Category Archives: 2003

Ani DiFranco – Evolve

Standard

Sidan ho CD debuterte i 1989 har Ani Di Franco vore ein ubøyelig leverandør av stridslysten musikk.

cover

Capitalism is the devil’s wet dream
so just give me my judy garland drugs
and let me get back to work
’cause the Empire State Building
is the tallest building in New York

Disse linjene er eit lite utdrag frå den over 10 minuttar lange Serpentine, eit episk politisk dikt, og eit viltveksande akustisk nummer, som buktar seg av stad mens Ani snakkar/syng/maner fram eit mylder av kommentarar til situasjonen her på kloden. Sitatet, og sangen i sin heilhet, viser oss at vi har å gjere med ei både modig og fandenivoldsk dame, som ikkje kvir seg det minste for å seie ifrå der ho synest slikt er nødvendig.

Sidan ho CD debuterte i 1989 har Ani DiFranco vore ein ubøyelig leverandør av stridslysten musikk. Varemerket hennes har vore eit fyrverkeri av ein akustisk gitar, og soleklare meldingar både på det personlige og det politiske plan. Som ein frenetisk kvinnelig utgave av Woody Guthrie har ho levert sin funky punk-folk. Heile tida har ho gitt ut musikken sin på eige plateselskap (Righteous Babe), og dermed hatt full kontroll over karrieren sin. Dette har ho for øvrig gjort i eit tempo og i ei mengd som er ganske så uvanlig i dagens musikkverden, hvis eg har rekna rett så er Evolve hennes 15. plate. Denne produktiviteten er imponerande, men viser seg vel og samstundes å være ein av hennes svakheter. Platene hennes har ein tendens til å være litt ujevne, dei er aldri heilt fri for ein del spor av mindre interesse. Eit mindre intensivt utgivelsestempo, fulgt opp av ei strammare redigering, kunne nok ha endra noko på den situasjonen.

Dei siste årene har ho innført eit nytt element i musikken sin, nemlig eit meir eller mindre fast band, der spesielt innslaget av blåsarar har vore med å utvikle stilen hennes i ein meir jazz-infisert retning. Ho har imidlertid annonsert at Evolve blir svanesangen for denne delen av hennes musikalske prosjekt, og at ho nå velger å gå vidare aleine med sin gitar. Så får tida vise om det blir tilbake til fortida, eller om årene med bandet har vore med på å utvikla uttrykket. Ho foretar for øvrig ein liten tjuvstart på løpet vidare her, for i tillegg til nevnte Serpentine framfører ho også tittelkuttet aleine kun akkompagnert av sin funky gitar, og begge disse ber i alle fall bud om at framtida kan vise seg å stå i utviklinga sitt teikn.

Evolve er blitt eit verdig punktum for samarbeidet. Frå åpningsballaden Promised Land sine blå jazztonar til den dynamisk og sjelfylte avslutningen Welcome To: Bandet framstår som ein leikande einhet og bidrar til ei foredling av melodiane enten det er jazz-fornemmelser, funky soul-saker eller latin-inspirert. Det er på mange måtar ei meir moden Ani DiFranco vi får oppleve på denne plata, så får det være opp til den einskilde lyttar om dette er å betrakte som ei positiv utvikling.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Brad Davis – I’m Not Gonna Let My Blues Bring Me Down

Standard

Flink strenge-plukkar med preglaus stemme agerer blant anonyme låtar.

cover  Akkurat som ein dyktig fotballspelar kan imponere med ballkontroll og tusenvis av trikse-berøringar, kan Brad Davis også imponere i sin triksing med strengene, det være seg på gitaren, mandolinen eller kontrabassen. Men akkurat som i tilfellet med fotballspelaren er det begrensa kor lenge slikt blir interessant for utanforståande. Det krevst nemlig meir enn å kunne flytte fingrane fort og korrekt på sitt strengeinstrument for å kunne kallast ein spennande musikkutøvar. Ja, faktisk er det mange ting som er atskillig viktigare enn akkurat slike akrobatiske prestasjoner. Og mange av desse tinga skortar det litt på hos herr Davis. For på områder som å snekre saman gode låtar, tilføre dei ei dynamisk kraft, synge dei med innleving og få strengeleiken til å bli eit sjelfullt innslag til beste for låta er han ikkje like mykje på heimebane som når det kjem til isolerte gitarplukkar-evner.

Brad Davis har i mange år vore ein ettertrakta strenge-utøvar hos andre musikarar. Han har spelt med relative storheter som Wille Nelson, Emmylou Harris, Warren Zevon og Billy Bob Thornton, og han har i mange år vore medlem i konsertbandet til countryartisten Marty Stuart. Her har han utført si rolle innanfor rammene av andre sine visjonar. Når han nå er ute med ei soloplate og skal uttrykke sine eigne musikalske visjonar får eg ein lei følelse av at låtane ofte berre blir ein unnskyldning for å kunne flat-plukke hurtig, heftig og «imponerande» på ulike strenger. Som sagt, slikt blir det ikkje alltid den store musikkopplevinga utav.

Nå er likevel ikkje Davis heilt utan evner til å få ting til å høyrast bra ut. Cypress Walls er ein sprek countryfolk-sak med friske dobro-innslag av ein Rob Ickes. Den gamle vandrevisa Rank Stranger blir i Brad Davis si tapning og i vokalt selskap med ei Kelly Nolf til fin countrygospel. Og den smått dramatiske Journey Through Misery glir av gårde på ein klagande men absolutt tiltalande tone, godt hjelpt av Glen Duncan si vekselvist dvelande og sprelske fele. Billy Bob Thornton gjestar som vokalist på Tell Me Son, men viser også denne gongen at han er atskillig større som skodespelar enn som countrysangar.

