Eit legendarisk band vender tilbake, slikt kan ein bli skikkelig nervøs av.
5
Nokre band handlar veldig mykje om 1 plate. The Feelies har handla veldig mykje om 1 plate. Crazy Rhythms. Ikkje fordi den toppa hitlister og gjorde bandet rikt og berømt. Slett ikkje. Crazy Rhythms høyrer med blant desse platene som kritikarane og dei få omfamna, då den kom. I 1980. Etterkvart omfamna gradvis fleire den. Etterkvart har den vakse på seg ein legendestatus. Den fortener det. Den er spesiell.
Crazy Rhythms. Tittelen seier sitt om kva plata har å by på. Tenkt ut og sett i scene av fire unge menn frå New Jersey sida av Hudson River. Fire nerdete og nervøse unge menn som var der samstundes med at Television, Blondie og Talking Heads skapte historie på nokre klubbar på andre sida av elva. Dei var der med sitt stramme, kantete, febrilske og energiske uttrykk. Eit uttrykk manifestert i klinisk råe og briljante former på debutalbumet Crazy Rhythms. Frå den fabelaktig perfekt titulerte The Boy With The Perpetual Nervousness til det feberaktige tittelsporet er dette fullkome og uforgløymelig «crazy feelies».
Men Stiff var ikkje så interessert i dei likevel. Stiff, den smått legendariske engelske platelabelen som gav ut Crazy Rhythms. Då The Feelies kom med nytt stoff var det i staden for fryd og gammen kroken på døra. Og det kunne ha vore det. Men litt for mange hadde latt seg inspirere. Frå Dream Syndicate via Violent Femmes til REM. The Feelies si tid var enno ikkje heilt over. Og omsider, i 1986, kjem album nummer 2. The Good Earth. Med ein viss Peter Buck luskande bak i kulissane.
Bandets grunnleggjerar Glenn Mercer og Bill Million er framleis i hovudrolla, men det rytmiske arbeidet har dei hanka inn nye folk til å ta seg av. Dei er blitt eit anna band. Dei er eit folkrockande jangle-band, men dei er eit med sting, dei er eit bra eit, og dei serverer ein av historias mest suggererande folkrocklåtar, Slipping (Into Something).
To år seinare fylgjer albumet Only Life, og viser seg jamt over kanskje hakket kvassare enn The Good Earth. Både når det kjem til sonisk elektrisitet, rastlaus haldning og overlevingsdugleik. The Feelies kryssar her på overtydande vis lyden frå debuten med lyden frå The Good Earth, og med den stolt harvande og melodiske Higher Ground og hypnotisk hastande Away som sine mest saliggjerande augeblikk står albumet framleis fram som eit av det seine åttitalets beste.
I 1991, året då verda flauma over av fantastiske plater (Screamadelica, Blue Lines, The Real Ramona, Loveless, Bandwagonesque, Everclear, Nevermind, osv.), kom The Feelies med det som eg inntil i år rekna med skulle bli deira svanesong, Time For A Witness. Bra den også, litt meir grumsete, men bra. Med den lange og fleirfasseterte Find a Way som eit høgdepunkt.
Så stakk Bill Million til Florida, og la ikkje att beskjed om kor han var å finne. The Feelies vart oppløyst. Resten av gjengen har brukt åra sidan til å musisere i forskjellige krokar og samanhengar, utan at det vel har komme det heilt store utav det. I 2008 overtala så fan Thurston Moore dei om å finne i hop att til ei speling i New York. Det vart gjort, og det var kjekt, så her er Here Before. Album nummer fem. Tjue år etter.
Den Lou Reed-aktige røysta til Glenn Mercer er blitt noko ustødigare i ganglaget, flammen brenn ikkje like kraftig, og nervøsiteten er ikkje like ilter. Dei er då blitt eldre dei også. Alle fem. Men dei er til å kjenne att. Ja sant å seie har nok verda endra seg langt meir sidan 1991 enn det The Feelies har gjort. Kva skal eg så meine om det?
Eg meiner å høyre ein og annan låt som vekker interesse i meg. Ikkje fordi den er annleis, eller oppsiktsvekkande på noko vis, men fordi den er god. When You Know, spenstig, tett og litt Crazy. Way Down, ein monotont suggererande slektning av Slipping (Into Something). Time Is Right, drivande, spastisk, og med ein liten avsluttande gitarsolo henta frå den gongen dei var veldig unge og spelte ei låt som heitte Loveless Love. Again Today er på si side eit stykke dugande american rock anno 1985, og Later On ein nennsamt veksande og melodisk varm sak.
Det eg likar noko mindre er songar som Nobody Knows, Should Be Gone og Morning Comes, der dei nesten kan bli forveksla med ein post-Wilbury Tom Petty. Ikkje heilt mi greie.
«Is it too late to start again, or should we wait another ten?» lyde det noko audmjuke spørsmålet The Feelies stiller innleiingsvis på albumet. Dei svarar vel forsåvidt på det undervegs. At Here Before på nervøst og raslande vis skulle finne på å by Crazy Rhythms, eller for den saks skuld Only Life, opp til dans var aldri slikt eg hadde forventa. Det gjer den sjølvsagt ikkje heller. Eg frykta vel snarare at den skulle vere eit innhaldslaus minne om noko som var. Den er meir enn det, heldigvis. Den har ei solid handfull låtar som absolutt har noko for seg, og det er då meir enn dei fleste comeback av dette slaget kan vise til.
Skulle det så vere nokon der ute som aldri har stifta kjennskap med The Feelies bør dei først gå strake vegen til tretti år gamle Crazy Rhythms. Og så ta det derifrå, med viten om at The Feelies er litt meir enn ei plate.
Først publisert på Groove.no (i 2011)