Monthly Archives: oktober 2013

Poormans Hollywood – Rabbit EP pt 1

Standard

Der Blue Boulevard møter Thunder Road. Tradisjonell og velprøvd rock frå debuterande Oslo-basert band.

cover  Ganske langt unna Hollywoodsk glamour, staffasje og forfina tonar gjer denne Oslo-kvintetten sin variant over konvensjonell amerikansk rock’n’roll. Kall det Americana, kall det Heartland, kall det roots rock; tradisjonelt og velprøvd er det i alle fall.

Rabbit EP er Poormans Hollywood sitt første framstøt i innspelt format, og inneheld fem låtar som stort sett opererer i trygge omgjevnader. Slik åpningssporet Light of the Moon er ein god eksponent for; Bob Seger møter Bruce Springsteen («nothing is moving except my engines»), melodiøst med tæl, og eit innlagt Born to Run-break. Veteranen Lasse Hafreager er blant medlemmene i bandet, og orgelet hans er veldig tilstades på det meste her. Låtskrivar, og vokalist av solid klasse, er Thomas Larsen. På gitar figurerer Kjetil Moslåtten (med ein far som har gjort både Birgjit Lien og krasafarne steinbuer kjent her i landet). Saman med den sedvanlige rytmeseksjonen fell dei dessverre av og til for freistinga å pøse på med for mykje lyd på ein gong. Dermed blir dynamikken og nerva i nokre av låtane litt skadelidande. Coming Home er ein av låtane som lir under dette. Tittelsporet har også nokre av dei samme problema, sjølv om Thomas Larsen si kraftfulle stemme innimellom kjem til sin rett her. To Said Lover derimot er Steve Earle-aktige tonar i samspel med pumpeorgel og beherska innspel frå resten av gjengen. Plata sin beste låt i eit luftig og tiltalande arrangement, nydelig. Dette området bør dei søke meir rundt i.

Når dei så i Streets avsluttar med noko som lett går an å innbille seg er Dave Alvin og Chuck Prophet i heftig driv nedover ei bakgate, «Just like gettin» high», er Poormans Hollywood veldig lett å like. Så neste gang når eigenarta sannsynlegvis kjem litt meir til syne, og arrangementa blir endå litt meir gjennomtenkte (gjennomsiktige) ser eg ikkje bortifrå at vi kanskje har ein liten godbit i vente.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Pernice Brothers – Yours, Mine and Ours

Standard

Lutrande pop-melankoli som er «as lonely as the Irish Sea and as willing as the sand», eller noko slikt.

cover  Joe Pernice gjorde seg første gang bemerka på midten av 90-talet saman med alt-country laget Scud Mountain Boys. Etter at han tok turen ned frå det fjellet og danna Pernice Brothers, er uttrykket blitt meir pop- og rockorientert. Men den melankolske sinnstilstanden og outsider-rolla er stadig dominerande faktorar i musikken.

På sine to første utgjevingar nytta Pernice Brothers seg ofte av strykarar som ein av dimensjonane i lydbildet. Dette har dei forlatt på denne sin tredje plate, slik at Yours, Mine & Ours framstår som eit meir reindyrka gitardrevet prosjekt. Det som imidlertid ikkje har forandra seg er Joe Pernice sine evner til å trylle fram medrivande poptonar. Lett gjenkjennelig er også hans honningdraperte og suverene røyst, som i fleire enn ein samanheng har sine klare likhetstrekk med Morrissey sitt vemodige toneleie.

Nå er det meir enn likskapen med den nevnte Smiths-vokalisten som gjer at ein kan hefte fleire låtar her opp mot britisk 80-tals pop og rock. Dei tydeligaste i så måte er One Foot in the Grave og Sometimes I Remember, der ein i tillegg til sutre-rockarane frå Manchester også kan finne spor av The Cure, samstundes som alt er gjort med ei New Ordersk framdrift. Slett ikkje ueffent.

