Australsk countryrock av habilt kaliber.
Med halvopne og laust dinglande flanellskjorter, bootskledde føter og tyngde hjerter presenterer den australske septetten Halfway seg ved å seie Farewell to the Fainthearted. Det gjer dei i ei tonelei som aldri vik ein tomme ifrå allereie ferdigregissert countryrock.
Frå einsame, varme og tørre Brisbane på den australske austkysten dyngar dei ut tonelagde skildringar som er veldig i slekt med saker og ting vi har fått frå liknande byar i Amerika. I ei losliten drakt vert det fortalt om trykkande einsemd, såre lengslar, rastlause sinnelag, synd, sveitte og søt anger.
Albumet (deira debut) er ute på den utmerka australske labelen Laughing Outlaws. Ein label som vert driven av sanne musikk-entusiastar. Derfor er det inga overrasking at labelsjef Stuart Coupe (med ei fortid som musikkjournalist) har tatt seg tid til å forfatta eit lite velskreve essay. Avslutningsvis i den teksten nemner han ti artistar ein kan føle ånda frå i Halfway sine tonar. Eg siterer: «You’ll hear the countrified Rolling Stones, you’ll hear Neil Young, Gram Parsons, Big Star, The Byrds, Marty Robbins, Townes Van Zandt, Wilco, Calexico and The Replacements. You’ll hear a million songs from ten thousand years all heard and felt and understood and turned into totally distinctive tales of what the Louvin Brothers called the tragic songs of life.»
Med fare for at dette blir ei øving i namnedropping føyer eg likevel til; Beat Farmers, BoDeans og Gear Daddies. Sistnemnte, ein oversett kvartett frå Minneapolis som gav ut to framifrå album på slutten av 80-talet, høyrer eg mykje av i dei beste spora her. Rett nok gjorde Gear Daddies sine saker i eit litt meir popfiksert og luftigare terreng enn Halfway sitt trippelgitar-rumlande og fyldigare landskap, men her er noko i den lengtande og vindborne tonen som bind dei i hop.
Det er utan tvil i albumet sin første halvdel at dei beste stundene er å finne. Den frampå og bitande Patience Back. Den bitre Get Gone. Den håpefulle, akustisk gitar-drivne og melodisk velstelte Compromise For a Country Girl. Og den bedande balladen Miles and Miles. Fire låtar som alle har det tilfelles at dei lever blant tiltalande tonar. No er slett ikkje tonen håplaus blant dei resterande sakene heller, men litt mattare og baktung blir den.
I tillegg til den vanlige gitar – bass – tromme strukturen fyller dei biletet med pedal steel, dobro, mandolin, banjo, orgel og munnspel. Og fyller er nok rette ordet her, for dynamikken og nyanserikdomen er ikkje Halfway si sterkaste side. Det er litt sånn alle-spelar-samstundes opplegg. Dermed svinn litt av interessa for albumet bort etterkvart som gjengen dukkar ned i meir middelmådig toneterreng. Ein liten oppvakning vert det når den seks-minuttar lange balladen C.Q Skyline trenger seg på i ei oppegåande varleg/kraftfull oppbygging. Som bonusspor dukkar så Little Feat-klassikaren Willin» opp. Med vemodig røyst og albumet sitt skånsamaste arrangement gjer dei ein kvalifisert versjon. Samstundes viser denne låta at bandet har nokre steg å ta før dei kan sette seg ned ved sida av dei verkelig store låtskrivarane. Men nå er dei er jo langt ifrå dei einaste som har det.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)