Hovedingrediensane er heile tida henta i grenselandet mellom country, blues, folk og bluegrass. Men han klarer altså kun unntaksvis å mikse dette i hop slik at resultatet blir noko anna enn ein bunke låtar som lyt friste tilværet i heller anonyme drakter. Så derfor; I’m Not Gonna Let My Blues Bring Me Down blir ein litt for kjedelig og dryg (over 50 minuttar lang) forestilling.

3/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Jason Collett – Motor Motel Love Songs

Standard

Vemod, håp og bortgøymte skattar. Lite kjent kanadier søker, og gjer seg fortjent til, oppmerksomhet.

cover  Sjølv om Jason Collett har nærmare 15 år bak seg som aktiv musikar, kan ein vel ikkje seie at han har gjort seg bemerka i særlig stor grad. Mannen er i alle fall eit heilt nytt bekjentskap for underteikna, og sikkert for dei fleste andre også vil eg tru. Noko det truleg er meininga at denne utgjevinga skal rette litt på. For Motor Motel Love Songs er eit forsøk frå det vesle kanadiske plateselskapet Arts & Crafts (sannsynlegvis mest kjent for bandet Broken Social Scene, ein gjeng Jason også har spelt litt saman med) på å gjere dei beste sangane frå to tidlegare Jason Collett-album tilgjengelig for eit forhåpentligvis større publikum.

Hvis mine kjelder er av det pålitelige slaget, skulle følgjande være litt biografisk fakta: Canadieren Jason Collett har sidan ungdomsåra opphelde seg i Toronto, der han har vore ein flittig deltakar i den meir uavhengige delen av byens musikkscene. På slutten av 80-talet spelte han saman med Andrew Cash Band, og litt seinare i eit band med navn Ursula. Han forsvant så nokre år frå musikkscenen for å ta seg av to små barn. Dukkar opp igjen midt på 90-talet, og drar i gang eit band, som blant andre inkluderer Andrew Cash og eksentrikaren Hawksley Workman, dei kallar seg Bird. Jason er denne gongen den ubestridde frontfigur, og er ansvarleg for både låtskrivinga og vokalen. Dei gjer ut plata Chrome Reflection. Nokre år seinare, 2001, kjem albumet Bitter Beauty som Jason Collett gjer ut under eige navn. Det er frå desse to platene, tidlegare i stor grad kun distribuert på konsertar, dei fleste sangane på Motor Motel Love Songs er henta.

Sjølv om Jason Collett sin musikk ikkje alltid oppheld seg i trygt sertifiserte løyper, er det selvfølgelig ingenting med desse sangane som skulle tilseie at han ikkje burde hatt eit større publikum. For albumet lykkast med å stadfeste at dette er ein kar som kan kunsten å smi saman skarpsindige pop/rock låtar. Og det er jo heller slett ingen ulempe at han samstundes gjev til kjenne ei markant og uttrykksfull røyst.

Plata dras i gang med litt liflig melankoli i Bitter Beauty, der ein og kan ane spor av The Band-impulsar. Mens låtar som Little Clown, Choke Cherry og Blue Sky står fram som ein utsøkt Jason-mikstur av vemod og håp, delvis kultivert i Wilco-land, delvis snappa opp frå REMs poppige hjørne. Litt twang står også på programmet, i den nydelige countryfolk-balladen Honey I Don’t Know, med åpningstonar lånt frå REMs Sweetness Follows, og med ei Mia Sheard på harmonivokal, samt litt smygande steelgitar.

Eit par innbitte ballader i Paul Westerbergs ånd blir og servert, den håpefulle It Won’t Be Long, samt eit uannonsert spor som samstundes høyrest ut som eit tittelspor, eit noko uvanleg påfunn kanskje. Men med eit refreng som; «In your motor motel sleepness nights, your dreams all advertised, my love», og ei nerve som gjer den til platas høgdepunkt, er den i alle fall ein uvurderlig hemmelighet.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Lloyd Cole – Music in a Foreign Language

Standard

10 sangar av den melankolske sorten, der Lloyd Cole si stemme og hans akustiske gitartonar er i sentrum.

cover

Witnesses have placed me at the crime scene
Forensic evidence concurs
Samples taken from under my fingernails
Support the prosecution’s case…

Det ser definitivt ut som han ikkje akkurat har bevisbyrden på si side hovedpersonen i denne historien. Men sidan han sjølv ikkje kan minnast dette grufulle, må det ha skjedd i eit anna liv. Splitta personlegdom, galskap og dunkle drifter. Jodå, det er beksvarte og uhyggelige strenger han spelar på, Lloyd Cole her. Sangen heiter My Other Life, og er i all sin dystre og kontrastfulle prakt ein sak henta frå samme gyldne skattkammer som Perfect Skin og Forest Fire i si tid kom raslande ut ifrå. Den er også høgdepunktet på mannens nye album Music In a Foreign Language. Eit album der einsame nattetanker dominerer ganske så kraftig, sjølv om det sjeldan er snakk om like uhyggelige hendelsar som i nevnte sang.