Om Joe og gjengen har lånt øyra til norsk musikk, er vel kanskje meir tvilsomt. Uansett fører eit par låtar her tankane mine i retning av nokre norske band. Det friske åpningssporet The Weakest Shade of Blue med sine hooks og flotte harmoniar er slett ikkje ulikt noko The Margarets kunne funne på. Medan deler av den stødige og stemningsfulle Waiting For the Universe får meg av ein eller annan grunn til å tenke på 80-tals bandet Matchstick Sun. Strengt tatt er det vel ikkje så rart, då desse banda har henta atskillig med inspirasjon frå mange av dei samme kjeldene som Pernice Brothers, les: Brian Wilson, The Byrds, The Beatles…

Som vanlig frå Joe Pernice si side er det lite med høg-optimisme og strålande solskinnshistoriar å spore. Mannen har nok heller ein sterk hang til å la sine tonesatte betraktningar dvele ved livets meir tungsindige og problemfylte sider. Noko han til tider gjer så vel lyrisk vakkert som bitande effektivt.

Den nydelige Water Ban er ein slik pop-lyrisk triumf, der det mellom anna blir brukt tørke og vannforbud som metaforer for eit skakkøyrd kjærlighetsforhold. Medan den meir forstyrra Baby In Two besøker det mørkaste rommet i kjellaren til Crowded House, der det som ein slags siste utveg refereres til den kjente Salomonske dommen; «I’d be the King if I could say to you, Cut the baby in two». Avslutningsvis i albumets kanskje beste og rikast fasetterte låt, Number Two, blir vi så presentert for det mest bitande og bitre tilfellet, der ein hevnlysten person fører ordet i ein temmelig uforsonlig tone, og har eit sterkt ynskje om at «this letter finds you crying/It would feel so good to see you cry».
Alt formidla med Joe Pernice si ganske så humane stemme, var det nokon som antyda «ulv i fåreklær»?

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Pedal Steel Transmission – The Angel of the Squared Circle

Standard

Ein stilblandande og frigjerande trip inn i den musikalske saligheita.

cover  Er du redd for steel gitarar, høyrest dette bandnavnet sikkert skummelt ut. Men det er ingen grunn til å skygge unna, for Pedal Steel Transmission leverer ein time rockbasert musikk som bør røre ved sjela til langt fleire enn steel gitar interesserte. Ja, når sant skal seiast er det nok atskillig meir å hente her for tilhengarar av frigjort rock’n’roll enn for dogmatiske country-entusiastar. På programmet står nemlig ein saliggjerande mikstur av det meste ein kan tenke seg frå countryrock via psykedelia og progrock til postrock. Og heilt utan at det virkar forvirrande, kun stimulerande.

The Angel of the Squared Circle er denne Chicago-kvartetten sitt tredje album. Og likeins dei to forrige er det i høgaste grad ein uavhengig utgjeving vi har med å gjere. Labelen plata kjem ut på, Cardboard Sangria, er det nemlig bandet sine to frontfigurar Gary Pyskacek og Dan Schneider som i stor grad styrer med.

Pedal Steel Transmission (PST) støttar seg for det meste til organiske kjelder som gitar (elektrisk, akustisk og sjølvsagt pedal steel), piano, bass og tromme, men får og litt assistanse frå meir syntetiske dingsar. Med hjelp av desse redskapene piskar bandet i hop eit av haustens aller mest innbydande rock’n’roll brygg, der ein kan kjenne smaken av alt frå Love og Flying Burrito Brothers til nyare akter som Mercury Rev, Built to Spill og Wilco. Men når det er sagt; blandingen PST serverer er aller mest noko heilt for seg sjølv. Låtane dei presenterer er kun unntaksvis innehavarar av eit stabilt mønster, ja mest kan ein sjå på dei som soniske kaleidoskopiske foretak, der stadig nye fargar og teksturar blir slengt fram for nyting og innvortes stell.

