Category Archives: 2005

Jeff Klein – The Hustler

Standard

Tredje forsøk frå ein heller uspennande amerikansk songar og låtskrivar.

cover  Med sigaretten i venstre hand, whiskyglaset i høgre og eit livstrøtt uttrykk under ein mørk hårmanke har den dekadent kledde unge mannen vendt dama ryggen. I lufta mellom dei heng den store kommunikasjonsgåta og dirrar.

Jeff Klein har laga si tredje plate. Denne, som tidlegare framstøyt, grev seg ned i, smyg seg rundt blant, og dveler ved mellommenneskelege samhandlingsproblem. Han har titulert den The Hustler. Skulle vere greitt nok det, for det kan nok vere visse bedragerske fakter som ligg til grunn for trøbbelet han skildrar. Han er forresten slett ikkje så verst til å formulere desse heller trasige erfaringane. Spesielt dukkar det opp ei handfull enkeltlinjer ein bit seg merke i. Det flokete er at han sjeldan pakkar orda sine inn i melodisk fascinerande vendingar. Desse har i staden ein tendens til å ende opp som lite originale og/eller anonyme og stilleståande.

Det opnar lovande. Tittelkuttet er historia om byen han spelte inn plata i. Heftige, fargerike, syndige, farlige og dekadente New Orleans. Til eit sparsamt komp konstaterer han umiddelbart at «The city is making love to itself», og han blir etterkvart dratt ytterligare inn i den rådande atmosfæren; «she’s shaking her hips, and she’s promising she’ll make me come…….. so I come». I frasering og melodisk løysing kan det heile minne litt om Ed Harcourt. The 19th Hole følgjer. På eit insisterande men melodisk omfamnande vis fortel Klein om trøblete tider. Ting var på sporet, men i jakta på det nittande holet byrjar det å gå på tverke både for den eine og den andre; «the world keeps on turning, mostly it’s turning on you».

Men så vert det verre. No hamnar mannen brått ut i ei hengemyr av trøyttande poprock. Framført i det same lende som Ryan Adams søkte mot når skyggane av Soul Asylum omfamna han, og han gjekk seg vill og fant Jesse Malin. For riktig å understreke kor vegen går har Klein fått med seg Dave Pirner frå nettopp Soul Asylum til å kore på tre låtar. På eit par andre korar Ani DiFranco utan at det vert så veldig mykje betre. Greg Dulli (Afghan Whigs) og Mike Napolitano (Blind Melon) er ansvarlege for produksjonsjobben, men vel sjeldan dei mest løfterike løysingane. I eit presseskriv vert det tala om ein eklektisk innfallsvinkel. Vel, det skal meir til enn beats her, ein synth der og ein rå gitarsolo bak hjørna før ein bør snakke for høgt om slikt. Og uansett treng ein sterke komposisjonar, dei er det nok dessverre ikkje for mange av her. Faktisk er det vel berre den krypande og lett dysfunksjonelle Ironside, samt pianodrivne og Tweedy-infiserte Cobalt Hue som har litt å by på etter at dei to første låtane har gjort seg ferdig.

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Kate & Anna McGarrigle – La Vache Qui Pleure

Standard

Ei plate i velkjent harmonisk stil frå dei kanadiske søstrene.

cover  Med låtar som Heart Like a Wheel, Talk to Me of Mendocino og Complainte Pour Ste-Catherine har dei Canadiske McGarrigle søstrene for alltid skrive og sunge seg inn i musikkhistoria. I alle fall i folk- og country-delen av den. Alle dei tre nemnte låtane pluss ei handfull til med melankolsk velklang er å finne på deira sjølvtitulerte debutalbum frå 1975. På den plata er deira yndige harmonisong i si blomstrande og mest medrivande fase. Det skal dukke opp fleire album opp igjennom åra, men utan at nokon av dei heilt når tonerikdomen frå debuten. Deira niande (og første i dette årtusenet) Le Vache Qui Pleure føyer seg såleis heilt greitt inn i rekkja. Slett ikkje dårleg, men heller ikkje av suveren bygning.

Alle så nær som eit av spora er i fransk språkdrakt. Søstrene vaks opp under tospråklege tilhøve, så for dei det kan vere like naturleg å ty til fransk som engelsk. Det er det ikkje for underteikna, slik at noko vidare oppfatning av kva som gøymer seg i tekstane her har eg ikkje kompetanse til å avdekke. Men pytt pytt, det går absolutt an å ha det triveleg i selskap med søstrene likevel. Den yndige harmoniseringa er framleis på plass (berre ved einskilde høve kan ein oppfatte visse småruskete tildragingar). Pirrande melodilinjer har dei også stadig evna til å lure fram (alle spora er komponert av søstrene sjølv, med teksthjelp frå lyrikaren Philippe Tatartcheff). Særskild attraktiv er melodiføringa i innleiande Petite Annonce Amoureuse. Den påfølgande Ah Tournesol er også sterk på folksy vellyd. Den kjem forresten om att mot slutten av albumet som Sunflower, og viser seg då å vere ei tonesetting av poeten William Blake sine åtte linjer av same namn. Linjer som talar om både død og håp. Utifrå graden av vemod og lys eg kan oppfatte i tonane på dei resterande elleve spora, kan eg godt førestille meg at liknande tema er å finne blant desse også.

