Category Archives: 2009

Richmond Fontaine – We Used to Think the Freeway Sounded Like a River

Standard

Med sterke historier og minneverdige tonar skapar dei endå ein gong eit americana-bilde verdt å utforske.

8

cover

Eit par dagar før Richmond Fontaine sin 2007-turné skulle avsluttast fekk frontmann Willy Vlautin beskjed om at mora var død. Brått og uventa. Han vendte heim til sitt husvære i utkanten av Portland, Oregon. Nokre veker seinare fall han av hesten, og knekte ein arm på stygt vis. Livet til låtskrivaren og forfattaren fortona seg no som motsatsen til skimrande. I det moduset (og vel så det) har livet til personane han har tatt på seg å skildre, i songane og bøkene sine, pleidd å vere også.

Gjennom åtte album og to romanar har Willy Vlautin fortalt om folk som slit med å få tilværet inn på eit funksjonelt spor. Folk som på eit eller anna tidspunkt har komme så skeivt ut at det nærast er umogeleg å rette seg opp att. Folk som plutselig er midt oppe i omstende som krev handlekraft. Nokon gjer opp, og går under, andre prøver, men flyt sjeldan inn i lukka av den grunn. Det ligg eit nesten ulækjelig mismot over historiene til Willy. Eit mismot eit kvart håp vil kvi seg for å utfordre. Sonisk sett er stoffet passande nok planta eit americanagrått bilde. Eit sterkt medrivande eit, frå Winnemucca i 2002, og utan unntak sidan.

Dette mismotet, og det soniske bildet det er planta i, har alltid gitt resonansar til album som Trace av Son Volt, Everclear av American Music Club, og Bruce Springsteen sitt Nebraska-album. Kanskje aller mest det siste, med tanke på den forteljande og novellistiske stilen Vlaudin opererer i. I tillegg til å døyve ved dette mismotet er stilen kjenneteikna av eit konsist, reinskore, oppriktig og skånsellaust språk. Eit språk som gjer det freistande å dra nokre linjer mot ein del forfattarar også, som Larry Brown, John Fante og Raymond Carver. For ja, han skriv tekstar på eit nivå som gjer meining i å kome drassande med slike namn.

Songane Vlaudin har skrive i etterdønningane av omstenda eg omtala i første avsnitt har mykje av det same i seg som tidlegare songar. Veldig mykje. Men, er det ikkje spor av litt meir von i dei? Gjer han ikkje livet og kjærleiken litt større sjansar denne gongen? Sjansar til, om ikkje akkurat å råde og regjere, så i alle fall til å klare seg, på eit vis. Jo, så synst no denne lyttar.

La oss starte med tittelen. Den er lang, men ikkje dårlig: We Used To Think The Freeway Sounded Like A River. Er det ikkje litt poesi i den tanken? Er det ikkje ein litt optimistisk tona tanke, ein fredfull tanke? Samstundes, det er ein tanke som var. Noko har skjedd, så slik er det kanskje ikkje lenger.

Nei, slik er det ikkje lenger, i det innleiande kuttet som ber tittelens namn. Dei var to som budde saman i eit forlate hus nær motorvegen. Dei skapte ein liten heim, og dei drøymde at det evige suset frå vegen var lyden av ei elv. Ein dag dei kom heim var huset rana og rasert. Heimen var borte, draumen, og elva med. Bandet spelar lågmælt, Vlautin syng med si tørre røyst, og touchar borti nokre Springsteenske tonar. Vemodige, og veldig vakre tonar.

Ruby and Lou heiter eit anna par (og song). Dei er på ei reis, dei har eit sterkt håp om å finne ein stad der lukka spelar hovudrolla. Dei gjer rom til ein ung gut. Når dei er ute ein tur finn guten Lous skytevåpen, og skyt seg. Vegen til lukka verkar brått veldig mykje lengre. Tonen er somber, akustisk, og ein cello. Og den gjer inntrykk.

Two Alone er ein annan skål. Han jobbar som sjåfør på ein truck. Ho er gravid, og veldig glad i kredittkortet. Han er på veg heim. Han vil ikkje heim. «You gotta run», seier den vesle djevelen på skuldra; «No I won’t». «You wanna be just like you’re dad?» vert det spurd frå andre skuldra; «No I won’t». Det perkussive dansar energisk, gitarane betalar ei elektrisk bot. Bandet får romstere i ein lengre outro. Glødande.

Richmond Fontaine er den same gjengen som dei har vore over nokre år no. Dei er lyden av eit samspelt band, men også eit frigjort og søkande band. Eit band som varierer sitt uttrykk. Som dveler, teier og kitlar varleg. Men som også brenn og bråkar. Dei høyrer vel til innunder eit americanalandskap. Eit breidt eit, som famnar både folk, country, jazz, rock, og noko sfærisk der ute frå ørkenen ein stad.

Hitlåtar har aldri vore Richmond Fontaine si greie. Denne gongen byr dei likevel på ein singel, You Can Move Back Here. Ein låt med klare spor av Paul Westerberg. Ikkje eit høgdepunkt, men ei bra låt. Det er no like fullt eit albumband dei er. Og eit album har dei laga. Eit som kryp og dansar mellom det dunkle lyset og det slukande mørkret. Sett saman av subtile tonar, triste tonar, trøystande tonar, og The Boyfriends.

Ugløymelige The Boyfriends: Ein mann vert kjent med ei dame. Blir med henne heim. Kleda forsvinn, kåtskapen rår. Ho sit oppå han, han opnar augene, og stirer rett inn i to barneauger: «I didn’t know that, she didn’t told me that, I ain’t like that, Oh I ain’t gonna be like that». Ein trompet smyg innom og bles vemodige mariachifarga tonar. Hovudpersonen byrjar minnast sin eigen barndom. Åleine med ei mor, og hennar stadig vekslande kjæraster: «Oh I ain’t gonna be like that».

