Monthly Archives: desember 2013

The Cave Singers – No Witch

Standard

Eit ukomplisert og listig folkrockgroove kan vere godt nok det.

7

cover

Det har blitt mykje folk dei siste åra. Folkrock og folkpop og frifolk og acid-folk og psykedelisk folk og antifolk og … kort sagt all slags folk. Så å skape interesse, og markere særpreg, med den slags i 2011 er vel kanskje ikkje det enklaste å gje seg ut på. The Cave Singers har like fullt prøvd nokre år dei, og prøver igjen. Og sannelig, det er jo noko der.

Gitaren, det er noko med tonen til gitaren. Korleis den buktar seg listig strakaste vegen framover. Gjentakande og enkelt, ikkje brautande, ikkje virtuost. Forsiktig dyppa i psykedelia, absolutt ikkje dynka. Fokusert i si gjerning, suggererande i si utkome. Derek Fudesco heiter han som spelar på den gitaren. For nokre år sidan spelte han bassgitar i den energiske postpunkgjengen Pretty Girls Make Graves.

Så blei det altså folk. Saman med Marty Lund og Pete Quirk. Den første ein åndsnærverande trommeslagar, den andre ein songar med ei mildt raspande røyst. På sine to første plater baud dei på lettfattelige og organiske folktonar i eit popmelodisk ganglag. Dei utvidar repertoaret sitt litt her på si tredje plate.

Då dei skulle spele inn sine to første plater tok dei vegen frå heimbyen Seattle over grensa til Vancouver. Colin Stewart, som blant anna har jobba med Black Mountain, produserte (og eit par Black Mountain-folk teikna seg på deltakarlista). Randall Dunn har også jobba med Black Mountain, og med Sunn O))) og Boris. Han har produsert No Witch. Kanskje ikkje sensasjonelt at det då blir litt meir lyd over sakene denne gongen. Meir rock.

Meir, men ikkje av dimensjonar som skaper dei om til noko anna. I alle fall ikkje i første omgang. Opningssporet Gifts and the Raft er folkharmoni i frå gata til bysbarna Fleet Foxes. Swim Club er akustisk og trivelig countryrock. Det er når Black Leaf kjem seglande at noko anna er i emning. Ein sørstatsgruff med riff og orgelvrinsk. Falls bankar deretter på ei mektig dør og slepp til gospelkoret. Før Outer Realms i neste omgang viser seg som ein myndig rakkar, med eggande tablarytmikk og luft under tonane.

Djupast ned i det psykedeliske mudderet grev dei seg med Faze Wave, og uttalar linjer som «I ain’t the man I am, no no no, I ain’t the man I was». På sitt festligaste er dei i låvegospelsaken Haystacks. På sitt beste er dei i Haller Lake. Der gitaren buktar seg i sine listigaste former, og dei ganske så enkelt berre finn god-groovet, og held tak i det, og held tak i det. Nonchalant og glødande.

Dei er The Cave Singers frå USA sitt nordvestlige hjørne. Dei har krydra tonane med både litt Afrika og litt Asia. Litt. Dei har gjeve sakene ein liten injeksjon meir søle. Ein liten. For framleis er det nå folk dei helst er. Folk med evner til å mane fram noko medrivande frå tonane sine, utan å ty til hekseri av noko slag.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

Danielson Famile – Best of Gloucester County

Standard

Ein sympatisk, men noko ujamn, dose med skakk og uflidd popmusikk.

5

cover

Det skulle ta si tid denne gongen, men til slutt samla Daniel Christopher Smith troppene og fekk spelt inn ei ny plate. Under diverse Danielson-namn har han gjort slikt sidan midten av nittitalet. Samla troppene og laga popmusikk som ikkje heilt høyrest ut som normal popmusikk.

For fem år sidan presenterte han albumet som mange rekna som hans største stund, Ships. Det er eit album der han tok nokre skritt i retning av eit meir konvensjonelt popmønster, samstundes som det var Danielson-rart og underlig nok. Kva han har gjort desse åra som har gått sidan den gongen veit eg ingenting om, men årets Best Of Gloucester County (hans åttande plate) fylgjer i hovudtrekk leia han staka ut på Ships. Med eit litt mindre tilfredsstillande sluttresultat.

Best Of Gloucester County, Noko Ujamn kunne også vore ditt namn. På ditt beste byr du på ein treffsikker popsnert, gode psykedeliske overskotsfintar og funksjonelt spetakkel. Andre stader opplever eg at du glir noko utav fokus, har eit ufullendt skissepreg, eller kler deg i grå og tamme melodiske former.

Best Of Gloucester County, den sprett litt hit, og sprett litt dit. Den er sjarmerande, den er irriterande. Den er popgod, den er halvgod. Den er meir formlaus enn formfullendt, den er meir laus enn den er fast, og den er absolutt meir sprudlande enn den er alvorlig. Den gjer unna sin aller beste låt først.

Complimentary Dismemberment Insurance har Smith fantastisk nok funne på å kalla opningssporet. «Open up the Book of Daniel» oppfordrar han til, og ein fengande poprøvar som talar om draumars kraft, og om familiært ansvar kontra det å sveve rundt i dei ansvarsfrie og tilsynelatande mindre krevjande sfærar manifesterer seg. «Open up the Book of Daniel» oppfordrar han til, og ynskjer kanskje rette merksemda mot ei bok i Bibelen? Den om profeten Daniel som tydde kongens draumar, las skrifta på veggen, og hamna i løvehola, men stengte løvegapet.

