Category Archives: 2005

Chip Taylor & Carrie Rodriguez – Red Dog Tracks

Standard

Eit samarbeid over generasjonskløftene, med grøderike låtar på programmet.

cover  Den gongen på 60-talet, då den no gråsprengte eldre New Yorkaren Chip Taylor komponerte ein hit og fem var hans samarbeidspartnar dei siste fire åra, den fagre Carrie Rodriguez, endå mange år unna sin fødsel. Men aldersskilnaden har på ingen måte hindra dei to i å lage eit aldri så lite hat trick av livskraftig countrymusikk. Han skriv låtane og klimprar på sin akustiske gitar, medan ho drar friske tonar utav fela si. Begge syng. Ingen av dei har 24 karat gull i strupen, men stemmene deira står særdeles godt til kvarandre og hentar på vinnande vis det beste utav låtane. Enten det er snakkesynging som i den stridfulle samtalen Private Thoughts, eller det er yndigare stemmebruk som i den vare balladen The Wonder of You.

60-talet ja, ein kan vel ikkje omtale Chip Taylor utan å nemne hans aller mest kjente låt. For dei fleste som har lånt eit øyra eller to til rock’n roll har nok fått med seg Wild Thing. Låta The Troggs gjorde til sin, og som Jimi Hendrix fekk til å gnistre frå scenekanten. Og som sidan den gongen har dukka opp både i reklamar, filmar og som lydspor til mang ein TV-reportasje. Det var Taylor som komponerte den. Litt mindre kjent, men likefullt ein hit, er balladen Angel of the Morning (sjekk ut Nina Simone sin versjon av denne). Og Try (Just a Little Bit Harder), som Janis Joplin vrengte sjela si på, er også ein Chip Taylor-låt.

I åra før han gjorde suksess som låtskrivar for andre, hadde Chip Taylor smakt litt på countrymusikken. På 70-talet tok han opp igjen denne hansken, og spelte inn fleire album under eige namn. Men idet tiåret gjekk til sin ende trakk Taylor seg tilbake frå musikken og byrja i staden ein karriere som profesjonell gamblar. Først på midten av 90-talet vendte han tilbake til livet som utøvande musikar, og nye plater med country- og folk inspirert musikk dukka opp.

Ein slags ny vår skulle det så bli når Carrie Rodriguez kom inn i manesjen. Aktivitetsnivået har vore rimelig høgt, og kvaliteten på stoffet smyg seg galant innunder kategorien næringsrikt. Red Dog Tracks er duoen si tredje plate saman, og er ei kjelde til hugnad og sjelevarming. Der ein hos mange av Chip sine samtidige etterkvart har byrja å merke musikalske gikt-tilstander, friskar den 65 år gamle New Yorkaren til med tonar heilt fri for sjukelege tendensar. Æra for den tilstanden må Chip og Carrie denne gongen dele med det vitale innbodne laget av musikarar. For sterke bidragsytarar til det ledige og oksygenrike soniske biletet er Kenny Wollesen med sitt dynamiske trommespel, Jim Whitney sine stabile men leikne kontrabassytringar, Richie Stearn sine friske banjotonar, og ikkje minst gitarist par excellence Bill Frisell sine kjælande og kjenslelada innslag. Dei spelar på lag, gjer kvarandre plass. Dei viser nærleik til stoffet og har ein leiken innstilling.

Dei aller fleste låtane er nylaga Taylor-originalar. Balladar som blør og lengtar. Vakrast i den klassen er Big Moon Shining. Ei låt som kjælar med liknande ord og tonar som det ein avdød texanar ofte var innom; «I’m some sweet words from the sky – floatin» down from av van Zandt star». Det er også meir temposterke saker. Frampå og fint fluktande i så måte er opningssporet Must Be the Whiskey. Det er kanskje ikkje stoff som vil hamne blant countrymusikken sitt aller mest kanoniserte materiale, men meir enn fint nok til å kunne fungere både som vemodig nakkestøtte og varmande sjelemassasje.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Richmond Fontaine – The Fitzgerald