Ikkje alle melodiane blomstrar, lydbiletet kan verte noko trivielt, og søstrene sin vokal tenderer mot noko litt vel søtleg til tider. På den andre sida er det noko ektefølt og varmt over tilnærminga deira som bør smelte dei fleste rop etter skarpare kantar.

Anna si dotter Lily Lanken og Kate si Martha Wainwright er med og korar på plata. Apropos sistnemnde så er vel situasjonen den at son og broder Rufus har vore den mest framtredande og applauderte frå familien dei siste åra. Sjølv om La Vache Qui Pleure har fleire stunder med elskelege tonar forpurrar den vel ikkje nett det biletet.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Philip Kane – Time: Gentlemen

Standard

Ein mystisk herre frå London, med stor stemme, poetisk brodd og fertile tonar.

cover  I det sør-austre hjørne av London bur ein mann med ei fabelaktig songstemme. Her lever han i anonyme former, avsondra frå det moderne og pulserande bylivet. Så prøver ein å skaffe seg opplysningar om mannen ved å google namnet hans, er det særdeles tynt med treff. Men litt finn ein på ei ikkje altfor rikhaldig heimeside. Noko beskjeden omtalar han musikken sin som «shit you simply do not need», men takkar samstundes audmjukt alle som finn på å uttale seg positivt om songane hans. For så i neste trekk å erklære seg nokså bramfritt som poet, historieforteljar og drittsekk. Han verkar å ha både asosiale og sjølvdestruktive anlegg, men også frisinna og omfamnande perspektiv. Han er eit mysterium og ein altfor godt gøymt løyndom.

Philip Kane debuterte som soloartist i godt vaksen alder med albumet Songs For Swinging Lovers (2003). Med si Al Green-slekta røyst, sin poetiske brodd og sine inspirerte tonar serverte han både mørke og merkelige historier om folk på kant med tilværet, det vedtekne, sanningane, løgnene og seg sjølv. Med den fantastiske Me, The Ladyboy, and Gloria Estefan som frontløpar. No to år seinare er han klar med sitt andre soloalbum. Det ber tittelen Time: Gentlemen og er faktisk ei endå sterkare oppleving.

Sidan han har denne soulsmidde stemma blir det sjølvsagt til at ein tenkjer i retning både nemnte Green, Otis Redding og Smokey Robinson. Biletet er likevel meir komplekst enn som så. Han har også crooner-hang à la Scott Walker, Stuart Staples og Nick Cave, og har litt meir enn ei flott stemme tilfelles med Antony and the Johnsons. Han er ein kar som i musikalsk samanheng ikkje er redd for å stå fram verken som avkledd, påkledd, vanskelig eller enkel. Melodisk sett turnerer låtane hans kring velkjente formlar, men det er sterke og grøderike formlar. Han skaper tonar som med den rette straumlinjeforma produksjonen, og dei rette harmlause formuleringane sikkert kunne sjarmert seg inn i hjerta til veldig mange. Men det er sjølvsagt ikkje vegen å gå for ein sjølvdestruktiv faen som mykje heller vil skildre dei forhutla, forkasta, forelska, fortvila og forbanna enn å tekkast dei vellykka, velorienterte, veltalande, velmeinande og velskodde.

Den amerikanske forfattaren Paul Bowles hadde god anledning til å skrive mange brev til si avdøde kone (han overlevde henne med 26 år). Om han gjorde det veit ikkje eg, men Philip Kane startar Time: Gentlemen med eit fiktivt eit. Paul Bowles Last Letter to His Long-Dead Wife er ein skjør, dirrande og sakte veksande ballade. Vi møter ein skrøpelig bitter gammal mann som sitt på verandaen sin i Tangier og ventar på døden; «but there is no easy way to say goodbye».

Frå denne skjellsettande opninga drar vi rett til California. Og «hey-hey» her er vi over i eit langt meir catchy og popfiksert distrikt. Til lyse og strålande tonar fortel hovudpersonen om ei kjærleiksaffære som surna stygt, tilbake i 1992 ein gong. Paret i On Being Alive held saman, men med rusmisbruk som limen, og ute i det fjerne blir barna deira stygt forsømt. Ei låt med Tindersticks-strøk, og med ei Sophie Lane på utfyllande vokalisering. Sophie dukkar forresten opp med fruktbar songinnsats på fleire av spora her. Ved nokre tilfeller får ho endåtil fylgje av riktig så mange.