Som den gode kristne han er har Smith med seg Bibelen inn i popmusikken sin. Ikkje som eit forkynnande element, men for å vise at den er ein del av han. Akkurat som kjærleiken, døden, Captain Beefheart, The Kinks, Syd Barrett, eksentrisiteten, humøret og rastløysa er ein del av livet hans. Og kanskje Norge? Han er i alle fall gift med ei norsk dame. Emil Nikolaisen har spelt med han fleire gonger, og gjer det på denne plata også. Og så har han laga ei låt kalla Lil Norge. Ei låt han syng saman med fru Elin Smith og svenske Jens Lekman. Ei festlig og sympatisk lita popsak med fin sprett og fleire blåsarar. Eit tenkt møte mellom to gamle venner som kanskje ikkje heilt har vore på talefot i det siste. To land? «Can we be friends again, my dear», syng svensken, for så å legge til «bring all that oil money here». Det heile endar med ei forsonande oppfordring om å rive ned nokre gjerder.

I sitt mest skrikande hjørne er Smith i bluespopavantgardenummeret Grow Up. Meir blues slik Smith ser det, og gjer det, kjem i Denominator Bluise. I snikande selskap med ein smålumsk gitar og nokre bibelsitat. Og eg er med på notane. Det er når han presenterer den trøyttande vaudeville-greia People’s Party, den anonyme popsongen You Sleep Good Now, den tåkepreikande og retningslause Olympic Portions, og den fargelause instrumentalen Hosanna In the Forest at eg gjespar, og skippar.

Så ja, det finst grunnar til å ikkje bry seg nemneverdig om Best Of Gloucester County. Men fylgjene vil i tilfelle vere at ein går glipp av ein og annan attraktiv poprakkarfant, og det kan jo vere litt dumt.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

The Decemberists – The King Is Dead

Standard

The Decemberists slår eit fjørlett slag for den likeframme og feiande flotte countryfolkrock-låta.

8

cover

Ei erkjenning: Av og til er det umåtelig godt å få sakene servert i friksjonsfrie, velkjente og lett fordøyelige former. Sist gong The Decemberists var her med ei plate var det ikkje slik. Absolutt ikkje slik. The Hazards Of Love heitte verket, og krevde sin mann, og sin mage. Kronglete låtar, lange låtar, mytiske sirkelgangar. Ja så langt fylgde dei den vegen at den vel ikkje førte stort lenger. Så kor går ein då? Kva med tilbake til start? Det kan høyrast ut som ei fallitterklæring, det kan vere det også. The Decemberists gjer det likevel, og endar opp med motsatsen til ei fallitterklæring.

Inn i den ikkje altfor romslige korridoren mellom folkrock og countryrock er det dei har tatt vegen. Der har dei banka på døra til inspirasjonskjeldene og utgangspunktet, og dansar nå rundt med luft under tonane samtidig som dei foretar den eine hektande popvendinga etter den andre. Friksjonsfritt, velkjent og lett fordøyelig. Til fortviling får enkelte vil eg tru, til glede for meg. For det kan då ikkje vere så ille å gjere det på dette viset, når resultatet blir så bra?

Nei det kan ikkje det. The King Is Dead er ei lita høgtidsstund, fundert på eit ufråvikelig overskot og ein oppriktig kjærleik. Det kunne sjølvsagt gått gale også. Dei kunne ha enda opp med eit etterplaprande og heller formålslaust album. Det er mange som har vore ute på same galeien som har gjort det. Som fant tonane, men skapte dei aldri om til songar som bramfritt bydde kjelda sjølv opp til dans, og tok føringa.

The Decemberists gjer det. Både i overført og direkte tyding gjer dei det. REM er ei av kjeldene bandets frontfigur Colin Meloy fant inspirasjon ifrå då han for ein del år sidan byrja sitt musikarliv. I forkant av innspelinga av The King Is Dead kom han til å nemne for Peter Buck at han hadde eit par låtar med sterke REM-avtrykk som han vurderte å ta med på sitt neste album. Buck syntest det høyrdest festlig ut, og ville gjerne vere med å styrke avtrykket. Slik har hans ringande gitartonar blitt til ein del av Calamity Song og Down By The Water. Dei to beste REM-songane på denne sida av E-Bow The Letter. Den første ein underfundig og forførande dommedagssong som søker evig opphald mellom (Don’t Go Back To) Rockville og Little America. Den andre kikkar The One I Love i korta, samstundes som den tar ein liten Springsteen «down to the river».

Og når han først er innom tar sjølvsagt Buck fram mandolinen også. På det friske opningssporet Don’t Carry It All gjer han det. Gillian Welch er der også, og syng, og det skin, så strålande, «beneath this bold and brilliant sun………. so raise a glass to turnings of the season». Og nett årstidenes skiftande vesen er eit tilbakevendande tema plata igjennom. Til dømes i to meir varleg orienterte hymner. Ei January Hymn, dyppa i kjærlig vemod og krydra med eit par gram Dylan. Og ei June Hymn, ei varm og harmoniflott vise der Gillian Welch sin ektemann Dave Rawlings òg er til hjelp.

Gillian Welch gjer ei feminin røyst til i alt sju av songane. Ho er ei god røyst å ha med på laget. Ei anna dame bandet har leigt inn på nokre spor heiter Annalisa Tornfelt, ho svingar bogen over fiolin- og felestrenger. Friskt. I selskap med sprudlande pianotriller i All Arise!, og med trekkspelet som partnar i det tøyleslause sigøynerfolknummeret Rox In the Box.

Friksjonsfritt, velkjent og lett fordøyelig. Men kanskje ikkje heilt slik når det kjem til tekstane. På det feltet har Colin Meloy alltid vist fram formuleringsevner og ein kreativitet få andre låtskrivarar kan måle seg mot. At orda og dei tekstlige bilda av og til har tatt litt strupetak på det melodiske lar eg ligge i denne omgang, for det skjer ikkje her. Desse orda dansar pardans med tonane, utan at det Meloyske har dunsta bort. Han framstår ikkje like episk og mystifiserande som tidlegare, men han er heller ikkje heilt handgripelig og poptilpassa.

