Tag Archives: Kaizers Orchestra

Geir Zahl – Nice For a Change

Standard

Ingen ompatakter denne gongen, ikkje noko særlig til takter i det heile, faktisk.

2

cover

Akkurat som tilfellet er med keisaren i eventyret så er heller ikkje gitarist Geir Zahl frå Kaizers Orchestra sitt forsøk på å kle seg i nye kler av det særlig vellykka slaget. Men til forskjell frå eventyrkeisaren vekker ikkje Zahl særlig oppsikt med sitt val av kostyme. Det er ein heller anonym og grå habitt han har tatt på seg. Nice For a Change seier tittelen, kanskje for å distansere seg frå moderbandet si infernalske framferd. Samstundes fortel den vel sitt om at her kjem ein kar som helst har lyst å vere hyggelig og grei. Det er han også, men samstundes utslettar han alt som har med glød og vitalitet å gjere. Og det er ikkje bra.

Vekke er Tom Waits, Martin Luther og alle spor av ompatakter. Inne er Ryan Adams, Tom Petty og velutprøvd americana. Zahl tilnærmar seg tonane ved å ferdast i trygg avstand frå vegkanten og utan å utfordre verken skjebne eller sedvanlig praksis. Det blir som kjent fort preglaust minste felles multiplum av slikt.

Bandet, med folk som Christer Knutsen og Bård Halsne (Helldorado), spelar stødig, konvensjonelt og ganske så uspennande. Mest merkar eg meg ein tørr twangy gitar som av og til kjem inn frå venstre. Zahl spelar lite gitar, han konsentrerer seg omkring det vokale, noko han gjer med ei spinkel og heller karakterlaus røyst.

Han kan ganske sikkert både sin Heartbreaker, sin Tunnel of Love og sin Southern Accents. I alle fall viser han at han reint handverksmessig kan snikre i hop låtar i eit nær slekta mønster. Men han er ingen Gepetto, han gjev dei ikkje liv.

På eit vis er det kanskje å gå vel langt å kalle dette for ei direkte dårlig plate. Spesielt i første halvdel er det fleire låtar med eit liketil, traust og habilt nok melodisk vesen. Harmonisk countrypop som ikkje vil nokon noko vondt. Så om svolten hadde vore sterk nok, og dette hadde vore det einaste eg fant i skuffen. Ja så kanskje det kunne duge som ein liten nødrasjon. Kanskje. Det er berre det at skuffene og hyllene bognar over av langt betre alternativ. Dermed er denne hamna på botnen og innerst i ein krok allereie, og kjem nok aldri fram derifrå igjen.

Sorry.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Kaizers Orchestra – Maestro

Standard

Pumpene går, takten rår, gitarane flår og hammaren slår: Kaizers Orchestra sitt tredje åtak er på skinnene.

cover  Kven hadde trudd i august 2001, då debutplata til Kaizers Orchestra vart sparka ut på banen, at det skulle komme til å herske Kaizersk ompafeber over landet dei næraste to åra. Men i sin balkanpunka, sigøynarforvirra og høgst originale form skulle altså Ompa Til Du Dør treffe eit vitalt punkt hos ei rekke nordmenn, og etterkvart danskar og tyskarar også. Eit leikent og energisk evangelium om klamme og heite kjellarar, galskap, mord, og sveitte tinningar på den usikre sida av revolvermunningen, skulle vise seg å bli ei skikkelig suksessoppskrift. Oppfølgjaren kom tidleg i 2003, og var som tittelen seier ei Evig Pine. Dystrare, tyngre og ikkje fullt så vilter, men med sine historier om løgner, smerter, hemntankar, og livet på feil side av gitteret, sette den sine spor etter seg den også. Eit halvt år etter den utgjevinga tok bandet pause frå norske scener.

Så, fire år etter det sensasjonelle debutalbumet, svingar Maestro seg inn i manesjen. Gassmaskefyren er som vanleg på plass på coveret, denne gongen held han kubeinet fram som balansebom for resten av gjengen, medan høgrehanda strør forrykte impulsar over dei. Orkesteret responderer med sprelsk musikalsk krigføring, om enn i noko meir kontrollerte former enn under den første offensiven.

