Monthly Archives: november 2013

The White Stripes – Get Behind Me Satan

Standard

Med desse 13 avkledde låtane fører Jack prosjektet sitt inn på eit meir variert spor. Ikkje snu, følg sporet vidare, mann!

cover  Nå hadde så avgjort forsmaken Blue Orchid, med sin medrivande falsettvokal og riffvitale og funky framtoning, sådd eit håp. Likevel var eg litt skeptisk. Kanskje berre fordi eg er svak i trua? Eller?

Det var noko med Elephant. Mi interesse for White Stripes blei kraftig redusert ein eller annan stad midt inni Ball And Biscuit. Det var noko med denne strevsame Stooges-møter-grunge i eit heller meloditafatt og bluespåvirka lende som drap gnisten, og sendte elefanten baktung ut i ei sørpete eng der den vart ståande og stampe. I alle fall heilt til påstanden Girl, You Have No Faith In Medicine vart kasta fram. Joda, eg veit at fremst ligg det ein Seven Nation Army, og eit par steg lenger bak kranglar den endå betre There’s No Home For You Here seg fram i sprelske andedrag. Ja, faktisk lever plata ganske så bra den heilt til det der nemnte augneblikket i spor åtte treff ein tungt i magen.

Rykta i forkant av deira femte album fortalde rett nok om ein duo som slett ikkje hadde falt for freistinga å sende inn ein ny elefant. Her var det snakk om mindre blues, meir Cole Porter, mindre gitar, meir piano og ein Jack som snakka om sanninga som eit ideal. Eg fekk og med meg at låtane var komponert og spelt inn på berre to veker. Det var rapportar som fortalde om skisser meir enn fullendte songar. Og Jack hadde proklamert idéen om å gjere feiltrinn, ikkje tilgjorte, men ekte. Vilskene og tverre pretensjonar frå ein fyr som ville vise seg, tenkte eg. Kanskje hadde han og søstera komme seg opp av den sørpete enga, men kva hjelpte det når dei no såg ut til å ha rota seg bort blant visna og knekte roseplanter i staden?

Etter nokre timar i samvær med Get Behind Me Satan lyt ein berre innsjå at skulle det vere inni eit klunger av medfarne roseplanter dei oppheld seg, ja så er det ein fabelaktig stad å vere. Er det tverre pretensjonar som ligg bak, ja så ver velkomen tverre pretensjonar. Velkomen også til levande feiltrinn, næringsrike skisser, det stygge, det vakre, sanninga og løgnene.

Skulle denne Satan vere ein representant for den musikalske fortida til White Stripes, ja så har dei med sitt femte album klart kva tittelen krev. Garasjeblues-avtalen dei gjorde i eit vegkryss ein gong på nittitalet vert her kasta på bålet. Men opp av oska stig nye og langt meir ulikt forma tonar.

Skal ein vere heilt rettvis (og det skal ein jo) så har nok ikkje søskenduoen fylgt den gitarbarske bluesvegen 100% slavisk før heller. Det har jo dukka opp ein og annan popfiksert eller folkinspirert sak innimellom. Gjennombrotsplata White Blood Cell hadde nok slett ikkje vore det vitale fyrverkeriet den er utan injeksjonar av vital pop og skakk folk. Men til og med den plata sovnar inn i ein litt meloditam bluessøvn mot slutten (før den vaknar til liv i form av eit beksvart Lennonsk popblues tiltak kalt This Protector). Get Behind Me Satan korkje rotar seg bort i stillstand eller einspora søvn, den er ei potent og vaken affære frå første kåte gitarriff til siste vemodsfulle pianotåre.

Underteikna er ikkje så veldig flink til å halde seg oppdatert på privatlivet til desse rockestjernene. Har likevel fått med meg at Jack skal ha hatt ein affære med skodespelar Renee Zellweger for så etterpå å gifte seg på Amazonas-elva med ei Karen. Kor mykje det er av desse opplevingane, og andre personlege hendingar, som ligg til grunn for det han har på hjerta veit eg vel eigentleg ikkje. Men det eg høyrer er i alle fall skildringar der tema som kjærleikshunger, tapt kjærleik, fridomstrang, vemodskjensle og forknytte tankar kjem til utløp.

I den seige marimba-drevne og cymbalkrasjande The Nurse står hovudpersonen svikta tilbake og hevdar (vel med rette) at «The nurse should not be the one who puts salt in your wounds». Kjensler som flyg i ulike retningar vert utdjupa i den dynamisk gyngande og pianostyrte Forever For Her (Is Over For Me). Pianoet er også i førarsete, men i eit meir funky lende, i det catchy popeventyret My Doorbell. Her sit hovudpersonen og lengtar etter den der dama, samstundes som han prøver å overtyde seg sjølv om at det er nett det han ikkje gjer.