The thrushes bleating battle with the wrens
Disrupts my reverie again

Pegging clothing on the line
Training jasmine how to vine
Up the arbor to your door
And more 

Og endå meir. Den første veka The King Is Dead var ute i butikkane gjekk 94000 amerikanarar til det skrittet å sikre seg sitt eksemplar av plata. Mange nok til at det førte albumet til topps på Billboardlista. Slett ikkje den mest ufortente førsteplassen eg har høyrt om det.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

 

The Feelies – Here Before

Standard

Eit legendarisk band vender tilbake, slikt kan ein bli skikkelig nervøs av.

5

cover

Nokre band handlar veldig mykje om 1 plate. The Feelies har handla veldig mykje om 1 plate. Crazy Rhythms. Ikkje fordi den toppa hitlister og gjorde bandet rikt og berømt. Slett ikkje. Crazy Rhythms høyrer med blant desse platene som kritikarane og dei få omfamna, då den kom. I 1980. Etterkvart omfamna gradvis fleire den. Etterkvart har den vakse på seg ein legendestatus. Den fortener det. Den er spesiell.

Crazy Rhythms. Tittelen seier sitt om kva plata har å by på. Tenkt ut og sett i scene av fire unge menn frå New Jersey sida av Hudson River. Fire nerdete og nervøse unge menn som var der samstundes med at Television, Blondie og Talking Heads skapte historie på nokre klubbar på andre sida av elva. Dei var der med sitt stramme, kantete, febrilske og energiske uttrykk. Eit uttrykk manifestert i klinisk råe og briljante former på debutalbumet Crazy Rhythms. Frå den fabelaktig perfekt titulerte The Boy With The Perpetual Nervousness til det feberaktige tittelsporet er dette fullkome og uforgløymelig «crazy feelies».

Men Stiff var ikkje så interessert i dei likevel. Stiff, den smått legendariske engelske platelabelen som gav ut Crazy Rhythms. Då The Feelies kom med nytt stoff var det i staden for fryd og gammen kroken på døra. Og det kunne ha vore det. Men litt for mange hadde latt seg inspirere. Frå Dream Syndicate via Violent Femmes til REM. The Feelies si tid var enno ikkje heilt over. Og omsider, i 1986, kjem album nummer 2. The Good Earth. Med ein viss Peter Buck luskande bak i kulissane.

Bandets grunnleggjerar Glenn Mercer og Bill Million er framleis i hovudrolla, men det rytmiske arbeidet har dei hanka inn nye folk til å ta seg av. Dei er blitt eit anna band. Dei er eit folkrockande jangle-band, men dei er eit med sting, dei er eit bra eit, og dei serverer ein av historias mest suggererande folkrocklåtar, Slipping (Into Something).

To år seinare fylgjer albumet Only Life, og viser seg jamt over kanskje hakket kvassare enn The Good Earth. Både når det kjem til sonisk elektrisitet, rastlaus haldning og overlevingsdugleik. The Feelies kryssar her på overtydande vis lyden frå debuten med lyden frå The Good Earth, og med den stolt harvande og melodiske Higher Ground og hypnotisk hastande Away som sine mest saliggjerande augeblikk står albumet framleis fram som eit av det seine åttitalets beste.

I 1991, året då verda flauma over av fantastiske plater (Screamadelica, Blue Lines, The Real Ramona, Loveless, Bandwagonesque, Everclear, Nevermind, osv.), kom The Feelies med det som eg inntil i år rekna med skulle bli deira svanesong, Time For A Witness. Bra den også, litt meir grumsete, men bra. Med den lange og fleirfasseterte Find a Way som eit høgdepunkt.

Så stakk Bill Million til Florida, og la ikkje att beskjed om kor han var å finne. The Feelies vart oppløyst. Resten av gjengen har brukt åra sidan til å musisere i forskjellige krokar og samanhengar, utan at det vel har komme det heilt store utav det. I 2008 overtala så fan Thurston Moore dei om å finne i hop att til ei speling i New York. Det vart gjort, og det var kjekt, så her er Here Before. Album nummer fem. Tjue år etter.

Den Lou Reed-aktige røysta til Glenn Mercer er blitt noko ustødigare i ganglaget, flammen brenn ikkje like kraftig, og nervøsiteten er ikkje like ilter. Dei er då blitt eldre dei også. Alle fem. Men dei er til å kjenne att. Ja sant å seie har nok verda endra seg langt meir sidan 1991 enn det The Feelies har gjort. Kva skal eg så meine om det?

Eg meiner å høyre ein og annan låt som vekker interesse i meg. Ikkje fordi den er annleis, eller oppsiktsvekkande på noko vis, men fordi den er god. When You Know, spenstig, tett og litt Crazy. Way Down, ein monotont suggererande slektning av Slipping (Into Something). Time Is Right, drivande, spastisk, og med ein liten avsluttande gitarsolo henta frå den gongen dei var veldig unge og spelte ei låt som heitte Loveless Love. Again Today er på si side eit stykke dugande american rock anno 1985, og Later On ein nennsamt veksande og melodisk varm sak.

Det eg likar noko mindre er songar som Nobody Knows, Should Be Gone og Morning Comes, der dei nesten kan bli forveksla med ein post-Wilbury Tom Petty. Ikkje heilt mi greie.

«Is it too late to start again, or should we wait another ten?» lyde det noko audmjuke spørsmålet The Feelies stiller innleiingsvis på albumet. Dei svarar vel forsåvidt på det undervegs. At Here Before på nervøst og raslande vis skulle finne på å by Crazy Rhythms, eller for den saks skuld Only Life, opp til dans var aldri slikt eg hadde forventa. Det gjer den sjølvsagt ikkje heller. Eg frykta vel snarare at den skulle vere eit innhaldslaus minne om noko som var. Den er meir enn det, heldigvis. Den har ei solid handfull låtar som absolutt har noko for seg, og det er då meir enn dei fleste comeback av dette slaget kan vise til.

