Tag Archives: Stephen McBean

Black Mountain – Wilderness Heart

Standard

Dei strammar seg opp, smalnar fokuset, og reduserer på dei psykedeliske faktene.

6

cover

Moderne musikk er ikkje noko for Black Mountain. Det proklamerte dei allereie i første spor på si første plate. Og dei har ikkje lagt skjul på det sidan. Ikkje på Wilderness Heart heller.

Wilderness Heart er vel i grunn vel så fastna i dei heilage åra 1966-72 som det Vancouver-banden sine to føregåande album er. Vel så fastna, og meir konsentrert og kompakt i sitt vesen. Denne gongen handlar det gjennomgåande om låtar av 4-minuttars kaliber. Låtar med ein strammare struktur. Her er ingen faseterte underverk a la Tyrants, eller psykedeliske djupdykk a la Bright Lights. Ingen teikn til utflipping, eller snusing på uautorisert syre. Så eit album som bringer banden Viddere er dette ikkje.

Men det førte dei til Los Angeles (og til Seattle). Der det vart til at dei spelte inn store deler av plata, med andre enn seg sjølve i produksjonsrolla. Utan at det kan seiast å ha gått gale. Dei har ikkje latt seg bli glatta til, har ikkje vaska vekk ureine tankar, har ikkje frisert seg grundig og vel, eller funne på å trakka spesielt respektfullt i spora dei fylgjer. Dei dynkar sjela si i klassisk rock’n roll og hevdvunnen folk herligdom, og spelar som om dei har funne opp heile greia sjølv.

«Bang, bang the drum, children having their fun with the blues».

Det har Black Mountain også. Med bluesen, med country og folk, med riffrock og heavy metal, med psykedeliske former og duettsongens dynamikk. Med eit overskot sjølv den mest iherdige kapitalist vil misunne dei, gjer dei det tydelig at dette er tonar dei elskar, dette er tonar dei eig, dette er Black Mountain, og slik gjer vi det.

Med bulder og brak, og maksimal rock’n roll tyngde i The Hair Song. Ein countryrockar i Stoneskappe plassert midt i ein Zeppelinsk himmelstorm. Grunnlagt på ei uimotståelig melodisk kraft, og boren fram av mektige hammarslag og flagrande energi.

Med gitarriff i Sabbath-ånd, og glefset i angrepsposisjon i Old Fangs. Ein stonerfunky sak der keyboardet er psykisk, orgelet fysisk og visjonane blodige.

Med akustisk gitar, og fleirbotna fokus i Radiant Hearts. Ei folkrocklåt der marerittet ligg og ulmar medan håpet prøver gjere seg gjeldande frå ein meir himmelsk vinkel. Ei folkrocklåt der ungane «plays softly around the explosions» og himmelen er tilsmussa av «radiant hearts, waiting to guide you back home». Ei folkrocklåt som ikkje tek seg tid til å lene seg tilbake, men driv krumbøygd mot …… ja, sei det.

I lag utgjer desse tre ei grundig god første fase. Men så, så er det at albumet styrer seg inn i ein noko mindre engasjerande midtfase. Ei fase med seigriffa Rollercoaster, tempometalliske Let Spirits Ride, og bluesrock a la Jack White i The Way To Gone. Låtar det velkjente dusinet allereie har ein fyldig porsjon av.

Tittellåta derimot gjer greia si. Vilt, mørkt og søvnlaust. Med monsterriff av det farlig tøffe slaget, og Amber Webber i den vokale hovudrolla. Intenst til stades i den vokale hovudrolla.

Amber Webber, dama i banden. Det er berre i tittellåta ho har den vokale hovudrolla. Men det er slett ikkje den einaste songen der ho syng. Ho syng på dei fleste ho. Ved sida av Stephen McBean. Som duetterande partnar, som nynnande kolorist, som motvekt, som dynamisk støtte, som subtil pasningsleggar til den nonchalant bitande røysta til Sephen McBean. Interaksjonen desse to røystene imellom er ein essensiell part av det som til slutt endar opp som Black Mountain-uttrykket. Ja ein beint fram avgjerande part i grunn.

