Category Archives: 2013

Savages – Silence Yourself

Standard

Fire svartkledde kvinner konfronterer den gode tone med eit åtak vel verdt å hamne midt oppi.

8

cover

Eg trur ikkje det er nokon grunn til å tvile på Savages. Deira agenda er å gå aggressivt til verks, dei sviktar ikkje den. Verken på det soniske eller det tekstlige plan. Oppfordringa er klinkande klar, den er bandets eigen, og den lyde: «This album is to be played loud in the foreground». Du skal ikkje la deg forstyrre av andre signal. Du skal ha fokuset retta ein stad, hit, på debutplata til dei fire kvinnene i Savages. Det er i grunn ikkje så vanskelig.

Dei er heller ikkje verre på det enn at dei på coverets framside like godt kjem med eit manifest. Det handlar om all informasjonen som dagens menneske blir utsett for, eller som dagens menneske utsette andre for. «The world used to be silent, now it has too many voices, and the noise is a constant distraction». Det handlar om dei sosiale media, og folk sin trong til å promotere seg sjølv, bli sett, bli høyrt, få merksemd, få smiger, bli likt. Det er nok, synst Savages. Flytt fokuset. Smalna inn fokuset. «Silence Yourself».

Utprega pragmatiske skal eg ikkje skulda dei for å vere. Fri for pretensjonar er dei heller ikkje. Eg merkar på meg sjølv at det går an å ha innvendingar mot måten dei stemplar inn på. Dei går ikkje stille over dørstokken. Dei legg ikkje vekt på å vere sympatiske. Trommeslagar Fay Milton slår hardt. Bassist Ayse Hassan lar det buldre og brenne. Gitarist Gemma Thompson vekslar mellom å bruke gitaren som skjerebrennar, riffmakar og melodisk eksekutør. I frontposisjon veivar vokalist Jehnny Beth og formidlar brutale og illevarslande tekstlinjer på inderlig vis. Eg går raskt tom for grunnar til å peike på utgangsdøra, eller dra ut kontakten. For dette er sylskarp elektrisitet, i lag er dei heit dynamikk.

For å plassere Londonbandet på musikkartet ser eg at dei fleste som uttalar seg om dei drar inn ei handfull postpunkaktørar av ærverdig årgang. Det kan eg forstå. For så vidt. Hos meg er det særlig tre namn som har gjort seg gjeldande. Patti Smith, for måten Jehnny Beth angripe songane på. For hennar diksjon og lidenskap. Bauhaus, for det etsande, truande og vulkanske groovet. Black Sabbath. Fordi det ligg anna materiale til grunn her også. Silence Yourself høyrer på meir enn eitt vis til innunder den eldgamle tradisjonen sex, død og rock’n roll.

Hit Me heiter eit tett og gitarskrikande åtak. «I took a beating tonight, and that was the best I ever had» syng Beth. Og får lyttaren til å gjere seg visse tankar om sadomasochisme. Tankar som dukkar opp fleire stader undervegs. Ikkje minst i den seige og desperate Strife. «How come I’ve been doing things with you I could never tell my mum» lyde det mellom anna her. I ein song tileigna Johnny Hostile. Ein fyr som har produsert plata, og som er gift med vokalist Jehnny Beth. Dei to er forresten opphavlig franske, og kom saman til London i 2006. Der dei nokre år no har figurert som duoen John & Jehn. Eit rykte eg har snappa opp fortel at gitarist Gemma Thompson først spurde Johnny Hostile om å kle rolla som vokalist i bandet ho var i ferd med å sette saman. Då han takka nei, meldte kona hans seg i staden. Noko seier meg at det var like greitt, eller kanskje vel så greitt.

«Husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands» syng Beth i eskalerande (i retning hysterisk) form, i selskap med ein illsint gitar, på eit av albumets høgdepunkt. Eg får då visse assosiasjonar til ei tidlegare nemnt kvinne og hennar fyndige «horses, horses, horses, horses, horses, horses, horses, horses» tilbake på syttitalet. Men eg nektar å gje meg inn på ein grundig analyse av likskapen mellom ektemenn og hestar. I staden trur eg heller at eg rettar lyset mot fantastiske She Will. Der det i nokolunde tauma vers vert formidla at «she will enter the room, she will enter the bed» og endåtil lova at «she will come back again». Når det er tid for refrenget vert taumane kasta, det soniske skjær gjennom sjel og bein, og Beth proklamerar: «You got to get used to it, give your heart a little kick, coz she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will».