Skulle det så vere nokon der ute som aldri har stifta kjennskap med The Feelies bør dei først gå strake vegen til tretti år gamle Crazy Rhythms. Og så ta det derifrå, med viten om at The Feelies er litt meir enn ei plate.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

Fleet Foxes – Helplessness Blues

Standard

Årets tema er mørkare og har meir smertefulle linjer. Men varmen, harmonien og den uimotståelige folktonen frå siste er slett ikkje blitt forkasta.

cover  Folk dukka som kjent ikkje opp i går. Den slags tonar har vore her lenge. Det gjeld så absolutt også folktonane Fleet Foxes kolorerar sitt musikalske bilde med. Dei kunne høyrast i California i 1968, i England i 1969, og før det, og etter det, og for så vidt til alle tider. Men ingen har likevel gjort tonane heilt slik Fleet Foxes gjer dei. Eit band av i dag, og for så vidt for alle tider, frå Seattle, USA.

Fleet Foxes dukka som kjent opp på det store kartet i 2008. Med sin Sun Giant ep, og sitt sjølvtitulerte debutalbum. Utgjevingar godt forsynt med sympatiske og tiltrekkande songar, løfta fram av den milde og saliggjerande røysta til Robin Pecknold, og hans harmonisyngande bandpartnerar. Heilt naturlig strauk dei folkvesenet med ei varlig, men også personlig, hand. Og skapte ein frisk vennlegsinna vårlig tonebris, som etterkvart skulle vise seg å finne fram til mang ein heim.

Dei starta spele inn ei ny plate året etter. Det skulle vise seg å bli noko ganske anna enn ein kort og smertefri prosess. Pecknold hadde sine idear om korleis albumet skulle låte. Han snakka om mindre poppreg, mørkare dragingar, djupare groove, inne i eit samanhengande sonisk bilde. Han sa seg vere inspirert av Roy Harper sitt folkpsykedeliske Stormcock-album, og av den eksepsjonelt instinktive og augeblikksorienterte tonen i Van Morrisons klassiske Astral Weeks. Og låtar blei laga, låtar blei spelt inn, men dei slo ikkje ut på den soniske skalaen Pecknold hadde høyrt føre seg. Så saker blei kasta, forkasta, og måtte gjerast om att. Bandet heldt det ut, men dama ho gjekk sin veg.

Helplessness Blues vart til slutt resultatet. Den er absolutt annleis enn debuten, og den er absolutt veldig Fleet Foxes. Pecknold har ikkje svikta sine idear. Plata har ei mørkare sjel, den dansar i mindre grad med lette popsteg, og den held seg i eit ganske så samanhengande sonisk bilde. Den har meir lyd enn debuten, den har større kompleksitet, nokre fleire psykedeliske manerar, og den vil nok av fleirtalet bli opplevd som litt vanskeligare. Samstundes, den har varmen. Den vellydande og harmonimerka Fleet Foxes-varmen. Og den kjennes nær, imøtekomande og open.

Det dukkar opp spørsmål undervegs. Eksistensielle spørsmål. «What does that say about me?» lyde det første. «So now I am older than my mother and father when they had their daughters» er slutninga som leiar til spørsmålet. Pecknold har oppdaga at tilværet nok handlar om langt meir enn ungdom, fridom, og det egosentriske prosjekt. Det handlar også om slike ting som å bli forelder og kjenne kjærleiken vekse utan atterhald, om handlingar som får uopprettelige konsekvensar, og om jakta på å bli tilfreds. 25 år inn i livet må det vel berre erkjennast, det blir nok ein kamp dette her. Frå «Montezuma to Tripoli». Eller «from the halls of Montezuma to the shores of Tripoli» som det heiter i militærhymna Pecknold har snusa fram den metaforen frå. Songen har han kalla Montezuma, og lagt den først i løypa, på sitrande gitartonar, og tiltakande «ooooh-ooooh».

Ei stund seinare kjem tittelsporet. Eit todelt tittelspor. I ei evig vakker og enkel melodisk utforming, kanskje inspirert av ei side i Paul Simon si songbok, syng Pecknold i første del om individualitet kontra det å vere ein bit av eit større heile. «I was raised up believing I was somehow unique» syng han, «like a snowflake distinct among snowflakes». Men så, etter å ha grunna ei stund over det, og gjort nokre erfaringar, ser songaren seg nok meir som «a functioning cog in some great machinery, serving something beyond me». I den sonisk sett meir svevande andre delen av låta drøymer han seg inn i rolla som eigar av ein frukthage, og håpar ein dag å bli «like the man on the screen». Då har han lagt røyndomen nokre psykiske sjømil bak seg og gått i land i Utopia.

Eller Innisfree som nokon vel å kalle det. Den idylliske øya songaren gjerne kunne tenkt seg å tilbringe ein dag eller to på. Slik ser han det i alle fall når han kler seg i sin Bedouin Dress. Eller sin og sin, det er vel helst ein lånt gevant, som han lovar levere attende om Innisfree-ønsket blir oppfylgt. Og tonen er rik, groovet er listig, ein fiolin spelar arabisk, og W.B. Yeats har ei rolle. For det var han, den irske diktaren, som i si tid skreiv om den idylliske øya, i sitt vesle dikt The Lake Isle Of Innisfree.

