Langt namn, store ambisjonar. Friskt, flott og levedyktig utfall.
I klassen for litt for lange namn, men likevel greie å huske, vil nok dette Michigan-bandet kunne gjere seg godt gjeldande. Men det er ikkje berre i den klassen Saturday Looks Good To Me (heretter SLGTM) skulle kunne hevde seg. For tek ein seg tid til å bli kjent med Every Night skulle det vere lite i vegen for å kunne konkludere med eit hurra eller to. Albumet byr nemlig på eit monaleg antall kvalifiserte låtar i eit melodifint og fengslande poplandskap. Eit landskap som liknar veldig på popverda slik ho arta seg på 60-talet. Frå Motown via Phil Spector, Brian Wilson og til Don McLean. Pluss så på med den direkte naivismen til Jonathan Richman, samt nokre dosar kammer-pop, og vi byrjar å nærme oss lyden av SLGTM.
Bandet vart starta på tampen av det forrige årtusen av låtskrivar, sangar og multi-instrumentalist Fred Thomas. Årets album er det femte i rekkja (herav eit par som er gjevne ut i svært begrensa opplag). Der det forrige albumet All Summer Songs stort sett var ein lo-fi og litt oppfuzza innfallsvinkel til popmusikk i Brian Wilson sine regionar, er Every Night noko litt meir og noko litt anna. Dei Brian Wilsonske popambisjonane er stadig tilstades, men uttrykket er litt meir velordna og gjennomført denne gongen. Noko som er med på å bringe bandet fram i ei meir «ferdig» drakt.
I god Wilsonsk ånd velger Thomas og hans kumpanar aldri den aller mest opplagte vegen. Låtoppbygginga er ofte av det lett intrikate slaget. Noko som er heilt greit så lenge avstikkarane og saltoane deires fører til eit såpass friskt og slitesterkt resultat som Every Night har blitt. Til tider kan kanskje lydbildet virke litt vinglete og desorientert. Men dette viser seg også veldig ofte å være smarte ledd i snodige dynamiske utfordringar.
Det er eit rikt antall instrument i bruk. I tillegg til dei heilt pop-vanlige (gitar, bass, tromme, piano, orgel, perc) dukkar det opp klokkespel, saksofon, klarinett, trekkspel, cello, vibrafon, lap steel og harpe. Tilsaman er det nærare tjue namn nemnt i krediteringslista på coveret, men ut frå bilda inni coveret kan det tyde på at kun seks av desse er å rekne som faste bandmedlemmer.
Den nyankomne Betty Marie Barnes triv mikrofonen straks, og syng forførande og smått fortvila om eit lite problem; «I don’t know what’s come over me since you stole my heart». Og tonane er til tider skummelt like dei Sam Cooke bygde opp sin Wonderful World rundt. Men åpningssporet er slett ikkje åleine om å hente inspirasjon frå soulmusikken sin gullalder. Ramma inn i både fiolintonar og trompetlyd er Until the World Stops Spinning ein svært så catchy soulpop sak. Keep Walking er nesten som eit møte mellom Beach Boys og Four Tops. Medan All Over Town har noko Spectorsk, i tydinga Ronettes, over seg.
Det vekslar mellom kvinneleg og mannleg vokal. I tillegg til nemnte Betty Marie Barnes, trer Fred Thomas og Elliott Bergman også fram for å synge. Etterkvart som albumet skrid fram dukkar det også opp andre ting enn desse soulinfluerte sakene. The Girl’s Distracted er ein litt underlig melodisk slektning av Jonathan Richman sin The Neighbours. When the Party Ends har visse episke kvalitetar, der den, bygd rundt ein akustisk gitar og Fred Thomas sin vokal, vekslar den mellom varlege og meir støytilførte parti. Lift Me Up er pop med hooks, orgeldriv, og, til felles med fleire andre spor, ein vital bruk av tamburin. Medan We Can’t Work It Out og When You Go to New York er forma over ein meir nennsom og kammerpop-aktig struktur, ikkje heilt fjern frå Belle & Sebastian sitt univers.
Ein melodifin og sjarmerande poplabyrint, trur eg vi konkluderer med.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2004)
Å oppleve fargedansen på glasmaleria i Sainte Chapelle-katedralen ein solskinsdag i Paris skal visst være ei fargesprakande og fager oppleving. Like rik på fargar er nok ikkje tonedansen til Chicago-duoen som har tatt namnet sitt etter den gotiske katedralen. Ekspedisjonen dei legg ut på her på sin første full-lengdar er av meir dunklare karakter. Sjølv om den aldri er i nærleiken av å nærme seg redslene og uhyggen som gjekk føre seg i katedralen under den franske revolusjonen, då den var omgjort til fengsel for folk som skulle i giljotinen.
Forholdet mellom salig forlystelse og salig religiøsitet er blitt behandla ein del gonger i musikalsk samanheng. Særlig innanfor den afro-amerikanske musikk-kulturen blir tilhøvet mellom desse tilstandane helde varm. Og hos sangarar som Al Green, Sam Cooke, Aretha Franklin og Solomon Burke er ikkje spranget frå religiøse ytringar til det å skildre kroppsleg begjær stort. Litt mindre vanleg er det at desse tilstandane går i pasjonert tospann hos kvite musikarar innan rocketradisjonen. Og når det først blir gjort er det nok som regel i ein meir reservert fasong.
