Olivia Tremor Control – Music From the Unrealized Film Script, Dusk at Cubist Castle

Standard

Popmusikk frigjort frå gjengse normer, psykedelisk, gåtefullt og ganske så fantastisk.

8

cover

Det var ein gong fire unge gutar frå Louisiana som hadde ein felles kjærleik for musikk. Deires navn var Robert Schneider, Will Cullen Hart, Bill Doss og Jeff Mangum. Når high school-dagane var over blei dei inntil vidare spredd rundt på det amerikanske kontinentet. Men skjebnen og gløden for musikken førte dei saman igjen, og behovet for å dele tonane dei hadde i seg med andre meldte seg etterkvart. Slik gjekk det til at dei i 1993 starta sin eigen platelabel, dei kalla den Elephant 6.

Robert Schneider hadde funne nokre leikekameratar i Denver, som han starta bandet Apples In Stereo i hop med. Dei tre andre spelte saman i eit band kalla Synthetic Flying Machine. Omtrent samstundes med at dei døypte dette prosjektet om til Olivia Tremor Control forlet Jeff Mangum bandet for å konsentrere seg om sitt eige tiltak Neutral Milk Hotel. Desse tre konstellasjonane dannar grunnmuren i det som med tida veks frå ein liten platelabel til dagens talrike og innovative indie-pop kollektiv, fortsatt med navnet Elephant 6.

Olivia Tremor Control (no med base i Athens, Georgia), som dette skal handle om, debuterer i album-format (har prøvd seg med eit par EP utgjevingar før) i 1996, med den særdeles innhaldsrike og fyldige Dusk At Cubist Castle. Den er nær innpå 75 minuttar lang, så LP-utgåva er eit dobbeltalbum. Bandet er for øvrig no blitt til ein kvartett, i tillegg til nemnte Hart og Boss, består dei av John Fernandes og Eric Harris.

Lyden dei serverer har klare forgreiningar tilbake til den gang pop-musikken frika ut i psykedeliske fargar. Til siste halvdel av dei gyldne 60-åra, og til band som The Beatles, The Beach Boys, Love, Pink Floyd, Spirit og The Kinks. I tillegg blandar dei inn elementer av ambient lyd. Den første versjonen av albumet var sågar utstyrt med ein bonus-CD kalt Explanation II, som er rik på nett slike klangar (den kom i einslig utgåve 3 år seinare).

I desse dagar (februar 2004) blir denne debutplata, med den fullstendige tittelen Music From the Unrealized Filmscript, Dusk At Cubist Castle, gjenutgitt på Cloud Recordings. Det samme blir for øvrig også bandet sin andre plate Black Foliage: Animation Music frå 1999. Etter den utgjevinga har dei fire medlemmene vore opptatt med andre prosjekt, så om det nokon gong dukkar opp ei tredje plate frå Olivia Tremor Control er kanskje noko usikkert.

Dei ofte ganske så gåtefulle tekstane, dei originale og fargerike arrangementa, dei surrealistiske og sjølvlaga maleria som prydar innleggsfolderen, samt hentydningen til «Cubist» i tittelen gjer det også ganske naturlig å trekke parallellar til pensel-kunstnarar som Salvador Dali og Pablo Picasso. Det er nemlig noko med den totale frigjeringa frå normer og gjengse forståingar som gjer OTC til eit popband noko utanom det vanlige. For sjølv om grunntonen er kjente poptakter, er måten dei angrip dette på fargesprakande, innovativ og særdeles vital.

Hintet til eit urealisert film-manuskript i tittelen er også med på å gje assosiasjonar i retning fragmenterte bilder, kaotiske fantasiar og absurde scener henta frå ei livaktig drømmestund ved enden av regnbogen. Kanskje aller best levandegjort på 6 minuttar lange Holiday Surprise. Ein låt som har heile registeret frå spinkle poptonar til beinhard psykedelia. Og som sender lyttaren rundt i ringen, inn i tauene, bakom fargane, til ein ligg utslått tilbake og svevar tre centimeter over golvet medan 382 stjerner dansar kringom augene. Mønsteret for ein makelaus ferie i drømmeland. Men egentlig er det tettpakka med slike tilfeller her. Jumping Fences er i nærleiken av noko Big Star kunne gjort på si første plate. Define a Transparent Dream kunne fått plass på White Album (og gjort den plata endå betre). Medan Memories of Jaqueline 1906 er ein rå popdrøm angrepet av skeive tonar som tilslutt blir tatt kvelartak på; «planet disaster, no time for shelter». Midt innimellom dei sytten «ordinære» låtane, dukkar det opp ein suite i 10 satsar, med den underfundige tittelen Green Typewriters. Ein affære som flyttar seg frå grønn plen-pop og over i ganske ambiente landskap. Sats 8 er ein nesten 10 minuttar lang stilleståande, og dessverre temmelig kjedelig episode, som saman med eit par av dei kortare omliggande tilfella er med å svekkar inntrykket av dette nesten 25 minuttar lange opptrinnet. Men her er ellers så mykje kjekt og viltert og vakkert, og så mange storarta popdrømmar i tusenvis av fargar, at vi kan ikkje legge særlig vekt på eit lite feilskjær.

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s