Ei øy songaren også ser for seg som eit mogeleg mål i den spartanske fasen av mangslungne The Shrine/An Argument. Rett før eit frijazzande villnis tar over. Kanskje for å illustrere at den kan vere noko upålitelig og ugjestmild denne vegen til Innisfree. Då er vi i enden av ein åtte minuttar lang låt som, i tillegg til å vere bandets mest komplekse stykke til dags dato, også er deira mest iltre. I den grad Fleet Foxes evnar å vere iltre då. I den grad Pecknold si røyst har det i seg som skal til å vere noko anna enn human og smidig då. Den har vel i grunn ikkje det, men når linja «sunlight over me no matter what I do» dukkar opp angrip Pecknold den i alle fall på eit uvant aggressivt vis. Men det varer ikkje lenge. Sjølv om fortvilinga rår, og han står der ved ønskebrønnen, og kastar skillingen uti. Fordi ho har brukt den grufullt skinande morgonen til å kvitte seg med det siste som lenka dei to i hop. I ei låt som er både vakker, sår og brutal.

Så vanskelige kan Fleet Foxes altså vere. Her på Helplessness Blues. Dei kan vere lettbeinte og likeframme også.

Battery Kinzie er popsongen sin god som nokon. Melodisk og sonisk i alle fall. Tekstlig går den derimot og sveittar på kanten av det endelige mørkret. Opningsstrofa er morbid så det held: «I woke up one morning, all my fingers rotting, I woke up a dying man, without a chance». Kanskje betre å sette tinga i revers, og gå tilbake til natta? I refrenget blir i alle fall ein fyr dei kallar Wide Eyed Walker innstendig åtvara mot å stege inn i grålysinga. Den same vandraren, Wide Eyed Walker, dukkar også opp i det augeblikket avslutningssporet Grown Ocean dansar mot sin sorti. Den kanskje mest optimistiske blant songane på plata. Men sortien er ikkje det. Optimistisk. Ikkje når Wide Eyed Walker blir til Wide Eyed Leaver.

Fleet Foxes finn ikkje opp verken seg sjølv eller folkrocken på nytt her på Helplessness Blues. Ikkje driv dei med nybrottsgrubling, eller stiller spørsmål aldri stilt før heller. Dei har berre laga ei plate stappfull av gode songar, vektige songar, godt formulerte songar, både i tekst og klang. Slike som berre dei kunne ha laga. Det må vere godt nok det. Meir enn godt nok.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2011)

 

The Fresh & Onlys – Secret Walls

Standard

Ein liten EP-parentes frå ein produktiv bande verdt å merke seg.

5

cover

Det er hol i ein garasje i San Francisco, det er derfor Secret Walls er her. Eller meir korrekt kanskje, døra står på vidt gap i ein garasje i San Francisco, ein vind med noko ørkenpsykedelisk i seg smyg rundt nova, og utanfor døra står The Fresh & Onlys og spelar dei mest vennlig innstilte tonane eg har høyrt frå den kanten.

Dei starta så smått tilbake i 2004, denne kvartetten frå det gamle hippiehovudsetet. Spelte og gav ut singlar, og etterkvart eit album. Eit album nummer to kom i 2009, og så eit tredje i fjor. Og innimellom litt singlar og EP’ar. Så det skulle ikkje vere noko i vegen for å kalle dei produktive. Alt dette har slett ikkje komme meg for øyre, men Play It Strange har gjort det. Fjorårets album. Eit tidvis pophektande, røft rivande, garasjesmart og psykodelisk stykke musikk som eg fant tonen i selskap med. Frå melodisk medrivande Waterfall til deilig prinsipplause Tropical Island Suite.

Slikt noko finn eg ikkje på Secret Walls. Her finn eg kvartetten i noko som meir minner meg om ein svevande stilling. Ein med meir luft både over og under seg. Ein som sender tankane i retning av britiske 80-tals heltar som Teardrop Explodes og Echo & The Bunnymen. Utan at eg kan seie det er heilt der dei er. For dei er jo i Amerika, og i det fjerne finst ein ørken, og to, og tre. Og der huskar eg at amerikanske 80-tals heltar som True West og Thin White Rope vandra rundt. Utan at eg kan seie det er heilt i dei spora dei går heller. Men dei er ute der ein stad. Utanfor garasjen. I Amerika, i England, eller kanskje Australia. På Secert Walls EP.

Det er ikkje sine beste låtar dei har tatt med seg ut i dette lendet. Det er ikkje låtar som limer seg fast i minnet. Samstundes har den noko for seg denne femspors-saken. Den nyttar sine 18 minuttar til å skape ei stemning. Ei eg kan finne hugnad i. Ei som handlar om fred med eit par dråpar uro i seg, ei som handlar om late kjensler med eit snev av sitring i seg. Noko slikt noko.

Gitartonane har supa sin del av kaktusbrennevinet, og vore på nachspiel med fleire spagetti western soundtrack. Songaren, Tim Cohen, har vel ikkje dei viktigaste meldingane å komme med. Men han kjem nå med dei, på forskjellig vis, med ulike stemmer. Frå han finn fram Lee Hazlewood-målet sitt i Keep Telling Everybody Lies, via fakter som minner om Eels i Wash Over Us, til han fraserer omlag som ein Thom Yorke i Poison Wine. Slikt som er med på å gje låtane kvar sitt ansikt. Eit humant og godt ansikt. På ei utgjeving som vel meir er ein parentes enn eit vesentlig steg. Men det finst parentesar verdt å ta med seg også. Secret Walls trur eg kanskje kan vere ein av dei.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

Fruit Bats – Tripper

Standard

Friskt og litt skakt, trivelig og litt melankolsk. Fruit Bats byr på ein ny omgang tiltalande folkpop.

7

cover

Det plar vere bra med melodisk velstand der Eric D. Johnson ferdast. Han spelar til tider med Vetiver, og til andre tider med The Shins, men oftast spelar han med Fruit Bats. Hans eige band, i ulike konstellasjonar og former, i over ti år, og gjennom fem album. Tripper heiter det nyaste. Til liks med dei andre er det slett ikkje dårlig det heller.