Uttrykket og den instrumentale bruken er vel nokre steg nærare det ein kan kalle konvensjonelle rock’n roll tiltak. Dei har likevel klart å halde på særpreget. Og aller viktigast, ei handfull av låtane er blant dei aller beste dei har presentert. Tittelkuttet er vel etterkvart velkjent. Eit lite meisterstykke i livfull toneformidling, der den bygger seg opp, opp, opp og innfrir idet refrenget slår ut i full låge. Før den i neste omgang stuper inn i kåte austleginspirerte brasstonar. Snakk om å svinge hammaren med dynamisk presisjon og nådelaus kraft. Av nesten like heit karakter er den litt meir popfikserte Knekker Deg Til Sist. Ledig og leiken, med surfgitar-krydring og eit heitt raid av eit refreng, som med sine innlagte «bom-di-di-bom-di-di» fintar tilslutt endar klin i vinkelen. Dieter Meyers Inst. er den episke låta på plata. Den startar i reserverte akustiske former, med eit forsiktig «legg meg inn». Etterkvart trekker den seg inn i meir energiske parti, og «legg meg inn» blir ei stadig meir fortvila bøn. Tilslutt endar heile greia i styrlaus galskap.

Historiene som fyller låtane kretsar kring vanviddet sitt akselererande inntog, forstyrra idear, anstaltar, spionverksemd og djupfølte lengsler. Det er rop om nåde, rop om hjelp, og bøner om å få ro i sjela. Og som ein blanding av gud, djevel, statsminister og overlege dukkar figurane Maestro, Dieter Meyer, Papa og Direktør opp i tur og orden. Ja det kan nok i endå sterkare grad enn kva tilfellet var på dei to førre albuma virke som det er ein nær samanheng mellom historiene dei serverer. Samanhengen gjev seg rett nok til kjenne i snirklete former, og er derfor vanskeleg både å følgje og å forstå. Trur uansett ikkje ein skal grave seg ned i stoffet. For skildringane og insinuasjonane Ottesen og gjengen hans kastar fram er nok meir meint å fungere som forsterkande grunnlag for dei temperatursterke toneåtaka enn som incitament for djuptgripande filosofisk grubling.

Temperatursterke ja. Eg nemnte tre, det er i alle fall to til. Blitzregn Baby med sin smarte surf-gitar og sitt pågåande punkdriv «leker tikken» med både lyttar og Maestro. Medan Delikatessen er ein angrepslysten og rytmekåt luring med skarpslipt gitar- og trompetlyd. Det siste er det bulgararen Filip Ankov Simeonov som er ansvarleg for. Han gjer forresten same innsatsen på eit par andre spor også. Og hans saksofonspelande landsmann Trifon Trifonov er ikkje dårligare. Han dukkar blant anna opp på det spretne innleiingssporet KGB. Ei låt som nok ikkje festar grepet og tar kontrollen slik opningssporet på debuten gjorde. Skjønar heller ikkje heilt vitsen med å trekke denne forhistoriske hemmelige politietaten inn i opplegget. Eller kanskje bokstavane står for Kaizers Godteri Butikk? Dei tre bokstavane dukkar forresten opp i meir harmoniske omgjevnader i Christiania. Her står orkesteret fram i svært så veldreidd og yndig melodidrakt. Men det er berre utanpå, for hovudpersonen i songen står trengt opp i eit klamt hjørne.

Eit par svake spor har og sleppt forbi. Jævel Av en Tango er slett ikkje så djevelsk, men heller ein litt småslapp Waits-pastisj. Den Geir Zahl-skrivne Papa Har Lov er også noko fargelaus. Langt sprekare takter er det over same mannen sin Auksjon (I Dieter Meyers Hall). Særlig den skrålande vekselsongen i refrenget er effektfull. Dei avsluttar så i dugande driv med På Ditt Skift, der det kraftfullt blir slått fast at; «Det var på ditt skift Direktør, på ditt skift… Han forsvant på ditt skift.»

Kven som forsvann kjem ikkje klart fram, men den vitale godtonen til Kaizers Orchestra kan det ikkje ha vore. Den har nemlig klart seg igjennom dette skiftet også, og no skal den ut på tur.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)