Den første frigjorte affæren vi møter på er ni minuttar lange Waiting. Her blir vi invitert med på eit opplegg som bringer oss frå taktfulle klassiske gitarfigurar over i ørkentango frå samme tonelandskap som deLillos sin Hjernen Er Alene, det er dystert og det er goldt, med ein intens vokal som sjonglerer mellom det lågmælte og det langt meir brutale. Tangoen blir etterkvart gradvis avløyst av eit viltert og uforedla gitarløp som fører låta på ustøe bein mot ei vaklevoren havn. Når bruset av stormen legg seg dukkar så den vakre countryfolk-saken Amy fram, ei fortvila bøn frå ein vraka mann. Litt meir elektrisk blir det i Maritime Glare, men fortsatt er vi i folkrock-sfærer, og fortsatt er det ein ulykkelig mann som fører ordet. Det er i det heile mange motiver henta frå einsame nattetimar der plaga sjeler kjempar ein opprivande kamp mot traurige og destruktive tankar. Eller som det lyder i Breaking Windows Everywhere; «Bleeding night, dayless sight, crying sun, broken love», i ei låt som verkelig kjærteiknar uimotståelige melodilinjer.

Med spor som I Save the Last Highstyle For You og Silent Like Hands viser PST for alvor korleis dei kan kaste låtane sine uti eit virvar av sceneskift og taktomslag men samstundes få ting til å henge uklanderlig saman. The Angel of the Squared Circle når sitt endelige klimaks med Baionette, ein sak som går ut i countryrock-fasong, men som endar som eit frådande blues-åtak med sylskarpe gitarar, skrik og skrål; «It makes you wanna cry, It makes you wanna bleed, It makes you wanna love, love, love…» Nemlig.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Patrick Park – Under the Unminding Skies EP

Standard

Hovedpersonen her presenterer seg som ein relativt tradisjonell traktør av popbasert country og folk.

cover  Med ein EP beståande av seks låtar, derav fire eigenkomponerte, presenterer Patrick Park seg som ein relativt tradisjonell traktør av popinfisert country og folk.

Patrick Park levde sine barne- og tidlegaste ungdomsår i utkanten av Denver, Colorado. Med ei mor som gav ut diktsamlingar og ein far som beskjeftiga seg med folk og blues, bestemte unge Patrick seg tidleg for kva han ville drive med. Etter å ha spelt nokre år i ulike lokale punkband, flytta han i 1999 til Los Angeles. Her fordreiv han tida med ulike strøjobbar og utstrakt låtskriving. Litt demo-innspelingar, og kassettkopiar til medhjelparar og kjenningar blei det og. Men det var når han traff på produsenten Dave Trumfio (Wilco, The Handsome Family, The Mekons) og denne fatta interesse, at Patrick for alvor kom i gang med artist karrieren.

Under the Unminding Skies tek av med litt frodig melankolia i åpningssporet Love Is a Bomb. Etter den noko ordinære visa Nothing’s Wrong, kjem høgdepunktet med innbitte Untitled, ein sang som vekslar mellom forsiktig mimring og giftige utbrudd. Medan Home For Now er folkpop som kan minne litt om The Proclaimers (utan skotsk aksent). Coverlåtane er ein nedtona og litt for sukkerbelagt versjon av Zombies Caroline Goodbye, samt ein countryblues utgave av den gamle Carter Family klassikaren Will the Circle Be Unbroken.

Patrick Park slår ikkje ut i full blomst denne gongen, men så er jo dette kun apperitiffen også då. Hovedretten, i form av eit full-lengds album (der ingen av låtane frå denne EPen er representert), er allerede ferdiglaga og ligg klar for servering. Eg ser slett ikkje bort frå at den kan være rett så velsmakande.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Over The Rhine – Ohio

Standard

Skånsom mentalhygiene i eit dust americana landskap.

cover

Himmel og helvete. To motstridande dimensjonar det har blitt sunge mang ein sang om. Vi kjenner godt dei tilsynelatande overbeviste, enten dei kallar seg kristne eller for den saks skyld satanistar, fascinerande ord og tonar har dei sjeldan på programmet. Nei, då er det langt meir å hente hos tvilarane, dei som i det eine øyeblikk tilber, i neste spottar, dei syndar og dei angrar, jublar og fortvilar. Frå dette hjørnet dukkar det rett som det er opp blendande førestellingar i ulike musikalske drakter. Lista er lang, men Little Richard, Al Green, Solomon Burke, Johnny Cash, Bob Dylan, T-Bone Burnett, Maria McKee er nokre av navna som har levert både lovprisande hymner og hatsk blues herifrå.