Snart 20 år er gått sidan Lloyd Cole og hans Commotions første gang dukka opp på musikkhimmelen. Med seg hadde dei albumet Rattlesnakes. Ei samling sangar i ei jangle-gitar/folkrock sfære. Med sine ordrike tekstar og sin utstrakte namedropping gjorde Cole det tydelig at her kom det ein velorientert fyr (han studerte på den tida filosofi i Glasgow). Dette hadde sjølvsagt ikkje hatt mulighet til å fungere utan mannens briljante melodisans, og lett nonchalante men udiskutabelt sjelfulle røyst. Etter denne eminente debuten har imidlertid mannen hatt problem med å levere varer av samme kaliber, både i bandsamanheng og som soloartist. Og han vil sannsynlegvis få sin plass i musikkhistorien ved sida av alle dei andre som også gjorde sine skarpaste ting i første forsøk.

Når det er sagt; Music In a Foreign Language er slett ikkje uefne saker. 10 sangar av den melankolske sorten, der Lloyd Cole si stemme og hans akustiske gitartonar er i sentrum. Her til lands hadde vi kanskje kalt det visesang. Trommefritt og spartansk som det er, blir det i alle fall nokre grader meir nedtona enn mannen har framstått før. Så her er det berre å legge henda bak hovudet og lene seg sjølvransakande tilbake i visshet om at alt som minner om soniske utskeielsar er heilt fråverande. Dette blir samstundes også litt av svakheten til albumet, for sjølv om dei fleste låtane absolutt er solide nok, blir dei og litt for like.

Men lat oss ikkje klaga, her finn vi så mange fine sangar at eg foreslår vi heller gler oss over det. Som låta om dekadensen og framandgjeringa i Los Angeles, kalt Light Night, Early Town: «Oh Los Angeles how do you sleep, you seem so full of cocaine, and self belief». Eller om kjærleik gått i vranglås i steelgitar-draperte My Alibi: «I’m freezing cold cause I’ve been out all night, I guess I left without my coat, I just get to walking round and round your block, very very rock’n’roll». Det er i det heile eit ganske så pessimistisk syn på kjærleiken og mennesket som kjem til uttrykk i mykje av det Lloyd Cole har på hjertet denne gangen. Så at han også har tatt med ein versjon av Nick Cave sin People Ain’t No Good er jo ganske høvelig. Vemodige No More Love Songs, der dei elskande har komme til ein slags einighet om at kjærleiken kanskje ikkje er så mykje å satse på likevel, har heller ikkje mykje optimisme i seg. Mens hovedpersonen i Shelf Life trass i resignasjon, prøver å halde på draumen om den gang det var verdt å elske.

Det er rett og slett mulig at Lloyd Cole med Music In a Foreign Language, trass i all sin nedslåtthet, har prestert sitt beste album sidan den før omtalte debuten.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Cinnamoon – Cinnamoon

Standard

Norske Cinnamoon sin debut i albumformat er ei heftig ørkenvandring blant givande tonar.

cover  Cinnamoon vakte i fjor ein viss oppsikt med å gje ut ein singeltrilogi (tre singlar på tre veker). Underteikna valgte bort å skaffa seg disse. Nå viser det seg at det antakelig var eit famøst mistak, for dei overbeviser noko voldsomt her på sitt debutalbum.

Cinnamoon er for dei som ikkje veit det eit norsk band, nærmare bestemt frå Oslo. Dei har nå holdt det gåande i rundt fem år og har gjort ca. 100 spelejobbar. Ryktene seier forresten at dei skal være eit gnistrande liveband. Deira debut i albumformat er ein fødsel i vilterheten, storheten og smerten sitt tegn. Eller som dei sjølv syng i låta No Shame: «the perfect fear of being born».

Med Cinnamoon i førersetet er vi invitert på tur i det storslåtte men akk så golde ørkenlandskapet, i baksetet kan vi skimte skyggen av Grant Lee Buffalo sammen med Gun Club og Meat Puppets, og utanfor mellom dei mektige kaktusane svever ånden til Gram Parsons.

Musikken på plata minner meg litt om fleire amerikanske band som spelar sin rock med eit snev av både country- og folk-elementer. Men her snakkar me på ingen måte om ein blåkopi, tvert imot har Cinnamon funne sin eigen plass i dette åpne og luftige rock’n’roll lendet. Dei er veldig flinke til å variere og skape små uventa brudd i strukturen på kvar enkelt låt. Det svinger frå kraftfull monumental styrke over i skjør akustikk. Dei utfordrar og leikar seg med motsetningane, med lyset i møte med skyggen, og det heile resulterer i eit særdeles dynamisk lydbilde.

Albumet har mange høgdepunkt. Her får me høyre rikt fasetterte folkrockarar som Dogtown og Tomorrow. Platas popalibi er Head ’em Up, ein gitardreven og skarpskodd låt. På The Forest smeltar det maniske og det leikande saman til ei høgare eining. Suveren låtoppbygging får me være vitne til i Dry og No Shame. Glansnummeret er kanskje Drumhead Trail der dei koblar eit brutalt grep i ein bekmørk rockelåt. Stemmebruken til vokalist Joakim Åkerstrøm forsterkar på ein glimrande måte stemningen i sangen. River Black & Rock Full står ikkje mykje tilbake den heller, i all sin spastiske intensitet, der den bevegar seg mot ein avslutning som er ingenting mindre enn ein vegg av lyd.

Eg innrømmer og gjerne at eg lar meg henføre av den nesten litt sentimentale balladen Madman, og av den country-inspirerte sistelåten Roll On som blir ein stemningsfull og vakker avslutning.