Eit høgdepunt, eit skilsettande eit. Blant fleire, på eit sterkt album. Endå eit.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

 

The Reverend Peyton’s Big Damn Band – The Whole Fam Damnily

Standard

Pastoren og hans undersåttar gjev den rurale bluesen ein dugande punkinjeksjon.

5

cover

Dei er slett ikkje så talrike som det namnet skulle tilseie. Dei er berre tre. Den sentrale rolla er det sjølvsagt Reverend Peyton som har. Eller Josh Peyton som han vart døypt. Han skriv låtane, syng dei på rungande vis, og spelar akustisk gitar og dobro som om han var eit rabiat tippoldebarn av Charley Patton. Med seg har han broder Jayme Peyton, han dunkar på trommer, spann, og anna som måtte stå i vegen for han. Og gnukkande og gniande på eit vaskebrett kan vi høyre pastorens kone, Breezy Peyton. Eit reinspikka familieforetak, altså.

Eit foretak som har sine røter i dei landlege deler av Indiana. Heilt ferske i gamet er dei ikkje. Dei har helde det gåande nokre år, og har arbeida seg opp eit rykte som eit brannfarlig live-band. Dei har også ei lita handfull med plateinnspelingar på samvitet. Utan at nokon av dei har komme min veg før.

Det er den akustiske bluesen som er hovudingrediensen i opplegget deira, countrybluesen. Slik den oppstod i henda på karar som Charley Patton og Son House. Og slik Bob Dylan tok den nærare inntil seg på sine to første 2000-tals utgjevingar. Men pastoren og hans Big Damn Band køyrer den inn på eit meir frenetisk spor, kall det gjerne punkspor. Det er eit spor den godt tåler å vere på, sjølv om det kan bli tanken for slitsamt å vere vitne til i lengda. Litt for mykje skjer i same oppjaga tempo, og mange av låtane er veldig nære slektningar av kvarandre. Så eit litt trongt inntrykk skaper dei nok.

Men dei skaper eit vitalt inntrykk også. For dei går til verket med ektefølt lidenskap, stor speleglede og ei fryktlaus innstilling. The Whole Fam Damnily. Fjernt frå kompleksitet og perfeksjonistisk pirk.

Tematikken som blir tatt opp i dei 13 songane spenner frå det sosialpolitiske og til mammas steikepanne. Frå å skildra det håplause i å samla i hop nok pengar til helseforsikring i songen Can’t Pay the Bill, til å lovsynge maten der heime i Persimmon Song. Den siste kjem like godt med oppskrift på familiens eigen favorittpudding.

Reverend Peyton plukkar gitarstrenger og slidar dobrostrenger på meisterlig vis. Og syng av full hals. «Sometimes I lose, sometimes I get lucky, from San Antone to East Kentucky». Worn Out Shoe heiter den songen. Ei vandrarvise med like mykje country som blues i seg. Og som saman med det bluesfriske angrepet på monopolkapitalismen, Wal-Mart Killed the Country Store, vel står fram som platas høgdepunkt. Om ein då ikkje også skal trekke inn den dobrodrivne og vagt White Stripes-slekta Mama’s Fried Potatoes, (jadå, endå ein om mammas steikande overbevisande kokkekunst).

Akkurat steikande overbevisande kan eg vel ikkje seie at Reverand Peyton og hans to disiplar er. Men, rett som det er, og her og der, skaper dei blues, romslig, dynamisk og pasjonert nok. Og då er dei ikkje så veldig vanskelige å like.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

Pink Mountaintops – Outside Love

Standard

Stephen Mc Bean drar sitt andreband inn i mektige omgjevnader, og tangerer kvaliteten til sitt førsteband.

8

cover

Sist gong Stephen McBean var her med sitt Pink Mountaintops-prosjekt vrengte han kjærleiken bak fram, og stega rundt i eit kratt der tornane var mange og blomane få. Han fòr rundt der utan altfor mange i sitt fylgje. Stundom var lyden naken og spartansk, stundom var den rå og verkande. 

Det er ikkje heilt slik denne gongen. 

Det handlar framleis om kjærleiken. Ja, det handlar veldig mykje om kjærleiken. Kjærleikens kriblande vesen, men endå meir om dens trøblete og mindre ærefulle sider. Sider som har denne leie tendensen å sende ein syndig stakkar Outside Love. 

Eller som det står å lese på stickersen på coveret; «ten songs of love and hate». Som, blir det lagt til, «read like a Danielle Steele romance novel». Det siste blir fylgt opp med eit satengdrapert omslagsbilde henta rett utav kiosklitteraturens hyller. Og med eit baksidefoto av ein McBean poserande i ein øyrelappstol, som var han ein annan bestselgjande forfattar. Kanskje eit forsøk på å plassere seg sjølv litt på utsida av den kanoniserte rock’n roll attityden? 

Ikkje veit eg. 

Men eg veit, og eg høyrer, at det er betydelige spor av kanonisert årgangsrock i tonane som møter meg på innsida av omslaget. Og dei kjem ikkje lenger i nakne og spartanske former desse tonane. Dei kjem som ein vegg av lyd. Eller, sidan McBean no ein gong er vår mann i fjellheimen, som eit monumentalt fjell til fjell teppe. Eit teppe med sine klare spor frå ein viss Phil Spector. Men og med spor av ein god del anna syndefullt og stygt vanedannande frå den tida då rocken enno var ung. 

For å få dette til har han ikkje operert åleine. På ingen måte. Fleire av hans Black Mountain-frendar deltar, i kosmisk selskap med mellom andre Sophie Trudeau (A Silver Mt. Zion), Josh Stevenson (Jackie O Motherfucker) og Ted Bois (Destroyer). Og dei fleste spelar på meir enn eit instrument. Langt meir. Og damene slepp til på vokal. I rikt monn. 