Duoen Karin Bergquist og Linford Detweiler har her på sin tiende utgjeving under signaturen Over the Rhine, også sin forsyning med utfall og innfall henta frå det åndelige hjørnet. Og då snakkar vi sjølvsagt om det ambivalente hjørnet til Cash og hans frendar. I den uimotståelige og langsomt huskande honkytonk-affæren Jesus In New Orleans fortel den Bloody Mary-drikkande hovedpersonen om eit barbesøk der denne mykje hylla fyren dukkar opp. Om det er lett animerte fantasier eller sterk tru som ligg bak er egentlig underordna. For her er det først og fremst kjærleik i møte med eigen avmakt som blir illustrert; «He’s still my favorite loser, falling for the entire human race». Den inderlige soul-balladen Changes Come er på si side eit fortvila rop og ei inderlig bøn til den samme Jesus om å komme for å «turn the world around» for «this ol» world’s too fucked up». Når så Karin blir åleine med pianoet i Remind Us stiller ho spørsmål med om ikkje Gud berre er noko vi brukar for å fremme vår eiga sak. Og som ein gøymt liten sang heilt til slutt dukkar Idea #21 (Not Too Long) opp, eit friskt gospelnummer om fred, forsoning og ein betre verden.

Over the Rhine er imidlertid mykje meir enn åndelige funderingar. Dei er eit skånsomt forpleiande orkester som også kretsar rundt temaer som sakn, lidenskap, overgrep og dagdraumar, der instrument som akustisk gitar, steel gitar, hammond orgel og ikkje minst piano får lov å være dei berande elementa i lydbildet. Ganske så dristig har dei valgt å tilby oss samtlige sangar frå innspelingane, og resultatet er eit 21 låtar og drøyt 90 minuttar langt dobbeltalbum. Det går nok an å finne nokre spor ein kunne levd forutan, men her er ikkje verre feilskjær enn at dobbeltalbumidéen er veldig lett å fordøye.

Eg nevnte Maria McKee lenger oppe i teksten, og det er fleire av spora på Ohio som bringer tankane mine i retning av denne dama sin strålande eigentitulerte solodebut frå 1989. I tillegg til at Karin Bergquist har ein viss stemmelikskap med McKee, er Over the Rhine sin blanding av soul, folk, country og pop ganske identisk med det som var Maria McKee sitt prosjekt for snart 15 år sidan. Slik går dei også i salige Gram Parsons sine fotspor og gjer sin variant av The Cosmic American Music. Ja faktisk har dei ein sang med samme tittel som ein av Parsons sine aller finaste øyeblikk, og Over the Rhine sin She gjer ikkje skam på tittelen. Den er ein nydelig ballade med eit popfikst refreng, som tar føre seg eit alvorlig tema; den voldelige mannen og hans offer. Useieleg vakker er også den lengtande countrysoul balladen Long Lost Brother. Medan religiøse ytringar av det ganske så raffinerte slaget får vi servert i den jazzige countrysaken Cruel and Pretty; «Meet me in the backstreets of heaven». Ja sannelig om det ikkje er nett der, i ei røykfullt kneipe, Over the Rhine kjem til å være eit fast innslag eingong. Eg trur faktisk eg godt kunne tenkt meg å være der eg og.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Beth Orton – Daybreaker

Standard

Det er eit mangfold av lydkjelder her, som sikkert er meint å skape eit atmosfærisk og spennande lydbilde, men……

4

cover

På Daybreaker sin booklet er det opplyst at CDen er karbonnøytral, og Beth Orton oppfordrar oss samtidig til å støtte kampanjar for å redde skogen. Det er neppe denne prisverdige omtanken som er årsaka, men tilfellet er i alle fall at Beth held til i ein sonisk skog på mykje av denne sin tredje plate. Det er eit mangfold av lydkjelder her, som sikkert er meint å skape eit atmosfærisk og spennande lydbilde, men produsent Victor van Vugt som tidlegare har gjort solide jobbar for blant andre Nick Cave og The Walkabouts, har i samarbeid med Ben Watt (Everything But the Girl) ikkje hatt ei så heldig hånd om Daybreaker.