Standard

Dvelande og varlege americana-tonar akkompagnerer historiar om det ublide livet i Reno.

cover  Tidleg i 2004 vart Portland, Oregon kvartetten Richmond Fontaine oppdaga og lovprist av velrennomerte engelske musikkmagasiner (les: Uncut og Mojo), noko som førte til at bandet fekk eit aldri så lite gjennombrot i Europa. Derfor har det i rimeleg breie Americana-krinsar vore stilt store forventningar til deira sjette og nyaste album. Vi på groove gav også vår åtgaum til både Winnemucca (2002) og Post to Wire, 2003 (bandet sine to seinaste utgjevingar), og det i god tid før engelskmennene gjorde sine oppdagingar. Forventningane har ikkje vore mindre av den grunn.

I løpet av sine fem første album har bandet flytta seg frå Uncle Tupelo og Replacements sitt terreng i startfasen via dvelande, men intense countryrockstemningar på Winnemucca og fram til dei baud på ein effektfull slalåm mellom varlege og elektriske opptrinn på Post to Wire. På The Fitzgerald presenterer dei eit lydbilete meir strippa og nedtona enn på nokon av sine andre plater. Den upolerte og medynktona stemma til låtskrivar og frontfigur Willy Vlautin er i front av biletet. Bakom vibrerar klangen frå ein akustisk gitar. Frå krokar og naborom kan vi ane lyden av piano, trommevisping og varlege elektriske lydframstøyt. Ja, med dei andre bandmedlemmene såpass vagt til stades kunne dette nesten ha komme ut som ei Willy Vlautin soloplate! Men berre nesten, for det er mykje subtil finesse i bakgrunnen som absolutt er med og løftar verket.

Vlautin har gjort det til sitt kjennemerke å skildra menneske i kamp med tilværet. Nokre i ein håplaus kamp andre med visse sjansar til å karre til seg litt dugande levetid. På The Fitzgerald er dei førstnemnte i større fleirtal enn på nokon av bandet sine øvrige album. Her møter vi dei skakkøyrte, dei utstøytte, dei svikta og dei desperate: «The alcoholics, the ruined and the framed.»

Vlautin har tatt turen tilbake til traktene der han vaks opp. Fjorten dagar på eit hotellrom i Reno, Nevada er utgangspunktet for desse elleve episodane om menneske som har snubla i livet sin taggete fortauskant. Alt utspelar seg innan eit geografisk avgrensa område, der The Fitzgerald Casino Hotell er sentrum. Ein kan sjå på dei ulike historiene som separate rapportar frå baksida av den amerikanske draumen. Føler likevel at dette meir er eit Raymond Carversk Short Cuts opplegg av den dystre varianten, der skildringane møtes eller flyt over i kvarandre men utan å vere i eit lineært eller logisk system.

Tekstane til Vlautin har alltid vore viktige for den totale Richmond Fontaine opplevinga. Samstundes har han hatt for vane (i alle fall på Winnemucca og Post To Wire) å gje dei eit så sterkt melodisk samkvem at låtane også har fungert som tiltalande aurale opplevingar, utan fokus mot det han melder. Det finst nok dei som vil hevde at dette ikkje er like sjølvagt på The Fitzgerald. Var faktisk ei stund inne på tanken sjølv, men gjev ein stoffet litt tid oppdagar ein at dei limiterte tonane har ei stille melodisk kraft, og er såleis det ideelle kompaniskap for desse ublide skildringane.

To av Vlautin sine heltar er Bruce Springsteen og Tom Waits, og mannen har vel aldri vore nærare dei i uttrykk enn på denne plata. Både melodisk og tematisk er her mykje slektskap til ein ung Tom Waits, og til Springsteen sin sosialrealistiske trilogi (Nebraska, The Ghost of Tom Joad og Devils & Dust). Men fleire av Vlautin sine karakterar har nok endå tyngre for å komme seg opp i ståande stilling enn den gjennomsnittlege Springsteen/Waits karakter.