Den fyldigaste soulkrafta er å finne i A Big Hole in the Ground og Lies and Half Lies. To låtar borne fram av mangestemt koring, friske blåsarar og generell «da-da-da-daa-da da-daa». Særlig sistnemnte er eit smittande tiltak som lett bringe ein ned på kne, før ein med heva armar og glødande blikk stemmer i:

Not everything innocent is beautiful,
not everything beautiful is innocent.
There are lies and there are half-lies;
And then there me, I’m the only one you’ll ever need…

Akkurat som mange andre av desse som luskar rundt i sjela sin bakgard (les Cave, Waits, Antony, Reed) er Kane kar for å finne det vakre i det stygge og det stygge i det vakre, skrape bort all ferniss og presentere skikkelsane sine utan rustning. If This Is True? spør ein av Kane sine portretterte, og det er ikkje den edle og glansfulle sida av mannen vi vert kjent med. Fyren nektar å godta konsekvensen av at han og ho «are lost on different corners of the same world». Så når ho konfronterer han med si avgjerd om å dra sin veg veks mismotet han over hovudet. Dystre strykarar underbygger ytterligare at dette handlar om å ha det skikkelig vondt.

Han har det ikkje heilt godt faren i The Ballad of the Single Father heller, der han startar med å deklarere at han ikkje har «kissed a woman in over 2 1/2 years». Svikta og einsam sit han der med ansvar for gard og born og konstaterer at han må leve livet sitt «by the song of Kenny Rogers». Om kvelden trøystar han seg derfor med whiskeyflaska til han blir «the smallest island in the stream». Sjølvsagt er det tragisk, men samstundes synes eg å skimta konturane av eit skeivt smil hos Kane idet han avsluttar songen med; «you picked a fine time to leave me Lucille». Når vi først er i countrytraktene passar det vel også å nemne den reinspikka countrylåta What a Man’s Got to Do. Her snur Kane opp ned på alle cowboymytar og køyrer ei velkjent klisjé inn på eit eksistensielt langt driftigare spor når han ytrar at «if I only knew what a man’s gotta do».

Til skarpe tonar, kryp og klorar Thereseinstadt – Our New Quarter seg fram i lyset. Å hevde at hovudpersonen her er ein angrande syndar er å ta for svakt i. Han har vore i krigen, han har tydeligvis gjort stygge ting, og no ber han ikkje om nåde men om å få si straff; «knowing I deserve hell, and ready to embrace my punishment». For så, tynga av sine handlingar, å søke ned til elva og komme med fylgjande sukk; «and though I weep enough tears to burst the banks of the Elbe, there are not enough tears to wash clean this soul of mine».

Tårer vert det også felt i det noko ustabile tilfellet Baby, Those Bastard Stars. I ei låt som vekslar mellom tunge og lette parti møter vi ein lunefull type som kanskje ikkje har dei beste ideane for eit vellykka stemnemøte; «let’s go out tonight, we’ll drive the car into the brick wall, you can be the grand dame of self abuse, I’ll be the Patron Saint of Absolutely Fuck-All».

Den motsette sida av Philip Kane får vi servert med …Still. Her han til harpeklang og pianotårer fremjar metaforar av langt meir yndefull karakter. Det er både fuglar, blomar, årstider og kjærleik, før den tilslutt sprett inn på eit to minuttar langt blåsarorientert og skarpt funky spor. Medan avsluttande The Reason I Love Her held seg til vemodsfulle piano- og strykartonar heile vegen, og set eit nennsamt og vakkert punktum.

Dette er stoff som okkuperer tankane, hærtek sansane og infiltrerer sjelegangane. Ja, dette er eit album ein ikkje skal sette for langt nede på ventelista.

8/10

 

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Kaizers Orchestra – Maestro

Standard

Pumpene går, takten rår, gitarane flår og hammaren slår: Kaizers Orchestra sitt tredje åtak er på skinnene.

cover  Kven hadde trudd i august 2001, då debutplata til Kaizers Orchestra vart sparka ut på banen, at det skulle komme til å herske Kaizersk ompafeber over landet dei næraste to åra. Men i sin balkanpunka, sigøynarforvirra og høgst originale form skulle altså Ompa Til Du Dør treffe eit vitalt punkt hos ei rekke nordmenn, og etterkvart danskar og tyskarar også. Eit leikent og energisk evangelium om klamme og heite kjellarar, galskap, mord, og sveitte tinningar på den usikre sida av revolvermunningen, skulle vise seg å bli ei skikkelig suksessoppskrift. Oppfølgjaren kom tidleg i 2003, og var som tittelen seier ei Evig Pine. Dystrare, tyngre og ikkje fullt så vilter, men med sine historier om løgner, smerter, hemntankar, og livet på feil side av gitteret, sette den sine spor etter seg den også. Eit halvt år etter den utgjevinga tok bandet pause frå norske scener.