I eit heilt anna refreng, men eit like fantastisk eit, lyde det, beiskt snerrande «City’s full of sissy pretty love yeah». Men det er ikkje kva songaren vil ha. Songaren ser inn i eit heilt anna par med auger og kunngjer «I love the stretchmarks on your thighs, I love the wrinkles around your eyes». Akkurat då synst eg dei er ganske så sympatiske. Noko eg derimot ikkje kan seie at er det første som slår meg når eg høyrer på avslutningsnummeret. Marshal Dear. Men det som slår meg – eg måtte strengt tatt vore komplett døv om det ikkje gjorde det – er at dette er ei heilt anna side av Savages. Nokon spelar på eit piano (Beth vil eg tru), og det er ein ballade. Ein jazzy ein, ein vakker ein, men ikkje ein spesielt snill ein. «I hope you’re breathing your last breath, oh Marshal dear» lyde det alt anna enn vennlegsinna ønsket. «Silence yourself, silence yourself, ……» lyde refrenget. Og til slutt kryp nokre klarinettonar til overflata og pustar inn den siste luft.

Den siste lufta kan eg imidlertid aldri tenke meg at Savages alt har pusta inn. Til det må dei berre ha for mykje krakilsk energi innabords. Ein dugelig porsjon, dugeligare enn ein kan forlange, er allereie avlevert.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

Transfigured Night – Transfigured Night

Standard

Al DeLoner går nok ein gong inn i natta. Denne gongen saman med ei kvinne. Men tonen er kjent, og velkomen.

6

cover

Ifylgje låtskrivaren så skal det vere ein by «across the border» der dei sel «pain without a rest». Du skal visstnok vere velkomen dit, men bør då ha i mente at «death alone will pass the test». Så det er kanskje ikkje dit vi skal? «Voice of burden, voice of burden, sing a song for me» ber songaren, Rikke Knudsen, i songens audmjuke refreng. Tonar frå ein elektrisk gitar kryp listig rundt henne. Ein trompet kjem heim frå ein tur på byen. Dunkelt krypande folkrock møter blå jazz. Natta er på det svartaste, men den har luft i seg, det har den. Al DeLoner lener seg tilbake, han har vore her før, og det langt meir enn ein gong.

Han var her med eit midnattskor ein gong. Med songar som høyrde natta til. Etter fem plater var det ikkje noko kor att, berre nokre einsame menn. Al DeLoner la gitaren over aksla og gjekk vidare. Ikkje så langt, ein kunne høyre resonansen frå koret i det han byrja skapa. Nokså åleine. Så åleine at han song songane sine sjølv. Etter fem plater på det viset er det ikkje lenger slik. Han har slått seg saman med ei kvinne. Ho, Rikke Knudsen, syng songane no. Ja ikkje berre det, ho har vore med å komponere dei også.

Dei to kallar seg Transfigured Night (etter eit tonedikt av Arnold Schönberg). Det synst eg absolutt dei skal gjere, men eg opplever det ikkje som at dei forvandlar natta på dramatisk vis. Eg opplever det som at resonansen er der framleis, frå koret, frå natta. For der deLoner er, der blir visst tonen slik som dette. Og det er jo heilt greitt. Andre kan ta seg av sine netter. Han må få ta seg av si, saman med si kvinne. Det har blitt ei natt verd å stige inn i. Med sin dose av galskap, begjær, einsemd og draumar.

«Why don’t you go create your own dream» spør kvinna, i songen som har sitt namn etter den franske postmannen Cheval. Mannen som fekk steinane til å synge i hop, og over ein trettiårsperiode bygde sitt Palais Idéal. Gitaren til DeLoner remjar og jublar som ein frifant i ein midnattsdans, i ein krypande intens, luftig og vakker song som prisar fridomen og den sjølvstendige tanke.

