, it’s me, it’s mine, is my philosophy».

I Market Crash nyttar dei seg så av popharmoniske countryrocktonar grodd fram på stiar der Roger McGuinn og Tom Petty har vandra til å fremje eit fromt ynskje om at heile det vestlige finansmarkedet skal krasje. All the Men in Dresses som HGH refererer til i tittelen, er dei kjolekledde moralske voktarane rundt omkring i verda. Desse som handhevar skilnaden mellom syndarar og frelste. Desse som kjempar for sitt religiøse tyranni koste kor mange sjeler det koste må. Omtrent slik uttrykker i alle fall HGH det, til stilfulle countrypopfunky tonar. Temaet er nokonlunde det same når dei med heile kammerkoret Nova i den heller varleg arrangerte visa Everyone Is An Infidel konkluderer på følgande vis; «I guess we screwed up royally when we made men our kings, and trusted their directives came from angels that could sing».

Neida det er ikkje nytenkte og innovative tankar HGH kjem med. Men stort sett kjem tankane i ei såpass sinnrik form at dei har sin verknad. At dei samstundes kjem rimelig godt overeins med underteikna sine hobbyfilosofiske tankesprang gjer vel og sitt til at dei her i gården blir møtt med både velvilje og flust av samtykkande nikk.

Samstundes gjer det ingenting. Eller snarare, det gjer All the Men in Dresses ei teneste at her også blir servert eit par sakrale viser (Another Letter og Gangrene Blue) frå dei meir nærgåande kjenslesfærer. Den drar vel heller ikkje ned heilskapsinntrykket den tragikomiske countryvisa Brother. Om dei to alt anna enn dresskledde ungkarsbrørne som freistar eit tilvære på ein gard i utkanten av folkeskikken. Der har dei ikkje gjort mykje gale, «but we miss what we can get from a girl».

Om eit års tid tar eg gjerne imot eit nytt Hagfors-album, eg. Og det må gjerne handle om det same gamle.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Home Groan – Hey Revolution Now!

Standard

Absolutt ei angrepsvillig og frisk innstilling hos Hagfors og hans medsamansvorne denne gongen.

cover  Det var slett ikkje for å preike det offisielle USA sitt syn at Martin Hagfors i si tid flytta frå heimbyen Detroit og til Oslo. Det har vi skjønt for lenge sidan. Framstøyta hans, i alle fall dei han har gjort saman med Home Groan, eller berre som Groan Alone, har i stor grad vore driven fram av den same ånda som dreiv Woody Guthrie, Johnny Cash og Erik Bye. Den som har brakt oss songar som I Ain’t Got No Home, Man In Black og Hersker og Narr. Slik er det denne gongen også. Ja kanskje spesielt denne gongen, for tittelen skulle jo tyde på at det er ganske så rebelske tankar som ligg til grunn for Home Groan sitt tiande album.

Det er ikkje dogmatiske doktrinar eller propaganderande kampsongar vi finn bakom den opprørske tittelen Hey Revolution Now! For sjølv om Home Groan kallar tekstheftet for ei Revolutionary Songbook, og nyttar seg av illustrasjonar som minnar om sveitt arbeidarkamp og kommunistisk vinkling, er det først og fremst det jaga og snublande men like fullt elskande mennesket sine kampar på forskjellige plan som står i sentrum. Frå popfriske tonar om å gje seg over til sin kjære (Giving Myself Up), og til det allsong-rungande tittelkuttet sitt angrep på det egoistiske tankesett som rår i den vestlige verda.

Joda, det er definitivt mykje kald djevelskap der ute som gjer Hagfors oppbrakt, men samstundes er det noko mildt og humant over tonen hans. Derfor opplever ein han aldri som ein harmdirrande agitator. Og takk for det, vil no eg hevde. Samstundes står han vel heller aldri fram med same tyngde og kraft som dei tre legendene eg nemnte i første avsnitt. Men kven gjer no eigentlig det? Det er i alle fall ingen grunn til å ikkje søke mot tonane hans, for dei er vel verdt fleire besøk dei. Særlig når det er såpass mange velfungerande av dei som det er på Hey Revolution Now!