Det er alltid ei utvikling å spore frå den eine Fruit Bats plata til den neste, men aldri ei revolusjonerande ei. Dei har aldri vore vanskelig å kjenne att. Dei er eit melodiorientert tiltak som tar med seg den amerikanske folktradisjonen inn i eit popbilde og krydrar med litt psykedeliske påfunn. Sånn er dei. Også på Tripper.

På dei to føregåande platene vaks Fruit Bats frå å vere nærast eit enkeltmannsføretak til å svinge seg fram i eit meir spenstig bandformat. Det er dei på Tripper også. Eit band. Men samstundes har nok Johnson og produsent Thom Monahan gjort litt ekstra studioflikking denne gongen. Reinska, raffinert, og lufta litt ut. Ein innsats som har gjort Tripper til ei spesielt luftig og sonisk lettbeint plate.

Den mest merkbare endringa skjer no likevel på tekstfronten. For der Johnson tidlegare har sverga til symbolikk, vage bilde og metaforar, der spesielt naturen har spelt ei sentral rolle, dreier han denne gongen ganske så tydelig fokuset mot å fortelje små historier. Historier, eller tilstandsrapportar, med ein forhistorie som ligg rimelig open for lyttaren å tenke seg fram til. Songar som nok har ein noko dystrare klangbotn enn dei siste Fruit Bats framstøyta.

Dystrare når det kjem til det tekstlige, melodisk er det mykje sommar og elskverdige tilhøve over det som blir presentert. Frå det fasseterte og fascinerande poppsykedeliske opningssporet Tony The Tripper, via den fengande luringen You’re Too Weird, den orgelfunky Dolly, til den strengevibrerande semiakustiske utgangen Picture Of a Bird. Den lyse og vennlige røysta til Johnson gjer sitt. Ei røyst han, litt i sånn James Mercer ånd, nyttar til å kaste seg kring halsen på låtane sine med.

For så å synge linjer som «get these weasels away for chrissakes, get these snakes off of me». I det fascinerande opningssporet om Tony the Tripper. Som også handlar om songaren, og om spradebassen som trur han er helten, og majoren av Nowheresville, og jenta med det flakkande blikket. Ein skadeskoten gjeng som med noko desillusjonerte skritt gjer ei vandring med eit vagt uttalt mål om å finne seg sjølv, før vegs ende er nådd.

Det er fleire her som driv med liknande saker. «Vainly looking for love, love, but only finding a fight» lyde det i Shivering Fawn. «I’m the only one who ever believed in you» hevdar den sterkt åtvara, men like fullt overbeviste, friaren i You’re Too Wired. Medan ein annan visstnok har eit hjerte som ei appelsin, og ein tredje prøver temje Dolly.

Og så skjer det noko eg ikkje heilt hadde venta meg. Johnson klimprar og spelar The Banishment Song i gang som om han førebur seg på ei episk vise om svikefullt vennskap og bannlysing. Så ombestemme han seg, bandet spelar opp, og ein sofistikert soulballade i krysningsfeltet mellom Prince og Curtis Mayfield gjer seg til kjenne, og tar plass, og handlar om svik, skam, bannlysing, og eit vennskap som likevel ikkje stoppar å eksistere. Johnson er verken Prince eller Mayfield, men eg likar den likevel eg. The Banishment Song.

Ja, eg likar i grunn veldig mykje på Tripper, slik eg plar gjere når Johnson og hans Fruit Bats falbyr folkpoptonane sine.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

 

Martin Hagfors – I Like You

Standard

Han malar vidare på det komplekse popbildet han starta på sist, med minst like interessante strøk.

7

cover

I fleire år dreiv Martin Hagfors eit vekselbruk mellom konstellasjonane Home Groan og HGH. Utan at dei to banda kunne seiast å vere diametrale motsetningar. Dei levde og ånda begge i eit country- og folkrocklandskap. Gjennom eit drygt dusin med plater. Så var det at han i 2009, med plata Men and Flies, for første gong presenterte seg under eige namn. Då hadde songen brått fått ein annan lyd.

Då var songen hans å finne i eit poppsykedelisk forsiktig jazzflørtande og ganske så lydfassetert landskap. Den hadde det bra der, fekk eg inntrykk av. Det same synst Hagfors så han har ikkje dratt derifrå. Han er der i år også. På den enkelt og greitt titulerte, men sonisk noko meir intrikate, I Like You.

Som sist er han slett ikkje åleine der, han har med seg fleire av dei same folka. Lars Horntveth har den same sentrale rolla, som multiinstrumentalist, arrangør og produsent. Han har skapt eit innhaldsrikt men reint lydbilde. Eit sofistikert men livskraftig eit. Eit romslig eit. Motorpsycho-trommis Kenneth Kapstad er den spelande, luftsøkande, virvlande slagverktraktøren. Nikolai Eilertsen frå Big Bang spelar bassgitar. Groovet er skiftande. Groovet er godt. Det dansar klare tonar frå Morten Qvenild sitt grand piano. Ein strykekvintett gjer seg variert gjeldande i platas siste halvdel. Gitaren er nesten fråverande, men ei harpe kling reint, ein saksofon og ein trombone kranglar litt, og Susanne Sundfør syng harmoni.

Martin Hagfors nøyer seg med å synge. Med si sympatiske og 100 % uaffekterte røyst syng han om kjærleiken, reflekterer over tilværet, og peikar på nokre misgjerningar i den store verdsmålestokken. Så på det tekstlige planet fordeler han merksemda omlag slik han alltid har gjort det.