Men draumar kan også vere diffuse saker. «My dreams are cloudy, I can’t see them no more» vert det uttalt i songen som vender seg til bartenderen. Den vender seg også til låtskrivaren. For dei kan ha ein ting til felles, bartenderen og låtskrivaren. Dei kan begge bli nytta som sjelesørgjarar. Noko fleire av individa i desse songane godt kan vere i behov av. «I’m going in and out of madness» hevdar hovudpersonen i platas røffast rockande nummer, oppbrotslåta Madness. «I threw all caution to the wind babe, said my prayers underground» vert det oppgitt formidla i det vemodsfulle countryrocknummeret Coming Down.

Slik er tonen her. Og natta går. Den gamle heidersmannen Phill Brown (Talk Talk) har hjelpt til med produksjonen. Den er god. Kvar spelte tone blir gitt plass. Slik natta har gjort seg fortent til. Eg tenker stundom at Transfigured Night er gode og nære slektningar av Walkabouts-paret Chris & Carla. Og at det no er altfor lenge sidan eg høyrte Life Full of Holes. Det skal eg sjølvsagt rette på. Vil berre først nemne at DeLoner og hans kvinne og deira medhjelparar også byr på den varme og gode, og alvorlig attraktive countrysongen Time Watch Over. Eg spelar først den tenker eg, og så får eg sjå kva det blir til. Det kunne jo gjort seg med ein tur til med Postman Cheval, og så var det den der Voice of Burden då …. «sing a song for me».

Først publisert på Groove.no (i 2013)

Kurt Vile – Wakin» On A Pretty Daze

Standard

69 minuttar med Vile sin mikstur av meditativ folk, cool slacker rock og luftig psykedelia gjer full effekt.

8

cover

Eg var såpass gira på ei ny Kurt Vile-plate no at eg sveipa innom kurtvile.com to-tre veker før plata skulle vere her. Der låg det forsyne meg ein video. Ein smått sjarmerande ein til og med. Scena er slik: Langhåra musikar, vinyljunkie og familefar Kurt Vile sitt på ein stol, ved sida av platehylla si, inst i eit hjørne av stova. Han hevdar at budsjettet ikkje strakk til å lage ein ordentlig video til singelen Never Run Away, så derfor må det gjerast på denne måten: Han legg plata på platetallerken, tel til to, og ein popsong er i gang. Ein ukomfortabel Vile kikkar på coveret. Men det kan han jo ikkje drive på med, så han kastar det brydd frå seg. Angrar sannsynlegvis umiddelbart, for kor skal han no gjere av henda sine. Då er det at ein liten reddande engel kjem dansande inn i bildet. Vile si treårige dotter. Ho dansar imidlertid raskt ut att, og overlet faren med det fårete smilet til seg sjølv. Før ho er tilbake og reddar han på nytt. Slik går dansen. Inn og ut av bildet. Og faren sitt der og håpar ho blir lenger, og at songen snart er over. Ein song boren fram av trommer, ein resonatorgitar, og Vile si særeigne røyst: «I know you’ll never run away». Ein sympatisk tributt til kona vil eg tru, som han har vore gift med i ti år.

Ti år der han har sysla med musikk, og gradvis og veldig sakte vunne seg ein viss status.

Eg skal på ingen måte skryte på meg å ha ei lang fartstid blant tonane hans. Strengt tatt er det ikkje stort lenger enn eit år sidan at Kurt Vile for alvor byrja å oppta meg. Eg hadde hatt hans 2011-utgjeving Smoke Ring From My Halo i hylla ei tid. Prøvd å finne tonen med den. Sleit litt med det. Synst den var litt einstonig. Men av ein eller annan grunn gav eg den ikkje opp. Det skulle det vise seg å vere fleire gode grunnar til å ikkje gjere. For sakte om senn byrja røykringane å danse, og pådra seg fargar, gylne fargar, og dei blei til noko eg måtte ha meir av.

Platene til Kurt Vile har den spesielt gode eigenskapen at dei blir betre for kvar gong eg høyrer på dei. Utav noko som i førstninga kan virke i drygaste laget dorskt og monotont byrjar det litt etter litt å gro fram kaleidoskopiske melodiar med skummelt kraftfulle fangarmar. Så no har eg hamna i den omvendte situasjonen. Eg slepp ikkje laus. Childish Prodigy (2009) held meg fast, Smoke Ring From My Halo (2011) held meg fastare, og Wakin On A Pretty Daze har, om mogeleg, fanga meg endå sterkare.