Dei startar like godt med å stille det essensielle spørsmålet «how deep is your love?». På eit noko anna vis enn Bee Gees gjorde det i diskoalderen. «Mine was cheap and made of plastic» svarar ein smått kynisk McBean. Axis: Thrones of Love heiter låta. Og er i så måte ein liten finte både i retning førre album, og mot ein viss Jimi Hendrix. Sonisk stakar den ut kursen i dundrande former, og med eit suggererande og ruspolitisk utfordrande gyng. Ein kurs som på ingen måte vert rota til i etterkant, men som blir halde vel i hevd ved hjelp av storveges melodisk grunnkapital, og generelt sett stimulerande manerar. 

Manerar som handlar mykje om å gje låtane eit voluminøst uttrykk, utan å styre dei inn i det pompøse. Det handlar om romklang, progresjon og beherska larm. Og det handlar om tid. God tid. For på eit par unntak nær blir ikkje dette drive fram i hastige former. Sånn sett kan ein relativt trygt plassere seansen i dei stressfrie draumars sfærar. 

Og på sitt aller mest sakteflytande kan vi høyre bandet i Mazzy Star-slekta While We Were Dreaming. Ein song om kor meiningslaust det er å møte motgang med kapitulasjon og religiøs sverming; «but Jesus ain’t coming, so don’t waste your time». Ein song der Black Mountain chanteuse Amber Webber si søster Ashley blir gitt hovudrolla. Ei rolle ho kler på fagert vis, med ei røyst av same kaliber som søstera. 

Amber sjølv backar opp McBean i hippiesurrealistiske Holiday. Ei låt som opnar med det empatiske utsegnet «everyone I love deserves a holiday in the sun». Og til trass for at denne sola med åra har vorte vel strålande, er her ein optimistisk undertone å spore. Slik og i And I Thank You. Ein countryballade der songaren nektar å la mørkret og einsemda erobre sinnet; «I ain’t living no long lonesome nights, I’ve stopped calling that woman my wife». Ein countryballade som går i fotefara til Dead Flowers, med blikket retta mot You Can’t Always Get What You Want. Stones-tonar av om lag same sorten lurer også i skuggane når den Spiritualized-psykedeliserte Vampire kjem blafrande i blodtørstige former. Og koret, koret syng «creatures in flight, let’s be creatures of the night». 

Dette med å sleppe damene til som myndige koristar, eller i endå meir framtredande songroller, er avgjort ein styrke for albumets dynamiske vesen. Ashley Webber fekk sin song, tittelkuttet vert lagt i famnen på ei anna dame, Jesse Sykes. Og med si karakteristiske ru røyst rissar ho denne dronesvevande og elegiske countryballaden fast i minnet mitt. Den startar på botn, «someone told me of a dream, killed along the lost highway, men ei von spirer fram. Ei von om at det finst ein draum til, «where outside love reigned supreme». 

Eg reserverte meg ein tanke når eg lenger oppe kalla albumet noko sånt som stressfritt. Det hadde sine grunnar. To grunnar. Execution fresar fram jaga av pulserande piskeslag, som eit Jesus & Mary Chain med Shangri-Las på halen. Og endå nokre hakk tøffare er tonen i The Gayest Of Sunbeam. Dei same Jesus & Mary Chain spring først i hu her også. Tekstlig er den ein hyllest til ei kvinne. Sonisk er den eit rasande omen om at mange fagre tankar har ein tendens til å bli ståande att på stasjonen når toget til herligdomen går. 

Ein herligdom songaren ser lyset av, til mjuke tonar og pastellfarga droner, i det bedande avslutningssporet Closer To Heaven. Ein himmel han kanskje ikkje heilt touchar med dette albumet. Men du verden, han fyller rommet mellom dei yppige fjelltoppane med storarta tonar. Og det, det er meir enn godt nok for meg.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

Mari Persen – Mari Persen

Standard

Fortidsbaserte og kurante låtar vert ført inn i svale, fargerike og taktgode arrangement.

5

cover

Dette er ikkje første gongen Mari Persen spelar på ei plate. Ho har vore der med fiolinen sin på mang ei innspeling. Med Real Ones, med John Olav Nilsen & Gjengen, med Madrugada, og mange fleir. Men dette er første gongen ho er med på ei innspeling som ber hennar namn, og som handlar om hennar songar (stort sett). Songar som hentar tonane sine frå tider då rock’n roll enno ikkje hadde skjedd. Tider då Ella Fitzgerald, Vera Lynn og Andrew Sisters var på høgda.

Men ho står ikkje fast der, i dei tidene. Ho er her og no også. Med groovy rytmikk og epokeoverskridande popeleganse. Ho flyr slett ikkje høgt på originalitet og slikt, men kjem langt med sjarm, varme og fasetterte arrangement.

Låtane hennar høyrer vel kanskje ikkje med til dei sterkaste og mest fullkomne som er blitt laga. Ho og hennar medsamansvorne fører dei imidlertid til torgs i klednad og skapnad som så avgjort gjer dei interessante (stort sett).

Hennar medsamansvorne er nestoren HP Gundersen, som har deltatt i produksjonen, og komponert eit par av låtane. Elles er det dusinet overfullt av medspelarar. Der ein vel særlig merkar seg det dynamiske og avgjerande groovet mange av låtane er utstyrt med. I dei fleste tilfeller effektuert av Tarald Tvedten og Tommy Haltbakk. (Sistnemnte er frontfigur i popbandet The Royalties, der Mari Persen er ein av medlemmene).