Joda, det er nok pianoet som er Jack sitt instrument denne gongen. Den elektriske gitaren får berre lov å fronta tre av spora (derav førnemnte Blue Orchid). Den gjer seg imidlertid veldig gjeldande på kraftfulle om enn noko melodisk veike Instinct Blues. Den sterkaste låta blant el-gitar trekløveret er nok Red Rain. Jack er kanskje ikkje nokon Jimmy Page, og Meg er definitivt ingen John Bonham, men denne smart buldrande saken er som tatt rett utav Physical Graffiti og det er jo ein glimrande plass å komme frå. Den akustiske varianten av seksstrengaren trer fram når duoen flyttar seg over i eit folkprega Zeppelinsk lende med visa As Ugly As I Seem. Medan tonen går i bluegrass retning på fjellfriske Little Ghost. Om dama det er umulig å få tak på; «when I held her I was really holding air».

«Oh Rita, oh Rita, if you lived in mesita, I would move you with the beat of a drum». Lengselen er til å få naseblod av. Låta ber tittelen White Moon. Ein pianoballade av typen langsamt og intenst veksande, og der Meg sit i ein krok og ristar sin gode gamle raude egg-shaker samt lurer inn litt varleg cymbalnedbør. Og Rita? Ho dukkar opp igjen i Take Take Take. Då får vi servert etternamnet også. Energisk, nervøst, smertefullt og i melodivinnande fasong fortel Jack om beundraren som møter sitt store idol. Den vakre Rita Hayworth kjem inn på baren der denne stakkaren sit og drikk saman med ein kompis. Han mannar seg opp og tar kontakt med den store gudinne. Ho gjer han autografen, nokre ord, og lar seg avbilda i hop med han. Frå Rita si side er dette rein rutine, mens vår mann nok tolkar hennar velvilje noko annleis. Når ho så trekkjer seg tilbake står han nærast sjokkert igjen og må innsjå at ”she didn’t even care, that I was even there”. Mistolkingar av kvinner sine signal på litt meir generell basis er tema for den Ballroom Blitz-funky Denial Twist. Medan det vert sveipa innom familieproblematikk i den Meg-sungne 35 sekundars parantesen Passive Manipulation. Familietilhøve er også temaet i I’m Lonely (But I Ain’t That Lonely Yet). I countryballade stil med vagt gospelkrydder fortel den bortkomne son og bror om sin ambivalente lengsel mot heimlege trakter; «there’s a girl that I know of, but don’t ask for much, she’s homely, and she’s cranky, and her hair’s in a net, and I’m lonely, but I ain’t that lonely yet».

Om det er løgner, synder, sanningar eller lengsler som vert servert, så finn den dynamiske White-duoen rette tonen og konfronterer fram melodilinjer av både demonisk og velsignande karakter.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Gina Villalobos – Rock’n Roll Pony

Standard

Mange fine countryrockande låtar frå ei overbevisande røyst med gruff i kantane og varme i sentrum.

cover  Villalobos, smak på namnet! Vakkert, ikkje sant? Men det er ikkje det einaste som er vakkert her. California. Det er heimstaten til Gina. Det er også første song på hennes andre soloalbum. Det er ein enkel song i medium tempo, heilt utan fikse påfunn. Det er ein countrysong med rock i nervane. Det er ein song som lever av sine sterke tonar, og sine skarpe ord; «I got California crying outside my window.» Det er ein song som blir.

Det er mange fine songar på Rock «n» Roll Pony. Ingen brenn seg like fast som åpningssporet, men fleire kitlar der ein god song skal kitle. I den der gyldne tråden mellom ryggrada, magen og hjarta.

Gina Villalobos miksar country og rock. Ho skriv låtane sjølv, produserer sjølv. Ho har ei overbevisande røyst med gruff i kantane og varme i sentrum. Ho er ei dame å merke seg.

Gina har drive med musikk sidan tidleg på 90-talet. Har spelt i mindre kjente band som Liquid Sunshine og The Mades. Førstnemnde har tre album på samvitet, sistnemnde har gjort oppvarmingsjobbar for mellom andre Frank Black, Weezer og The Breeders. I 2002 debuterte ho som soloartist med albumet Beg From Me. Rock «n» Roll Pony tok nesten eit og eit halvt år å fullføre. Årsaka til det var at Gina rett etter at innspelingane starta, var ute for ei ulykke der ho mista synet på sitt høgre auge.