Så, fire år etter det sensasjonelle debutalbumet, svingar Maestro seg inn i manesjen. Gassmaskefyren er som vanleg på plass på coveret, denne gongen held han kubeinet fram som balansebom for resten av gjengen, medan høgrehanda strør forrykte impulsar over dei. Orkesteret responderer med sprelsk musikalsk krigføring, om enn i noko meir kontrollerte former enn under den første offensiven.

Uttrykket og den instrumentale bruken er vel nokre steg nærare det ein kan kalle konvensjonelle rock’n roll tiltak. Dei har likevel klart å halde på særpreget. Og aller viktigast, ei handfull av låtane er blant dei aller beste dei har presentert. Tittelkuttet er vel etterkvart velkjent. Eit lite meisterstykke i livfull toneformidling, der den bygger seg opp, opp, opp og innfrir idet refrenget slår ut i full låge. Før den i neste omgang stuper inn i kåte austleginspirerte brasstonar. Snakk om å svinge hammaren med dynamisk presisjon og nådelaus kraft. Av nesten like heit karakter er den litt meir popfikserte Knekker Deg Til Sist. Ledig og leiken, med surfgitar-krydring og eit heitt raid av eit refreng, som med sine innlagte «bom-di-di-bom-di-di» fintar tilslutt endar klin i vinkelen. Dieter Meyers Inst. er den episke låta på plata. Den startar i reserverte akustiske former, med eit forsiktig «legg meg inn». Etterkvart trekker den seg inn i meir energiske parti, og «legg meg inn» blir ei stadig meir fortvila bøn. Tilslutt endar heile greia i styrlaus galskap.

Historiene som fyller låtane kretsar kring vanviddet sitt akselererande inntog, forstyrra idear, anstaltar, spionverksemd og djupfølte lengsler. Det er rop om nåde, rop om hjelp, og bøner om å få ro i sjela. Og som ein blanding av gud, djevel, statsminister og overlege dukkar figurane Maestro, Dieter Meyer, Papa og Direktør opp i tur og orden. Ja det kan nok i endå sterkare grad enn kva tilfellet var på dei to førre albuma virke som det er ein nær samanheng mellom historiene dei serverer. Samanhengen gjev seg rett nok til kjenne i snirklete former, og er derfor vanskeleg både å følgje og å forstå. Trur uansett ikkje ein skal grave seg ned i stoffet. For skildringane og insinuasjonane Ottesen og gjengen hans kastar fram er nok meir meint å fungere som forsterkande grunnlag for dei temperatursterke toneåtaka enn som incitament for djuptgripande filosofisk grubling.

Temperatursterke ja. Eg nemnte tre, det er i alle fall to til. Blitzregn Baby med sin smarte surf-gitar og sitt pågåande punkdriv «leker tikken» med både lyttar og Maestro. Medan Delikatessen er ein angrepslysten og rytmekåt luring med skarpslipt gitar- og trompetlyd. Det siste er det bulgararen Filip Ankov Simeonov som er ansvarleg for. Han gjer forresten same innsatsen på eit par andre spor også. Og hans saksofonspelande landsmann Trifon Trifonov er ikkje dårligare. Han dukkar blant anna opp på det spretne innleiingssporet KGB. Ei låt som nok ikkje festar grepet og tar kontrollen slik opningssporet på debuten gjorde. Skjønar heller ikkje heilt vitsen med å trekke denne forhistoriske hemmelige politietaten inn i opplegget. Eller kanskje bokstavane står for Kaizers Godteri Butikk? Dei tre bokstavane dukkar forresten opp i meir harmoniske omgjevnader i Christiania. Her står orkesteret fram i svært så veldreidd og yndig melodidrakt. Men det er berre utanpå, for hovudpersonen i songen står trengt opp i eit klamt hjørne.

Eit par svake spor har og sleppt forbi. Jævel Av en Tango er slett ikkje så djevelsk, men heller ein litt småslapp Waits-pastisj. Den Geir Zahl-skrivne Papa Har Lov er også noko fargelaus. Langt sprekare takter er det over same mannen sin Auksjon (I Dieter Meyers Hall). Særlig den skrålande vekselsongen i refrenget er effektfull. Dei avsluttar så i dugande driv med På Ditt Skift, der det kraftfullt blir slått fast at; «Det var på ditt skift Direktør, på ditt skift… Han forsvant på ditt skift.»

Kven som forsvann kjem ikkje klart fram, men den vitale godtonen til Kaizers Orchestra kan det ikkje ha vore. Den har nemlig klart seg igjennom dette skiftet også, og no skal den ut på tur.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Damien Jurado – On My Way to Absence

Standard

Eit dugande men noko ujamnt album om dunkle kjensler.

cover  Dette er ei historie om dei dovne, dei dugande og dei strålande. Dette er historia om On My Way to Absence.