«Sofarock» sa eg til meg sjølv då eg første gongen høyrte på Smoke Ring From My Halo. Eg såg på coveret, Vile satt der i sofaen. Eg høyrte på songane, dei kom frå djupt der nede i sofaen ein stad. Sofarock. Det var ikkje meint spesielt positivt. Det burde det sjølvsagt ha vore. For det er jo, når eg berre får tenkt meg om i to og eit halvt sekund, få plasser som er betre å vere enn i sofaen. Så no kallar eg det sofarock, og tenker at det er gromme greier det.

Sometimes when I get in my zone
You’d think I was stoned
But I never, as they say,
touch the stuff
I might be adrift,
but I’m still alert,
concentrate my hurt into a goldtone

Kurt Vile kjenner sitt rykte. Han er meir enn ein gong blitt nagla til Slacker-begrepet. Det plagar han sannsynlegvis ikkje, men han vil no berre nemne at alt treng ikkje nødvendigvis vere presis slik det synes (eller høyres) å vere. Kanskje er det slik at han drive litt hengslete av garde, ja kanskje er det slik, men det betyr ikkje at han ikkje kan vere årvaken og treffsikker også, der han sitt i sofaen og vrir og samlar smerta si inn i skinande tonar.

Han komponerte største parten av songane på plata medan han var ute på turné. I sofaer på ulike hotellrom, milevis unna familien i Philadelphia. Det er vel ikkje til å undrast over at her er ein både underliggande og framtredande melankoli å spore. Noko det vel for så vidt alltid har vore hos Vile. Men det er ikkje berre slik. Han passar på å foreine det med slike ting som eit glimt i auga, sjølvironi, eller eit stridig snerr.

I songane fører Vile ein slags dialog med seg sjølv. Om eg då ikkje skal kalle det for monologar til ein person som ikkje er til stades. Eller refleksjonar over livet, musikken, kjærleiken, lengselen, og det å vere mann og far.

«There comes a time in every man’s life when he’s gotta take hold of the hand that ain’t his, but it is» ytrar Vile, audmjukt vil eg seie, i Too Hard. Ein song om å ville det beste, men kanskje ikkje alltid klare å leve opp til den standarden. Om å love å ikkje feste «too hard», og i neste omgang sjå eit lite barn i augo og love å gjere sitt aller beste, «and that won’t be too hard». Og gitaren ligg i fanget, den akustiske, og fingrane hans plukkar på strengene som om dei tilhøyrte eit barn av John Fahey. I bakgrunnen gnislar det i frå elektriske strenger. I åtte minuttar.

Dei drar seg ut i respektable lengder fleire av spora på plata. Såpass at dette endar opp som eit godt gammaldags dobbeltalbum (på blå vinyl om ein går for deluxe-utgåva). Der gitaren, og då spesielt den akustiske varianten, har ei viktig rolle. Gitaristen Kurt Vile har aldri vore noko å kimse av. Men denne gongen gjer han seg sjølv større arbeidsrom, og skapar meir meditativ godlyd, enn nokon gong.

Opningssporet er berre eit lite ordspel unna å kunne kalle seg for tittelspor. Utan at det blir laga noko problem utav det. Songen har tida som sin venn. Minst ni minuttar av den i alle fall. Ein mildtona akustisk gitar har ei berande rolle, ein elektrisk stikk innom og ytrar seg med lyriske tonar. Det er intimt og nært, eg føler nesten at eg sitt her med heile songen i fanget. Samstundes som alle gluggar står på vidt gap, og slepp igjennom ein varm psykedelisk bris. Ei laidback morgonkjensle løftar blikket, og møter eit stikk eller to. «Wakin, the dawn of day ….. phone ringin» off the shelf, I guess it wanted to kill himself».

Og plata går sin gang, og det meste som dukkar opp gjer inntrykk. På ulikt vis. Pure Pain er ei todelt affære. Ein intrikat og temposkiftande song om saknet der ute på vegen. To vers hakkar og sprett, to vers smyg seg fram med jamrande lengt. «It’s the purest of pure pain». Was All Talk opnar med ei offensiv synthlinje, får raskt selskap av eit drivande beat, og den buktande akustiske gitartonen. Vile syng om at ein gong var det slik at folk trudde han berre var prat. Sånn er det vel ikkje lenger? Så då går det an, i det låta driv inn i si avsluttande fase, å erklære dette: «Makin» music is easy: watch me».