Tittelkuttet er eit dugande artikulert framlegg om våpenkvile. På heimefronten. Ei audmjuk bøn om tilgiving. Ei kjærleikserklæring. Melodisk og varm, men også ein tanke bister, plassert midt i eit suggererande krautgroove som eg mistenker har komme til dei via Wilco. Slik er ikkje groovet når Hagfors igjen går kjærleiken tett på klinga i A Voice Dipped In Honey. Her er det strykarprega og behagelig gyngande. Og omlag det same kan ein vel seie om songaren sitt syn på sin kjære. «My baby has a voice dipped in honey, sweeter than the month of may, she plays with pause and rhythm, pause and words begin to sway».

Det er fleire spor av det poppsykedeliske 60-talet her. Chewing My Nails har sine, tydelige. Den har også platas einaste gitarplukkande parti, eit varlig eit. Kva den tekstlig vil uttrykke er ingen opplagt sak. Den har eit rastlaust skjær, og er i mellomrommet. Mellom der hovudpersonen er og der han skulle ha vore. «I keep my foot in the door, because they don’t fit the floor». Den handlar om å vere låtskrivar, blant anna.

Martin Hagfors er ein god låtskrivar. Han er ein kvardagens låtskrivar. Han formulerer den ikkje flat og klisjétynga, eller tyr til høgtravande og svevande linjer. Ikkje er han overtydelig heller. Han er i mellomrommet. Mellom det forståelige og det uforståelige. Og skapar songar som heilt naturlig høyrer til der.

Not Now, der hovudpersonen trekk sin heimastrikka genser over sitt svimle hovud, og byrjar fabulere over dagane, som går, ustoppelig, den eine forfylgt av den neste. «Days that are like ice cubes, thawing in a glass, cool in the morning, but nothing cool can last».

Hanging On To Innocence, fangar ein situasjon. Med ein syklande mann, ei kvinne som smiler mot han, og prisar hans uskyldige vesen. Og over dansar helikoptra «like June bugs». Strykarar spelar tonar som flyg, vennlig. Songen ekspanderar, uforderva. Stikkene til trommeslagaren dansar på trommeskinnet. Susanne Sundfør syng harmoni. Verden er god.

Eller kanskje ikkje. Freedom To the Hounds, handlar om lærdomen vi aldri tar til oss frå historia, om krigen som alltid har flest taparar, om fridomen vi har lagt i henda på vaktbikkjene. Men poptonen er sløy og groovet går bevisst til verket.

Og til slutt openbarar Thick and Thin Skin seg, i platas fyldigaste soniske bilde. Som ein bror av songane som fylte opp Flaming Lips sitt Soft Bulletin-album. Og eigar av eit refreng som glir inn, og endå litt lengre inn. «If you want to hang on to your lover you have to say the right words, you have to say the right words or she’ll be gone….».

Visst har han skifta litt retning, men det høyrest ikkje ut som Martin Hagfors har akutte planar om å slutte å gje ut gode plater av den grunn.

Først publisert på Groove.no (i 2011)

 

Hiss Golden Messenger – Poor Moon

Standard

Ein lakonisk bodbringar, med soul i americanaen sin, krinsar kring nokre evige spørmål og deira usikre svar.

7

cover

Det finst songar som vil vare. Nokre av dei er å finne på den nye plata til Hiss Golden Messenger. «Hey everybody did you hear the news, Jesus shot me in the head». Slik proklamerer songaren det i songen som heiter Jesus Shot Me In the Head. Den vil vare. I ei rotfesta folkgospel form buktar den seg fram og pirrar interessa. «God is good, and its understood, but he moans in mysteries ways» syng songaren, og tar oss med inn i ein merkverdig song. Ein song om død, frelse og tvil. Om ein fyr som fekk ein ny sjanse på baksida av eit snuskete motell, og som no snirklar seg mot Perleporten. I tvilarens makelige tempo.

«You come at such a time as you see fit, no compromise, that’s why they call you Daylight». Slik meislar songaren det fast i songen Call Him Daylight. Ein bluesy folksong der gitaren og bassen har eit mørkt og truande vesen, og understrekar hovudpersonen sitt særdeles ambivalente forhold til denne Daylight. Natta, som han har tilbrakt tida i lag med vil tørne inn. «The moon is sacrificed to the one they call Daylight», og vår mann kjenner at ting byrjar komme ut av kontroll. Men songen, den vil vare.

M.C. Taylor heiter songaren. Han har vore blant oss ei tid. Frå slutten av nittitalet og fram til midten av førre tiår gav han ut fire plater saman med countryrock-bandet sitt The Court & Spark. Då heldt han til i San Fransisco. No held han til i Nord Carolina. Å leve eine og åleine av musikken sin har han ikkje lukkast å få til. Så han har like godt tatt ein mastergrad i Folklore, og reiser rundt og sporar opp og samlar saman gamle songar. Det skulle derfor ikkje vere så veldig usannsynlig at songane han sjølv lagar vert påverka av dette arbeidet.

Dei har absolutt noko tilårskomme over seg desse songane. Men dei er ikkje gamle og måsegrodde. Dei er ein del av ein tradisjon, dei har røter, og dei veks like inn i vår tid. Dei kjennes relevante. Dei har ein signatur. Hiss Golden Messenger sin. Det betyr country og folk dyppa i soul, og med eit dovent, men vakent, funky ganglag. Taylor fraserer som ein krysning av Van Morrison og Bill Callahan, og har saman med sin nestkommanderande Scott Hirsch skapt eit varmt, ledug og velproporsjonert lydbilde.

