Tag Archives: Johnossi

Johnossi – Mavericks

Standard

Etter ein frisk debut har duoen blitt ramma av noko baktungt noko.

3

cover

Det startar med tittelsporet. Det gitarplukka, mørke, og truande tittelsporet, med sine paranoide trekk. Eit spor som får sin elektriske eksplosjon eit lite minutt før slutt, men som elles er eit folknummer som held seg unna nett slikt. Den har sitt suggererande vesen. Den liknar ikkje særlig på noko anna eg har høyrt Stockholmsduoen Johnossi presentere før. Den liknar ikkje særlig på det som følgjer etter den på denne plata heller. Det burde den kanskje gjort. For det er ei sterk låt. Plata har ikkje så mange fleire eg kan seie nett det om.

John Engelbert og Oskar Bonde heiter dei to som utgjer duoen. Førstnemnte syng og spelar gitar (pluss litt til), sistnemnte spelar trommer og perkusjon. Og det er alt, ingen fleire deltek. Lyd får dei til å lage likevel. Høg, skingrande, brunstig og mektig lyd. Det er som om dei tar litt ekstra i sidan dei no berre er to.

Men dei kan vere stille også. Ja, det er her i potensialet mellom det dempa og det eksplosive dei har funne sitt våpen. På den sjølvtitulerte debutplata frå 2006 kombinerte dei dette med mange sjarmerande og popfrekke trekk, og skaffa seg positiv merksemd frå blant andre underteikna.

Det eksploderer ikkje like brått og oppkvikkande lenger. Det gjorde det ikkje på plate nummer to, og heller ikkje på denne tredje. Strukturen er meir opplagt, dei beveger seg meir gradvis inn i det. Men når eksplosjonen når sin topp er den kraftigare. Kraftigare i eit grålig minefelt, der melodispensten og dei forførande trekka ikkje er så veldig framtredande.

Eit potent unntak er What’s the Point. Ein mektig, og melodisk velkvalifisert sak, med eit forrykande bulldozerpop-refreng som umulig kan fare uoppdaga forbi. Låta har visstnok blitt ein stor hit i heimlandet. Det kan den fort bli andre stader også. Og det kan til og med hende den får følgje av andre låtar frå albumet.

For er det ikkje noko med tonen i ein klengen Roscoe, i ein hardt mainstreamrockande Dead End, og i ein armstrekkande og elektrisk ballade som Houses, som minner sterkt om slikt det har blitt slagerar av før? Jo, eg trur det. Men personlig veit eg ikkje heilt kva eg skal med dei.

Sickness derimot, skal eg ta med meg vidare. Ein pasjonert anthemrockar, med eit melodisk tiltalande vesen, og ein subtil eleganse. Som tittelen gjer eit signal om, er ikkje temaet av det friskaste og mest optimistiske slaget. Noko som vel i grunn kjenneteiknar det meste av plata.

Dessverre kjenneteiknar det altså også plata at den gjennomgåande tonen er vel blodlaus og butt. Det kjennest i alle fall noko utilfredsstillande å sitte att med berre tre spor av verdi etter å ha overvore ti forsøk.

Først publisert på Groove.no (i 2010)

Johnossi – Johnossi

Standard

Med enkle middel og melodisk talent smett to unge svenskar innom og vil ha litt merksemd.

cover  Det enkle er ofte det beste, heiter det som kjent i ein velkjent klisjé. Og enkelt er termen til Johnossi. Dei er frå Sverige, dei er to, og dei heiter John Engelbert og Oskar «Ossi» Bonde. Førstnemnte spelar gitar og syng, sistnemnte slår på trommer. Dei har vore eit musikalsk par i cirka 3 år. Dette er debutalbumet deira. Det kom ut i Sverige for eitt år sidan, i desse dagar har det fått distribusjon i Norge. Johnossi spelar rock. Noko dei gjer om ikkje best, så i alle fall riktig så bra.

Etter at The White Stripes spreidde sine kvite blodlekamar utover store deler av den vestlige verda har så godt som alle band som insisterer på å klare seg i bassfrie duoformer måtta tåle å bli parallellkopla med det dynamiske søskenparet. Slett ikkje ei rettferdig ordning sjølvsagt, og i Johnossi sin samanheng omtrent like lite som i dei fleste andre tilfelle. Eg snappar no likevel opp eit og anna i opningssporet The Show Tonight som kan minne om dei kvitstripete, ja og så kanskje enkelte parti av Press Hold. Sånn elles er det vel andre referansar det kan vere like passande å komme trekkande med. Eit nedstrippa Soundtrack of Our Lives, eit spikerdansande og avpolitisert The Alarm, eller kanskje ein T. Rex utan stort hår og glamfakter. Det paradoksale er at midt i alt dette minimalistiske skaper Johnossi også ei kjensle av noko grand.

Det siste gjeld kanskje spesielt for Glory Days to Come, som sjølv med enkelte spastiske trekk har noko hymne-aktig over seg. Frå eit atskilleg trongare og skitnare rom, la oss for eksempel seie ein garasje, kjem den akselererande og ikkje så lite vinnande Execution Song. Her snakkar vi rå energi para med melodisk kløkt. Det kan vi forresten snakke om ved fleire høve her. Ossi er ein trommis med høgt aktivitetsnivå, og John Engelbert spelar på ein akustisk gitar men sender som oftast lyden av den gjennom effektboksar og forsterkarar meint for el-gitar, slik at den kjem ut igjen i rå, vrengte og kraftfulle former. Låtane som får denne handsaminga er ofte bygd opp av catchy og lett tennelige melodilinjer. Det vere seg den spretne og knipse-pirrande Man Must Dance, den intense There’s a Lot of Things to Do Before You Die eller den lunefulle Santa Monica Bay.

Den andre halvdelen av albumet er gjennomgåande noko meir roleg i formene enn den første. Her finn vi den særs så attråverdige og lett håpefulle balladen Happiness a la Mode, og den nesten like fine og kanskje endå litt meir håpefulle The Lottery. Samstundes finn ein vel også eit par nummer i denne avdelinga som blir litt i mattaste laget. At duoen nok har aller best grep om sakene når dei kvesser gitarlyden og krummar nakken er ekstraspora Risky Business I og Risky Business II eit eksempel på. Den første fresande og engasjerande, den andre dempa, akustisk og litt tråkig.

Det er likevel liten tvil om at det dominerande inntrykket blir at dette er driftige saker. Overstyrte gitarstråler, angstfulle bøner og jublande «bop-be-ra-bom-bom» som siktar og treff mitt i hjertefleisen.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)