Hovudpersonen i Welhorn Yards «fell into the most uneasiest of dreams», og ser seg jaga av ein galning etter eit mislykka ransforsøk. «Darkness I give myself to you, take my blood and take my heart» proklamerar den ustabile fyren i Disappeared. Den melodisk fullkomne Casino Lights fortel om ein bror og ei syster på randen av undergang; «oh casino lights, they only bring darkness to the night». Laramie, Wyoming er utstyrt med sårvakre tonar og handlar om den sterkt underkua guten som til slutt rømmer og søker ly hos ei tante. Medan Incident At Cronklin Creek usentimentalt men respektfullt skisserer eit likfunn; «black eyes, broken nose, teeth missing… there was no smell, and you could still see life on his face». Langt unna frydefulle tilstandar altså. Det blir likevel sådd eit lite håp til slutt. På Making It Back er «festen» over, men paret på kjøkkenet har i alle fall funne saman. Kanskje ikkje i pur fryd, meir i ein slags felles lagnad, men i denne samanhengen er vel det godt nok.

Fleire skildringar frå livet under den vemodige himmel kan ein sikkert forvente når Willy Vlautin snart debuterer mellom to permar med romanen Motel Life. Meistrar han den sjangeren like godt som låtskrivargjerninga kan vi sjå fram mot givande lesing.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

John Prine – Fair & Square

Standard

Nok ein time med John Prine i kjent og kjært landskap.

cover  Det har gått 35 år sidan John Prine for første gong spaserte inn i eit platestudio. Med seg den gongen hadde han framtidige klassikarar som Sam Stone, Hello In There og Angel of Montgomery. Seinare skulle det følgje fleire (Souvenirs, Please Don’t Bury Me, Christmas In Prison, All The Best etc. etc.). Fair & Square er ein heil time med låtar plukka i det same velkjente Prine-landskap. Eit landskap der countryfarga viser dukkar fram med melodisk soliditet og tekstlig bonitet. På coveret si framside ser vi mannen vandrande i lett gange på ein avsides landeveg. På baksida ser vi også at han har eit fornøgd glis om munnen. Det har han sikkert mange grunnar for å ha, ikkje minst fordi han for nokre år sidan kom utav ein krefthistorie med livet inntakt. Om enn med ei røyst som er blitt eit hakk djupare og litt meir merka.

På syttitalet kom det ein jamn flom med plater frå fyren, etter den tid har platekarrieren hans gått litt meir i rykk og napp. Åttitalet var vel av noko meir haltande karakter. Dette blei til gjengjeld solid revansjert med den smart titulerte og særdeles sterke «comeback» plata The Missing Years i 1991. Fire år seinare kom han med den litt meir ujamne Lost Dogs and Mixed Blessing, fram til no den siste plata med nyskrivne låtar frå mannen.

Kjenneteiknet hans har alltid vore skildringar av kvardagsheltar og -situasjonar, folk som slit, elskar og andar under kjennelige og stridige tilhøve. Han skildrar persongalleriet sitt med innsikt, respekt og varme, men trør innimellom til med både humor og sarkasme. Det siste nyttar han helst når det er makta som skal karakteriserast. «Your flag decal won’t get you into Heaven anymore, we’re already overcrowded from your dirty little war» lydde det i 1970. I år heiter låta Some Humans Ain’t Human og kven som får gjennomgå i følgjande utsagn skulle det vel vere liten tvil om:

«When you’re feeling really good / There’s always a pigeon / That’ll come shit on your hood / Or you’re feeling your freedom / And the world’s off your back / Some cowboy from Texas / Starts his own war in Iraq»

Mest er det likevel dei nære og dagligdagse ting som er i fokus. Den sanne kjærleiken i optimistiske Glory of True Love. Ein grenselaus hyllest til den perfekte dama i She Is My Everything. Saknet tilbake til ei helg full av musikk og elskov i Long Monday. Og kjærleik som kanskje har dratt sin veg for godt i The Moon Is Down. Arrangementa er av det enkle og smakfulle slaget. Avslappa strengeflukt og stødig rytmikk, kolorert med velgjerande trekkspeltonar og kanskje litt hammondorgel, samt harmonisk hjelp frå folk som Alison Krauss, Mindy Smith og medkomponist og multi-instrumentalist Pat McLaughlin.

