Amundsen – Amundsen

Standard

Amundsen banker på The Doors og inviterer på ein improvisert ekspedisjon i ugjestmildt landskap.

cover  Fleirtalet av medlemmene i Amundsen utgjorde for nokre år sidan poporkesteret Locomotives. Eit band som i løpet av eit par album kom opp med ein håndfull trivelige poplåtar. Kor vidt Locomotives har styrt inn på det evige sidespor, eller om det eksisterer planar om ein retur, kan underteikna ikkje uttale seg om. Men det som er sikkert er at denne gangen er dei ute på eit ganske anna tokt enn den popfikserte togturen dei gjorde under sitt tidlegare navn. Nå er det dei lange låtane, improvisasjon og dristighet som er dei sentrale faktorane for utferda.

Med eit navn inspirert av den store polfarar, og ein erklært fascinasjon for filmen Apocalypse Now, er det ganske nærliggande at tankane går i retning dramatiske ekspedisjonar. Og om ikkje dramatisk er heilt dekkande, er det i alle fall ein både innhaldsrik og fabulerande tur Amundsen legg ut på, i eit til dels mørkt og ugjestmildt landskap.

Vi møter dei først i låta Kama Sutra (The Wind), der dei påkallar usynlege krefter i ein Radiohead-inspirert atmosfære, bygd rundt eit Doors-liknande groove. Bakom neste hjørne dukkar så The Moonwalker fram, ein monumental riffrockar i Led Zeppelin si ånd, med neddempa partier som gjer låta luft og tid. Meir The Doors og apokalypse er å spore i Never Be Faithful, som bringer med seg elementer både frå Riders On the Storm og The End, samstundes som den bygger seg opp med eit stadig gjentakande; «Never be faithful to the one you love». Etter ei slik vågal oppfordring går turen rett i skammekroken, nærmare bestemt ein avsidesliggande garasje, noko som resulterer i det støyande og ulande rockenummeret Band Aid. Dette er imidlertid ingen værande plass, så dei gjer seg fort ferdig. Den uforedla gitarlyden tar dei likevel med seg når dei søker mot åpnare landskap i The Cowboy, men dempar den innimellom for å gje plass til eit refreng med inntrengande harmonisang.

I motsetning til ferda mot sydpolen og kaptein Willard sin tur oppover elva, har Amundsen sin ekspedisjon sannsynlegvis ikkje noko anna mål enn å la seg inspirere av det som hender undervegs. Skulle den likevel ha eit mål, ville landet dei skimtar i spor seks vere ein utmerka kandidat. For Wonderland er ein touch av magi. Ein nesten-ballade, med eit nennsomt, men bestemt bassgroove. I løpet av dei åtte minuttane den held på, bygger den seg opp frå ein sparsom fødsel, via eit lengre instrumentelt parti, til den når meir massive sfærer mot slutten. Men dei slår seg ikkje til ro med dette, så ferda går vidare, og i neste opptrinn She’s Got It dukkar det opp nye Doors-innslag, yndige poptonar og noko som grensar mot ein powerballade (uffdå!).

Heilt ut tar dei det i The Sorrow, som er 14 minuttar med improvisasjon og tristesse. Frå vokale fraseringar i Thom Yorke-territorium, for så å dempe seg heilt ned på kviskre-nivå, før dei jobbar seg opp mot ein monumental avslutning. Nokre minuttar seinare dukkar det opp ein liten hemmelighet frå jazzriket, ein nedpå og sår affære der det høyrest ut som om sangaren har plassert seg midt innimellom eit forsiktig spelande band.

Vel, så har kanskje ikkje alle låtane verdens mest spennande melodilinjer, og iblant kan det fortone seg litt unyansert, for der andre redigerer og produserer, har desse karane mot til å la ting være i fred.

Dermed sørger Amundsen i alle fall for at sjela blir bevart, sjølv om den blir litt hersa med av og til.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s