Bedagelige tonar i eit noko fargelaust pop og rock landskap.
OK, det finst ein raud tråd her, det gjer det. Kanskje fleire, men i alle fall ein. Stikkordet er San Francisco. Firemannsbanden The Red Thread har sitt opphav frå denne vestkystbyen. Det har også det noko meir namngjetne bandet American Music Club. Og det er ikkje fritt for at tonane til The Red Thread minnar litt om ein del av Mark Eitzel og hans kumpanar sine utspel. Vi følgjer tråden litt til. AMC sitt siste album ber tittelen San Francisco. Slenger vi på eit Days til slutt i den tittelen får vi namnet på ei plate av Chris Isaak. Det er heller ikkje fritt for at The Read Thread har sine tangentar opp mot denne elegante melankolikaren frå California, sjølv om dei kanskje ikkje er så veldig tydelige.
I front for opplegget står låtskrivar, sangar og strengetraktør Jason Lakis, med ei fortid i det ikkje alt for vidgjetne bandet Half Film. Tension Pins er The Red Thread si andre plate. På programmet står det bedagelig pop og rock, med fleire anslag i retning folk- og country-sfærer. Dei førti minuttane dette tek putrar og boblar det stort sett forsiktig. Brygget står aldri i fare for verken å koke over eller å svi seg fast. Det er elegant og trygt utført og kvartetten bringer det heile sikkert i hamn utan at nokon som helst usmak oppstår. Likevel er eg ikkje heilt nøgd. Litt fleire sjansar, litt høgare temperatur, men kanskje aller mest litt meir variasjon i smakstilsetjingane ville nok ført til ei meir spennande oppleving enn Tension Pins sin kanskje litt vel trygge kvardags-smak.
Låtane tassar avgårde i eit tempo og i ei drakt der det kan være vanskelig å skille dei frå kvarandre. Alle med sin svake farge av dunkelt blått, og ganske så ulastelig preparert. Nå er det likevel eindel små detaljar som sprett fram og ber om litt ekstra åtgaum. New Watch er tilført fine små gitarutflukter, nærast i eit Calexico landskap. Det samme er faktisk også The Dinner Party og Counting Stitches blitt utsatt for. Absolutt spenstige forsøk. Og dei lett berusa tonane frå ulike strengekjelder i instrumentalen Postcards bringer på banen ein velkommen westernfeeling. Ellers har innleiande The Getaway eindel vakkert vemod i både ord og tonar. Men aller best temperert er nok det avsluttande tittelkuttet, både melodisk tiltalande og dynamisk avvikla; frå lengtande gitarklynk til meir høglytt driv.
For å avslutte der eg begynte. The Red Thread søker nok rundt i samme tonelandskap som AMC. Men sjølv om albumtittelen prøver å antyde noko anna, så har dei nok til gode å lokalisere spenninga som Eitzel fant der, for den touchar dei kun unntaksvis.
4/10
Først publisert på Groove.no (i 2004)