Dei røffaste tonane gjer seg til kjenne i KV Crimes og Shame Chamber. Her sitt gitarriffa laust, arven etter ein kar som Tom Petty kan anast, og det er snerr i diksjonen. «Livin» life to the lowest power, feelin bad, in the best way a man can».

Til slutt kjem Goldtone. Då er vi inne i dei definitive mjuke tonelag. Songaren er på sitt mest slepne. Han er midt i musikken, og fortel om si søking etter den gode tonen, og den vektige songen. I fortid og framtid, dag som natt. «I stay awake, searchin» the deep dark dephts of my soul tone». Ei kvinnerøyst sørgjer for litt konkret soulnerve. Ingen har hastverk. Det drar seg forbi ti minuttar. Det er behag av første grad.

Det er eit dobbeltalbum eg ikkje kjem meg utav.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

Wooden Wand – Blood Oaths of the New Blues

Standard

Heimsøkte og nedtona, vidstrakte og støvete, novellistiske songar dyppa i country og blues.

8

cover

Bluesen er trong har eg høyrt nokon hevde. Eg kan forstå kva dei meinar, men den treng jo ikkje være det. Den kan vide seg ut, kaste skjemaet i dunken, lausrive seg, og ta til seg næring frå anna hold. Den kan blande blod med både sakrale viser, psykedeliske idear og skeive føretak. Eg har som regel opplevd at slikt berre gjer den godt. Blood Oaths of the New Blues proklamerar Wooden Wand og spelar blues på sin måte. Rasjonelt lydtilført og sakte brennande. Heilt i utkanten av bluesen. Eller om du vil: Outsider Blues. Som han også har døypt den kanskje aller sterkaste låta på plata. Nesten like mykje ei novelle som ein song.

Kristy finally sold a painting, so we decided to drive to the outsider bluesfest in Toronto. We packed a couple of bags and left bright and early. Once we got outta town I put on some Mississippi Fred McDowell. Kristy said, -Don’t you think we’ll be hearing enough blues this weekend? So I played Sticky Fingers, and I sang along to each word of each song. Kristy drove with two fingers on the steering wheel, drummin».

Dovent men ikkje kraftlaust sig songen framover. I 7 minutt. Med handslegne trommer, eit enkelt sirkulerande gitartema, og ein vag brus i det fjerne. I ein song som handlar om å være på veg. Med ein vaklande lengt om ein gong å kunne plante flagget i bakken. Hos ein hovudperson som konstaterar at ei slik frelse uansett berre ville være éin versjon av det verkelige. I ein «outsider blues with little to lose».

Wooden Wand gjorde seg først bemerka saman med den stadig besetningsskiftande banden Vanishing Voice. Ein frilyndt gjeng som nytta dei første åra av totusentalet til å spleisa i hop dei fleste musikksjangrar. Tidvis klarte dei endåtil, på plater som Buck Dharma og Gipsy Freedom, å samle kaoset i soniske åtak med eit suggererande lynne. Songstemma til fyren som leia slaga, og som eigentlig ber namnet James Jackson Toth, var i liten grad ein del av opplegget. Etter at The Vanishing Voice blei etterlete i ein grøftekant (eller noko slikt) ein gong i 2006 har imidlertid songstemma til denne Toth gjort seg gjeldande. På plater, ja ganske så mange plater faktisk (nærmare ti i talet!), som har eit langt meir konvensjonelt vesen. Stikkord: Gitar og song, folk og country, heimsøkt og tungsindig, gåtefullt og forderva. I sine beste stunder har Toth vist seg å være ein låtskrivar med ein poetisk puls og beundringsverdige evner til å leite opp melodisk grøftekantgull. I rikast monn har eg så langt funne slikt på plata han i 2010 spelte inn under Michael Gira si overvaking, og som blei gitt ut på same Gira sin label, Young God Records. Death Seat er platas ikkje altfor lystelige tittel. Ein tittel som sjølvsagt speglar innhaldet rimelig fortreffelig.