For 20 år sidan var Kimberley Rew den vesentligaste bylgja i Katrina & the Waves. Kven av oss som opplevde 80-talet har ikkje sunge med til låtar som Que Te Quiero, Going Down to Liverpool og Walking On Sunshine? Alle er dei komponert av Kimberley Rew. Eit drøyt tiår etter sin glansperiode gjekk bandet til topps i Melodi Grand Prix med Kimberley Rews Love Shine a Light, utan at det kanskje auka mannen sin kredibilitet. Kredibilitet så det held har derimot det første bandet Rew vann åtgaum ihop med. Hans ringande og glødande gitartonar spelte ei viktig rolle i det fabelaktige Robyn Hitchcock-leia garasje/ folkpsykedelia/ powerpop-bandet The Soft Boys. Deira andrealbum Underwater Moonlight frå 1980 er ein rock-klassikar god som nokon, og ei viktig inspirasjonskjelde for amerikanske band som R.E.M, Rain Parade, Dream Syndicate og The Replacements.
Ekteparet Hannah og Alex Elton-Wall er frontfigurane i The Redlands Palomino Co., eit countryrock-band med base i London. Ein by som på ingen måte gror over av den slags akter. Og med bakgrunn i korleis dette lyde kunne bandet vel så godt komme ifrå North Carolina. Slett ikkje verken spesielt heimlandstufta, originalt eller hipt altså. Kun fundert rundt gode låtar. Men det er vel, når alt kjem til alt, ikkje så heilt håplaust det heller. Underteikna ser i alle fall ingen grunn til å avskrive bandet på slike premissar.
OK, det finst ein raud tråd her, det gjer det. Kanskje fleire, men i alle fall ein. Stikkordet er San Francisco. Firemannsbanden The Red Thread har sitt opphav frå denne vestkystbyen. Det har også det noko meir namngjetne bandet American Music Club. Og det er ikkje fritt for at tonane til The Red Thread minnar litt om ein del av Mark Eitzel og hans kumpanar sine utspel. Vi følgjer tråden litt til. AMC sitt siste album ber tittelen San Francisco. Slenger vi på eit Days til slutt i den tittelen får vi namnet på ei plate av Chris Isaak. Det er heller ikkje fritt for at The Read Thread har sine tangentar opp mot denne elegante melankolikaren frå California, sjølv om dei kanskje ikkje er så veldig tydelige.
Eit heilt album der steel gitaren står i sentrum. Du trur kanskje slikt blir kjedelig? Ikkje når Jon Rauhouse frå Phoenix, Arizona styrer showet, ser du. Når han i tillegg har henta med seg mange av kollegaene sine på Bloodshot records, samt nokre eksentriske typar til frå Arizona, ligg jo forholdene brukbart til rette for ein rodeo-oppvisning der ein både vil fornemme lukta av svidd kjøtt, og få ein dose sandsmak i munnen.
Eit tåkelagt Montreal ein grå seinsommardag. Ut av disen kjem ein lyd. Ein langsom og tålsam lyd. Men høyrer vi godt etter finst her nyansar og rikdom i lyden. Det er Quinimine idet dei gjer seg klar til å fargeleggje den første haustdagen. Varleg og vakkert. Fargesettet heiter Beauty Pills. Pillene er klimprande og stadig meir dirrande gitartonar, og det er ei herre- og damestemme i dempa men intens samsang. Dei syng om olje, våpen, pengar som skiftar eigar, i ein kynisk og kaotisk menneskeskapt verden, som langsomt tar pusten frå oss;
Den tidlegare frontfiguren i det fine rockebandet Grant Lee Buffalo er for tredje gong på banen med eit soloalbum. For underteikna vil Grant Lee Buffalo sin debut Fuzzy (1993) bli ståande som ein av det tidlege nitti-talet sine mest utsøkte opplevingar. Folkrock i eit stort bilde. Eit Waterboys frå den amerikanske prærien, med frontfigur Grant-Lee Phillips si sterke røyst som viktigaste bidragsytar. I mine øyrer klarte imidlertid aldri bandet heilt å følge opp denne debuten. Dynamikken, leiken og spenningen vart ikkje fullt så godt haldt i hevd på dei tre neste utgjevingane. Det er eit problem som og ser ut til å vare ved i mannen sin solokarriere. I alle fall er dette mitt ankepunktet i forhold til Virginia Creeper. Den har ingen direkte svake låtar, men spensten og variasjonen i melodiføring og arrangement blir oftare enn eg likar for liten til at det blir den store opplevinga eg hadde håpa på.
Det går absolutt an å seie fine ting om Britta Phillips og Dean Wareham si første plate som duo. Men å flytte det meste her opp på Lee Hazlewood og Nancy Sinatra nivå, slik eg ser presseskrivet prøver seg på, blir kanskje litt vel drøyt. Det blir også litt feil i forhold til at det kun er dei to første spora som er regelrette sang-duettar. På resten av plata byttar Dean og Britta på rolla som berande vokalist, medan den andre trekker seg i bakgrunnen og hjelper til med litt «anonym» kor-innsats. Duett-sang av den fine sorten får vi imidlertid oppleve når åpningsporet Night Nurse presenterar seg i strykarsterk og lysten Some Velvet Morning-liknande drakt (jadå, Lee og Nancy koblinga er ikkje heilt fjern akkurat her). Det neste sporet, den maskintromme-drevne poplåta Ginger Snaps, kan og vise til driftig duettering. Men når Dean overtar mikrofonen åleine i ei lett smygande utgåve av Madonna-låta I Deserve It (frå Music), er han atskilleg nærmare sitt gamle Luna enn vokal-duettantar frå 60-talet.