Så får me berre håpe at denne utgivelsen ikkje druknar i all den oppmerksomheten som blir ein del andre artistar til del nett no i disse tider. Mens eg lyt ut på jakt, singeljakt, for det finst tre stykker som eg gjerne skulle hatt tak i.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Vic Chesnutt – Silver Lake

Standard

Chesnutts mest varierte, og definitivt blant hans beste til nå.

cover  14 dagar tok det å spele inn Silver Lake, Vic Chesnutt sitt ellevte album. Etter hans standard er det rimelig lang tid, når ein tenker på at hans debut Little (1990) blei festa til tape på ein dag, og fleire av utgivelsane etterpå har heller ikkje vore prega av flikking og polering i platestudioet. Denne gangen hadde imidlertid Vic ambisjonar om å lage eit meir orkestrert og produsert verk. Noko som har resultert i ei plate som er mannens mest varierte, og definitivt blant hans beste til nå.

Innspelingen er gjort i ein herskapsbolig (Paramour Mansion) på ein høgd overfor Silver Lake (derav platetittelen) i Los Angeles traktene, her ligg platestudioet Real Music Studios. Produsent har vore Mark Howard, og eit knippe erfarne studiomusikarar har bidratt, deriblant gitaristen Doug Pettibone. Litt interessant er det at desse to også har ytt dei samme tjenesten på Lucinda Williams si siste plate, som kom ut nå omtrent samstundes med Vic Chesnutt sin. Så parallellt med at eg har gjort meg kjent med Silver Lake har også Lucindas World Without Tears vore ein flittig musikalsk gjest her i stova. Nå er kanskje ikkje dette den rette samanheng for å halde dei opp mot kvarandre, men målt mot Lucinda så når nok ikkje Vic heilt opp, men kven gjer nå egentlig det?

Låtane på Silver Lake har ein dynamikk som ikkje alltid har vore tilstades på tidlegare Chesnutt-produksjonar. Så, det er slett ikkje alltid ein flink produsent og litt tid berre fører galt avstad. Rett nok saknar ein kanskje litt av den rå nerva som var tilstades på mykje av materialet på plater som Little og Is The Actor Happy?, nokre av melodiane på Silver Lake blir litt slappe og tannlause. Noko som avgjort ikkje gjeld første halvdel av albumet, for det er seks låtar på strak arm som alle påkallar begeistring.

Frå den intense balladen I’m Through, om eit forhold som er blitt for vanskelig å håndtere, til den opprivande og ulmande Styrofoam festar Vic grepet. Kanskje aller best i denne sekstetten av sangar er Band Camp, historien om jenta Vic møtte, og som han i ettertid ser at han helst burde ha halde seg unna; «if I knew then what I know now».

Dei fire neste spora klarar eg ikkje å bli like komfortabel med. Blant desse finn vi også platas lengste låt, den over åtte minuttar lange Sultan, So Mighty, ein episk historie om intriger i Sultanens harem, sett frå ein evenukk sitt hjørne. Vic syng historien med falsettstemme for å gjere den mest mulig autentisk, men sjølve melodilinjene blir for anonyme, og heile affæren manglar framdrift i mine øyrer.

Avslutningslåta In My Way, Yes trur eg derimot er den flottaste sangen Vic nokon gong har festa til tape. Ein sang om livet og kjærligheten gjort i langt meir optimistiske ordelag enn kva vi er vant til frå denne kanten. Den når sitt absolutte klimaks i refrenget, som er ein spørsmål/svar sekvens mellom dei øvrige musikarane på plata og Vic sjølv; gåsehud.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Central Falls – Love and Easy Living

Standard

Legg beina på bordet, for her kjem dei upretensiøse, leikande og tilbakelendte Central Falls med musikk du kan late deg litt i selskap med.

cover  Central Falls er berre eit av prosjektene til denne gjengen frå Chicago, der brødrene Adam og Ben Vida fyller dei mest sentrale rollene. Men der dei andre banda stort sett oppheld seg på den meir eksperimentelle og støyande delen av rock-skalaen, er Central Falls eit langt meir beherska og tilbakelent foretak. Ja dette kan rett og slett karakteriserast som skikkelig sløv popmusikk, der ein lett kan forestille seg dei involverte behagelig plassert i kvar sin fluktstol, mens dei lar sine makelige tonar sveve av gårde på gjennomsiktige skyer fylte av flyktige psykedeliserte draumar. Draumar som i neste omgang tar bolig hos lyttarar med dårlig immunforsvar mot slike hypnotiserande miksturar.

Laidbacke opplevelsar som det Love and Easy Living representerer kan ofte ha ein tendens til å påkalle likegyldighet, om ikkje frå start til mål, så dukkar det i alle fall ofte opp spor og faser der dette er tilfellet. Med sin totalt upretensiøse haldning og leikande tilnærmingsmåte klarer Central Falls stort sett å styre unna slike problem. OK, så får eg av og til lyst å sparke beinet under ein fluktstol, liksom berre for å gje beskjed om at eg kunne ynskje litt meir temperatur. Men det er som om bandet også skjønar det, og skaper litt meir eldfullhet i samme sekund, kanskje ved å spele ein litt skrudd tone, eller ved å hente inn litt fyldigare lyd frå blåsarar og orgel, eller kanskje rett og slett ved å foreta eit uventa taktskifte som bringer det heile ut av balanse for nokre sekundar. Adam Vida si røyst (ofte i harmoni med broder Ben), ikkje ulik stemmene til folk som Neil Young og Lars Lillo-Stenberg, gjer også sitt til at dette blir ein organisk og frisk opplevelse i all sin slentrande daffhet. Det nokon sikkert vil karakterisere som begrensa sangressursar, vil eg hevde berre er med på å understreke ytterligare den uanstrengte innstillingen dette prosjektet er tufta på.