Det er imidlertid ei musikalsk klarsynt og moden dame som står fram på Rock «n» Roll Pony. Uttrykket hennar kjem frå dei same kjeldene Lucinda Williams, Mary Gauthier, Kathleen Edwards og Suzie Ungerleider (Oh Susanna) har drukke av. Utan at det gjer henne til ei i mengda av den grunn. For sjølv om ho aldri tyr til originale vinklingar utstrålar ho eigenart berre i kraft av å presentere gode låtar på eit ærleg vis. Nesten berre gode låtar i alle fall, for eit par-tre er nok av litt anonym karakter, utan at vi skal la dei stå i vegen for inntrykket av eit støvande flott toneritt. Not Enough og Can’t Come Down svingar seg i boogie-twang-lende. So Much For Dying er svartsyn i melodivakre omgjevnader. Why brenn og held igjen i verset før den forløyser og sprutar eld i refrenget. Medan Tryin» to Find You er ei fin lita countryvise i tonelandskap Steve Earle har vitja i nokre av sine meir nennsame stunder. Alle låtane utanom ein har ho komponert sjølv. Den eine er World Party sin fabelaktige Put the Message In The Box. Gina flyttar den litt lengre over i countrylende, og friskar til med ein stjerneversjon. I ein beskjed lagt ut på Gina si heimeside ser eg at Karl Wallinger er heilt einig.

Vil ikkje overraske meg om både Wallinger og den countryrock-fikserte hop der ute også omfamnar mange av dei andre tonane Gina byr på. Det ville i tilfelle vere fullt fortent.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

The Vestals – The Vestals

Standard

Noko er gjennomtenkt, seriøst og blodfattig, anna er friskt og popkjekt.

cover  Namnet The Vestals peikar så vidt eg kan skjøne mot vestalinnene som over ein tusen års epoke vakta tempelflammen til den romerske gudinna Vesta. Det finst fleire både fascinerande og grufulle skildringar frå dette avsnittet av historien vår (kvinnene vart mellom anna levande begravd om dei hadde seksuell omgang med menn).

Bandet The Vestals har lite grufullt over seg, dei er heller ikkje så veldig fascinerande her på debutalbumet sitt. I namn, illustrasjonar og tonar omgjer kvartetten seg av saker plukka opp langs den historiske tidslinja. Klart nærast vår tid ligg tonane dei nyttar seg av. The Vestals er trass alt eit rockeband. Eit band med eit brødrepar i førarsetet. Jeremy og Ben Gordon deler på låtskrivinga og synginga, i tillegg spelar begge gitar, keyboards og xylofon. Dei skriv om tilhøvet mellom han og henne, og dei flokete tilfella er meir dominerande enn dei idylliske. Tekstane virkar å vere rimeleg gjennomtenkte. Til tider er dei veldreide også («yesterday I wrote a little story, with far too many characters, named lonely»), andre gonger virkar dei vel oppkonstruerte.

Noko av det same kan seiast om melodistrukturen. Jeremy virkar å ha store ambisjonar, og låtane hans følgjer slett ikkje alltid det vanleg poprock-mønsteret. Oppbygginga kan minne vel så mykje om jazzmåten å gjere det på. Det søkes rundt temaer som stadig kjem tilbake. I utgangspunktet eit opplegg med utsikter for spenst og vitalitet. Dessverre blir det i altfor liten grad gjort med leik og lyst. Så derfor, ein eller annan stad mellom det litt for affekterte, melodisk alvorlige og lite originale forsvinn til tider The Vestals inn i den uinteressante sfære. Då framstår dei som ein blodfattig fusjon mellom Radiohead, Barenaked Ladies og Rufus Wainwright. Jodå, Seven Hours, Telescope, Childhood Timeouts og Forever It’s True har alle ei og anna fin melodilinje, men som heile låtar blir dei rett og slett for tafatte og fargelause.

Bandet klarer imidlertid å fange ei viss interesse når dei fluktar inn i meir kraftpop-liknande lender. Der er det Ben Gordon som oftast leiar an. Tre gonger for å vere nøyaktig. Three Girls Ago er Weezer kryssa med psykedeliske Jellyfish-fakter. Another Way to Kill Me er do-do-do-doo popkjekk og med Posies snert. Too Late to Say Goodbye er harmonifull, frisk og tufta på dugande tonar. Broder Jeremy har eit slikt augeblikk han også, det heiter Face the Ground og er i si vitale Kinks/Beatles drakt eit godt eksempel på kor i musikk landskapet denne Minneapolis-kvartetten plukkar dei friskaste blomane.

Alt i alt framstiller The Vestals såpass med levedyktige tonar at dei maktar å halde liv i flammen. Skal den fortsette å brenne også i framtida trur eg likevel det krevst ein noko meir frigjort haldning. For mykje perfeksjonering hindrar som kjent den viktige oksygentilførselen.

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Jan Vardøen – Songs From a Blue Country

Standard

Ei øving i korleis ein kuttar nerven i gode låtar.

cover  Kva skal vi eigentleg med denne plata? Vardøen har komponert ein av låtane sjølv. Den heiter Raining in Nashville, og er ein grå og kjedelig countryballade. Dei tolv resterande er mannen sine tolkingar av kjente og litt mindre kjente songar, der han utan unntak kjem veldig til kort overfor alle andre versjonar (i alle fall dei som har nådd denne lyttaren sine øyrer).