Avgjerande i positiv lei har også dei psykedeliske vindane som har pleidd å farge fjellsidene i all slags fargar vore. Vindar som ikkje bles like virvlande og fargar like intenst denne gongen. Men dei finst her. Mellom anna i folkpopen som omkransar Buried By the Blues. Berre ikkje så ute på kanten som dei kanskje burde ha våga seg, i ei låt som eg tolkar å vere ein tributt til Syd Barrett.

«It’s our most metal and most folk oriented record so far» hevdar Stephen McBean i presseskrivet. Han har heilt rett. Og der innleiinga er dominert av inferno og barske riff, er avslutningsfasen ei visestund i to kapittel. Den ikkje heilt trygt jorda countrypsych-balladen The Space Of Your Mind er gjev nok, men Sadie er gjevare. Og mørkare. Ein truande undergangsballade, tilsett statisk gnissel og elektriske render, som endar opp i tung dyster rytmikk og formanande «la-la-la-la-la».

Slik endar Wilderness Heart heilt annleis enn det starta, men slett ikkje mindre interessevekkande. Sagaen om Black Mountain derimot (eller for den saks skyld Pink Mountaintops, Blood Meridian, Lightning Dust, og andre avleggarar) endar neppe her. Det er for mykje brusande blod i omløp der i garden til det. Sjølv om det altså ikkje brusar like spektakulært tvers igjennom Wilderness Heart som det gjorde på In the Future. Men det kjem sikkert tider for slikt igjen.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

 

Pink Mountaintops – Outside Love

Standard

Stephen Mc Bean drar sitt andreband inn i mektige omgjevnader, og tangerer kvaliteten til sitt førsteband.

8

cover

Sist gong Stephen McBean var her med sitt Pink Mountaintops-prosjekt vrengte han kjærleiken bak fram, og stega rundt i eit kratt der tornane var mange og blomane få. Han fòr rundt der utan altfor mange i sitt fylgje. Stundom var lyden naken og spartansk, stundom var den rå og verkande. 

Det er ikkje heilt slik denne gongen. 

Det handlar framleis om kjærleiken. Ja, det handlar veldig mykje om kjærleiken. Kjærleikens kriblande vesen, men endå meir om dens trøblete og mindre ærefulle sider. Sider som har denne leie tendensen å sende ein syndig stakkar Outside Love. 

Eller som det står å lese på stickersen på coveret; «ten songs of love and hate». Som, blir det lagt til, «read like a Danielle Steele romance novel». Det siste blir fylgt opp med eit satengdrapert omslagsbilde henta rett utav kiosklitteraturens hyller. Og med eit baksidefoto av ein McBean poserande i ein øyrelappstol, som var han ein annan bestselgjande forfattar. Kanskje eit forsøk på å plassere seg sjølv litt på utsida av den kanoniserte rock’n roll attityden? 

Ikkje veit eg. 

Men eg veit, og eg høyrer, at det er betydelige spor av kanonisert årgangsrock i tonane som møter meg på innsida av omslaget. Og dei kjem ikkje lenger i nakne og spartanske former desse tonane. Dei kjem som ein vegg av lyd. Eller, sidan McBean no ein gong er vår mann i fjellheimen, som eit monumentalt fjell til fjell teppe. Eit teppe med sine klare spor frå ein viss Phil Spector. Men og med spor av ein god del anna syndefullt og stygt vanedannande frå den tida då rocken enno var ung. 

For å få dette til har han ikkje operert åleine. På ingen måte. Fleire av hans Black Mountain-frendar deltar, i kosmisk selskap med mellom andre Sophie Trudeau (A Silver Mt. Zion), Josh Stevenson (Jackie O Motherfucker) og Ted Bois (Destroyer). Og dei fleste spelar på meir enn eit instrument. Langt meir. Og damene slepp til på vokal. I rikt monn. 