Problemet er at klangane har ein tendens til å stå i vegen for kvarandre, og istaden for å skape temperament og spenning seg imellom bidrar dei til ei teppelegging. Noko som igjen fører til at på altfor mange av spora går Beth si stemme seg vekk i denne lydskogen. I tillegg er låtane for lange, dei fleste strekker seg mot både fem og seks minuttar. Resultatet blir at det ofte nærmar seg meiningslause lycollager (farlig nær New Age), og manglar evnen som god musikk bør ha, nemlig å kunne bite seg fast. Dette er trist, for Beth har ei vakker og følsom stemme som hadde fortjent betre.

Vel, eg har kanskje vore i overkant negativ, då det faktisk finst nokre unntak her. Nærmare bestemt tre sangar. For eit atskilleg enklare arrangement er benytta på den tiltalande Carmella, ein folkpop-låt i Joni Mitchell sitt landskap. Endå meir spartansk er Ryan Adams-komposisjonen This One’s Gonna Bruise, ei blå vise kledd i akustisk gitar og cello. Aller finast er God Song, ein forsiktig duvande folk-country sang, der Emmylou Harris bidreg med nydelig harmonivokal.

Forresten kan eg kanskje gje hederlig omtale til Concrete Sky, ein OK låt som har Ryan Adams med på vokal. Åpningskuttet Paris Train klarar også ei stund å påkalle interesse med luftige og dramatiske tonar, men blir for mektig etterkvart. Det verste tilfellet her er tittelkuttet der Chemical Brothers deltar, skuffande sidan Beth sine bidrag på «brødrene» sine plater har vore av det utsøkte slaget.

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Orbiter – Sparks On a String

Standard

Eit trip-pop band blandar elementer som spretne loops og elektroniske lydar inn i meir tradisjonell poprock.

cover  Som mange andre rockemusikarar frå Seattle på 90-talet spelte også Harris Thurmond (gitarist og vokalist i Orbiter) og Fiia McGann (vokal og keyboards) i band som blei plassert under den meir eller mindre misvisande grunge-kategorien. Band som Hammerbox og Goodness som på ingen måte oppnådde oppmerksomhet i Nirvana- eller Pearl Jam-klassen. Som Orbiter debuterte dei to i 2000 med ein mini-lp, med den treffande tittelen Mini LP. Nå er dei tilbake, og har i mellomtida utvida bandet med ytterligare tre medlemmer.

Fiia og Harris deler på vokaljobben og bidrar dermed til ytterligare variasjon på ei ellers ganske så mangfoldig popplate. Litt lettvint kan ein kalle Orbiter for eit trip-pop band, der dei blandar elementer som spretne loops og elektroniske lydar inn i den meir tradisjonelle pop/rock musikken. Ein kombinasjon som i Orbiter sitt tilfelle endar opp med eit velsmurt og sofistikert lydbilde. Imidlertid er det når dei er på sitt minst velsmurte at dei pirrer øyregangane mest. I energiske Translation og Con Gusto, der Harris Thurmond syng med slepen snert, gitaren gnistrar og groovet er fett og funky, nesten som ei poputgave av Primal Scream. Gnistrar gjer det også på Get You There, med gitarlicks type Keith Richards, og på platas aller beste spor den briljant slentrande Apple Tree. På disse to er det Fiia McGann som bidrar med sang, og det på eit frodig og sensuelt sett. I Fiia McGann har Orbiter ein fin sangar som ved neste korsvei kanskje bør bidra med vokal på litt fleire låtar (denne gangen syng ho på fire).

Av det øvrige innhaldet på plata er det dei to instrumentelle komposisjonane Happiness og den intrikat titulerte All I Want For Christmas Is Higher Seratonin Levels som kjem best ut av det, her tek dei i endå større grad i bruk elektroniske lydar, og tenderer mot ambient house i uttrykket (det var Orbiter, ikkje Orb?). Dei resterande spora blir i mine øyrer litt for anonyme og flate, utan at dei av den grunn er direkte svake.

Orbiter har kasta seg inn i runddansen og viser fram ei oppriktig speleglede, krydra med spreke innfall og mange sunne idear. Om dei ikkje har stoff nok i seg ennå til å være ein utsøkt hovedrett, så finn ein likevel nok her til å sette saman ein liten kulinarisk forrett.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Olivia Tremor Control – Music From the Unrealized Film Script, Dusk at Cubist Castle

Standard

Popmusikk frigjort frå gjengse normer, psykedelisk, gåtefullt og ganske så fantastisk.

