Før var det trashgrass på engelsk, no er det søppelmusikk på norsk, for barn i mang slags aldrar.
7
Eg har innimellom, ein og annan gong, dei siste åra, ikkje så ofte som eg kanskje burde, men likevel, lurt litt på kor trashgrass-orkesteret HGH har tatt vegen. Svaret har no dukka opp, i eit lite presseskriv som landa i postkassa mi her om dagen. Dei har for så vidt vore her heile tida, les eg. Det er berre det at dei har funne seg ei ny scene. Rundt omkring i barnehagar og på barneskular. Der dei etter seiande, i fleire år no, skal ha mora både seg sjølve og sitt unge publikum. Etterkvart har dei endåtil byrja å laga songar på det språket som i størst grad blir snakka her til lands, og det i tekstlige former som er meint å kunne kommunisere med borna som har benka seg opp framfor scena. Ein eller annan stad på vegen, nøyaktig kor veit ikkje eg, har imidlertid namnet HGH vandra heden. For evig og alltid? Det veit berre Meg og Kammeraten Min. Svaret kjem dei kanskje tilbake til ein annan gong, for no, akkurat no, er dei to mest opptatt av å formidle at Det E’kke Bra Før Det Er Dårlig.
Dei to er, som dei innvidde har skjønt, og resten skal merke seg, Martin Hagfors og Håkon Gebhardt. I tillegg til at dei har spelt i det førnemnte og smalt vidgjetne trashgrass-orkesterer HGH, har dei kvar for seg spelt i fleire samanhengar enn kva eg skal ta på meg å rekne opp. I alle fall her og no. Men eitt er sikkert, det har så vidt eg har fått med meg, og det er i grunn ein del, aldri handla om musisering for born. Og omlag like sikkert, når det no gjer det, handlar om musisering for born altså, så finn dei tonen, og formulerer tekstlinjer, som bør treffe smårollingar, og for så vidt andre rollingar også, heime.
Dei har tatt med seg tonen frå då dei kalla seg HGH og spelte trashgrass, countryrock, viser og slikt. Dei miksar det enkle og tilgjengelige med tonar av meir framandarta og snirklete, ja smått psykedelisk, karakter. Dei syng tøysete vers, rampete vers, absurde vers, undrande vers, vakre vers, hjertelige vers, og vemodige vers. Det handlar om rotter og nashorn, fingrar i nasa og klåfingra demontering, våte sokkar og gufne lukter, barnlig undring og skumle skyggar, kameratskap og kjærleik. Dei har eit ganske så tydelig åndelig slektskap med Knutsen & Ludvigsen.
Det er ein balansegang dette her. Å lage songar for barn. Det finst fleire måtar å snuble på. Ein kan bli for vaksen, for stiv i snippen, for moraliserande. Ein kan bli for barnslig, og rett ut pinlig og plomp. Ein kan bli for flink og fjern. Ein kan bli for masete. Ein kan bli kjedeleg. Meg og Kammeraten Min er respektlaust respektfulle overfor sitt publikum. Dei snublar ikkje.
Seksåringen i heimen smiler lurt når han høyrer Hagfors synge «sokken min er våt, jeg plumpa i ein dam på vei til skolen». For han har vore i den dammen, og han kjenner att det der refrenget. Og så har han demontert meir enn han har reparert. Mykje meir. Så han er heilt med når Gebhardt hevdar at det er når alt skal settast saman igjen, «det er da jeg sliter». Og han ler ganske så hjertelig når dei to trallar og tøysar seg gjennom tittellåta. Så ja, det funkar.
Men, plata har eit anna aspekt også, den funkar på pappen. Det melodiske, det soniske har eit vesen eg finn meg heime i. Og så kjenner eg meg jo att. Eg har jo vore i dammen eg også, og eg har heller ikkje funne ut korleis den demonterte vekkarklokke skal settast saman att. Samtidig handlar det også om at songane har meir enn ein dimensjon. At dei ofte viser seg å vere ein litt annan enn den eg først trudde dei var. Ja, og så syng dei jo om Jenta På Månen då, blir litt deLilloske, og formulerer suverene linjer som «hjertet mitt begynte å banke, som sko i en vaskemaskin».
Det er leikent, det er musisk, det er medrivande. Dei spelar på både det eine og det andre, og har hatt med seg ein driftig gjeng (mellom andre Mathias Eick, Lars Horntveth og Amund Maarud) i studio. Og den beste konklusjonen på kva dette er kjem dei i grunn opp med sjølv, i eit friskt lite refreng:
Det er dette som er gull
Ikke gods og masse tull og millioner.
Først publisert på Groove.no (i 2012)