Damien Jurado har uttalt at hans åttande album handlar om sjalusi. Denne mørke klumpen som ligg på lur i oss alle, og som av og til veks seg altfor stor og dominerande. På eit par unntak nær stemmer nok Jurado sin uttalelse. Det er berre det at han ikkje alltid klarer å gje desse skildringane eit næringsrikt tonefølgje. Eller for å være litt meir presis, songane til den velvaksne karen frå Seattle varierer denne gongen frå det rett så vinnande til det noko tafatte.

Vi startar på botn. Den ordknappe Big Decision byr på syntetisk trommelyd og eit stilleståande melodisk uttrykk. Lion Tamer er melodisk dusinvare. Icicle skildrar kommunikasjonsvanskar og blindt hat, men gjer det heilt utan melodisk dynamikk. Og at velformulerte tekstlinjer ikkje nødvendigvis treng bli stor musikk er Sucker eit godt døme på. Det var dei fire dovne.

Det finst som sagt eit par låtar her som ikkje handlar om sjalusi. Dei skildrar ikkje særleg oppløftande saker av den grunn. White Center er ei usentimental og likefram skildring av eit drap i nabolaget. Konsis i ordval og nennsam i melodisk eskorte. Simple Hello er Jurado som tar ein Neil Young etter å ha høyrt på Jason Molina. Frå same kjelder kjem I Am the Mountain, samstundes som gitarist og produsent Eric Fischer får bandet med seg på eit harvande Crazy Horse-opplegg. Den lealause Night Out for the Downer snakkar om kjensla av å vere «a sinking ship, tied to my lover’s waist». Medan konkluderande A Jealous Heart Is a Heavy Heart har slektskap til I See a Darkness, men utan at Jurado skjær like djupt som Bonnie Prince Billy. Det var dei fem dugande.

Den andre låta ein ikkje kan binde direkte opp mot sjalusi temaet er den vesle tonesterke og poetisk treffsikre visa Fuel. Aleine med sin akustiske gitar syng Jurado sårt og nådelaust om den unge mannen som vender tilbake til heimstaden og mora for å finne tilgjeving for noko som skjedde år tilbake. Grunnen er nokså ustabil under hovudpersonen i Northbound også, som er åtte vakre linjer i eit varleg Nick Drake-lende gjort på 1 minutt og 38 sekund. Høgdepunktet er nok likevel Lottery der Rosie Thomas bidrar med utfyllande harmonisong. Ei låt Damien hevdar har sprunge ut av tårene til enka til fyren han syng om. Ein uheldig fyr, men om det er han eller forteljaren som er den usympatiske vert eg ikkje klok på. Eit glødande og briljant fasettert nummer er det i alle fall. Det var dei tre strålande.

Ei svale gjer ingen sommar heiter det. Hmmm, det gjer nok ikkje tre heller.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Johnossi – Johnossi

Standard

Med enkle middel og melodisk talent smett to unge svenskar innom og vil ha litt merksemd.

cover  Det enkle er ofte det beste, heiter det som kjent i ein velkjent klisjé. Og enkelt er termen til Johnossi. Dei er frå Sverige, dei er to, og dei heiter John Engelbert og Oskar «Ossi» Bonde. Førstnemnte spelar gitar og syng, sistnemnte slår på trommer. Dei har vore eit musikalsk par i cirka 3 år. Dette er debutalbumet deira. Det kom ut i Sverige for eitt år sidan, i desse dagar har det fått distribusjon i Norge. Johnossi spelar rock. Noko dei gjer om ikkje best, så i alle fall riktig så bra.

Etter at The White Stripes spreidde sine kvite blodlekamar utover store deler av den vestlige verda har så godt som alle band som insisterer på å klare seg i bassfrie duoformer måtta tåle å bli parallellkopla med det dynamiske søskenparet. Slett ikkje ei rettferdig ordning sjølvsagt, og i Johnossi sin samanheng omtrent like lite som i dei fleste andre tilfelle. Eg snappar no likevel opp eit og anna i opningssporet The Show Tonight som kan minne om dei kvitstripete, ja og så kanskje enkelte parti av Press Hold. Sånn elles er det vel andre referansar det kan vere like passande å komme trekkande med. Eit nedstrippa Soundtrack of Our Lives, eit spikerdansande og avpolitisert The Alarm, eller kanskje ein T. Rex utan stort hår og glamfakter. Det paradoksale er at midt i alt dette minimalistiske skaper Johnossi også ei kjensle av noko grand.