I musikksamanheng har Vardøen tidlegare gjort sine saker under pseudonymet Ian Senior. Gjennom tre plater har han servert sin mikstur av 50-tals inspirert rock’n roll og meir croonerbasert stoff. Når han nå prøver seg under eige namn er det countrytonar som gjeld. For å spele det inn gjorde han som mange andre med liknande hensikter, han drog til Nashville. Med på lasset var ei handfull norske musikarar. I tillegg fekk han hjelp av kompetente amerikanarar som Fats Kaplin og The Mavericks sin tangentist Jerry Dale McFadden.

Tanken bak opplegget har altså vore å flytte ein del favorittlåtar eit hakk eller ti nærare countrysfærer (viss dei ikkje allereie var i slike sfærer frå før då). Men det er også det einaste Vardøen og gjengen har klart. Alle dei medverkande kan sitt instrument, men arrangementa er håplaust ordinære og spenningslause. Og den godaste Vardøen har ei stemme som treff dei aller fleste tonar, men som har ein veldig overflatisk karakter.

Her finst eigentleg ingenting verdt å bruke tid på. Springsteen sin Tougher Than the Rest har både opphavsmannen og Emmylou Harris gjort sjelfulle versjonar av, det gjer ikkje Vardøen. Countryklassikarane Wild Side of Life og Walk On By finst i eit utal utgåver lysår betre enn dei vi kan høyre her. Verst er det likevel å måtte oppleve to ultimate favorittlåtar, Cohen sin Hallelujah og Parsons sin Song For You, framstå på plate som tafatt og hjelpelaust karaoke-ræl.

Noko positivt? Det var ein smart lukkemekanisme på coveret, patent nr. 5,188,233. Men eigentleg burde det kanskje ha vore ein nøkkellaus hengelås der i staden.

1/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Tuco’s Lounge – Wide Load

Standard

Upolerte kaktustonar frå Vestlandet. Slett ikkje ueffent, men energien og viljen er førebels litt større enn låtskrivarevna.

cover  Spaghettirock, revolvarrock, tarantinorock, ørkenrock. Dette er nokre av sjangerbegrepa eg har registrert nytta i karakteriseringa av Tuco’s Lounge. Eg skal ikkje prøve meg på nye, dei nevnte skulle vel vere rimeleg dekkande.

Så velkomen til Kaktusland. Ein stad fleire norske band dei siste åra har søkt for å gje uttrykk for sin vrede, sin angst og sin lengsel. Nå er det langt til Kaktusland. Det er langt frå Stavanger, frå Oslo, frå Romerike og frå Bergen. Som så mykje anna her i verda ligg Kaktusland i Amerika.

Ja-ja, kvifor ikkje ula mot månen frå ein gold stein i Mojave, sova ut rusen på eit motel i Phoenix, bli galen i Tucson, eller bli merka av ulykkeleg kjærleik i Durango. Det er noko pirrande barskt og eksotisk over slike fantasiar, liksom. Det kan vel også illustrere det einsame mennesket sitt møte med det håplause, det brutale og det ugjestmilde. Ein kunne heilt sikkert ha laga liknande metaforar ved å ta utgangspunkt i nærare geografiske tilhøve, men westernkulturen har slått rot i psyken til mang ein nordmann så Arizona og New Mexico gjer nytten like så godt som Buskerud og Telemark. Om slikt derimot skal få sleppe igjennom som ekte vare kan nok likevel diskuterast.

Personleg har eg etter å ha køyrt ein del rundar med norske Kaktusland-asylantar kome fram til at det trass alt er dei innfødte som leverer den ektaste vara. Spesielt når desse er representert av band som Wall of Voodoo, Giant Sand, Calexico, Thin White Rope og Sixteen Horsepower. Deires tonar fangar på ulikt vis mystikken, uhyggen og intensiteten i det sørvestlige levesettet og det golde landskapet. Men sjølv om dei norske traktørane ikkje sit med same førstehandskunnskap skal vi ikkje avblåse dei heilt av den grunn. I fjor leverte Helldorado eit debutstykkje det stod ein viss respekt av, sjølv om spenninga som var der i starten dampa noko vekk etterkvart. Året før var Cinnamoon innom området og spankulerte ut ei debutskive det stadig er kjekt å høyre på. Emmerhoff og hans melankolske medsamansvorne har og trakka rundt der av og til. I år er det Tuco’s Lounge frå Bergen som inviterer på fest blant kaktusvridde tonar.

Ein upolert fest. Ein slik ein der revolvaren er lada, tørsten er sterk, whiskyen flyt, blodet brusar og tonen er barsk. I sterkare grad enn nokon av dei førnemnte norske banda plasserer Tuco’s Lounge seg sjølv i områda aust og sør for Los Angeles. Låttitlar som Mexican Standuff og Sheriff seier sitt, tekstar om basketak i skrinne landskap, hjertelause tilhøve, død, mismot og tapt kjærleik styrkar standpunktet, den utemja surfgitar-lyden og den kvasse vokalen set to streker under svaret.