Det går også an å problematisere at låtane på albumet blir for like. Noko eg slett ikkje skal hevde er heilt usant, sjølv om alle spora skaffer seg meir og meir personlegdom for kvar runde dei gjer. Uansett, dette oppfattar eg først og fremst som ein drøyt 40 minuttar lang «beina på bordet»-symfoni om kjærleiken og det enkle livet, der dei ni enkeltståande sangane blir satsane i denne symfonien. Frå den jazzinfluerte vårdraumen Springtime til den nakne, men samstundes orgelmektige klagesangen Wrapped Up In Gold er Love and Easy Living ein studie i mild, litt rar og veldig tålmodig popmusikk. Der det skarpaste øyeblikket er når dei i den brass-påførte akustiske visa Weekenders kjem med følgande vesle kraftsalve «Weekenders fuck off, I am here forever». Tekstane er for øvrig, i den grad eg oppfattar dei, meir fragmenterte observasjonar enn historiar, og meir flyktig melankoli enn djupfølt fortvilelse.
Og støttar såleis fint oppunder seansen sin milde grunntone.

6/10

Først publisert på Groove (i 2003)

The Byrds – The Essential Byrds

Standard

Har du lyst til å bli kjent med eit av 60-talets største band? Prøv gjerne denne plata.

cover  Endå ei samleplate med The Byrds… Hmmm, treng vi nå egentlig det? Dette var min umiddelbare reaksjon første gang eg høyrte om denne utgjevinga. Etter å ha gått innhaldet nærmare etter i saumane, og dratt samanlikningar til andre samlingar, er min konklusjon at denne doble samlingen (til ein hyggelig pris) sannsynlegvis er den beste investeringen for folk som vil bli nærmare kjent med dette legendariske bandet. Boksen som kom i 1990 er nok meir omfattande, men blir kanskje i drøyaste laget som ein introduksjon. The Essential Byrds er for øvrig å finne i to versjonar, ein amerikansk og ein europeisk, dette er litt viktig å være klar over då den europeiske varianten har 11 spor meir, og samstundes er rimeligare (denne omtalen baserer seg på den europeiske versjonen).

Låtane kjem i kronologisk rekkefølge, og heile samlinga er ganske så demokratisk oppbygd, i den betydning at alle The Byrds sine offisielle album er representert (bortsett frå det noko famøse gjenforeningsalbumet frå 1973). Dette blir samstundes litt av svakheten, sidan The Byrds i perioden 1965-1968 (på sine seks første plater) var langt meir spennande enn kva tilfellet var dei siste åra, frå 1969-1971 (då det kom fem studioalbum), dette er då også grunnen til at eg ikkje gjev albumet toppscore.

Legenden seier at Jim McGuinn, Gene Clark og David Crosby fekk inspirasjonen til å starte The Byrds etter å ha sett The Beatles filmen A Hard Day’s Night. Dei tre, som var blitt kjent gjennom opptredenar på folk klubbar i Los Angeles, gjorde i alle fall nå alvor av draumen om å starte eit band. Dei fekk med seg mandolin-spelande Chris Hillmann til å traktere bassgitaren, og Michael Clarke (ein Brian Jones look-a-like) til å være popstjerne. Han skulle også ganske fort bli ein meir enn habil trommis.

Dermed er The Byrds født. Det dei nå tar fatt på er å fusjonere energien, beaten og harmonisangen til The Beatles med sangstrukturen og det noko djupare innhaldet som låg i folktradisjonen og ikkje minst i sangane til ein røvar med navn Bob Dylan. Og det var nettopp ein Dylan-komposisjon som skulle bli bandets gjennombrudd. For omtrent samstundes med at Dylan sjølv gjer ut låta på albumet Bringing It all Back Home, trår The Byrds inn i pop-historien med Mr. Tambourine Man.

«He could play the guitar like ringing a bell», syng Chuck Berry. Og det var akkurat det Jim McGuinn gjorde med sin 12-strengs Rickenbacker. Dermed skapte han lyden som kanskje er The Byrds sitt fremste kjennemerke. Men The Byrds er også meir, det er praktfull harmonisang og det er dynamikk og eigenart. Jodå, dei fekk så absolutt til denne fusjonen dei hadde i tankane, og gjennom den får folk-rocken sitt genesis.

Debutalbumet får sjølvsagt tittelen Mr. Tambourine Man, det er likevel låt nummer to I’ll Feel a Whole Lot Better, signert Gene Clark, som for underteikna er det aller største øyeblikket på plata. Bugnande som den er av pophooks og perfekt harmonisang, den introduserer også det som blir ein slags Clark-attributt; desse melankolske tonane og dei lange konsise refrenglinjene; «And I’ll probably feel a whole lot better when you’re gone». Dessverre er det den einaste Clark-låta frå debuten som har fått plass på denne samlingen. Litt svakt sidan nesten halve plata bestod av hans komposisjoner.