Prine står ikkje aleine bak alle spora på plata. Fleire av låtane har han gjort i samarbeid med andre, og to har han ikkje noko som helst komponerande ansvar for. Det er den gamle Carter Family låta Bear Creek Blues, og det er Blaze Foley sin Clay Pigeons. Sistnemnte er ei gripande skildring av ei raustlaus og sliten sjel som lengtar mot eit meir handfast tilvære; «I could build me a castle of memories, just to have somewhere to go.»

Lakonisk og i eit Dylansk melodi-territorium ruslar han i resolutt gangfart bort frå uønska gjester og brysame damer, i sterke Taking a Walk. Medan han er inne på sjølvbiografiske områder når han i den melodisk vinnande og tekstlig desperate Crazy As a Loon fortel om fyren som møter mykje motgang i si ferd frå Hollywood via Nashville og til New York. Tilslutt ser vi han for oss med luta nakke, der han sit og «eat fish to pass the time away, «neath this blue Canadian moon». Meir trøbbel, men denne gong med ein humoristisk vri serverer Prine i Other Side of Town. I konsertopptak aleine med gitaren sin fortel Prine med eit glis om munnen, om fyren som har evna til å kunne «travel in his minds», spesielt når kona masar for mykje om ting han skulle ha gjort.

Jo da, dette er Prine slik vi kjenner han, likar han, og helst vil ha han.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Potion – Band of Outsiders

Standard

Noko friskt, men meir dorskt frå amerikansk spacepop-duo.

cover  Mann og kvinne i musikalsk duoformat er blitt ein ganske så vanleg konstellasjon dei siste åra. Denne kjem frå San Francisco og kallar seg Potion. Band of Outsiders er deires tredje album.

Det er dama i bandet, Annie Maley som er røysta, ei myndig røyst i traktene mellom Chrissie Hynde og Linda Perry (4 Non Blondes). I popbegeret til Potion flyt det ellers rundt ein mikstur av drivande elektroniske beats, gitarriff og meir svevande keyboardsfigurar. Dei prøver også å vere eklektiske ved å blande inn både latinamerikanske tonar, fransk samba, cabaret og outerspace-fakter i pop-installasjonen sin. Utan at eg synest dei blir imponerande mangeslungne av den grunn. For når ein blandar alle ingrediensane i samme beger blir grunntonen i smaken mykje lik i kvar ein slurk. Graden av friskleik i dei ni slurkane varierer imidlertid ein god del.

Sjølv om den nok burde vore eit minutt kortare (strekk seg mot 5.30) byr åpningslåta 25th Century på vitalt driv i eit spacedrapert B-52 mønster, til tonar det er lett å like. Under Sedation joggar av garde i sexy popabilly takt, også den med godtonar i skreppa (passe lang er den også). Og tittellåta kjem mot ein i oppdreve tempo som ein slags hybrid mellom The Pretenders og Avalanche. Det er dei tre beste. Resten er meir som b-spor å rekne, og inkluderer tvers igjennom melodisk trøyttande bomturar som Til the Morning og Kissing the Chameleon, men og slike som er innom passasjer av verdi (Rappaccini’s Garden).

Albumtittelen har dei sannsynlegvis lånt frå ein Jean-Luc Godard film. Ein særdeles original film. Potion er nok korkje å rekna som outsiderar eller nybrotsarbeidarar. Snarare eit band midt i den store hop med ein og anna låt det går an å like.

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Pinetop Seven – The Night’s Bloom

Standard

Låtar i ei cinematisk folkrock-ramme, som veks og blir til vemodige og rike sinnbilete.

cover  Ei mørk ilsken sky drar seg unna, månen sig fram, og natta blomstrar. Ein fugleflokk flyg sin veg og lar det eldgamle furutreet møte dei langsame og stille timane i einsemd. Ein gong kunne ein høyre eit magisk sus frå furua når vinden drog gjennom dei frodige greinene, no høyrer ein berre nokre vemodige stønn frå ei ustø stamme. Nakent, sårbart og kraftlaust står treet der, og for kvar natt som går sig det litt nærare sin frodige og yngre nabo.