Mari Persen sjølv gjer så mykje meir enn å spele på fiolinen. Ho står fram som reine multiinstrumentalisten. Og så har ho ei yndig røyst. Ei røyst som syng om kjærleiken, musikken og natta. Med hovudet heva, blikket opent, og smil om munnen. Lett dansande.

Den sentralt plasserte songen Melody er trekkspel, ein «lovely night cafe», Paris, 1946, liljelukt og romantikk. All in One har noko av det same i seg, men også eit groove med meir modernitet i ganglaget. Endå meir no, og endå meir groove, er Criminal. Yppale og popfunky Criminal. Med sitt friske arrangement, der psykedeliske fiolintonar gjer seg sterkt gjeldande, i samspel med orgel, blåsarar, harmonisk hjelp frå eit par unge menn, og eit djupt groovy rytmemønster. Eg trur vi kan kalle det albumets høgdepunkt.

I eit popfunky bilde finn vi også Cool About og I’m Gonna Get You. Førstnemnte ein HP Gundersen komposisjon som blir litt for slick. Sistnemnte ein driftig og smårøff sak, der Ronnie Le Tekrø kveikjer ein effektfull gitarsolo i siste fase. Mindre groovy, men popfin og attraktiv på dei fleste sett er Bonnie Michelle (Gundersens andre). Medan Sweetheart og Leo plukkar med seg litt svermerisk disneystemning.

Ho har plukka frukter og samla inspirasjon frå mangt eit bord. Men ho overdriv ikkje når det kjem til å gje det ei form. Den heng saman den, og gjer plass. Ikkje det at det er skilsetjande og forbløffande på noko som helst vis, det er det ikkje, men bra er det. Hyggelig, spenstig og bra.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

JebLoy Nichols – Parish Bar

Standard

Country er funky.

7

cover

Ære vere den som tar seg forbi sjangergjerder og plukkar med seg det han finn. For så i neste omgang lage ein smakfull gumbo av det, krydra med ekte varme, og med salt frå levd liv. Så ære vere Jeb Loy Nichols.

Eg burde ha kjent til han frå før. Han har vore med lenge. I fleire tiår. I bandsamanhengar og som soloartist. Men eg har sove i den timen. No har eg vakna opp på Parish Bar. Noko brydd over tilstanden, men lite lysten på å gå. For det er ikkje kvar deg ein blir servert stoff som dette. Groove-lada country med slepen soulsmak og dub-e-di-dub. Ein runde til takk!

Men først. Inn på bakrommet for ein liten biografitime.

Fødd i Wyoming, oppvoksen i Missouri. På platespelaren i heimen spelar mora jazzplater, og faren countrymusikk. På radioen, om kvelden når han eigentlig burde sove, er det meir freistande å søke opp kanalen som viser han magien i soulen. Då han er fjorten flyttar familien til Austin. Han oppsøker byens musikkscener. Han opplever Funkadelic og Bob Marley, George Jones og The Ramones. Han blir slått i bakken av Sex Pistols.

Sytten år gamal pakkar han sekken og drar til New York. Frå å komme frå eit tilvære som outsider, finn han seg brått midt iblant ein bråte av dei. Han startar studere malarkunst. Heng rundt med The Slits og Neneh Cherry. Oppdagar energien til Grandmaster Flash. Dreg til London. Byrjar spele country saman med Joe Brack. Får platekontrakt med OKra records. Bandet døyper han høveleg nok The Fellow Travellers. Året er 1990. I magasinet Spin blir bandet karakterisert som «the lonesome children of Merle, Marley and Marx». Det vert tre album.

Han startar solokarriere. Lovers Knot heiter debutalbumet. As the Rain heiter låta, som burde vore ein hit (skjønar eg no). Jeb tar med seg kona og flyttar til Wales. Just What Time It Is er neste plate ut. Året er 2000. Easy Now heiter det to år seinare. Neste prosjekt; Nashville. Mark Nevers produserer, Lambchop-folk spelar med, og Dan Penn. (Høyrest ut som ei plate ein må ha): Now Then. To år deretter: Days Are Mighty.

Så er vi her igjen. På Parish Bar. Og blir servert:

Countrymusicdisco45. Aperitiff og hovudrett i skjønn foreining. Country i ein jazzsløy melodisjargong, og eit rytmebilde så alldeles funk-to funky-laidback.

Dans der du sitt!

Historien er denne: Jeb Loy Nichols er ute og dansar. Diskoen regjerer, og dansegolvet er trustappa av sveitte kroppar. Brått kjem noko anna gjennom høytalarane. Dj’en har friska til med ein countrylåt. Alle stoppar opp, og veit ikkje heilt korleis denne utfordringa skal handterast. Men Jeb likar det han høyrer, og tar ansvar:

I said people, people, won’t you follow me
This is the new country style you see
Stretch out your arms like a plane
Bark like a dog, shuffle like a train
Roll like the wind and scoot like a rooster
Skip around the room like you usta

Udogmatisk og kostelig. Men det stoppar ikkje der.

Med soul i sinn, Graham Parker i venstre augekrok, og hip-hoprytmar i ryggen tassar Whole Thing Going On forbi, heilt utan fakter. Men med ein saliggjerande legning.

Og såleis driv han på. I eit elskverdig og stressfritt tempo. I låt etter låt. Ti sjølvkomponerte, tre coverversjonar. Dei fleste avla på tiltalande tonar, og forma i attraktive former. Alle vevd saman av Nichols heime i stova i Wales. Nesten heilt aleine. Med gitar, keyboards og maskiner. Og ei røyst av det sindige og innsmigrande slaget. Som ein slags røyklagt amalgam mellom J.J. Cale og Boz Scaggs.