Blood Oaths of the New Blues har absolutt fleire fellestrekk enn den har ulikskapar med Death Seat. Fleire enn den har med Wooden Wand si førre plate, Briarwood. Ei plate som var fyrens mest elektriske sidan Vanishing Voice tida. Der den turnerte rundt på eit sørstatsrock-territorium som Drive-By Truckers har vore dei sikraste leverandørane frå dei siste ti åra. Eg opplevde i grunn ikkje Wooden Wand sitt framstøyt som så fyrig og bra som det strengt tatt burde ha vore. Han må imidlertid ha funne ein god tone med dei som spelte på plata, då han for ein gongs skuld ikkje har skifta ut medspelarar, men latt dei same spele med under innspelingane av Blood Oaths også. Men altså, på eit ganske så anna vis.

Eg opplever lydbildet på Blood Oaths som det luftigaste Wand har presentert i nyare tid. Som det rikaste også, men like fullt spartansk. Wand sine medspelarar skikkar seg, dei går ut og inn av bildet, dei har fått rolla som understrekarar. Ei rolle som handlar like mykje om å være stille som å uttrykke seg. I lag formar dei eit sonisk bilde med ei sterk stemning i seg. Ei stemning der både ro og uro har ein plass.

Lengst framme i bildet, i stemninga, står songaren. Han syng sterkare enn han nokon gong har gjort. «Do they innocent die differently from they guilty?» spør han i Dungeon Of Irons. Ein song som tar sitt utgangspunkt i ei sak der nokre kvinner 400 år etter at dei blei skulda for hekseri og avretta absurd nok vart benåda. Wand er ikkje nådig mot mobben som i si tid førte kvinnene i grava. «She’s no more witch than you are a wizard, and if you take away her life God will give you blood to drink». Då er han langt meir nådig mot Jhonn Balance. For som han uttrykke det «I was thinkin» about Jhonn Balance and how he seemed like a man you could trust». I songen med tittelen Jhonn Balance, som i alle fall til ein viss grad handlar om grunnleggaren av det avantgardistiske støyrock-bandet Coil. Men som også handlar om heilt andre saker. Ganske så brutale saker i grunn. Isolasjon, død, kvalme, sal av sjela, og meir til. I ein viss kontrast til songens melodivakre vesen og vennlegsinna keyboard-droner.

Vakrast, og tristast, er countrysongen Supermoon (The Sounding Line). Der Wand i selskap med ei kvinnerøyst, mørkkledde steelgitartonar og anna som høyrer med syng ein song om å gå og drukne seg. Eller i alle fall å formulere tankar om å gå og drukne seg. Det er etter at hovudpersonen hamna i klammeri med kjærasten sin «around the time of the supermoon» at desse tankane har materialisert seg. Og i sterk semje med hjertet sitt har han bestemt seg for at det skal skje, i djupna ute på Mark Twain Lake.

Før alle desse tinga skjer. Før desse songane eg no har streifa innom gjer seg til kjenne, brukar Wand elleve minuttar og førtiåtte sekundar på å ta seg gjennom opningssporet, No Bed For Beatle Wand /Days This Long. Etter eit lengre innleiingsparti der eit sirkulerande gitartema og ein xylofon har hovudrolla kjem røysta til Wand inn i bildet og formidlar fire lange og smygande vers om å prøve å finne balansen der slikt noko er alt anna enn enkelt å finne. Fire vers som alle sluttar med dei to orda «for her». Helten kjenner ei jente «who’s perfectly worth waiting for». Ei jente som «retreats to the gardens, confesses to water, and leave that lake muddy and soiled». Hmmm. Utover snakkar han om udrøymelige draumar, om å skyte for å drepe men som regel bomme, om å gissa meir enn berre tilhøyrarens namn, og om å gjere dei skamlause skamfulle. Det kan vel seiast å være ein viss surrealisme ute å går her. Og den går like inn i den droneflytande del to, der bøna og spørsmålet «who’s gonna keep me from freakin» out» har ei sentral rolle.

