Ed Harcourt – Strangers

Standard

Sjølv med ein flink svenske tungt involvert, blir det ikkje heilt slik ein hadde håpa på denne gongen.

cover  Eg har sett fram mot Ed Harcourt sin tredje full-lengdar med visse forhåpningar. Etter den korte oppvarmingsrunden Maplewood (2000) slo mannen til med den solide Here Be Monsters (2001) i første runde, for så å avlevere den oppsiktsvekkande sterke From Every Sphere (2003) i andre. Utgjevingar som har fått tildelt eit lite, dunkelt, men fint møblert værelse i hjarta mitt. Når så produsent Jari Haapalainen (frå Luleå kultbandet Bear Quartet) og Harcourt for nokre månader sidan snakka om Big Star og Sister Lovers som kanskje den viktigaste innfallsvinkel til Strangers, begynte eg å fabulere omkring mulighetene for store ting.

Så viser det seg altså at Strangers ikkje er heilt det eg har høyrt for meg i fantasien. Vel, egentlig er plata veldig lite nett det. Første jobb blir derfor å viske vekk nokre falske forestillingar, så; bort med Chilton, vannvidd og respektlause påfunn. Men nå har eg slett ikkje vore avhengig av Sister Lovers assosiasjonar for å finne meg perfekt til rette i selskap med mannen tidlegare, så dette kan ikkje være det einaste eg strir med. Nei, kjernen til problema er nok å finne ein anna stad. Den er nok heller å finne i den grunnleggjande låtkvaliteten. For der eg på dei tidlegare albuma følte meg omringa av grøderike låtskattar, er det lengre mellom dei gyldne augeblikkene denne gongen. Ikkje det at det er ei dårlig plate, men etter kva eg er blitt vant med frå Harcourt sin verden, så tilfredsstillar nok ikkje Strangers fullt ut.

Den åpnar fint, med tre strake vinnarar. The Storm Is Coming er ein overbevisande ankomst. Mektig, klangfull og offensiv står den fram som ein energisk sak om å gjere det ein må uansett kor friskt det bles kring ein. Born In the 70’s er ein sjølvbiografisk barndomsskildring bygd opp av laust samansette assosiasjonar. Den hastar fort, men smakfullt og melodisterkt, av gårde. Nærast magien kjem Ed i This One’s For You, ein låt som på samme tid er både sofistikert og utvungent slentrande. Åpenhjertig og naturlig ber hovedpersonen om å få gjengjeldt sine kjensler, meir på trass av enn på grunn av.

Produksjonen på dei to sistnemnte låtane er skore lengre inn til beinet enn kva som i stor grad har vore tilfelle på Harcourt sine to første album. Dette er ein tendens som held seg albumet igjennom. Sannsynlegvis er dette også med på å avdekke endå tydeligare at her finst ein del spor med mangel på melodisk velvære. Tittelkuttet er den første låta som åpenbarer seg frå denne kategorien. Den får imidlertid dessverre fort fylgje av fleire. Ja, først når Loneliness gjev seg til kjenne lengre ute i seansen kjem for alvor lysta til å hanke seg på tilbake igjen. Ein vakker og, i den grad slikt går an, optimistisk ode til einsemda; «loneliness what would I do without you?».

I det heile kviler det ein langt lettare tone over Harcourt denne gongen. Ikkje så rart, kanskje, for der From Every Sphere blei til midt under eit kjærleiksbrot, er Strangers blitt til under ein fersk og blomstrande kjærleiksvår. Men den totale og fordringslause optimismen leverer ikkje Ed, han blandar alltid inn litt tvil og lengsel også. Gode eksempler på nett dette er dei to tilfella seint i showet: Open Book og Black Dress. Desse gyngar også vidare på den fine tonen som kom tilbake med Loneliness. Så Ed kan, sjølv om han ikkje lukkast heile tida denne gongen.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s