Han tar seg fridomen å flytte ei gammal bluegrass-låt (I’m Blue, I’m Lonesome Too) inn i eit røykfullt reggae/dancehall mønster. «Wah-wah-wah-wah-whe-oo». I slepande countrysoulfasong presenterer han oss for alkoholdemonen Satan’s Helper. Han som lever på innsida av den vidunderlige flaska, og som fylgjer med «at absolutely no extra cost».

På eit par-tre låtar nær kan ein vel seie at det er eit melankolsk drag over sakene hans. Ikkje eit massivt eit på nokon måte. Men eit slikt eit som lar fuglesongen og morgonsola akkompagnere utsegn av typen «days are mighty long around here since you’ve been gone». Eller stryk eit lite sukk som «so sad to hear about it» langs ryggflata med balsamerande souljazzdub.

Han kallar Parish Bar eit in-between prosjekt. Eg har, som de har skjønt, eit særdeles tynt grunnlag for å meine noko om korleis den står seg mot dei meir offisielle prosjekta hans. Men tenker likevel freidig nok at for min del må mannen berre halde fram med å levere in-between stoff.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

 

Monsters of Folk – Monsters of Folk

Standard

Noko så uvanlig som ei supergruppe med noko å by på.

7

cover

Det var i 2004. For Bright Eyes hadde det gått to år sidan Lifted, og I’m Wide Awake, It’s Morning var enno minst eit halvår inn i framtida. M Ward hadde gjort sin Transfiguration of Vincent, men enno ikkje skrudd i hop sin Transistor Radio. Og My Morning Jacket var midt mellom It Still Moves og Z. Det var då Conor Oberst, Matt Ward og Jim James for første gong fant saman på ei scene, og spelte songane sine (og andre sine) for kvarandre, og sitt publikum.

Det blei fleire scener, og fleire songar. Monsters of Folk var det ein og annan som byrje kalle opplegget deira. Og så endå fleire, til dei til slutt vart heitande så. Dei hadde det kjekt i hop, men det var ikkje ein prioritert del av deira artistliv. Dei fem åra som er gått har likevel fostra ein idé om å gjere noko meir utav det; lage ei plate i lag til dømes. No er ideen effektuert.

Når ein ser på desse namna, og tenkjer på alt det storarta dei har gjort i sine hovudprosjekt, er det klart at ordet supergruppe er meir enn nærliggande å tenke. Dette langt meir hata enn elska ordet. Forståelig nok. For av dei mange storarta som har kome saman på dette viset før, har få, veldig få, hatt noko vettug å by på. Det har som regel utarta seg til ein uinteressant kamp mellom sterke ego, eller ei meiningslaus øving i minste felles multiplum, der partanes beste (og nest beste) songar blir gøymt unna til eigne stunder.

Crosby, Stills & Nash (& av og til Young) var blant dei første av dette slaget. Og bort imot den einaste konstellasjonen eg kan kome på som ikkje stadfestar regelen over. Men som i staden hadde ei og anna sterkt inspirert og blomstrande stund. Trass eit namn som får alle fordommar til å gå i heilspenn; slike stunder byr forsyne meg Monsters of Folk på også.

Det verkar ikkje som dei kjempar om merksemda. Dei verkar oppglødde og villige. Dei yt og dei gjer. Dei er på lag. Og aller viktigast; dei bringe til torgs låtar det er meiningsfullt å komme dragande med. Nye låtar, gode låtar. Låtar som er på høgde med slikt dei plar presentere i eigne gode stunder, på nokre smådaffe unnatak nær.

Dei tre har også med seg multiinstrumentalist og produsent Mike Mogis. Conor Oberst si høgre hand i Bright Eyes, og produsent av mang ei finfin plate. Han har vore med å skape eit laust og ledug sonisk bilde. Og han har sikkert vore medansvarlig for at uttrykket har blitt eit tilnærma banduttrykk, og ikkje eit uttrykk med tre overtydelige solosignaturar.

Ingen andre enn desse fire spelar på plata. I beste The Band-tradisjon byter dei på å spele ulike instrument, og dei byter på å synge. Og det sagt; dei karakteristiske stemmene deira, og låtane sin tidvis noko gjenkjennelige struktur, sørgjer nok for at dei fleste songane har sitt bumerke.

Men opningssporet er vanskelig å henge på nokon av dei. Dei tre songarane ber her kvar sitt vers, og rundt ein sløy trommeloop blir Dear God meir trip-hop enn folk slik vi kjenner det. Resten av plata held seg derimot innafor det utvida folkbegrepet.

Med den sfærisk harmonerte og episke Temazcal kjem Conor Oberst opp med ein av sine beste songar sidan I’m Wade Awake-albumet. Og like bra er hans Ahead of the Curve og Map of the World. Begge kjem dei i melodisk velproporsjonert skapnad. Ingen driv inn i dei desperate former. Gnagande møye vert like fullt uttalt. Særlig i den sistnemnte, der ei sveitt midtlivskrise blir dissekrert. I den første, ein type oppbrotssong, slepp Oberst og hans medsamansvorne til «a piece of the sunshine», og det er jo sjeldan bortkasta.

Stemma til Conor Oberst gjer seg også inspirert gjeldande på Baby Boomer. Eit sprettent og margkitlande M. Ward nummer, der oksygenet dansar og overskotet boblar. Frå same manns hand må ein vel rekne med at det lettbeinte og artige 50-tals rock’n roll nummeret Whole Lotta Losin» også har sitt utspring.

Jim James på si side trur eg skal ta på seg veldig mykje av ansvaret for den dynamisk klorande og lausslopne sørstatssaken Losin» Yo Head. Og han har nok også hatt sitt å seie for korleis The Right Place countryrockar i vene former. Legg her spesielt merke til linja «I needed you like you needed me, people, they need piano-keys», og korleis pianoet der kjem trillande inn. Raffinert.

