Tag Archives: The Redlands Palomino Co.

The Redlands Palomino Co. – Take Me Home

Standard

Eit litt dovent forsøk på å fylgje opp ein fin debut.

3

cover

By the Time You Hear This… We’ll Be Gone stod det å lese på London-bandet Redlands Palomino Company sitt debutalbum for drygt to år sidan. Underteikna avslutta sin omtale av den plate med eit håp om at det ikkje måtte vere heilt hald i den kunngjeringa. Håpet mitt er gått i oppfylling. For her er dei igjen. Men jublar eg?

Nei, eg gjer ikkje det, gitt.

Akkurat som sist gong har dei tatt turen til americana. Men dei malar eit fyldigare sonisk bilde denne gongen. Det er ikkje eit betre bilde. Det er eit meir satt bilde. Eit bilde som slørar til personlegdomen.

Under sitt americana-besøk har dei sannsynlegvis spankulert og svetta langs dei same gatene, og frekventert dei same barane i Whiskeytown som Ryan Adams i si nittitals-tid herja rundt i. Dei har funne ei verd av smerte langs ruter der både Drive-By Truckers og Son Volt har vore. Dei har tatt turen Over the Rhine og møtt på 10 000 Maniacs. Og dei har prøvd å finne ånda frå Joshua Tree. Dei hadde eit visst tak i den sist, men no held det på å glippa.

Det er ekteparet Hannah og Alex Elton-Wall som er frontfigurane i bandet. Dei deler på låtskrivinga og synginga, og spelar begge gitar. Ho har ei krystallklar og fin røyst, hans er av det meir rufsete slaget. Hennar låtar hellar litt meir mot folk og pop, men har absolutt ein tydelig countrytwang i seg. Hans låtar har oftast eit meir skranglete preg. Slik var det vel sist også. Då var fleirtalet av låtane gode. No er det berre eit mindretal som er gode.

Dei to er som sagt gift, lukkeleg får ein håpe. I tilfelle blir ikkje dette avspegla i songane dei skriv. Tematikken krinsar stort sett rundt det trøblete kjærleikslivet. Einsemd, sakn, sjalusi, svik og slike ting. «I’ve got that sinking feeling coming over me», «I’m sitting here my love, with a beer and an empty feeling», «just spare my broken heart the lies», og slike ting.

«You got married in the summer ten years too soon» lyde opningslinja. Ein desillusjonert ektemann sit helst og stirer i taket, eller på jentene i byens barar. Wasted On You syng Hannah og Alex i lag. Låta kunne vore henta rett frå Whiskeytown sitt Pneumonia album. Den er dugande nok. Og blir avslutta med eit ikkje heilt ueffent råd idet dei ber fyren om å «go home and ask her to dance».

Ein annan dugande låt er Friend In the Dark, som gyngar seg fram på linjer eg meinar å ha høyrt før, men som eg like fullt synst om å høyre nok ein gong. Ein tredje eg finn ei viss meining i er Please Come Running med sitt friske sing-a-long refreng.

Men det er berre ei låt som set skikkelig merke etter seg. Det er Harbour Lights. Ein vakker ballade om svik, og fortvilinga som fylgjer. Den er Hannah sin. Låta sin kvinnelige hovudperson kjenner nok at tungsinnet overmannar henne, men tonane som skildra dette overmannar aldri. Dei er nennsame, luftige, enkle og har eit par subtile løysingar, som til dømes nokre vemodstunge trekkspeltonar.

Harbour Lights er ikkje representativ. Dei representative er vel helst dei flate og dei fargelause. Dessverre.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

The Redlands Palomino Co. – By the Time You Hear This… We’ll Be Gone

Standard

Countryrock-gjeng frå London, med mange fine låtar på programmet.

cover  Ekteparet Hannah og Alex Elton-Wall er frontfigurane i The Redlands Palomino Co., eit countryrock-band med base i London. Ein by som på ingen måte gror over av den slags akter. Og med bakgrunn i korleis dette lyde kunne bandet vel så godt komme ifrå North Carolina. Slett ikkje verken spesielt heimlandstufta, originalt eller hipt altså. Kun fundert rundt gode låtar. Men det er vel, når alt kjem til alt, ikkje så heilt håplaust det heller. Underteikna ser i alle fall ingen grunn til å avskrive bandet på slike premissar.

