Eit trip-pop band blandar elementer som spretne loops og elektroniske lydar inn i meir tradisjonell poprock.
Som mange andre rockemusikarar frå Seattle på 90-talet spelte også Harris Thurmond (gitarist og vokalist i Orbiter) og Fiia McGann (vokal og keyboards) i band som blei plassert under den meir eller mindre misvisande grunge-kategorien. Band som Hammerbox og Goodness som på ingen måte oppnådde oppmerksomhet i Nirvana- eller Pearl Jam-klassen. Som Orbiter debuterte dei to i 2000 med ein mini-lp, med den treffande tittelen Mini LP. Nå er dei tilbake, og har i mellomtida utvida bandet med ytterligare tre medlemmer.
Fiia og Harris deler på vokaljobben og bidrar dermed til ytterligare variasjon på ei ellers ganske så mangfoldig popplate. Litt lettvint kan ein kalle Orbiter for eit trip-pop band, der dei blandar elementer som spretne loops og elektroniske lydar inn i den meir tradisjonelle pop/rock musikken. Ein kombinasjon som i Orbiter sitt tilfelle endar opp med eit velsmurt og sofistikert lydbilde. Imidlertid er det når dei er på sitt minst velsmurte at dei pirrer øyregangane mest. I energiske Translation og Con Gusto, der Harris Thurmond syng med slepen snert, gitaren gnistrar og groovet er fett og funky, nesten som ei poputgave av Primal Scream. Gnistrar gjer det også på Get You There, med gitarlicks type Keith Richards, og på platas aller beste spor den briljant slentrande Apple Tree. På disse to er det Fiia McGann som bidrar med sang, og det på eit frodig og sensuelt sett. I Fiia McGann har Orbiter ein fin sangar som ved neste korsvei kanskje bør bidra med vokal på litt fleire låtar (denne gangen syng ho på fire).
Av det øvrige innhaldet på plata er det dei to instrumentelle komposisjonane Happiness og den intrikat titulerte All I Want For Christmas Is Higher Seratonin Levels som kjem best ut av det, her tek dei i endå større grad i bruk elektroniske lydar, og tenderer mot ambient house i uttrykket (det var Orbiter, ikkje Orb?). Dei resterande spora blir i mine øyrer litt for anonyme og flate, utan at dei av den grunn er direkte svake.
Orbiter har kasta seg inn i runddansen og viser fram ei oppriktig speleglede, krydra med spreke innfall og mange sunne idear. Om dei ikkje har stoff nok i seg ennå til å være ein utsøkt hovedrett, så finn ein likevel nok her til å sette saman ein liten kulinarisk forrett.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2003)