Joda, dei veit å få det til desse karane. Også når dei ikkje har hovudrolla. Det står vel faktisk litt respekt av slikt.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

 

Minor Majority – Either Way I Think You Know

Standard

Ei ny og habil pakke måtehalden melankoli frå den sekundære majoritet, ispedd litt Wilde, og litt dans.

5

cover

Fem album inn i eit bandliv som nærast starta som eit einmannsprosjekt, har Minor Majority til gode å stege særlig utafor sitt vesle blåduse hjørne. Dei yppar seg seg ikkje så altfor mykje med slikt denne gongen heller.

Frontperson Pål Angelskår syng varmt og nært med denne røysta si. På engelsk. Om kjærleikens strevefulle vesen, og andre mellommenneskelige tilhøve som knirkar og kvin lite grann i samanføyningane. Bandet, og deira medsamansvorne, støttar stødig og jålefritt opp om denne måtehaldne tristessen. Og Karen Jo Fields korar på sine tilmålte tre spor.

Ei utvikling har no likevel skjedd. Det soniske bildet er blitt fyldigare i løpet av desse åra. Meir innhaldsrikt. Denne gongen inneheld det endåtil fleire gitarsoloar. Slett ikkje endelause, men poengterte, og gode soloar. Det rytmiske har fått eit meir slagkraftig preg. Ein kammerkvartett kolorerer fleire av spora. Ja, noko meir massivt kan vel seiast å ha sege forsiktig inn over bandet.

Og så har dei involvert Oscar Wilde. Pål Angelskår tok i si tid hovudfag på den irske diktarlegenda. Utan å sette punktum, eller sleppe tak i han etterpå. Forståelig nok. For eit par år sidan fekk så han og gitarist Jan Arild Stieng i oppdrag å skrive musikk til ei norsk lydbokutgåve av Wildes vidgjetne roman Bildet Av Dorian Grey. To songar frå dette arbeidet er blitt tatt med på Either Way I Think You Know.

Den nokså midt i folkrockgata-saken Song For Sybil, gyngar tillitsvekkande nok forbi, men utan å markere seg som eit Minor Majority augeblikk ein kryssar av for. Annleis då med Dorian Leaving the Table in Rage. Den merkast. Med sine gjennomborande mishagsytringar, og sitt nådelause mantra; «I swear to God, you are no good». Det heile arrangert inn i eit varmblodig og dramatungt «Madrugada møter Tindersticks» bilde, som dyttar litegrann på oppfatninga av kva Minor Majority er for noko.

Frå ein annan kant gjer Dance ein liten innsats for å dytte på denne oppfatninga. Spenstig, lettbeint og smått funky som den er. Med saksofon og trompet, og bandet i full harmonisk koring; «I just wanna dance, wanna dance, wanna dance, yeah». Annleis, og best på plata, saman med Dorian.

Innimellom desse ytterpunkta maktar nok ikkje bandet å skape dei heilt store vibrasjonane. Ingenting dei gjer er dårlig, ingenting er daft. Men den melodiske fargelegginga blir til tider noko nyansetrong og sjansefattig. Så sjølv om arrangementa er finurlige og dynamiske nok, kan dette fort verte ei plate som hamnar i hylla, for å bli der.

Om då ikkje Dance eller Dorian fristar, eller det dobbeltframstilte tittelkuttet. Først kallar det seg In A Way I Think You Know, og kjem i skjøre og dempa akustiske former. Tiltalande former. Seinare i seansen sprett det rundt som ei anna gitarpopaffære og kallar seg med sitt rette namn. Og er god då også.

Reasons to Hang Around var Minor Majority i melodisterkt folkpopslag. Either Way er bandet på sitt kanskje mest varierte, men med litt mindre melodisk soliditet å vise til, sånn jamt over. Neste gong trur eg kanskje eit Minor Majority noko meir på utsida av sitt vesle hjørne kunne ha gjort seg.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

Kathy Mattea – Coal

Standard

Med vørdnad og glød syng Kathy Mattea om livet, slitet og døden i gruvene.

6

cover

«It’s dark as a dungeon and damp as the dew,
Where danger is double and pleasures are few,
Where the rain never falls and the sun never shines
It’s dark as a dungeon way down in the mine»

19 år gammal høyrte Kathy Mattea Merle Travis-klassikaren Dark as a Dungeon, og bestemte seg for at ho skulle samle i hop songar som omhandla gruvearbeidarens barske liv, og kanskje gje dei ut på plate eingong. Ei gruveulykke i Sago, West-Virginia i 2006 som kosta 12 mennesker livet gav for alvor fart i denne gamle tanken. Så her er plata.

Kathy Mattea er på ingen måte nokon nykommar. Ho har ein karriere som tolkar av country- og folksongar som strekk seg over eit kvart århundre, og som mellom anna har resultert i 17 album, fleire Grammy-prisar, og eit tosifra tal hitlåtar. Dei siste åra har ho brukt mykje av tida si på eit sosialt/politisk engasjement. Ho har mellom anna vore ein aktør i Al Gore sin miljøkampanje. Eit djupfølt engasjement kan ein høyre ligg til grunn for dei ti songane ho syng på Coal også.

Eit engasjement som heilt sikkert har noko å gjere med at ho trødde sine barnesko i eit gruvearbeidarmiljø i West-Virginia, med to bestefedre som arbeidde heile sitt liv i gruvene der. Ho har ikkje laga eit gjennomført dystert bilde av livet i og rundt gruvene. Ho har heller ikkje laga eit übernostalgisk og skjønnmalande bilde. Ho viser at historia har fleire sider. Det var slit, smerte og død. Det var fattigdom og nød. Det var eit liv ein knapt kunne velje, fordi det var det einaste mogelege. Men det var også eit liv som gav familiar mat på bordet og varme i stova. Eit liv som slett ikkje berre handla om sot, støv og bøygde nakkar, men også om mot, ære og kjærleik. Og som derfor vart sårt rokka ved når maskiner trilla inn som erstatningar, eller gruveinngangar vart stengte.