Det siste gjeld kanskje spesielt for Glory Days to Come, som sjølv med enkelte spastiske trekk har noko hymne-aktig over seg. Frå eit atskilleg trongare og skitnare rom, la oss for eksempel seie ein garasje, kjem den akselererande og ikkje så lite vinnande Execution Song. Her snakkar vi rå energi para med melodisk kløkt. Det kan vi forresten snakke om ved fleire høve her. Ossi er ein trommis med høgt aktivitetsnivå, og John Engelbert spelar på ein akustisk gitar men sender som oftast lyden av den gjennom effektboksar og forsterkarar meint for el-gitar, slik at den kjem ut igjen i rå, vrengte og kraftfulle former. Låtane som får denne handsaminga er ofte bygd opp av catchy og lett tennelige melodilinjer. Det vere seg den spretne og knipse-pirrande Man Must Dance, den intense There’s a Lot of Things to Do Before You Die eller den lunefulle Santa Monica Bay.

Den andre halvdelen av albumet er gjennomgåande noko meir roleg i formene enn den første. Her finn vi den særs så attråverdige og lett håpefulle balladen Happiness a la Mode, og den nesten like fine og kanskje endå litt meir håpefulle The Lottery. Samstundes finn ein vel også eit par nummer i denne avdelinga som blir litt i mattaste laget. At duoen nok har aller best grep om sakene når dei kvesser gitarlyden og krummar nakken er ekstraspora Risky Business I og Risky Business II eit eksempel på. Den første fresande og engasjerande, den andre dempa, akustisk og litt tråkig.

Det er likevel liten tvil om at det dominerande inntrykket blir at dette er driftige saker. Overstyrte gitarstråler, angstfulle bøner og jublande «bop-be-ra-bom-bom» som siktar og treff mitt i hjertefleisen.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Jim Stärk – Jim Stärk

Standard

Den motstandsfrie popmusikken på Jim Stärk sitt tredje album varierer frå det frodige til det matte.

cover  James Dean sin rollefigur Jimmy Stark var ein opprørar utan sak. Den norske popgruppa Jim Stärk er slett ikkje opprørarar, dei har derimot ei sak. Spørsmålet er berre kor god den er.

Saka deira er å lage rimeleg motstandsfri popmusikk med ein solid injeksjon mjuke syttitals-tonar i årene. Musikk det kan vere lett å like, men også musikk det kan vere lett å kjede seg i selskap med. Og då er vi framme ved essensen i opplevinga av Jim Stärk. For bakom kvar pulserande Morning Song finst det også ein vissen No Flowers. Dei maktar tidvis å fange lyttaren i enkle men tillitvekkande poptonar, for så til andre tider å så døsepulver i øyregangane.

Sidan sist har Jim Stärk blitt ein trio. Tangent-traktør Asbjørn Ribe har sagt farvel, og lyden av han er faktisk litt sakna. Noko mellom anna nærveret av fjorårshiten Morning Song minnar oss om. Den er jo som kjent rett så orgelfrisk og flott. Trur nok enkelte av dei resterande låtane også kunne hatt godt av ein dose og to med næringsrikt orgeltilskot. Den godmodige og enkle instrumentelle omgangen trioen nyttar seg av fører nemlig sekundærvarene blant låtane inn i eit unødig anonymt og traurig tilvere.

Enkelte vil sikkert også stille spørsmål med kvifor bandet tek med nettopp Morning Song på denne utgjevinga. Var det tynt med godt nok stoff til å strekke opplegget særleg utover halvtimen? Kvaliteten på dei svakaste spora kan nok kanskje bygge opp under ein slik mistanke. Velgjer likevel å tru at årsaka meir ligg i retning av at karane syntest den fortjente album-tilhøyrsle. Låta gjer uansett Jim Stärk sin tredje full-lengdar ei teneste. Noko den har tilfelles med dei to spora som følgjer i hælane. Singelen The Word That Makes You Sing er Jim Stärk på sitt aller friskaste. Eit særdeles elskeleg og melodisterkt stykke popmusikk som gjerne må bli ein hit herfrå til Mexico for min del. Soulpop-affæren How to Get Around har saftig brassfølgje, og lever ellers på velfunderte melodilinjer («no one ever told me, life was going to be this busy»).

Så var det desse «Do» låtane. I Do og Don’t Stop er avgjort levedyktige saker i eit visepop-lende der både James Taylor og ein veldressert Cat Stevens kunne funne seg tilrette. Do It Right er The Eagles anno The Long Run, om lag like kjedeleg som tittelen indikerer, med andre ord. Ei skjebne den deler med dei resterande spora. Going Down That Lonely Road er til eksempel ein pianoballade som like godt kunne vore fruktene av eit halvhjerta møte mellom Elton John og Billy Joel.