Dei startar like godt med å stille det essensielle spørsmålet «how deep is your love?». På eit noko anna vis enn Bee Gees gjorde det i diskoalderen. «Mine was cheap and made of plastic» svarar ein smått kynisk McBean. Axis: Thrones of Love heiter låta. Og er i så måte ein liten finte både i retning førre album, og mot ein viss Jimi Hendrix. Sonisk stakar den ut kursen i dundrande former, og med eit suggererande og ruspolitisk utfordrande gyng. Ein kurs som på ingen måte vert rota til i etterkant, men som blir halde vel i hevd ved hjelp av storveges melodisk grunnkapital, og generelt sett stimulerande manerar. 

Manerar som handlar mykje om å gje låtane eit voluminøst uttrykk, utan å styre dei inn i det pompøse. Det handlar om romklang, progresjon og beherska larm. Og det handlar om tid. God tid. For på eit par unntak nær blir ikkje dette drive fram i hastige former. Sånn sett kan ein relativt trygt plassere seansen i dei stressfrie draumars sfærar. 

Og på sitt aller mest sakteflytande kan vi høyre bandet i Mazzy Star-slekta While We Were Dreaming. Ein song om kor meiningslaust det er å møte motgang med kapitulasjon og religiøs sverming; «but Jesus ain’t coming, so don’t waste your time». Ein song der Black Mountain chanteuse Amber Webber si søster Ashley blir gitt hovudrolla. Ei rolle ho kler på fagert vis, med ei røyst av same kaliber som søstera. 

Amber sjølv backar opp McBean i hippiesurrealistiske Holiday. Ei låt som opnar med det empatiske utsegnet «everyone I love deserves a holiday in the sun». Og til trass for at denne sola med åra har vorte vel strålande, er her ein optimistisk undertone å spore. Slik og i And I Thank You. Ein countryballade der songaren nektar å la mørkret og einsemda erobre sinnet; «I ain’t living no long lonesome nights, I’ve stopped calling that woman my wife». Ein countryballade som går i fotefara til Dead Flowers, med blikket retta mot You Can’t Always Get What You Want. Stones-tonar av om lag same sorten lurer også i skuggane når den Spiritualized-psykedeliserte Vampire kjem blafrande i blodtørstige former. Og koret, koret syng «creatures in flight, let’s be creatures of the night». 

Dette med å sleppe damene til som myndige koristar, eller i endå meir framtredande songroller, er avgjort ein styrke for albumets dynamiske vesen. Ashley Webber fekk sin song, tittelkuttet vert lagt i famnen på ei anna dame, Jesse Sykes. Og med si karakteristiske ru røyst rissar ho denne dronesvevande og elegiske countryballaden fast i minnet mitt. Den startar på botn, «someone told me of a dream, killed along the lost highway, men ei von spirer fram. Ei von om at det finst ein draum til, «where outside love reigned supreme». 

Eg reserverte meg ein tanke når eg lenger oppe kalla albumet noko sånt som stressfritt. Det hadde sine grunnar. To grunnar. Execution fresar fram jaga av pulserande piskeslag, som eit Jesus & Mary Chain med Shangri-Las på halen. Og endå nokre hakk tøffare er tonen i The Gayest Of Sunbeam. Dei same Jesus & Mary Chain spring først i hu her også. Tekstlig er den ein hyllest til ei kvinne. Sonisk er den eit rasande omen om at mange fagre tankar har ein tendens til å bli ståande att på stasjonen når toget til herligdomen går. 

Ein herligdom songaren ser lyset av, til mjuke tonar og pastellfarga droner, i det bedande avslutningssporet Closer To Heaven. Ein himmel han kanskje ikkje heilt touchar med dette albumet. Men du verden, han fyller rommet mellom dei yppige fjelltoppane med storarta tonar. Og det, det er meir enn godt nok for meg.