8

cover

Det var ein gong fire unge gutar frå Louisiana som hadde ein felles kjærleik for musikk. Deires navn var Robert Schneider, Will Cullen Hart, Bill Doss og Jeff Mangum. Når high school-dagane var over blei dei inntil vidare spredd rundt på det amerikanske kontinentet. Men skjebnen og gløden for musikken førte dei saman igjen, og behovet for å dele tonane dei hadde i seg med andre meldte seg etterkvart. Slik gjekk det til at dei i 1993 starta sin eigen platelabel, dei kalla den Elephant 6.

Robert Schneider hadde funne nokre leikekameratar i Denver, som han starta bandet Apples In Stereo i hop med. Dei tre andre spelte saman i eit band kalla Synthetic Flying Machine. Omtrent samstundes med at dei døypte dette prosjektet om til Olivia Tremor Control forlet Jeff Mangum bandet for å konsentrere seg om sitt eige tiltak Neutral Milk Hotel. Desse tre konstellasjonane dannar grunnmuren i det som med tida veks frå ein liten platelabel til dagens talrike og innovative indie-pop kollektiv, fortsatt med navnet Elephant 6.

Olivia Tremor Control (no med base i Athens, Georgia), som dette skal handle om, debuterer i album-format (har prøvd seg med eit par EP utgjevingar før) i 1996, med den særdeles innhaldsrike og fyldige Dusk At Cubist Castle. Den er nær innpå 75 minuttar lang, så LP-utgåva er eit dobbeltalbum. Bandet er for øvrig no blitt til ein kvartett, i tillegg til nemnte Hart og Boss, består dei av John Fernandes og Eric Harris.

Lyden dei serverer har klare forgreiningar tilbake til den gang pop-musikken frika ut i psykedeliske fargar. Til siste halvdel av dei gyldne 60-åra, og til band som The Beatles, The Beach Boys, Love, Pink Floyd, Spirit og The Kinks. I tillegg blandar dei inn elementer av ambient lyd. Den første versjonen av albumet var sågar utstyrt med ein bonus-CD kalt Explanation II, som er rik på nett slike klangar (den kom i einslig utgåve 3 år seinare).

I desse dagar (februar 2004) blir denne debutplata, med den fullstendige tittelen Music From the Unrealized Filmscript, Dusk At Cubist Castle, gjenutgitt på Cloud Recordings. Det samme blir for øvrig også bandet sin andre plate Black Foliage: Animation Music frå 1999. Etter den utgjevinga har dei fire medlemmene vore opptatt med andre prosjekt, så om det nokon gong dukkar opp ei tredje plate frå Olivia Tremor Control er kanskje noko usikkert.

Dei ofte ganske så gåtefulle tekstane, dei originale og fargerike arrangementa, dei surrealistiske og sjølvlaga maleria som prydar innleggsfolderen, samt hentydningen til «Cubist» i tittelen gjer det også ganske naturlig å trekke parallellar til pensel-kunstnarar som Salvador Dali og Pablo Picasso. Det er nemlig noko med den totale frigjeringa frå normer og gjengse forståingar som gjer OTC til eit popband noko utanom det vanlige. For sjølv om grunntonen er kjente poptakter, er måten dei angrip dette på fargesprakande, innovativ og særdeles vital.