Wide Load er Tuco’s Lounge sin debut i albumformat. Frå før har dei to-tre EPar samt eit dugande liverykte på CVen. Fire av spora på Wide Load har også vore representert på desse få-spors utgjevingane. Det viser seg at desse saman med eit par andre utgjer albumet sine sterkaste tilfeller. Noko som kanskje vitnar om at bandet førebels ikkje er skodd med altfor mange verkeleg gode låtar.

Det sentrale og beste innslaget er episke There Ain’t No God In Tuco’s Lounge. Ein ballade av langsom intensitet, dynamisk kraft, lengselsfulle gitarfigurar og overbevisande vokal. Dei kjem også bra i frå det i albumet sin andre ballade, den Madrugada-aktige Dog Gone. Den mest vanlige Tuco-framferda er like fullt av meir støyande grad, og det finst bra saker å plukke ned blant desse spora også. Innleiande Loaded seier barskt frå kor vegen går. Wall of Voodoo fikserte Mexican Standuff har eit tett og oppegåande driv. Medan Cave-dystre Sheriff tek for seg natt, djevelskap og dårlige tider på eit vis ein legg merke til.

Ubehandla og energisk, men til tider noko meloditamt. Kanskje bør det også på sikt vere ein ide å flytte denne kaktuskvardagen inn i meir lokale tilhøve. For særpreget sin del ville det i alle fall vore eit pluss.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Transmissionary Six – Get Down

Standard

Skånsam og haustfarga americana som etterkvart smyg seg inn i på melodisk dugande spor.

cover  Ved førre korsveg (albumet heitte Spooked, 2003) skildra eg The Transmissionary Six som skaparar av november-tonar. Slike tonar som akkompagnert av eit tiltakande mørke langsamt søker å forplante seg i hjerter og sinn. Bandet omgjev seg med mykje av den same auraen her på sitt tredje album også, men tilstanden er kanskje litt meir oktober denne gongen.

Framleis er det Paul Austin (andrepilot i Willard Grant Conspiracy) og Terri Moeller (trommis i Walkabouts) som er dei toneangivande kreftene i foretaket. Austin spelar på strenger, tangentar og litt anna, og Moeller passar rytmen og syng. I tillegg har dei med seg eit titals musikarar, der særlig Anne Marie Ruljancich og Nancy Wharton sine strykarinnslag gjer inntrykk.

Get Down blir, etterkvart som den legg bak seg ein heller traurig første halvdel, ei rett så aktverdig oppleving. Blant dei dvelande, men akk så preglause og melodifattige fire første spora er det vel ikkje stort anna enn nokre strykarparti som er verdt å framheve. Den korte instrumentalen Johnny & Waldo prøver så ved hjelp av ei overraskande funky framferd å få litt meir glød inn i strukturen. Tempoet aukar eit par hakk når Holidaypark gjev seg til kjenne, utan at melodikrafta er den heilt store. Men frå den refrengsterke og twang-gitar draperte Happy Landings er den melodiske velstanden på plass, og med den synest eg også å merke ei meir ihuga innstilling.

Fem minuttar lange Novanna stryk seg fram i eit tiltalande lende midt mellom nokre velpleidde Marianne Faithful-farga tonar og ei omfamnande Nina Nastasia vise. Ja det er nesten som den lindrar litt av lengselen etter ei ny plate frå sistnemnte. Element er eit repeterande og gnagande instrumentalkutt. Packakools er for så vidt kva tittelen lovar. Ein kult sveivande og vispande sak, der dugande tonar gjev seg til kjenne i eit lett slørete lende. Med den gitarbaserte og straighte The Dimmest Porch dreg dei seg mot countrylandskap. Eit landskap avsluttande Powderburn heller ikkje er ukjent med. Sakte brennande med akustisk lyddominans og smygande pedal-steel openbarar det seg eit tonespekter av forførande karakter, før låta sakte forsvinn inn i varleg støy.

Etter kva mine øyrer klarer å fange av det tekstlige innhaldet, har dei vel ikkje all verden å by på på dette feltet. Det er ein fragmentert setningsbygging som saman med, og tildels gøymt inn i, musikken kan fungere greitt nok, men som ikkje innbyr til vidare utlegningar. På sitt beste skaper bandet stemningsfull musikk, på sitt verste er dei heller søvndyssande.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Richard Thompson – Front Parlour Ballads

Standard

Ein gamal ringrev har innvia sitt nye heimestudio med eit knippe akustisk gitar-dominerte låtar av solid merke.

cover  Heilt sidan tida med Fairport Convention på 60-talet har tonane til Richard Thompson vore rota i den engelske folk- og visetradisjonen. Han har rett nok ofte vore langt inne på rocken sine territorium, men aldri utan å ha med seg eit lite pust frå denne arven. På det nyaste framstøytet hans er pusten frå desse tonane sterkare enn på dei aller fleste av Thompson sine tidlegare album. Årsaka til at det kjennes slik ligg nok hovudsakelig i det bortimot heilakustiske lydbilete. Samstundes er han sikkert også farga av sitt live-prosjekt 1000 Years of Popular Music. For tonen i låtar som For Whose Sake? og Precious One kan ein nok gå mange hundre år tilbake for å finne spira til.

