Det er eit mangfold av lydkjelder her, som sikkert er meint å skape eit atmosfærisk og spennande lydbilde, men……
4
På Daybreaker sin booklet er det opplyst at CDen er karbonnøytral, og Beth Orton oppfordrar oss samtidig til å støtte kampanjar for å redde skogen. Det er neppe denne prisverdige omtanken som er årsaka, men tilfellet er i alle fall at Beth held til i ein sonisk skog på mykje av denne sin tredje plate. Det er eit mangfold av lydkjelder her, som sikkert er meint å skape eit atmosfærisk og spennande lydbilde, men produsent Victor van Vugt som tidlegare har gjort solide jobbar for blant andre Nick Cave og The Walkabouts, har i samarbeid med Ben Watt (Everything But the Girl) ikkje hatt ei så heldig hånd om Daybreaker.
Problemet er at klangane har ein tendens til å stå i vegen for kvarandre, og istaden for å skape temperament og spenning seg imellom bidrar dei til ei teppelegging. Noko som igjen fører til at på altfor mange av spora går Beth si stemme seg vekk i denne lydskogen. I tillegg er låtane for lange, dei fleste strekker seg mot både fem og seks minuttar. Resultatet blir at det ofte nærmar seg meiningslause lycollager (farlig nær New Age), og manglar evnen som god musikk bør ha, nemlig å kunne bite seg fast. Dette er trist, for Beth har ei vakker og følsom stemme som hadde fortjent betre.
Vel, eg har kanskje vore i overkant negativ, då det faktisk finst nokre unntak her. Nærmare bestemt tre sangar. For eit atskilleg enklare arrangement er benytta på den tiltalande Carmella, ein folkpop-låt i Joni Mitchell sitt landskap. Endå meir spartansk er Ryan Adams-komposisjonen This One’s Gonna Bruise, ei blå vise kledd i akustisk gitar og cello. Aller finast er God Song, ein forsiktig duvande folk-country sang, der Emmylou Harris bidreg med nydelig harmonivokal.
Forresten kan eg kanskje gje hederlig omtale til Concrete Sky, ein OK låt som har Ryan Adams med på vokal. Åpningskuttet Paris Train klarar også ei stund å påkalle interesse med luftige og dramatiske tonar, men blir for mektig etterkvart. Det verste tilfellet her er tittelkuttet der Chemical Brothers deltar, skuffande sidan Beth sine bidrag på «brødrene» sine plater har vore av det utsøkte slaget.
Først publisert på Groove.no (i 2003)