Først publisert på Groove.no (i 2009)

Pink Mountaintops – Axis of Evol

Standard

Ein fryktlaus fjellvandrar med grumsete godtonar i sekken ser djevelskapen i kvitauga.

cover

No I’m not headed down the highway to hell,
There’s peace in the valley, the blood has been shelved

Slik opnar Black Mountain sin frontfigur Stephen McBean si andre plate under signaturen Pink Mountaintops. To kjente låttitlar, og eit signal om at han har tatt steget over på andre jaktmarker enn der han var i sitt første Pink Mountaintops utspel. På den sjølvtitulerte debuten (frå 2004) handla det mykje om sex. Direkte og utilslørte sexfikserte proklamasjonar over eit tonemønster som mest av alt minna om eit Stones som vart dratt gjennom Velvetske gater og ført vidare nedover langs Mississippi. Eit skamlaust og absolutt dugande føretak, sjølv om nokre av melodiane hadde eit litt fargelaust vesen, og det tekstlige vel kanskje var meir spenstig enn verkelig substansielt. Eg sensar ein meir levedyktig karakter over stoffet han serverer denne gongen.

Med Bibelen i venstre hand, rock’n roll historia i høgre, og eit frilynt og absurd sinn vandrar han med fryktlause steg langs den smale og svingete stien mellom avgrunn og frelse. Han skimtar ikkje svaret, lyset eller nåden, men stiller sine spørsmål og kjem med sine utfall. Han snur kjærleiken bak fram, og ser rosene blomstra der døden har blitt gammal. Han lar det gnistre og slå om seg med sølete lyd, men kler også lydbileta heilt nakne.

Tittelen Axis of Evol kan ein kanskje sjå på både som ein kommentar til eit velkjent utsegn frå den amerikanske presidenten, og som ei helsing til Sonic Youth. I alle fall kjem McBean med sine framstøyt mot krig og kald kriminell djevelskap, samstundes som eit par av spora har klare soniske linjer til Thurston Moore og kompani. Med si dirrande erklæring om at «the devil got us in his plans», si vandring i «the valley of the dead» og sitt gitargrafsande og støyande vesen oppfattar eg Cold Criminals som låta som femnar begge desse poenga. Medan den korte New Drug Queens handlar om ungdom og lausriving, og gjer det med skurrande gitar- og maskindrivne punkrock-tonar det dunstar New York-asfalt av.

Innramminga av albumet høyrer til på den andre enden av lydskalaen. Dei før nemnte opningslinjene kjem til uttrykk i den gitarplukkande visa Comas. Når McBean i denne vidare syng om å ha slost mot «a dead angry deer, and she is still with me after all of these years» kjem det smygande visse Will Oldhamske referansar. Bakerst og strippa for både soniske forstyrringar og unødige ord sleper How We Can Get Free seg framover. Stemninga er dyster, knoklane klirrar og eit klaustrofobisk og fridomstelande helvete truar. Kven er det som kan vere redninga no tru? «Jesus, do you believe? Sweet Jesus, is this hell that you see? Jesus, we’re in a holy rage, won’t you tell us how we can get free?»

Axis of Evol er ikkje ei lang plate. Sju låtar, 34 minuttar. Slaves legg beslag på ein fjerdepart av albumet. Eit langsamt inntrengande folkblues-psykedelisk tilfelle. Einsretta og monotont, men også sleskt og suggerande (Velvet Underground konfronterer Grateful Dead, eller noko slikt). Medan det slide-gitar garnerte og satiriske tilfellet Plastic Man, You’re the Devil trykker på både blues og psych-rock knappar, samstundes som det kjem med nådelause spark mot Bush-administrasjonen.

Det er litt blues å spore i min personlige favoritt på albumet også, men langt meir enn det er Lord, Let Us Shine eit psykedelisert, droneforfylgt og groovy gospelbeist. Ein ekspanderande kollisjon mellom Polyphonic Spree, Spiritualized og Primal Scream. Ei bøn, eit krav, eit lysande døme på kor bra det kan bli når ein lar alle aversjonar legge seg flate og ser verken på himmel eller helvete som euoverkommelige barrierar. «I’ve been singing with Jesus in the House of Love, I’ve been sending dead flowers to the devils son».

Eg trur Stephen McBean skal vere ein kar å fylgje med på dei komande åra, både når han hamrar i det svarte fjellet og når han kryp eller hoppar langs dei rosa toppane. Eller når han skulle finne på noko heilt anna.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)