Savages – Silence Yourself

Standard

Fire svartkledde kvinner konfronterer den gode tone med eit åtak vel verdt å hamne midt oppi.

8

cover

Eg trur ikkje det er nokon grunn til å tvile på Savages. Deira agenda er å gå aggressivt til verks, dei sviktar ikkje den. Verken på det soniske eller det tekstlige plan. Oppfordringa er klinkande klar, den er bandets eigen, og den lyde: «This album is to be played loud in the foreground». Du skal ikkje la deg forstyrre av andre signal. Du skal ha fokuset retta ein stad, hit, på debutplata til dei fire kvinnene i Savages. Det er i grunn ikkje så vanskelig.

Dei er heller ikkje verre på det enn at dei på coverets framside like godt kjem med eit manifest. Det handlar om all informasjonen som dagens menneske blir utsett for, eller som dagens menneske utsette andre for. «The world used to be silent, now it has too many voices, and the noise is a constant distraction». Det handlar om dei sosiale media, og folk sin trong til å promotere seg sjølv, bli sett, bli høyrt, få merksemd, få smiger, bli likt. Det er nok, synst Savages. Flytt fokuset. Smalna inn fokuset. «Silence Yourself».

Utprega pragmatiske skal eg ikkje skulda dei for å vere. Fri for pretensjonar er dei heller ikkje. Eg merkar på meg sjølv at det går an å ha innvendingar mot måten dei stemplar inn på. Dei går ikkje stille over dørstokken. Dei legg ikkje vekt på å vere sympatiske. Trommeslagar Fay Milton slår hardt. Bassist Ayse Hassan lar det buldre og brenne. Gitarist Gemma Thompson vekslar mellom å bruke gitaren som skjerebrennar, riffmakar og melodisk eksekutør. I frontposisjon veivar vokalist Jehnny Beth og formidlar brutale og illevarslande tekstlinjer på inderlig vis. Eg går raskt tom for grunnar til å peike på utgangsdøra, eller dra ut kontakten. For dette er sylskarp elektrisitet, i lag er dei heit dynamikk.

For å plassere Londonbandet på musikkartet ser eg at dei fleste som uttalar seg om dei drar inn ei handfull postpunkaktørar av ærverdig årgang. Det kan eg forstå. For så vidt. Hos meg er det særlig tre namn som har gjort seg gjeldande. Patti Smith, for måten Jehnny Beth angripe songane på. For hennar diksjon og lidenskap. Bauhaus, for det etsande, truande og vulkanske groovet. Black Sabbath. Fordi det ligg anna materiale til grunn her også. Silence Yourself høyrer på meir enn eitt vis til innunder den eldgamle tradisjonen sex, død og rock’n roll.

Hit Me heiter eit tett og gitarskrikande åtak. «I took a beating tonight, and that was the best I ever had» syng Beth. Og får lyttaren til å gjere seg visse tankar om sadomasochisme. Tankar som dukkar opp fleire stader undervegs. Ikkje minst i den seige og desperate Strife. «How come I’ve been doing things with you I could never tell my mum» lyde det mellom anna her. I ein song tileigna Johnny Hostile. Ein fyr som har produsert plata, og som er gift med vokalist Jehnny Beth. Dei to er forresten opphavlig franske, og kom saman til London i 2006. Der dei nokre år no har figurert som duoen John & Jehn. Eit rykte eg har snappa opp fortel at gitarist Gemma Thompson først spurde Johnny Hostile om å kle rolla som vokalist i bandet ho var i ferd med å sette saman. Då han takka nei, meldte kona hans seg i staden. Noko seier meg at det var like greitt, eller kanskje vel så greitt.

«Husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands, husbands» syng Beth i eskalerande (i retning hysterisk) form, i selskap med ein illsint gitar, på eit av albumets høgdepunkt. Eg får då visse assosiasjonar til ei tidlegare nemnt kvinne og hennar fyndige «horses, horses, horses, horses, horses, horses, horses, horses» tilbake på syttitalet. Men eg nektar å gje meg inn på ein grundig analyse av likskapen mellom ektemenn og hestar. I staden trur eg heller at eg rettar lyset mot fantastiske She Will. Der det i nokolunde tauma vers vert formidla at «she will enter the room, she will enter the bed» og endåtil lova at «she will come back again». Når det er tid for refrenget vert taumane kasta, det soniske skjær gjennom sjel og bein, og Beth proklamerar: «You got to get used to it, give your heart a little kick, coz she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will, she will».

I eit heilt anna refreng, men eit like fantastisk eit, lyde det, beiskt snerrande «City’s full of sissy pretty love yeah». Men det er ikkje kva songaren vil ha. Songaren ser inn i eit heilt anna par med auger og kunngjer «I love the stretchmarks on your thighs, I love the wrinkles around your eyes». Akkurat då synst eg dei er ganske så sympatiske. Noko eg derimot ikkje kan seie at er det første som slår meg når eg høyrer på avslutningsnummeret. Marshal Dear. Men det som slår meg – eg måtte strengt tatt vore komplett døv om det ikkje gjorde det – er at dette er ei heilt anna side av Savages. Nokon spelar på eit piano (Beth vil eg tru), og det er ein ballade. Ein jazzy ein, ein vakker ein, men ikkje ein spesielt snill ein. «I hope you’re breathing your last breath, oh Marshal dear» lyde det alt anna enn vennlegsinna ønsket. «Silence yourself, silence yourself, ……» lyde refrenget. Og til slutt kryp nokre klarinettonar til overflata og pustar inn den siste luft.

Den siste lufta kan eg imidlertid aldri tenke meg at Savages alt har pusta inn. Til det må dei berre ha for mykje krakilsk energi innabords. Ein dugelig porsjon, dugeligare enn ein kan forlange, er allereie avlevert.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s