Det viktigaste er likevel at låtkvaliteten denne gongen er betre enn på mange år. Lurar faktisk på om vi ikkje lyt tilbake til Rumor & Sigh (1991) for å hoste opp ei sterkare Thompsonsk låtrekkje enn dette. Det er i alle fall friskare og meir grøderikt enn album som The Old Kit Bag (2003) og Mock Tudor (1999). To Thompson-plater som var noko så uvanlig som litt bleike og fargelause.

Sidan han som tenåring for snart 40 år sidan byrja å spele gitar i Fairport Convention har det komme særdeles mykje storarta musikk med Richard Thompson sitt stempel på. Og skulle eg driste meg til å sette saman den essensielle Thompson-involverte album-buketten kjem ein nok ikkje utanom Fairport Convention-klassikarane Unhalfbricking og Liege & Lief (båe 1969). Det er også vanskelig å unngå dei to meisterverka han gjorde i kompaniskap med kona Linda (no ex-kona), I Wanna See the Bright Lights Tonight (1974) og Shoot Out the Lights (1982). Av soloalbuma hans tykkjer eg nok aller mest om førnemnte Rumor & Sigh. Ei plate der den elektriske utgåva av gitaren stort sett regjerer grunnen, men der det aller sterkaste kuttet er i akustiske former. Med sine uimotståelige tonar og sitt inderlige grep omkring ein for så vidt banal historie, er 1952 Vincent Black Lightning ein klassikar innafor feltet – ein mann hans røyst og hans akustiske gitar.

Det finst kanskje ingen låtar på Front Parlour Ballads ein kan plassere heilt der framme, på fremste side i den Thompsonske kanon. Men ei dryg handfull for side to og tre er her så absolutt. Den varlege Bert Jansch influerte Old Thames Side, om han som ikkje klarar å få tankane bort frå den vakre kvinna han ein gong såg nede ved elvebreidda. Den vekselvis nennsame og energiske A Solitary Life, der den noko skadeskotne hovudpersonen proklamerar ein lengsel mot eit liv i meir asosiale former. Should I Betray? slepar seg nedslåande av garde i noko som minnar om Jacques Brel-lende, mens ei kvinne tar bladet frå munnen og fortel ein utru beilar nokre sanningens ord. Og i When We Were Boys At School fortel Thompson historia om ein sosiopat i spiringsfasa. Ikkje oppløftande temaer altså. I sedvanlig Thompson-ånd dekkar han registeret frå det dystre via det morbide og giftige til det motlause og triste. Av og til kan ein skimte ei lysstrime eller kjenne ei vag duft av noko håpefullt, men det er unntaka.

Tonane frå gitaren spring som vanlig fram i ulastelige og ikkje nødvendigvis opplagte former. Thompson er mann for å finne det intrikate i det enkle, og det enkle i det intrikate. Han er gitarist per excellence, men briljerer ikkje med trøyttande flinkisfakter. Han lar det komplekse veve seg inn i fruktbare tonar og kjem ut med slitesterke låtar. Stemma hans har ein gjenkjennelig signatur, men kan kanskje bli litt stereotyp. Den kom nok aller best til sin rett den gongen Richard fekk litt avløysing hos ex-kona Linda. Men når låtkvaliteten er på Front Parlour Ballads nivå vert ei slik innseiing nokså bagatellmessig.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Richard Swift – The Richard Swift Collection Volume One

Standard

Enkle songar kledd i dempa men fasetterte drakter. Ein kar å merke seg.

cover «Du kan rocke, men du må rocke på rette måten. Ikkje som Velvet Underground, men som Blink 182.» Slik skildrar Richard Swift sin gode venn batteristen Frank Lenz lyden av den amerikanske kristenrock-industrien. Swift og Lenz heva i fleire år lønna si som session-musikarar innan denne ultrakeisame musikksjangeren. Inntil dei ein dag fant ut at det rett og slett ikkje var verdt det. Istaden byrja dei å spele musikken som hadde surra i hovudet medan dei kjørte det dorske pliktløpet. Kanskje vert det mindre midlar til verdsleg gods av eit slik valg, men tonane dei omgjer seg med er rikare.