Hintet til eit urealisert film-manuskript i tittelen er også med på å gje assosiasjonar i retning fragmenterte bilder, kaotiske fantasiar og absurde scener henta frå ei livaktig drømmestund ved enden av regnbogen. Kanskje aller best levandegjort på 6 minuttar lange Holiday Surprise. Ein låt som har heile registeret frå spinkle poptonar til beinhard psykedelia. Og som sender lyttaren rundt i ringen, inn i tauene, bakom fargane, til ein ligg utslått tilbake og svevar tre centimeter over golvet medan 382 stjerner dansar kringom augene. Mønsteret for ein makelaus ferie i drømmeland. Men egentlig er det tettpakka med slike tilfeller her. Jumping Fences er i nærleiken av noko Big Star kunne gjort på si første plate. Define a Transparent Dream kunne fått plass på White Album (og gjort den plata endå betre). Medan Memories of Jaqueline 1906 er ein rå popdrøm angrepet av skeive tonar som tilslutt blir tatt kvelartak på; «planet disaster, no time for shelter». Midt innimellom dei sytten «ordinære» låtane, dukkar det opp ein suite i 10 satsar, med den underfundige tittelen Green Typewriters. Ein affære som flyttar seg frå grønn plen-pop og over i ganske ambiente landskap. Sats 8 er ein nesten 10 minuttar lang stilleståande, og dessverre temmelig kjedelig episode, som saman med eit par av dei kortare omliggande tilfella er med å svekkar inntrykket av dette nesten 25 minuttar lange opptrinnet. Men her er ellers så mykje kjekt og viltert og vakkert, og så mange storarta popdrømmar i tusenvis av fargar, at vi kan ikkje legge særlig vekt på eit lite feilskjær.

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Oh Susanna – Oh Susanna

Standard

Suzies twang fører oss via sørstatsrock til sjelfulle ballader.

cover  Oh Susanna er artistnavnet til canadiske (men USA-fødte) Suzie Ungerleider. Ei dame som på sine to første full-lengde CDar bevega seg frå å framføre gotiske, og til tider opprivande, balladar i country og folk-tradisjonen på debuten Johnstown (1999), til eit meir skånsomt melankolsk uttrykk på den forrige utgjevinga Sleepy Little Sailor (2001). Her på sin sjølvtitulerte tredje plate tek ho endå ein ny retning, denne gongen rettar ho blikket sørover og fyller opp albumet med stoff som har eit meir rocka driv, samt eit noko lysare skjær over tonane, sjølv om temaene fortsatt også omfattar både smertelige opplevingar og triste skjebner.

Kanskje er det hennes mangeårige fascinasjon overfor Rolling Stones som nå har inspirert henne til eit meir elektrisk lydbilde, sjølv om det på ingen måte er høyoktan rock’n’roll à la Exile On Main Street vi snakkar om. For fortsatt oppheld ho seg i tradisjonen etter Hank Williams og Gram Parsons. Men der ho før ofte kunne settast i bås med artistar som Gillian Welch og Iris DeMent, er det denne gang meir naturleg å trekke fram Neko Case, Maria McKee (slik ho framstod på sine to første soloplater) og The Jayhawks (anno Hollywood Town Hall og Tomorrow The Green Grass).

Nå er nok ikkje Oh Susanna ei plate som sett seg sånn med ein gong. Den kan etter dei første gjennomhøyringane faktisk virke både litt flat og begivenhetslaus, men dette er berre tilsynelatande, for gjev ein den nokre rundar til, trillar den eine fargerike perla etter den andre fram i dagen. Og ein står tilbake med eit album som kan spelast frå første til siste strofe, utan å føle behov for å skippe noko som helst (og det er vel ikkje kvardagskost?).

På åpningssporet Carrie Lee kan ein sanse litt The Band, men og innslag av sørstatsklang, noko som blir endå meir framtredande på dei etterfølgande Unknown Land og ikkje minst i den heftige Right By Your Side, der det rullar av gårde i beste Lynyrd Skynyrd-stil, i ein sang som omhandlar turnélivets forbannelsar; «Now I’m rollin» like a bitch on wheels across the great divide». Eit tema som og blir omsunget i den intense Little White Lies, der hovudpersonen er fanga i kynismen sitt lumske nett; «Too many nights on the road, you said, made you lose your heart where you lay your head».

Inspirert countrysoul er Mama, som handlar om ungjenta som ikkje kan akseptere at mora finn seg i å leve saman med ein voldelig mann. Meir soul med twang får vi servert i den nydelige kjærlighets-balladen The One, og i den blå The Fall, ein sakte dampande affære. Medan Billy er ein piano-drapert countryballade om vennen som møter sin undergang i selskap med heroinen.