Poor Moon er det tredje albumet M.C. Taylor har skapt under Hiss Golden Messenger etiketten. Det andre, Bad Debt, laga han ganske så aleine heime på kjøkkenet, med lite anna enn sin akustiske gitar som sonisk fylgjesvenn. Det første, Country Hai East Cotten, (som tidleg i 2011 blei utgitt på våre breiddegrader i ei litt forkorta utgåve, med tittelen From Country Hai East Cotten) var meir av eit bandprosjekt. Det er Poor Moon også. Men med ein noko meir raffinert og kongruent karakter enn debuten.

Dei vandrar ikkje ut i veldig ulike retningar songane på plata. Super Blue (Two Days Clean) har sin gitarsolo og sitt vagt progaktige vesen. Dreamwood er ein gitarvarlig og drone-utrusta instrumental. Og Blue Country Mystic dansar med lette soulsteg inn i mystikken, i selskap med sordinerte blåsarar. Dei har sin personlegdom, si sjel, det har dei, men pulsen er mykje den same, og stemningsleie likeså.

Melankolien har eit bra tak i sakene. Spørsmåla er dei evige, svara er få, livet er ikkje perfekt, men det er levelig. Poor Moon glir forbi, og er velkommen tilbake.

Først publisert på Groove.no (i 2012)

 

Robyn Hitchcock – Tromsø, Kaptein

Standard

Ein ekte engelskmann tek ein liten norsk avstikkar, men er like engelsk og bra for det.

6

cover

Den sympatiske engelske eksentrikaren Robyn Hitchcock har vore i Norge før. I 1982 var han her med Motor Boys Motor som backingband. Bandet som etterkvart skulle bli til Screaming Blue Messiahs og gje ut eit par smått legendariske plater dei følgjande åra. Det er ein annan historie. Denne her skal først og fremst handle om Robyn Hitchcock. Mannen som ikkje lenge etter at han hadde oppløyst sitt fabelaktige Soft Boys altså var i Norge av alle plasser. Og køyrte landet på kryss og tvers. Over fjell og djuv, langs fjordar og skrentar. Og spelte for ignorantar og tre-fire fan. Tåka og alkoholen fanst overalt. Ein gong blei den servert som heimebrent av ein naken mann med pilotlue, kl 7.42 om morgonen. Hitchcock gjorde det ikkje til ein umiddelbar vane å besøke dette landet. Men noko med det sette seg fast i han. Og dei siste fem-seks åra har han komme på regelmessige visittar.

Goodnight Oslo var tittelen på plata han kom med i 2009. Tromsø, Kaptein er endå meir norsk. Ideen blei fanga i fjor. Hitchcock var saman med si fotografkone i ishavsbyen nokre dagar, før reisa gjekk til visefestivalen i Egersund. Popkongen i dei traktene Frode Strømstad fekk Hitchcock til å tenne på ideen å gje ut eit album på hans Hype City-label. Nå er ideen fullbrakt. Plata er ute, førebels berre i Norge. Ein stolt tittel har den fått, ramma inn i Hitchcock-mala fjordlandskap er den, og stotrande nynorske gloser gjer den til kjenne i sin solnedgang.

Men Robyn Hitchcock er nå først og fremst ein uforbederlig engelskmann. Det verken kan han, eller prøver han å springe i frå når han lagar songar for norske øyrer heller. Han er den han er, den eg kjenner, den eg likar. Med Tromsø, Kaptein serverer han på ingen måte eit sensasjonelt album. Men heller ikkje på nokon måte berre eit pliktløp for å oppfylle ein lovnad. Ingen parentes. Han har nok ein gong snekra i hop ein bunke gode låtar, og serverer ei plate på høgde med det meste i sin etterkvart nokså omfangsrike solo-katalog. Det er imponerande nok det.

Hitchcock hevdar sjølv å ha søkt inn i eit fjordfokus då han laga desse songane. Der har han nok meir funne sitt vanlige eg, enn ein eim av norsk natur og sjel, vil eg hevde. Sjølv om det absolutt går an å tenke seg at han er i norske farvatn når han syng «I feel ok when the skies are grey» i Dismal City, eller når han erklærar at «the sea is in your blood» i August In Hammersmith. Men Hammersmith er jo på ingen måte i Norge, og Dismal City kan nok like vel vere byen der Hammersmith er. Og Hitchcock syng uansett mest om mellommenneskelige tilhøve som kan finne stad både i London og Tromsø. Slik han vel i grunn alltid har gjort.

«I wanna destroy you» song han ein gong i tida. Det syng han ikkje i dag. Litt smågiftig og sarkastisk kan han nå like fullt vere, og synge slikt som «I love it when it all goes wrong». Men han kan også kle seg i rolla til den såra og utrygge og forkynne at «there’s no safety in your eyes». Det gjer han i Light Blue Afternoon. Det harmonivakre og akustisk fundert opningssporet. Eit sonisk vesen songen deler med dei fleste på plata. Eit sonisk vesen som ikkje minst inkluderer den cellospelande Jenny Adejayan, og hennar skumringsfarga tonar.

To andre kvinner er der for å synge harmonisong, og gjer gagnlige løft til songane på det viset. Enten det er «ba-ba-ba» og «oooo-oooh» i frodige Savannah, eller eit responderande «just one thing baby, you forgot my heart» i bistre Raining Twilight Coast. Ein av to låtar her som har vore ute før. Den andre var tittellåt på Goodnight Oslo, men heiter nå Godnatt Oslo. Gjendikta i nynorsk språkdrakt av Anne Lise Frøkedal. Songe med tvilsam artikulasjon av Hitchcock sjølv. Meir pussig enn direkte interesseskapande. Han skulle kanskje heller latt gjendiktaren ha sunge denne?

Men altså, endå ei god Hitchcock plate. Som sikkert vil leve eit elska og anonymt liv i den vesle popskuggen der dei tretti andre platene hans held til. Finn gjerne fram til den skuggen, og gjer den litt større.

Først publisert på Groove.no (i 2011)