Debuten blei sloppe i april 1965, og allereie i desember samme år er dei klar med oppfølgaren. Den får tittelen Turn! Turn! Turn!. Tittelkuttet er ein Pete Seeger-tonsetjing av nokre bibelvers (Predikeren 3. kapittel). Foruten den har den sine obligatoriske Dylan-komposisjonar og nokre eldre folksangar. Og nok eingong er det Gene Clark som er mest produktiv på låtskrivarsida av Byrds-medlemmene, med tre låtar. Av desse er det den kjenslevare og Dylanske oppbruddsballaden Set You Free This Time som er representert på Essential, absolutt eit klokt valg. Hans aller beste komposisjon frå desse innspelingane kom imidlertid, uforståelig nok, aldri med på sjølve plata (var kun b-side på Turn! Turn! Turn! singelen). Den vemodigt håpefulle og tvetydige She Don’t Care About Time ville utvilsomt ha glitra som den klaraste stjerna på denne plata, hadde den berre fått sjansen. Ein sjanse den heldigvis får på Essential Byrds.

Dermed var første året unnagjort. Men 1966 er ikkje mange dagar gammal før bandet er i full gang med nye innspelingar. To låtar som skal utgjere bandets neste singel blir festa til tape desse januardagane. Og her bevegar dei seg over på ganske så andre territorier enn folkrocken frå fjoråret. I McGuinn/Crosby komposisjonen Why (som det ikkje er funnet plass til på Essential) utforskar dei elementer frå indisk musikk. Men det er låta som skulle havne på a-sida som for alltid kjem til å bli huska.

For med Eight Miles High gjer The Byrds sin aller største bragd. Ja, spør du underteikna gjer dei meir enn det. Skulle eg laga ei liste over tidenes største låtar, hadde eg aldri klart å komme utenom denne, om så lista berre skulle bestå av fem stykker (færre enn fem er ingen liste). Endå eingong er det Gene Clark som er mannen bak, men både Crosby og McGuinn er også kreditert. Det er sagt om sangen at det er ein hymne til narkotisk rus. Og med følelsen den gjer av å bli tatt med på ein hypnotisk trip, er det kanskje ikkje så rart. Sanninga er likevel at den handlar om ei flyreise bandet gjorde frå USA til England året før.

Det er først og fremst den mildt sagt innovative arrangeringa som har hovedæra for at Eight Miles High er det mesterverket den er. Først inn på scena kjem bassgitaren, og på den livfulle men samstundes myndige tonen skjønar vi at den har fått lisens til å kontrollere utflukta. Trommene kviskrar forsiktig i bakgrunnen, men skal snart sette i gang med eit frenetisk kjør. Gitaren trenger seg på, sprett litt rundt, gjer nokre fintar, før den bråstoppar. Då begynner dei å synge (dei, fordi all sangen er harmonisang), og det dei syng er kanskje pophistoriens mest suggerande melodilinjer: «Eight miles high, and when you touch down, you’ll find that it’s stranger than known». Mellom versene dreg Roger McGuinn (jadå, han har skifta fornavn frå Jim til Roger) i gang nokre ville gitarutflukter, i eit forsøk på å imitere John Coltrane. Før det heile sluttar i mildt kaos 3.34 etter start, ein himmelsk tur, som også på mange måtar blir startskuddet for den psykedeliske tidsalder.

Bandet som for mindre enn eit år tidlegara gav fødselshjelp til folkrocken, er nå plutselig blant innovatørane også når det gjeld den psykedeliske rocken. Og så seier likegodt Gene Clark takk for seg. Han følte at The Byrds ikkje lenger var plassen for han, og tok fatt på ein kronglete solokarriere, som aldri gav han den anerkjenninga han fortjente. Etter hans død i 1991 er det imidlertid blitt ganske hipt å droppe hans navn i det rette selskap.

Kva gjer så eit band som mister sin mest profilerte låtskrivar? I The Byrds sitt tilfelle går ferda vidare. Den neste plata Fifth Dimension er noko ujevn, men inneheld i tillegg til før omtalte Eight Miles High, to sterke McGuinn komposisjonar: Den Dylan-inspirerte og surrealistiske 5D og den lett country-influerte poplåta Mr. Spaceman.

Så viser det seg! Gene Clark sin avgang har forårsaka at bandets øvrige medlemmer blomstrar opp som låtskrivarar. Neste album står til og med fram som gruppas beste så langt. Younger Than Yesterday inneheld 10 låtar komponert av bandets gjenverande medlemmer, pluss Dylan sin My Back Pages. I tillegg til Dylan-låta har fire av dei sjølvkomponerte fått plass på Essential Byrds. So You Want To Be a Rock «N» Roll Star tar seg fram i høgt tempo og med vital harmonisang, og er for øvrig eit både rasande og bittert oppgjer med musikkindustriens fabrikkering av popstjerner. Chris Hillman realiserer seg også for første gang som låtskrivar i Byrds-samanheng, og både folkpop-tilfellet Have You Seen Her Face samt countryrockaren Time Between er blendande eksempel på at det ikkje var eit sekund for tidleg. David Crosby sin varme pophymne Renaissance Fair er også utsøkt. Kanskje burde ein i tillegg gitt plass til Crosby sin lunefulle og jazzige Everybody’s Been Burned, samt Hillman sin fyrrige Beatles-influerte Thoughts and Words.

Innspelingane til neste utgjeving skulle vise seg å bli turbulente. Gnisningane medlemmene mellom begynte nå å bli nærmast uuthaldelige. Michael Clarke tok ein tur til Hawaii midt i seansen, og deltar såleis berre på halvparten av kutta. Striden kulminerer så med at David Crosby får sparken. McGuinn, Hillman og produsent Gary Usher fullfører ved å trekke inn andre musikarar. På tross av alt dette framstår Notorious Byrd Brothers som eit av bandets aller beste album. Utruleg nok gjer det også inntrykk av å være The Byrds sitt kanskje mest einsarta framstøt.

