Tre unge damer som ikkje ber om merksemda, som berre tar den.
Ingen dikkedarar. Rett til beinet. Fri for pynt og staffasje. Ein gitar, ein bass, eit trommesett, og ei røyst ein nok ikkje skal tvile på. Dei er tre. Dei er unge. Dei er damer. Dei kallar seg Camp Cope, og kjem tilsynelatande med oppskrifta på How to Socialise & Make Friends. Om ein skal tru på, og legge sterk vekt på, tittelen på deira andre album i alle fall. Det er eg litt i tvil om, men eg er ikkje det minste i tvil om at dei ni låtane på dette albumet er ekte vare.
Camp Cope kjem frå Melbourne, Australia. Eg oppdaga dei heilt nyleg, men dei starta ut som band for sånn cirka tre år sidan. Og albumdebuterte i 2016 med eit sjølvtitulert album, der coverframsida er eit barndomsbilde av vokalist/gitarist/låtskrivar Georgia «Maq» McDonald (knipsa få dagar etter at ho var ute for ei ulykke). Denne gongen er alle tre damene avbilda på framsida. I ein bil. I baksetet trommeslagar Sarah Thompson, som på albumet har ein fyndig omgang med trommesettet, der ho vel meir går inn i ein dans med songaren enn at ho tar full kontroll over det rytmiske. I førarsetet bassist Kelly-Dawn Hellmrich, som viser seg som ein bassist med hang til å servere melodiske linjer. Ho fyller på eit vis eit eige rom i lydbildet, og ho gjer det med både kreativitet og eleganse. På taket, med nøklane dinglande i handa, Georgia Maq. Og det er vel ikkje til å komme forbi at ho har ei nøkkelrolle i trioen. Ho syng som om ho meiner kvart einaste ord. Og det er det vel all grunn til å tru at ho gjer? Ho syng frå innerst og ut. Ikkje elegant, men sterkt. Ikkje i songar som nødvendigvis har ein tradisjonell vers/refreng-form. Men i songar der det raskt blir etablert ein grunnmelodi, og så blir tatt med på ei ferd derifrå, men heile tida sirkulerande rundt denne grunnmelodien. Energisk sirkulerande.
Camp Cope er i full fyr. Ein kan beskrive det dei gjer som punk, men må då legge til at det er punk med ein folky-tone. Litt som Liz Phair då ho gjorde sin Exile In Guyville, litt som den energiske visepunken til Ani DiFranco, og litt som den energiske poptonen til Waxahatchee. Men sjølvsagt mest, og ganske så fullt og heilt, som Camp Cope.
«The future is female» står det å lese på ei t-skjorte Georgia Maq stundom kler seg i. Då bandet rundt nyttår spelte på ein festival (Falls festival) proklamerte Maq frå scena at ho var misnøgd med at det var så få kvinner blant artistane på festivalen. Bandet stilte også i, og delte ut, t-skjorter med teksten «The person wearing this shirt stands against sexual assault and demands a change».
Camp Cope legg ikkje eit sekund skjul på at feministiske tema opptar dei. Og dei har eit bodskap i songar på albumet som treff ganske så midt i #meetoo tematikken. The Face of God er sonisk sett ein av dei meir nedtona spora på albumet, men Maq er ikkje spesielt nedtona når ho fortel korleis eg-personen i songen klokka tre om natta drar heim og finn komfort i midten av si eiga seng. Heilt åleine. Etter å ha blitt utsett for krenkande åtferd frå ein mann. Frå ein musikar. Ein flink musikar. Som ingen kan få seg til å tru kan gjere nokon noko vondt, fordi hans «music is too good».
I den sonisk offensive og smått intrikate låta Animal & Real er klokka to om natta. Og eg-personen har noko som plagar henne. Frå ei nær fortid. «The past won’t leave the present alone», ytrar songaren. Kva som ligg i fortida kjem ikkje klart fram. Her er eit uavklara samansurium av skam og hugnad. Slik jo livet kan fortone seg. Og her er vi vel med ein slags kjerne i Camp Cope sine songar. Dei er slett ikkje eindimensjonale åtak. I sin offensive skapnad tar dei inn i seg ikkje så reint lite med nyansar. Og fortel at vi menneske, vi elskar og vi snublar og vi prøver og er alt anna enn perfekte, men ein ting vil vi i det minste bli, vi vil bli respektert.
The Opener er eit opningsspor, men har sin tittel frå det å vere eit opningsband. Camp Cope vil ikkje vere eit opningsband. Songen startar som ei beskriving av eit kjærleiksforhold på veg inn i ei krise. Ei krise forårsaka av at mannen ikkje klarar å takle dama når ho utfordrar han («Treat them like queens until they disagree»), og når ho får suksess. Siste del av songen er ei oppramsing av utsegn trioen har fått frå ymse menn. «It’s another man telling us we’re missing a frequency, show ’em Kelly» syng Maq, og har i tankane at bassisten spelar instrumentet sitt i eit høgare tonelag enn kva som er vanleg. Noko fleire menn har rådd dei å gjere noko med. «It’s another man telling us to book a smaller venue» syng Maq. Som deretter opplevde å fylle den større konsertsalen. Og finn det derfor høveleg å avslutte songen med ein strålande snerr: «Well, see how far we’ve come not listening to you».
Tittellåta handlar ikkje så mykje om å bli sosialisert og få venner. I eit bra driv formidlar Maq heller korleis eg-personen riv seg laus frå eit forhold. Korleis ho ikkje møter opp og finn nøkkelen han har gøymt ved bakdøra. Korleis ho syklar gjennom nattlege folketomme gater på ein sykkel utan styre. Og korleis ho til slutt med fynd slår fast at «I can see myself living without you, and being fine».
Som siste song på albumet kjem det eg vil kalle ei nydeleg vise. Der Georgia Maq åleine med sin akustiske gitar syng om faren som døydde hausten 2016. Etter ein kamp mot kreften. Ho vev inn i songen ulykka som skada henne stygt då ho var liten, og ho vev inn nokre linjer om «the casual blindness toward the cruelty of man», men først og fremst er det ein kjærleikssong til ein far (Hugh McDonald, som også var musikar, bl.a. ei tid i bandet Redgum):
I will never meet a man
That can make me question life the way you can
A defender of freedom
An advocate for truth
I’m so proud that half of me grew from you
All the broken parts too
I’ve got you
Med mot, med ein musikalitet som ligg utanpå, og med «all the broken parts too» har Maq og hennar to venninner laga eit album (for ikkje å seie to, for debuten er om lag like bra) fri for nonsens, fullstappa av glød.
8/10
TIDAL: CAMP COPE – HOW TO SOCIALISE & MAKE FRIENDS