Som vanlig er det den countryinfluerte tonen som er dominerande, men den er ikkje aleine. No kjenner ikkje underteikna til alle Home Groan sine utgjevingar ned til minste detalj, men etter kva eg kan skjøne må dette albumet vere blant bandet sine mest varierte. Det opnar med den dunkle Gilligan’s Island, der ein halvkviskrande Hagfors får utbytterik vokalhjelp frå bandet sitt nyaste tilskot Mona Varpe. Ei dame som i tillegg til å gje det vokale ein ekstra dimensjon, også trykker på ulike tangentar, og gjer i det heile eit positivt inntrykk. Til dømes er ho og hennes theremin med og fører den reklameharselerande Billboard Babe inn i eit tiltalande psykedelisk-austleg lydbilete. Enda fleire spor av psykedelia gneg seg mot overflata i den seige og skurrande She Really Freaks Me Out.

Elles er her sjølvsagt mykje fin strengeplukking. Håkon Gebhardt (som har produsert albumet) gjer ein gjestevisitt med frisk banjospeling i Hog Hollow, og mandolintrakteringa til Lars Håvard Haugen er ikkje mindre attråverdig i artige I Bit the Head of My Old Microphone og countrytunge Tears of Lead. Den siste høyrer med blant favorittane. Med lengtande munnspeltonar og eit whiskeydrenert vesen handsamar den angst- og svikefylte tema vi har høyrt før. Men på eit så tekstlig velfundert og melodisk fangande vis at den smyg seg på innsida.

Andre som høyrer til i avdelinga for låtar det avgjort kan vere kjekt å oppsøke på nytt er den inspirert countryrockande og aparte titulerte JFK Loved Volvos Too, popcatchy men tekstlig svartkledde Queen of the Underpass, og den lett vemodsfulle visa om trøbbel på heimebane Bring You Back With a Song.

Trur faktisk dette fort kan vere ein av dei beste platene Hagfors og hans venner har smidd saman. Det har som sagt blitt ein del av dei etterkvart.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Home Groan – The Opening Act

Standard

Den driftige, produktive og countryrockande Martin Hagfors gjer ein Home Groan for sjuande gong.

cover  Sidan Martin Hagfors platedebuterte med sitt countryrock-foretak Home Groan i 1997 har han gjort det til ei sånn cirka årleg hending å komme med ny plate. Årets forsøk er bandet sitt sjuande album med nytt materiell (pluss at det har komme rekande både ei live-plate og ei samleplate). Når vi så også veit at mannen er aktiv i sideprosjekt som HGH og Groan Alone, har skreve låtar for fleire andre (Askil Holm, Helldorado, National Bank), samt produserer og spelar litt både her og der, er det ikkje å ta hardt i å kalle fyren driftig og produktiv. Lik mange andre produktive sjeler er ikkje alt Hagfors har føre seg like interessant, men mykje er det. Slik er stoda på The Opening Act også.

Høgt oppe på hitlister eller dominerande aktør på store konsert-evenement har Hagfors og hans band aldri vore. Så det skulle være ein mann med erfaringane innabords som talar, når han tek føre seg problematikken rundt dette å være oppvarmingsband. I eit sparsomt og akustisk tittelkutt syng han om å møte likegyldigheten, om håpet som renn ut i sanden, og om barske tider og den store einsemda. Ingen oppløftande skildring, altså. Plata som heilhet er likevel ingen dyster affære. Vel så typisk for albumet sin stemning er refrenget i melodivennlige og fine I Drive:

Let this night go on forever
I’m lighter than a feather
I feel too good just to be alive

På den noko kantete rockesaken Market Value plasserer han seg på populariteten sitt musikk-kart, med ein solid dose sjølvironi samt glimtet i augekroken intakt:

I love to hear those rich guys
sing about how poor they’ve been
I wanted to go watch Neil Young
But it cost a hundred dollars so I could not get in

Faktisk er det slik hos Hagfors at tekstane er vel så interessante som melodiane. Det er små historiar, artige observasjonar, og enkel kvardagsfilosofi dei fleste som har vandra rundt med augene åpne og kjenslene intakt sikkert kjenner seg igjen i. Og sjølv om han ikkje heilt kan måle seg med dei aller største poetane i bransjen, fører han ein elegant og treffsikker penn. Ei fin og karaktersterk stemme i eit Tom Petty-nasalt leie har han også. Litt meir på det jevne opplever eg fyren når det kjem over på melodi-planet. På The Opening Act, som på det eg har fått med meg av Home Groan tidlegare, dukkar det fram mykje småfint. Men dei veldig store opplevingane kjem ikkje så altfor tett. Eit par av låtane eg nemnte lenger oppe (tittelkuttet, I Drive) touchar imidlertid slike karakteristika. I tillegg er det eit tiltalande snitt av godtonar over White Dwarf. Den intense litt John Darnielle-aktige viriliteten som ligg over Easy Terms lever eg også godt i hop med. Det same går det an å gjere i selskap med Cowboys and Cactus, der den både stiller med refreng som har vind i segla, og friskt Jaga Jazzist-blås under vengene. Folk frå Jaga Jazzist har for øvrig vore gjester hos Home Groan ved tidlegare innspelingar også.