Plata gjer ikkje svaret. Den er berre steikande god på å formulere det på nye måtar. Samstundes som den innimellom gjer rom til å formulere slikt som «after the darkness there’s a light». Og eg, eg slit med å rive meg laus i frå desse greiene.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

Yo La Tengo – Fade

Standard

Den sympatiske Hoboken-trioen byr på ei ganske så støysvak og homogen plate denne gongen.

7

cover

Stupid Things er slett ikkje dum. Den er fem minutt lang og dukkar opp midtvegs inne på den nye plata til Yo La Tengo. Lyriske gitartonar sildrar som ein klar vårbekk rundt eit hypnotisk groove som går og går. Ynde og kraft i potent samklang. Og ein songar som syng om den sterke kjærleiken, den som overlever dumme ting, humpete tilstandar og slikt. «We always wake up before we fall, and I always know that when we wake up, you’re mine». Den finn sin plass der opp saman med dei andre meisterlige Yo La Tengo låtane. Det er i grunn blitt mange av dei etter kvart.

Meir enn eit kvart århundre er gått, men tida har ikkje gått i frå Yo La Tengo. Dei har sysla med sitt, der over på den andre sida av Hudson River. Med to-tre års mellomrom har dei komme med ei plate. Noko eg har sett på som ei kjær hending kvar einaste gong. Av den grunn at noko slikt som dårlige, eller for den saks skuld middelmåtige, plater er av dei tinga Yo La Tengo aldri har belemra oss med. Dei har heller aldri kava med å prøve å framstå som noko anna enn det dei er. Dei har alltid vore til å kjenne att. Samstundes, det dei er, og det dei har vore, er langt meir enn berre eitt uttrykk. Nokre av platene deira høyrer med til nyare musikkhistorie sine mest sjangerbyksande saker. Men alt dei har gjort har dei gjort fordi dei er Yo La Tengo (ekteparet Ira Kaplan og Georgia Hubley, og bassisten James McNew). Og ingen andre. Aldri har dei gjort det fordi tidsånda eller bevegelsar har venta det av dei. Sånn tenker i alle fall eg om det. Sånn tenker eg at dei har unngått å gå av moten. Sånn tenker eg at tida er på lag med Yo La Tengo, og vil aldri gå i frå dei.

Men åra går, like forbanna. Også for Ira Kaplan, Georgia Hubley og James McNew. Fade er ikkje heilt utan spor av det. Eg meinar å oppfatte, i fleire av songane på plata, ein undertone av, eller ei erkjenning av, å være på veg bort frå noko som aldri vil komme tilbake. Som når dei tre i samstemt union syng «nothing ever stays the same» i opningslåta, Ohm. Ei låt som har form som eit groovy og melodisk vennlig anthem til noko som ikkje heilt kan forklarast, som til dømes at av og til er det dei dårlige folka som går til topps medan dei gode taper. Kaplan krøllar ein sprek gitarsolo rundt låtas stødige gang, før han saman med sine medsamansvorne ramlar inn i eit mantra om at det har vore moro dette her. «Maybe that’s okay if we’re not so young» lyde det lengre ute i programmet. I ei låt med eit forsonande sonisk vesen, The Point Of It. Her er det vel at livets urokkelige gang blir fundert over i dei tydeligaste ordelaga.

Say that we’re afraid
Say the night is close
Honey, that’s okay
If we’re getting old
If we’re not so strong
If our story’s told
That’s the point of it

På ei plate som er Yo La Tengo sin mest konsistente til dags dato. Sonisk samla om ein tone over mot den mildaste sida av slikt som Yo La Tengo driv på med. Velproporsjonert og levande produsert av John McEntire (Tortoise, The Sea and Cake). Den er absolutt ikkje utan eit vemod, men mest ser eg på den som oppløftande. Og lys, som ei 45 minuttars omfamning av livets uransakelige vesen.

Her får vi den omsorgsfulle visa I’ll Be Around, med sitt sirkulerande gitartema. Den Georgia Hubley sungne Before We Run, med sakte sorgtyngde blåsarar og eit liflig strykar tema. Lågmælte Is That Enough som legg seg ved sida av ein Lambchop-song. Den oppfuzza popsaken Paddle Forward sugande på ein Sugarcube. Og den spretne og tette soulpop-saken Well You Better. Av eit band som vel i grunn aldri kjem til å slutte med å gje ut gode plater.

Først publisert på Groove.no (i 2013)