The Richard Swift Collection Volume One er tittelen. Nå har ikkje Richard så mykje meir å samle saman av innspelt materiale enn det vi får servert på denne utgjevinga. Sidan mannen byrja å spele inn eigne påfunn rundt 2000 har det kome eit par singlar og to korte album. Det er dei to siste som er samla på Collection. Tretti minuttar lange Walking Without Effort frå 2001 (her i remiksa og ny drakt), og tjue minuttar lange The Novelist frå i fjor. I denne omtalen konsentrerer eg meg om låtane frå førstnemnte, The Novelist har eg nemlig omtalt før (følg linken nede til høgre).

Han likar lyden av gangne tider, Swift. The Novelist var lagt opp som ei ferd blant 30-talet sine lydar og tonar ispedd litt psykedelia og nyare lydkjelder. Instrumentaltemaet som startar Walking Without Efforts har noko av den same førkrigsstemninga. Inspirasjonen for resten av materialet ligg derimot stort sett noko nærare vår eiga tid. Eg trur vi kan kalle det akustisk popmusikk. Ein kan sikkert finne slektskap mot mang ein såkalla singer/songwriter, frå Bruce Cockburn og Loudon Wainwright III til Ron Sexsmith og Ed Harcourt, men eg vågar likevel å påstå at Richard Swift allereie her på sine første innspelingar meislar eit personleg uttrykk. Det er nennsomt men aldri dorskt, enkelt men like fullt iderikt. Saman med nemnte trommekompis Frank Lenz har han med seg Matt Fronke og Greg Riley på diverse blåseinstrument (dei resterande instrumenta, gitar, piano etc. spelar Swift sjølv). Blåsarane yppar aldri til høglytt kappestrid men blir spelt med sordin. Saman skaper dei fire eit lunt og smakfullt ettermiddagsbilde.

Her er blå balladar som den svakt jazzige In the Air og den stillfarande Mexico (1977). Litt meir tempo i melodisk treffsikre og raffinert spankulerande låtar som Half Lit og As I Go. Aller størst pris set eg like fullt på Losing Sleep og Beautifulheart. Begge i eit melodisk skikt ikkje heilt ulikt det Beck vitja på Mutations plata si. Den første i ei effektfull og dynamisk kraft/ro drakt. Medan den siste glødar mellom vekslande kjensler, og når sitt klimaks idet Swift fleire gonger gjentek, med ein blanding av lengsel og ironi; «you with you’re beautiful heart, you’re beautiful heart.»

Så då står det vel berre igjen å takke Gud for at han førte Richard Swift bort frå den klamme krakken bak eit vammelt «God is rockin» in the rich world», og inn på sporet av levande tonar.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Strays Don’t Sleep – Strays Don’t Sleep

Standard

Det er mulig at Strays Don’t Sleep, men det er litt meir usikkert om lyttaren vil halde seg vaken.

cover  Matthew Ryan er ein singer/songwriter i americana-klassen frå Pennsylvania, av den høgst gjennomsnittlege sorten. Neilson Hubbard frå Mississippi har pleidd å uttrykke seg musikalsk i eit nedstemt folkpop-landskap, og har skapt eit og anna av absolutt godkjent karakter. Begge har vore aktive på platefronten sidan midten av nittitalet. No har dei eit fellesprosjekt på gang som dei kallar Strays Don’t Sleep.

I presseskrivet blir det freista med ein «filmatisk mikstur av Sinatra, Roxy Music og Curtis Mayfield sett gjennom linsene til ambient urban folk», kva no det måtte bli for noko. Vel, det virka no i alle fall spennande nok til at eg verkelig hadde visse forhåpningar til dette prosjektet. At det låg ved ein DVD med små filmar til kvar låt (ikkje videoar, ifølgje dei to herrane) var eg nok litt meir usikker i forhold til. Var dette eit utslag av vel høgtravande pretensjonar, eller eit kreativt og interessant innfall? Etter første runde med lyd-dingsen i stereoen var skuffelsen total, og tinga betra seg ikkje etter ein omgang i selskap med dei visuelle hjelpetiltaka heller. Dette høyrdest (og såg) flatt og søvndyssande ut, og levde på ingen måte opp til kva labelen sin skriveføre luring hadde lova.

Etter nokre veker langt nede i bunken kom albumet til overflata igjen. Ny sjanse. Og…, neida dette er ikkje historia om den totale omvendinga, men det har faktisk dukka fram eit og anna spor av dugande art etterkvart. Opplegget har imidlertid ingenting med dei tre som det er referert til i presseskrivet å gjere. Det der med det filmatiske derimot, og det med ambient urban folk er kanskje ikkje så håplause karakteristikkar.