Ho går heller ikkje av vegen for modige politiske standpunkt, som på den funky Cain Is Raising, der ho blant anna stiller midlane som blir brukt til kampen mot terrorisme opp mot slantane som tilkjem dei fattige; «They say this land has got its freedom, say this land has got its liberty, but for the few to have their kingdom, all the rest must live in poverty». Suzie har sjølv laga alle låtane her, så nær som ein gripande versjon av Bob Dylans I’ll Keep It With Mine, som plasserer seg trygt i eliteserien for Dylan-tolkningar.

Oh Susanna har med denne plata forært oss eit stykke Cosmic American Music som det verkelig har vore givande å tilbringe nokre regnfulle sommarkveldar i selskap med. Ei plate som kjem til å finne vegen inn i CD-spelaren fleire gonger, og selvfølgelig heilt uavhengig av årstidene.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

The New Pornographers – Electric Version

Standard

Ei fargesprakande kraftpopsalve, med smarte melodiar og praktfull harmonisang.

cover  Akkurat som tilfellet var med Mass Romantic (2000) tek også andre plata til The New Pornographers av som ein fargesprakande kraftpopsalve. Her for vi servert ein solid dose smarte melodiar, fikse vendingar, kvasse riff og praktfull harmonisang. Bandet er ingenting mindre enn ein virvelvind som har forsynt seg kraftig frå pophistoriens mange briljante hooks og melodilinjer. Så for entusiastiske pop- og rock-detektivar, kan det sikkert være ein fengslande jobb å prøve å finne opphavet til The New Pornographers talrike tjuverier.

Det som i begynnelsen var ei såkalla supergruppe har etterkvart utvikla seg til å bli eit førsteprioritets-band for dei fleste medverkande. Unntakene er Dan Bejar (Destroyer), han er imidlertid oppført som hemmelig medlem, og det er Neko Case som jo har sin solokarriere innan alt-country sjangeren (damas Blacklisted frå 2002 er vel verdt å sjekke ut).

Det er så avgjort forfriskande å oppleve eit band som The New Pornographers, der dei har som sin fremste hensikt å skape begeistring og helsebringende jubel hos lyttarane. Heilt utan blygsel bringer dei til torgs eit knippe låtar som er skamlaust fengande, slik blir Electric Version ein fest frå start til mål.

Turen tek av med eit tett New Wave driv i tittellåta, som naturlegvis også er innehavar av eit uimotståelig refreng. I neste låt From Blown Speakers, som eg oppfattar som ein hyllest til magisk popmusikk, køyrer dei med litt meir variasjon i tempo og styrke. Det store glansnummeret er The Laws Have Changed – med sine utsøkte vers, himmelske refreng og perfekte overgangar er den verdt billettprisen åleine. Låta gjev meg samme kriblande poprusen som Katrina & The Waves legendariske Walking On Sunshine, og har allerede fått plass i mitt vesle imaginære skrin for spesielt verdifulle pop-perler. Den er dessutan ein av dei tre låtane der Neko Case deltar med full tyngde. Dermed er vi framme med mitt einaste ankepunkt mot denne plata; den dama skulle fått meir plass i rampelyset, for sannheten er at kvar gong ho smett inn med litt sang (det være seg harmonisang eller i front) aukar intensiteten og den smittande popnerva med atskillige prosent. Så då er det vel ingen overraskelse at dei to andre Neko Case-dominerte affærene her, den Blondie-møter-The Who dynamiske All For Swinging You Around, samt keyboard-drevne Miss Teen Wordpower står fram som dei to andre store høgdepunkta. Dei blir rett nok tett fulgt av Dan Bejer-komposisjonen Testament To Youth In Verse, eit mangfoldig nummer med ekko av blant andre The Beatles og The Jam. For ikkje å gløyme It’s Only Divine Right, då, energisk powerpop som definitivt lever opp til kva tittelen lovar.

Bandets fremste pådrivar er Carl Newman, ein kar som altså kan kunsten å smi saman spenstig pop- og rockmusikk, og som i tillegg har skjønt at det trengs vokalt påfyll frå andre kantar, sidan hans eige stemme nok kunne blitt litt einsformig å forholde seg til i lengden. Såleis har han sikra seg at Electric Version er så langt unna fargelaust det går an å komme, og istaden markerer seg som eit obligatorisk soundtrack for sommaren 2003.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)