Så når det kjem til inspirerte tonar vert det heile ei slags fifty/fifty oppleving.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Jackman – Jackman EP

Standard

Ein frilyndt frikar søker mot litt meir utprøvde former.

cover

På denne firespors EPen har mannen bak det frilyndte orkesteret Wunderkammer snevra litt inn på konseptet sitt. Saman med kammeret miksa Pål Jackman folkemusikk frå alle verdens hjørne i hop med jazzen sin fridom, rocken sin kåtskap og punken sin aggressivitet. I samkvem med broder Morten Jackman på trommer og John Lilja på bass presenterer han denne gongen eit opplegg som ligg nærare rocken sitt vesen. Dette fører samstundes til at musikkutrykket hans kanskje blir noko mindre eigenarta.

Jackman sin aller største forse er nok hans formidable evner som live-formidlar. Ja uansett kor spreke dei var så kom nok ikkje Wunderkammer-albuma heilt opp mot det å oppleve bandet frå konsertscena. Live-kjensla Jackman stadig jaktar for sine innspelte saker inntreff nok heller ikkje på denne EPen. Men røysta til Jackman er i alle fall den same intense og utemja, sjølv om den kanskje ikkje får den same fasetterte støtta som Wunderkammer gav den.

Av dei fire låtane er to nykomponerte. Opningssporet Funk Descending er kraftfunk med rockegrums i kantane. Og sjølv om den reint melodisk er litt på mellomdistanse har den nok rytmisk kapasitet til å fungere. Worldly Doubt har litt av Wunderkammer sin tonemimikk i seg. Ein nesten-ballade i aust-europeiske fargar, med spenstig perkusjon og effektfullt trekkspel. Making Time er henta frå repertoaret til det britiske 60-talsbandet The Creation, og er ein skrallande og heilt kurant versjon. Som avslutning får vi servert ei åtte minuttar lang konsertutgåve av Smertens Jazz (frå den andre Wunderkammer plata). Ein norskspråkleg jazzig ballade der medhjelperane Arve Henriksen, Morten Olsen, Per Zanussi og John Lilja går i frijazzen si teneste, og vrenger og vrir ganske så kraftig på tonane. Midtvegs sprett den forresten over i eit jazzsjukt balkanpunk parti. Har absolutt noko for seg, men kunne nok tent på å stå fram med litt meir groovy retning.

Slett ikkje sensasjonelt stoff altså, men likevel nok sting og halloi i sakene til at ein kan sjå fram mot det varsla albumet, med visse forhåpningar i alle fall.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Holopaw – Quit +/or Fight

Standard

Med beina på bakken og blikket mot skyene serverer Holopaw tonar for haustleg hygge.

cover  På coverbiletet til si andre plate har Holopaw skrevet namnet sitt i skyene. Brune skyer. Noko som er ganske illustrerande for korleis dette lyder. For Gainesville, Florida kvintetten har visse atmosfæriske drag, samstundes har dei også sterke relasjonar til meir jordnære tonar. I fellesskap trekker denne dualiteten tonane til bandet i gunstige retningar.

Det svevande elementet i teksturen deira har nok auka litt på sidan den sjølvtitulerte debut frå 2003. Like fullt bygger Quit +/or Fight vidare på lydbiletet dei skapte på denne. Det er folk og countrytonar plassert inn i eit miljø der elektroniske klangar, sindige strykarar og mangslungen perkusjonsutfolding lever side ved side av gitaren og den menneskelige røyst. Det er americana med både ørkensus og digital tonnasje. Deira tonesfære er ikkje av den veldig varierte sorten, men innafor sitt innsirkla område inviterer dei på fleire turar vel verdt å henge med på.

På sitt mest høglytte er dei i 3-Shy-Cubs, der både gitar og synth yppar seg ein smule, men der det likevel er dei vitale og lett intrikate perkussive gjerningane som sette aller mest spor etter seg. Rytmisk vital er også Losing Light, innafor sitt skjøre og nesten samanramlande vesen. Medan forsiktige trakk på fuzzpedalen fører den nydelige klagesongen Velveteen (All Is Bright.) inn i grøderik dynamikk.

I og med at songaren John Orth var sterkt delaktig i Isaac Brock sitt prosjekt Ugly Casanova kan det jo vere fristande å trekkje parallellar til Modest Mouse. Kontaktpunktet må i så fall vere å finne blant dei mest lågmælte Mouse-stundene. Sånn ellers skuldar dei nok sikkert både Will Oldham, Jason Molina, My Morning Jacket og Bright Eyes eit og anna, og vel så mykje.

Den kanskje klaraste signaturen til Holopaw er røysta til nemnte Orth. På sitt varlege vis, og med ein vemodsfull og tydelig vibratoeffekt tar han tak i tonane og plasserer sitt personlege avtrykk på dei. Den einaste innvendinga mot Orth må vere at han kanskje kunne spart litt på vibratoklangen ved enkelte høve. Han legg den til side på singelvalet Curious, og erstattar den med yndefull falsett-song. Særlig yndefulle er ikkje tankane han framfører i Found (Quit +/or Fight). Til sterke tonar (som dessverre er over før det er gått 2 minutt) talar han mellom anna ein vraka soldat si sak; «So I’m no longer the best of the best, my shit smells like anybody else’s, so I’m no longer defending the USA, no talents, skills, abilities.»