Dei serverer tonane sine i ei dvelande og av og til nesten stilleståande form, der låtane liknar veldig på kvarandre. Bakteppet er spartanske synthetiske lydtepper, unnselige loops og nennsam rytmikk. Lenger framme høyrer vi den akustiske gitaren og klunkande pianotonar. Aller lengst framme i miksen er stemmene. Matthew Ryan si håse og nesten kviskrande, og Neilson Hubbard si litt reinare og lysare. Det er når sistnemnte syng at ein finn det meste av det som er verdt å notere seg. Night Is Still og April’s Smiling At Me er to fine folkpop-balladar med Hubbard si røyst i framgrunnen. Av dei Ryan sungne har For Blue Skies og Cars and History litt for seg. Særlig sistnemnte med Hubbard sin responderande og opponerande vokalisering skil seg noko ut.

Desse filmane dei har laga til låtane er handlingstomme og minst like dvelande som låtane. Veit ikkje heilt om dei har den store bruksverdien, det er trass alt kjekkare å skape bileta sjølv. Det spørst berre om ein vil finne fram att til albumet igjen nokon gong for å la det skje, det heile blir liksom litt for temperaturlaust til å sette merkbare spor etter seg.

4/10

Først publisert på Groove.no (2005)

South San Gabriel – The Carlton Chronicles: Not Until the Operation’s Through

Standard

Produktiv gjeng lar hannkatten Carlton komme til orde, i eit dvelande americana-landskap.

cover  På midten av nittitalet entra Will Johnson banen som den kreative krafta i det skranglete og popsøkande rockebandet Centro-Matic. Etter den tid har han ikkje ligge på latsida når det kjem til låtskriving og innspeling av musikk. Sju album pluss litt anna smårusk har det til nå blitt under Centro-Matic signaturen. I tillegg har han spelt in to soloalbum i eit meir nedtona og folksøkande lende. Og som om ikkje det skulle vere nok gav den sordinerte Centro-Matic utgjevinga South San Gabriel Songs/Music frå 2000 han ideen til endå eit prosjekt.

South San Gabriel er Centro-Matic gjengen i eit meir sobert og americana-farga landskap. Eit landskap der hendingane skjer sakte, og tida av og til står stille. Der ein gjerne lener seg tilbake og lar vinden frå prærien ule om kapp med ei svolten hyene, utan at ein løftar på hattebremmen eller tar handa vekk frå den halvlunkne ølflaska av den grunn. Både roen og fridomstrangen er viktig, men lar seg veldig lett undergrave når feminine dufter vert påtrengande.

Reknar vi med nemnte Songs er The Carlton Chronicles kvintetten frå Denton, Texas sitt tredje album under South San Gabriel signaturen. Og denne gongen har Will prøvd seg på noko såpass usedvanlig som å sjå ting frå ein katt sitt perspektiv. Ni låtar tar føre seg, i kronologisk orden, hannkatten Carlton si ferd frå kapitol til den tarpeiske klippe.

Berre akkompagnert av taktfulle el-gitartonar syng Johnson (med harmonihjelp frå ein Brent Best) yndefulle melodiliner i det innleiande nummeret Charred Resentment the Same. Bak dette fine ytre lurer det imidlertid lumske kattetankar. Carlton har nemlig peika ut sporven Ron som sitt neste måltid; «things will change for my pleasure, and things will change to your blackest fear, I will know from your feathers decorating my fair dreams.» I Predatory King Today gjer han kål på sporven, og konkluderer sarkastisk og fornøgd; «sad he lost the fight, but I know I’ll sleep well tonight.»

Carlton får ikkje den forventa reaksjonen hos eigaren sin. Så etter ei natt i hundehuset bestemmer han seg for å dra ut i verda. Han får så vidt snusen på eit hokjønn før hans nyfikne disposisjonar sørgjer for at han må overnatte i ein mørk garasje. Herfrå går det berre nedover med vår helt. Han skadar beinet og byrjar angre på heile utflukta. Tilslutt bit han hovmodet i seg og vender heim med halen mellom beina. Når vi møter han i den skjøre visa Sicknessing, er han ein sjuk og deprimert fyr, og hans siste ord er desse; «the physical terror encompassing me, the sweat from within, the quiver and shake, the mess on the bed, the slobber I make.»

Det fungerer også greitt å gløyme at dette er ein kattekrønike, og i staden føre teksten over mot mellommenneskelige handlingar. Då får ein smaken av eit eksistensielt samansurium av dødssynder, fridomstrang, smerte og nederlag.

Trommis Matt Pence er plassert relativt langt framme i lydbilete, utan at det rokkar særlig med kjensla av eit dvelande og skånsamt framstøyt. The Rookie Runs og I Am Six Pounds of Dynamite vaker kanskje nærast countrysfærer, medan Stupid Is as Stupid Does er det seige byggverket. Likefullt, den melodiske og dynamiske variasjonen låtane imellom er av subtil grad.

Når ein satsar alt på eit såpass avgrensa register som det South San Gabriel gjer, blir ein veldig avhengig av at tonen er tiltalande og atmosfæreskapande. Noko den absolutt er i dei aller aller fleste krokane av denne krønika.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)