Langt namn, store ambisjonar. Friskt, flott og levedyktig utfall.
I klassen for litt for lange namn, men likevel greie å huske, vil nok dette Michigan-bandet kunne gjere seg godt gjeldande. Men det er ikkje berre i den klassen Saturday Looks Good To Me (heretter SLGTM) skulle kunne hevde seg. For tek ein seg tid til å bli kjent med Every Night skulle det vere lite i vegen for å kunne konkludere med eit hurra eller to. Albumet byr nemlig på eit monaleg antall kvalifiserte låtar i eit melodifint og fengslande poplandskap. Eit landskap som liknar veldig på popverda slik ho arta seg på 60-talet. Frå Motown via Phil Spector, Brian Wilson og til Don McLean. Pluss så på med den direkte naivismen til Jonathan Richman, samt nokre dosar kammer-pop, og vi byrjar å nærme oss lyden av SLGTM.
Bandet vart starta på tampen av det forrige årtusen av låtskrivar, sangar og multi-instrumentalist Fred Thomas. Årets album er det femte i rekkja (herav eit par som er gjevne ut i svært begrensa opplag). Der det forrige albumet All Summer Songs stort sett var ein lo-fi og litt oppfuzza innfallsvinkel til popmusikk i Brian Wilson sine regionar, er Every Night noko litt meir og noko litt anna. Dei Brian Wilsonske popambisjonane er stadig tilstades, men uttrykket er litt meir velordna og gjennomført denne gongen. Noko som er med på å bringe bandet fram i ei meir «ferdig» drakt.
I god Wilsonsk ånd velger Thomas og hans kumpanar aldri den aller mest opplagte vegen. Låtoppbygginga er ofte av det lett intrikate slaget. Noko som er heilt greit så lenge avstikkarane og saltoane deires fører til eit såpass friskt og slitesterkt resultat som Every Night har blitt. Til tider kan kanskje lydbildet virke litt vinglete og desorientert. Men dette viser seg også veldig ofte å være smarte ledd i snodige dynamiske utfordringar.
Det er eit rikt antall instrument i bruk. I tillegg til dei heilt pop-vanlige (gitar, bass, tromme, piano, orgel, perc) dukkar det opp klokkespel, saksofon, klarinett, trekkspel, cello, vibrafon, lap steel og harpe. Tilsaman er det nærare tjue namn nemnt i krediteringslista på coveret, men ut frå bilda inni coveret kan det tyde på at kun seks av desse er å rekne som faste bandmedlemmer.
Den nyankomne Betty Marie Barnes triv mikrofonen straks, og syng forførande og smått fortvila om eit lite problem; «I don’t know what’s come over me since you stole my heart». Og tonane er til tider skummelt like dei Sam Cooke bygde opp sin Wonderful World rundt. Men åpningssporet er slett ikkje åleine om å hente inspirasjon frå soulmusikken sin gullalder. Ramma inn i både fiolintonar og trompetlyd er Until the World Stops Spinning ein svært så catchy soulpop sak. Keep Walking er nesten som eit møte mellom Beach Boys og Four Tops. Medan All Over Town har noko Spectorsk, i tydinga Ronettes, over seg.
Det vekslar mellom kvinneleg og mannleg vokal. I tillegg til nemnte Betty Marie Barnes, trer Fred Thomas og Elliott Bergman også fram for å synge. Etterkvart som albumet skrid fram dukkar det også opp andre ting enn desse soulinfluerte sakene. The Girl’s Distracted er ein litt underlig melodisk slektning av Jonathan Richman sin The Neighbours. When the Party Ends har visse episke kvalitetar, der den, bygd rundt ein akustisk gitar og Fred Thomas sin vokal, vekslar den mellom varlege og meir støytilførte parti. Lift Me Up er pop med hooks, orgeldriv, og, til felles med fleire andre spor, ein vital bruk av tamburin. Medan We Can’t Work It Out og When You Go to New York er forma over ein meir nennsom og kammerpop-aktig struktur, ikkje heilt fjern frå Belle & Sebastian sitt univers.
Ein melodifin og sjarmerande poplabyrint, trur eg vi konkluderer med.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2004)