Kathy Mattea har alltid vore meir ein tolkar av andre sine songar, enn ein låtskrivar. Og det er andre som har skrive alle songane på denne plata også. Men ho gjer dei til sine. Ho syng dei med ein autoritet, ei innleving og ein varme som osar av sympati og ekte kjærleik for miljøet og skikkelsane ho fortel om. Enten det handlar om han som må ta til takke med ein ussel sosialstønad etter å ha arbeidd sitt «life away» i gruva, i det sterke folkbluesnummeret Blue Diamond Mines, eller det handlar om han som mismodig ser sin beste venn forsvinne idet vegen endelig kjem, i vemodsvakre The Coming of the Roads.

Ringreven Marty Stuart har produsert det heile i eit akustisk bilde, der gitaren, banjoen, mandolinen, fela, kontrabassen og sordinert perkusjon hentar fram tradisjonen og ånda frå fjellsidene i West-Virginia og Kentucky. Dei lifligaste countrytonane vert spelt når heimstaten blir prisa i blodbrusande og smått sentimentale Green Rolling Hills. Meir nedslåande er ryktet som rir den vesle Kentucky-byen Harlan. For You’ll Never Leave Harlan Alive heiter det i ein Darrell Scott-skriven song som Kathy og hennar menn gjer ein inspirert og gripande versjon av.

Mest gripande er no likevel avslutningsnummeret Black Lung. Og best. Ja nakkehåra reiser seg, og klumpen i halsen trenger på når Kathy Mattea heilt utan instrumentelt fylgje, men med gospelkraft og inderlig varme syng om stakkaren som har pusta sin del av kullstøvet, og vel så det:

«He’s had more hard luck than most men could stand
The mines was his first love but never his friend
He’s lived a hard life and hard he’ll die
Black lung’s done got him his time is nigh»

Det er song som set spor. Og sjølv om ikkje alt på Coal set sine spor i same grad som denne, slett ikkje, er det heile bygd rundt ein så naturlig musikalitet og genuinitet at det berre må bli omfamna.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

 

The Low Anthem – Oh My God, Charlie Darwin

Standard

Folk er så mangt. Berre spør The Low Anthem, og du vil få eit uimotståelig svar.

8

cover

Ti forblåste og hutrande januardagar i 2008 søkte trioen The Low Anthem ly i ei hytte på Block Island, nokre sjømil utafor kysten av Rhode Island (der dei held hus sånn elles, i byen Providence). Dit hadde dei med seg dusinet dobbelt av ulike instrument, ein solid forsyning med bourbon, og nokre venner. Det destillerte soundtracket frå dei ti nokså søvnlause døgna gav dei ut eit halvår seinare på sin eigen label, End of the Road records. Utan særlig ståhei.

Men eit rykte byrja likevel å gå. Om at det spenstig titulerte albumet Oh My God, Charlie Darwin var for godt skodd med attraktive tonar til å bli neglisjert. Og ryktet vaks seg til ein aldri så liten hype. Og her sitt eg, skeptisk til dei fleste former for hype, men bergtatt av The Low Anthem.

Ikkje fordi dei sprenger grenser eller er überfantasifulle på noko vis. Det dei gjer har vel i grunn ganske så mange andre også gjort. Det dei gjer har sine røter i ein gamal tradisjon. Folkmusikktradisjon. Ut av denne tradisjonen dreg dei så tonar, og komponerer songar, som har det med seg at dei verkar å ha vore her alltid. Slikt skal ein ikkje kimse av.

Ein treng slett ikkje føre dansen inn i uutforska trakter for å få det til å krible. Eller dra på turar ingen har gjort før for å vere interessante. Ta nå til dømes det der med hyttetur i avsondra og vintertempererte trakter. Den tok jo Bon Iver året før. Og ikkje nok med det, når eg høyrer den harmonerte falsettsongen i opningslåta, ja så driv tankane strake vegen frå hytta på Bank Island, og til den der hytta i Wisconsin. Men det er ikkje ho Emma Low Anthem skular tilbake på. Dei ser forbi henne. Langt forbi, og inn blant hypotesane til Charlie Darwin.

«Who could heed the words of Charlie Darwin?» vert det spurd i eit noko resignert toneleie. Han som spør segla for nokre timar sidan så friskt mot den klare horisonten. No er forliset eit faktum, og; «as far as I can see there is no land». Bølgjene er kalde og formlause, og livet likeså. Å overleve er ein einsam sak.

Eit skilsettande første kapittel.

Neste kapittel fører oss To Ohio. Frå Louisiana til Ohio. Med ei svak svak tru på nye sjansar. Songarens røyst er no lagt i eit meir støvete leie. Fyren han syng om har mista sin kjære, og vil starte om att. Men det er ikkje lett, for han høyrer stemma hennar synge frå furutrærne i Ohio. «oo ooo oohioo».

I tredje kapittel vert det hevda at The Horizon Is a Beltway. Dette vert gjort under soniske tilhøve som skil seg ein god del frå dei to føregåande kapitla. Der gjekk det føre seg i akustiske og stillferdige former, no skrallar det og skrålar det, og bandet høyrest mest ut som eit Tom Waits-leia midnattskor på vill jakt etter Woody Guthrie tonar.

Tre songar. Tre vegar. Tre stemmer. Eit band. Ein himmel. Ein songar.

Heilt naturleg og utan affekterte tendensar uttalar Low Anthem sin folktone på så ulikt vis. I første omgang, aller første omgang, skapar dei kanskje ein smule forvirring. Men eigentlig skapar dei berre herlig variasjon og eldfull dynamikk. Slikt skal ein ikkje kimse av.