Av dei 11 låtane på albumet, har heile seks fått plass på Essential. Personlig kunne eg likevel godt tenkt meg å bytta ut den heller middelmådige Artificial Energy mot Draft Morning, eit anti-krigs innlegg, tonelagt med sørgmodig og vakker musikk. To av sangane her er ikkje ført i penn av folk frå bandet, men er istaden begge komponert av parhestane Gerry Goffin og Carole King. Goin» Back er eit Brian Wilson-aktig popeventyr med ein hårfin countryfølelse, ein følelse som kanskje er endå tydeligare til stades på den frihetssøkande Wasn’t Born to Follow (den fekk forøvrig plass på soundtracket til filmklassikaren Easy Rider). Chris Hillman-komposisjonen Natural Harmony er derimot eit høgtflygande altruistisk speisa psykedelisk vidunder.

Roger McGuinn fekk så med seg Chris Hillman (desse var nå dei einaste igjen frå originalbesetningen) på ein idé om å lage eit dobbelt konseptalbum som skulle inkludere alle slags retningar frå den store amerikanske musikkarven. Først måtte dei imidlertid hyre inn fleire musikarar. McGuinn hadde blant anna ein forestilling om å få ein jazzpianist med i bandet. Slik var det at ein ung mann med navn Gram Parsons dukka opp. Det viste seg imidlertid fort at han hadde heilt andre intensjonar enn å operere som jazzpianist. Han utfordrar McGuinn si leiande rolle i bandet, og med hjelp frå ein velvillig Chris Hillman manøvrerte han nå Byrds inn på eit
countryspor.

Sweetheart of the Rodeo skulle bli The Byrds siste store album. Sjølv om bandet hadde følt på countrymusikk også ved tidligare anledningar, var det denne gangen gjennomført uforfalska country, men likevel med eit rockeband sin attityde. Dermed var The Byrds tilstades også i fødselsfasen til country-rocken.

Sweetheart har lite med eigekomponert materiell, kun to Parsons-komposisjonar. Den eine av desse er klassikaren Hickory Wind, ein vemodig ballade der Gram syng inderlig om lengselen tilbake til den idylliske barndommen, nå som einsomheten i storbyen har innhenta han. Essential har ellers kun gitt plass til to låtar frå dette albumet. Begge føyer seg fint inn i rekka av flotte Dylan-covers (You Ain’t Goin» Nowhere og Nothing Was Delivered). Og sjølv om det er Roger McGuinn som tar seg av den leiande sangrolla her, vågar eg å påstå at det er Gram sin melankolske harmonisang som løftar låtane opp på eit meir sublimt plan.

Sweetheart er ikkje før komme ut i butikkane før Gram Parsons og Chris Hillman forlet bandet. Dei dreg i gang Flying Burrito Brothers, og med The Gilded Palace Of Sin spelar dei inn det definitive country-rock mesterverket (men det er ein annan historie).

Roger McGuinn står nå igjen aleine som den einaste frå det opprinnelige Byrds. Han velger å fortsette i nokre år endå. Men albumene som dukkar opp er av ein langt meir ujevn kvalitet. Essential har imidlertid klart å finne fram til det som er av verdi frå denne perioden, pluss eit par relativt verdilause. Den beste er Chestnut Mare, ein ordrik og sammensatt affære om ein mann og hans hest, der McGuinn har fått låtskrivarhjelp av Jacques Levy (som nokre år seinare var sterkt involvert på Dylans Desire).

Høyrer du til dei som ynskjer å bli kjent med Byrds sin musikk, kan The Essential Byrds være ein smart plass å begynne. Det mest essensielle er likevel å skaffe seg alle dei seks første Byrds-platene, for der vil ein finne endå meir av noko av den finaste musikken dei sagnomsuste 60-åra hadde å by på.

8/10

Først publisert på Groove (i 2003)

Bettie Serveert – Log 22

Standard

Bettie Serveert har på sin 6. utgjeving beslutta at det meste skal være tillatt.

cover  I 1992 var Matador kanskje den sprekaste platelabelen i heile universet, først og fremst fordi dei var ansvarleg for utgjevinga av slacker og lo-fi underverket Slanted & Enchanted av og med Pavement. Litt mindre oppmerksomhet blei nok tildelt ei plate frå samme label, der coveret er eit bilde av ein liten dalmantinerkvalp. Albumet bar tittelen Palomine og var debutplata til det nederlandske bandet Bettie Serveert. Deires sjarmerande vri på rockens meir frenetiske grep, slik vi kjenner det frå blant andre Velvet Underground og Neil Young & Crazy Horse, var eit friskt bekjentskap. Dessverre har dei i ettertid ikkje heilt klart å leve opp til kva debuten ein gang gav håp om.

På bandets sjette utgjeving Log 22 kan det virke som om gruppa har frigjort seg noko frå sitt 11 år gamle spøkelse. For denne gongen har dei tilsynelatande bestemt seg for at det meste skal være tillatt (plata blir gjett ut på deira eige selskap, Palomine). Dermed blir det ein både mangesidig og litt utradisjonell oppleving. Her finn vi flittig bruk av både strykarar og spesielt blåsarar, og gitarist og produsent Peter Visser, som har krydra det heile med lydar henta frå diverse kjelder.