The Opening Act representerer slett ingen invasjon av originale tankar og takter. Men mykje fin tilnærming til velbrukte og stadig besøkte countryrock-tomter. Og skippar ein bort tre-fire litt tamme saker, går det fint an å ha ei trivelig stund i selskap med Hagfors og kompani denne gongen også.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

HGH – Miracle Working Man

Standard

Ujamnt, men i sine beste stunder eit friskt oppkok av banjodreven countryrock.

cover  Med ein liten bunke velfungerande låtar og godt med vitale strenger på plass smett det tidvis spirituelle prosjektet HGH innom med sitt fjerde album. Den særdeles aktive duoen Martin Hagfors og Håkon Gebhardt har funne plass på timeplanen til ei ny økt i hop med sin åndelige rettleiar Fader Seb. Resultatet har fått tittelen Miracle Working Man, og er i sine beste stunder eit friskt oppkok av banjodreven countryrock.

Med på leiken er også den opprinnelige siste H’en Lars Håvard Haugen, samt meir eller mindre kjentfolk som Andreas Mjøs (Jaga Jazzist), Morten Strøm (Askil Holm band), Kari Slaatsveen og Elisabeth Andreassen. På tonen kan det virke som det har vore ein rett så trivelig seanse.

Hagfors og Gebhardt refererer ofte til denne mystiske skapningen Fader Seb, som dei påstår å ha møtt ein omtåka morgon i Hamburg for nokre år sidan. Han tok karane inn i varmen og har sidan vore den store rettleiar og trygge følgesvenn. I tekstane til HGH er han kjærleiken sin forkjempar, toleransen sin tjenar, rastlausa sin forsvarar, englane sin herre og banjoen sin høgaste beskyttar. Ein metafor for den perfekte verdensånda, ein himmelsk framtoning som ser i nåde til syndaren, med sterk rytmesans og leiar av både street choir og storband. Det høyrest pretensiøst ut, men blir levert med eit solid glimt i auga.

I det melodisk virile åpningssporet 22nd Century Sacred Banjo er prosjektet å få alle englane til å byte frå harpespel til banjospel for å gje verda ein ny, frisk start. Banjoen har trass alt langt større sjansar til å overdøyve alle dei forstyrrande lydbølgjene som svirrar rundt i verdensrommet. Tittellåta følgjer i same friske spor, med nye referansar til den my(s)tiske skapningen. Blood For Oil er på si side eit countrynummer i Tom Russell’sk toneterreng, med kraftige meiningar om det amerikanske nærværet i Irak. Etter desse tre byrjar albumet å bli noko meir ujamnt. Saftige Jealous Girl og den noko skakke He Travelled With Our Band held like fullt mål. Det same synest eg faktisk den varlige og harmoniske versjonen av Anna Lovinda gjer, sjølv om den nok er eit godt stykke unna Erik Bye sine dimensjonar. Mindre gjevande er HGH i tilfeller som Mulder (Tom Waits møter Wall of Voodoo, men HGH maktar ikkje å gjengje psykedeliaen som oppstår på eit gjevande vis), og den noko over toppen prektige balladen The Day the Font Capsized (der Slaatsveen/Andreassen overtek sangen mot slutten, slik søstrene McGarrigle gjorde på Nick Cave sin Hallelujah, utan å vere i nærleiken like saliggjerande).

Hagfors er ein produktiv og aktiv mann på den norske musikkscena, som har kome opp med mykje fint stoff. Men albuma han er hovudansvarleg (og medansvarleg) for lid som regel av at dei også har sin del av mindre interessante saker. Han trivst sikkert med sin høge utgjevingstakt, men ville nok kvalitetsmessig tjent på å sile vekk ting og heller kome med plater litt sjeldnare. Hadde han til eksempel tatt det beste frå årets Home Groan-utgjeving og miksa saman med det beste frå denne HGH-seansen, ville han og hans medsamansvorne hatt ei utmerka plate på hand.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)