Sjølv om tonen ofte kan virke resignert og elegisk, oppfattar eg likevel ikkje albumet som overvettes depressivt. I sine skildringar av livet sitt lunefulle vesen gjer dei seg slett ikkje angsten fullstendig i vold, men kontrar med bittersøte eller surrealistiske overlevingspiller. Som til dømes eit håpefullt og gjentakande «yo-hoo» i den ellers noko skjelvande Shiver Me.

Så får vi berre håpa at ikkje skylaget med tida tar eit for kraftig grep om gjengen og fører dei inn i ingenting. Men at dei i staden, som her, sug til seg nyttige ingrediensar frå svevande former og samstundes hektar dei saman med tonar som pustar. Slikt vert det nemlig levedyktig atmosfærisk folkpop av.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Chris Hillman – The Other Side

Standard

Den gamle Byrds-bassisten er nok minst åtte mil unna gamle høgder på sitt nyaste soloalbum.

cover  Det er ein merittert mann som smiler mot oss frå coveret på The Other Side. La oss like godt ta ei kortfatta oppsummering av kva han har vore med på:

Etter at The Byrds sin fremste låtskrivar Gene Clark trakk seg ut av bandet, fekk bassisten Chris Hillman ei meir framståande rolle. Med låtar som Time Between og The Girl With No Name byrja han å dra bandet litt meir i countryretning. Våren 1968 var han derfor ivrig pådrivar for å få den visjonære rikmannssonen Gram Parsons med på laget. Og då Parsons eit halvt år seinare, etter å ha vore kreativ leiar for ei klassisk Byrds-innspeling (Sweetheart of the Rodeo), drog vidare, vart Hillman med han. Saman danna dei The Flying Burrito Brothers, og spelte inn den kanskje fremste av alle countryrock-juvelar: The Gilded Palace of Sin. På 70-talet var han med på eit par kortvarige The Byrds tilbakekomstar, han samarbeida med Stephen Stills i denne sin Manassas-periode, han var ein del av trioen Souther Hillman Furay, og han byrja så vidt på ein karriere som solo-artist. Eit par soloalbum dukka også opp i første halvdel av 80-talet, før han over ein 10 års periode prioriterer countryrockbandet The Desert Rose Band. I nyare tid har han søkt mot meir tradisjonelle countrytonar. Så på ein måte er ringen slutta, for han kom i si tid til The Byrds frå ein bluegrass-kvartett.

På The Other Side fortsette han sitt liv blant hevdvunne tonar. Det er country, folk og bluegrass som i hovudsak vert spelt på akustiske strengeinstrument. Med seg har han ein rutinert gjeng. Sentral i biletet er hans mangeårige samarbeidspartnar Herb Pedersen, og Steve Hill som har blitt ein meir eller mindre fast låtskrivarpartnar dei seinare åra.

Dei fleste komposisjonane er originale Hill/Hillman låtar. Då er det kanskje litt talande for kvaliteten på desse at det er eit par coverversjonar som tiltrekker seg mest merksemd. Aller først har Hillman hatt mot nok til å gjere ein fjellfrisk versjon av Byrds-klassikaren over alle, Eight Miles High. Låta som på 60-talet var i front for den psykedeliske invasjonen. Det er ikkje mykje psykedelia over Hillman si utgåve, men harmoniane sit bra og strengeleiken er grøderik, så derfor smiler vi og synest dette er sjarmerande. Ei definitiv pluss-oppleving er også måten han nærmar seg It Doesn’t Matter på. Ei folksy låt han skreiv saman med Stephen Stills på 70-talet. Her og blir det gjort på enklaste vis, men elegant, frampå og oppriktig.

Blant dei ni låtane Hillman har skrive i kompaniskap med Steve Hill finn vi nok dessverre ein del heller svake saker, noko er habilt, men ingenting er storveges. Det er songar omkring det veldokumenterte kjærleikslivet. Og då dukkar sjølvsagt både anger og lengsler opp, men aldri i djupt fortvila ordelag. Nokre gonger er det også full harmoni; «it’s a true love not a new love, that makes my life so much better». Elles er det fleire spor med religiøst innhald, fulle av bøner og lovsong mot den kristne himmel. Ein habil sak frå dette feltet er den gradvis byggande avslutningsballaden Our Savior’s Hand.

Stemninga er god, tonen er laus og ledig, og optimismen rår. Men det heile blir eit noko for overflatisk og trivielt lite samantreff, som nok er gløymt idet det har fått sin plass i hylla.

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)