Songaren heiter Ben Knox Miller. Han spelar også gitar. Saman med bassist Jeff Prystowsky forma han The Low Anthem for tre-fire år sidan. På ruinane av diverse band dei to hadde vore gjennom. I sine første duo-år spelte dei inn to plater. Ei sjølvtitulert, og ei med tittelen What the Crow Brings. Så vart dei tre. Den klassisk studerte og klarinettspelande Jocie Adams slo fylgje. I lag spelar dei på sånn cirka 27 ulike instrument (frå saksofon og cello til tabla-trommer og pumpe-orgel). Utan at dei tettar att gliper eller stenger for luft. Slett ikkje. Dei gjer lydane rom. Og så er dei eit varmblodig og organisk orkester, som spelar songane sine. Ikkje konstruerer dei.

På ein låt nær har dei skrive alt sjølv. Den eine er Home I’ll Never Be. Ein Jack Kerouac tekst tonesett av Tom Waits. Ein rastlaus rakkar av ein låt, som i god Waits-tradisjon får ein velfortent skranglete medfart.

Det tredje nummeret som røskar og riv i alvorleg grad er den kvast elektriske og Dylan-snerrete Champion Angel. Resten av stoffet held seg innafor eit akustisk-fundert og rimelig dempa folkrock-landskap.

Med Charlie Darwin lurande i skuggane. I ei litt utydelig rolle, der han ikkje veivar med evolusjonsteorien. Ikkje på noko insisterande vis i alle fall. I andre roller treff vi på spøkelse som forfattar historiebøker, Gud som fangar songfuglar, og fyren som lengtar etter Mary Anne.

Den siste møter vi i Richmond Fontaine-slekta Ticket Taker. Ei sordinert vise om dei heldige, og om dei fordømte. Om dei som får bli med arken, og om dei som ikkje fekk løyst billett. Så uroa gneg, vatnet det stig, og himmelen knirkar. Medan helten held av ein plass til Mary Anne. For «soon she will come home». Men det er han nok ganske så aleine om å tru på.

Frå same nøkterne soniske landskap kryp også Don’t Tremble inn i hjerta mitt. Sterk på trøyst og håp; «you have got the looks my dear, to make a mountain shake». Særlig til håp verar eg derimot ikkje hos hovudpersonen i tittelsporet (forkorta OMGCD). Men han prøver å gjere sitt beste, «like Charlie said». Med både folda og klappande hender, i eit fint harmonert og gospelinspirert driv.

Til slutt yppar trioen seg så litt mot Darwin sin teori om «the survival of the fittest», ved å ta med ein nest beste versjon av To Ohio. Ein litt skakkøyrt ein. Men det er vel sånn dei er. Dei fylgjer i fotspora til gigantar, men dei gjer det på sitt vis. Sitt medrivande vis.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

The Lovell Sisters – Time To Grow

Standard

Fjelltonar som slett ikkje er så pasjonerte og friske som dei burde ha vore.

3

cover

Eg har ei stund vore i den tru at det ligg ei forløysing på lur når det gjeld denne plata her. The Lovell Sisters si andre. Dei unge bluegrass-spelande systrene si andre. Men nei, no lyt eg gje opp. Forløysinga kjem ikkje. Sløret ligg der, og blir liggande. Lite materialiserer seg. Time to Grow er visst ikkje laga av stoff som maktar gje meg så mykje.

Det er noko med tonen frå dei akustiske strengane til jentene. Frå fela til Jessica, dobroen til Megan, og mandolinen og gitaren til Rebecca. Det er ein klar og tydelig tone der. Ein tone som fortel om talent. Det er noko som spirer der, men det blomstrar sjeldan. Det er noko i samspelet, i produksjonen som gjer at tonen ikkje heilt maktar finne vegen fram i frisk luft. Den gjer helst ifrå seg eit inntrykk av å vere noko som berre føregår, ikkje noko som ynskjer røre ved ein. Slik skal det ikkje vere.

Det er også noko med songane dei spelar. Halvparten sjølvlaga. Songar Jessica og Rebecca vekslar på å synge, utan å vise fram røyster med skarpskodd karakter, men dugande, absolutt. Dei er jamt over ikkje spesielt gode, desse songane. Dei har eit heller fargelaust melodisk vesen. Eit slikt det er vanskelig å merke seg. Ikkje flaut, platt, sentimentalt, tåpelig, eller dårlig på noko vis, berre fråverande. Og derfor ikkje heilt bra.

Men det er litt som er bra. Det er det. Tittelsporet er bra. Det har i alle fall ein del av vitaliteten eg saknar elles. I strengesamspelet, og i sin elles rastlause og fridomssøkande skapnad; «I got songs to sing and dreams to make». Den linja klarer dei aldri å fylgje opp, sjølv om deira ledige omgang med den tradisjonelle folkblueslåta In My Time Of Dyin» skal få eit godkjentstempel. Paulita Maxwell er på si side tufta på ein dugande idé. Det å lage ein song om kjærasten til Billy the Kid. Sluttresultatet kunne eg tenkt å pumpe meir inderlig energi i. Og endå meir i det resterande repertoaret.

Systrene styrer karrieren sin sjølv, og gjer ut plata på eige selskap. Dei kunne vore i henda på eit stort selskap. Dei kunne turnert med Miley Cyrus. Dei har fått tilboda. Hadde dei gått den vegen, og enda opp med noko like blodfattig som dette, kunne eg for så vidt ha skjønt teikninga. Det gjer eg ikkje no. For noko seier meg dei har to i seg til noko anna. Noko som kan rive meg med.

Neste gong, kanskje?

Først publisert på Groove.no (i 2009)