Vel, egentlig er det der North Carolina-utsagnet nokså tåpelig. For kva er gale med å spele countryrock sjølv om ein lever i sjølvaste hippaste London. Det er vel ikkje så mykje verre enn å spele andre musikkformer frå USA, slike som jazz, blues og rock’n’roll. Faktisk er det vel slik at countrymusikken har fleire røter tilbake til Europa enn nokon av desse sjangerane. Så derfor trur eg vi glatt berre godtar at The Redlands Palomino Co. twang-infiserer tonane sine, sjølv om bandmedlemmene sannsynlegvis er betre kjent i King’s Cross og Notting Hill enn i sumpane i Louisiana og bakgatene i Tulsa.

Hannah og Alex vart introdusert for kvar andre på ein bar i Portsmouth. Alex var då allereie ein fan av Gram Parsons, Neil Young og alle desse amerikanarane som blandar country i rockebrygget sitt (eller omvendt). Hannah var, som ho syng i bonuskuttet på plata, «a fan of Joni Mitchell and not a friend of Gram». Ho hadde aldri merka seg verken Gram Parsons, Gene Clark eller Hank Williams. Og Roger McGuinn hadde ho for første gong høyrt om då ho varma opp for han på ein konsert nokre månader tidlegare. Så meldinga ho fekk frå Alex då dei byrja å samarbeide var; «you’re gonna have to country it up». Og det har ho gjort.

Dei to har delt sånn cirka 50/50 på låtskrivinga og vokaljobben. Hannah sine låtar turnerer stort sett rundt i eit nennsomt country/folk landskap, medan Alex sine ofte har eit meir rufsete preg. Stemmene deires har også noko ulik karakter, Hannah si er grasiøs i Natalie Merchant (10 000 Maniacs) lende, medan Alex si er grov og hes i Patterson Hood (Drive-by Truckers) lende. Vekslinga mellom desse to sine bidrag er med på å gje plata eit variert uttrykk, samstundes som den absolutt heng fint i hop.

Men Redlands Palomino er ingen duo. Dei er ein kvintett, og særlig viktig for lydbildet er steel gitaren til David Rothon. Ei lydkjelde som flyt inn og ut av bildet, men heile tida som eit friskt tilskot. Enten den dansar rundt blant Skynyrd-liknande rocketakter i Temptation, eller smyg seg innimellom countryfagre Lucinda Williams-slekta tonar i Cold and Blue.

Som nemnt har Redlands Palomino ingen einsarta stil, men hovedtyngda i uttrykket deires ligg endå nærare Gram Parsons/The Byrds trakter enn kva kontemporære artistar som Richmond Fontaine, The Sadies og London naboane i The Vessels gjer. Det være seg både når Hannah leiar an i kjærleiksattesten Get On the Train eller i den innleiande oppbruddsvisa Music’s On. Eller når Alex er i det empatiske hjørnet i If You’re Down. Men kanskje aller mest når dei saman syng om anger, nye sjansar og håp i Make Tonight Last. Ved eit par tilfelle (Losing You og Pony Song) kan det nok bli litt tafatt og fargelaust. Og litt vel djupt inn i klisjeane fell dei i den tungt trakkande Doin» It For the Country; «Got to go back to this crazy life of cigarettes, women and beer». Sjølv om nett denne låta også står fram som ei plausibel hylling til bandet sine inspirasjonskjelder. Medan This One’s for the Heartache byr på friske taktar og vital melankoli. Det gjer jo heller ingen ting at låta får meg til å tenke på det fine, men dessverre altfor neglisjerte Minneapolis-bandet Gear Daddies.

Jodå, Redlands Palomino Co. har avgjort ein god del å by på. Så får vi berre håpe at platetittelen sin pessimistiske spådom ikkje slår til.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)