Etter dei første rundane kan albumet virka noko sprikande, ein får følelsen av at bandet prøver å fange meir enn dei er god for å handtere. Etterkvart blir ein like fullt fortruleg med måten dei manøvrerer seg mellom kraftpop, blå balladar, gitardrønn og diskorytmar på. Ja ikkje berre fortruleg det blir ein force. Platas svakhet ligg derimot meir på låtkvaliteten, då det er noko tynt belagt med verkelig gode låtar her. Men ein fantastisk låt er å finne, og det i form av den over åtte minuttar lange White Dogs, som utviklar seg frå slentrande akustisk Love-psykedelisk pop og over i eit elektrisk rockedriv i beste Velvet Underground tradisjon; glødande! Meir Velvet er for øvrig å oppleve i The Ocean, My Floor, ikkje verdens mest spennande melodi, men Peter Visser sitt respektlause gitararbeid gjer den så avgjort ei tjeneste.

Av det øvrige materialet framhevar åpningsporet Wide Eyed Fools seg, der den varierer frå det bedagelige i versa for så å sprette over i frenetisk kraftpop i refrenget. Den skjøre balladen Captain of Maybe er heller ikkje å forakte, kombinasjonen av Carol Van Dyk sin eldfulle sang og ein smygande lavmælt bris av ulike lydar er uttrykksfull. Heilt andre krefter er det som regjerer i låtar som den Weezer-liknande powerpop-saken Smack og den diskoinfiserte The Love-In, begge med eit forførande driv.

Slik blir ikkje Log 22 noko serve-ess, men heller ingen dobbelfeil. Den er snarare eit brukbart utgangspunkt for ein variert om enn kanskje litt for lang ballveksling.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Amundsen – Amundsen

Standard

Amundsen banker på The Doors og inviterer på ein improvisert ekspedisjon i ugjestmildt landskap.

cover  Fleirtalet av medlemmene i Amundsen utgjorde for nokre år sidan poporkesteret Locomotives. Eit band som i løpet av eit par album kom opp med ein håndfull trivelige poplåtar. Kor vidt Locomotives har styrt inn på det evige sidespor, eller om det eksisterer planar om ein retur, kan underteikna ikkje uttale seg om. Men det som er sikkert er at denne gangen er dei ute på eit ganske anna tokt enn den popfikserte togturen dei gjorde under sitt tidlegare navn. Nå er det dei lange låtane, improvisasjon og dristighet som er dei sentrale faktorane for utferda.

Med eit navn inspirert av den store polfarar, og ein erklært fascinasjon for filmen Apocalypse Now, er det ganske nærliggande at tankane går i retning dramatiske ekspedisjonar. Og om ikkje dramatisk er heilt dekkande, er det i alle fall ein både innhaldsrik og fabulerande tur Amundsen legg ut på, i eit til dels mørkt og ugjestmildt landskap.

Vi møter dei først i låta Kama Sutra (The Wind), der dei påkallar usynlege krefter i ein Radiohead-inspirert atmosfære, bygd rundt eit Doors-liknande groove. Bakom neste hjørne dukkar så The Moonwalker fram, ein monumental riffrockar i Led Zeppelin si ånd, med neddempa partier som gjer låta luft og tid. Meir The Doors og apokalypse er å spore i Never Be Faithful, som bringer med seg elementer både frå Riders On the Storm og The End, samstundes som den bygger seg opp med eit stadig gjentakande; «Never be faithful to the one you love». Etter ei slik vågal oppfordring går turen rett i skammekroken, nærmare bestemt ein avsidesliggande garasje, noko som resulterer i det støyande og ulande rockenummeret Band Aid. Dette er imidlertid ingen værande plass, så dei gjer seg fort ferdig. Den uforedla gitarlyden tar dei likevel med seg når dei søker mot åpnare landskap i The Cowboy, men dempar den innimellom for å gje plass til eit refreng med inntrengande harmonisang.

I motsetning til ferda mot sydpolen og kaptein Willard sin tur oppover elva, har Amundsen sin ekspedisjon sannsynlegvis ikkje noko anna mål enn å la seg inspirere av det som hender undervegs. Skulle den likevel ha eit mål, ville landet dei skimtar i spor seks vere ein utmerka kandidat. For Wonderland er ein touch av magi. Ein nesten-ballade, med eit nennsomt, men bestemt bassgroove. I løpet av dei åtte minuttane den held på, bygger den seg opp frå ein sparsom fødsel, via eit lengre instrumentelt parti, til den når meir massive sfærer mot slutten. Men dei slår seg ikkje til ro med dette, så ferda går vidare, og i neste opptrinn She’s Got It dukkar det opp nye Doors-innslag, yndige poptonar og noko som grensar mot ein powerballade (uffdå!).

Heilt ut tar dei det i The Sorrow, som er 14 minuttar med improvisasjon og tristesse. Frå vokale fraseringar i Thom Yorke-territorium, for så å dempe seg heilt ned på kviskre-nivå, før dei jobbar seg opp mot ein monumental avslutning. Nokre minuttar seinare dukkar det opp ein liten hemmelighet frå jazzriket, ein nedpå og sår affære der det høyrest ut som om sangaren har plassert seg midt innimellom eit forsiktig spelande band.

Vel, så har kanskje ikkje alle låtane verdens mest spennande melodilinjer, og iblant kan det fortone seg litt unyansert, for der andre redigerer og produserer, har desse karane mot til å la ting være i fred.

Dermed sørger Amundsen i alle fall for at sjela blir bevart, sjølv om den blir litt hersa med av og til.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)