Chicago-kollektivet Pinetop Seven er tilbake, og skaper framleis sinnbilete av det vemodige slaget. Cover-illustrasjonen og det eit minutt og tjue sekundar lange instrumentale tittelkuttet er det som sørgjer for at overnemnte filmsnutt byrjar å snurre på det indre lerretet. Når bandet tre kvarter seinare konkluderer The Night’s Bloom med ein annan kort instrumental kalla The Comedy Is Ended så ligg det mykje vemodig ironi og dirrar i lufta. For då har frontfigur Darren Richard og hans medsamansvorne nytta tida si godt, og losa oss gjennom eit magisk tonelandskap der sinnet sine meir dunkle avkrokar blir sett i eit gråblått lys. Tynt med komediar altså, men desto fleire tragediar (om enn som regel med ei kime av håp).

Akkurat som åndsfrendane i Lambchop og Willard Grant Conspiracy er også Pinetop Seven eit band fronta av ein toneangjevande låtskrivar og songar med eit melankoli-disponert sinn. Darren Richard starta kollektivet saman med nokre studiekameratar i 1996. Fram til 2001 kom det rimelig tett med utgjevingar frå gjengen (tre «offisielle» album, eit som berre vart tilbode på konsertar og web, samt ein sjuspors EP). The Night’s Bloom skulle altså vise seg å trenge ei langt lengre spiretid.

Litt tid treng albumet også til å vekse inn i lyttaren sitt hjerte, men når det først slår rot der trengs det ingen form for kunstig gjødning for å få det til ekspandere. Det som i første runde kunne virke som ei litt for likelydande og finslipt rekke med låtar, står etterkvart fram som eit gåtefullt og melodisk praktfullt verk, der kvar låt teiknar sin personlige signatur innafor ei nedstemt, og i utgangspunktet smal cinematisk folkrock-ramme. Ei ramme Pinetop Seven har hatt for vane å skrapa og dytta litt i ved å tilføre subtile element av både jazz og avant-garde. Rett nok aldri meir enn at fokuset på låta vert trygt halde i hevd, men ofte såpass at det gjer tonane eit lite ekstra puff inn i verkeleg sporsetjande terreng. Darren Richard og venene har ikkje revolusjonert uttrykket sitt dei fire åra som er gått sidan førre Pinetop Seven innspeling. Dei lener seg framleis mot den same dvelande og organiske folkrock-plattforma.

Som den multi-instrumentalisten han er, fyller Darren biletet med eit stort utval lydkjelder. Her er strengetraktering av både glidande og klimprande, elektrisk og akustisk, karakter. Her er piano- og marimbaturar i blå terreng, atmosfæreskaping og taktfull rytmeutøving. Frå Richard sine medhjelparar blir det spedd på med sordinerte tonar frå trompet og horn, og ikkje minst mange effektfulle og vakre strykarparti. Det relativt store omfanget av det siste er nok den viktigaste årsaka til at Pinetop Seven denne gongen står fram i eit litt fyldigare format enn på tidlegare framstøyt.

Bandet hentar sin inspirasjon frå både musikk-, litteratur- og filmverda. Frå musikkverda har eg allereie nemnt eit par åndelige slektningar, men kan vel spe på med Sparklehorse og American Music Club. Richard har sjølv framheva regissøren Jim Jarmusch som ein viktig inspirator. Og ja, Pinetop Seven har noko av den same evna til å finne spenninga i, og skape eigenart utav, det alminnelige. Personleg ser eg også føre meg ein del av dei grågule bileta til Krzysztof Kieslowski når Pinetop Seven sine ord og tonar gjer seg til kjenne. Frå litteraturen er det sjølvsagt nærliggjande å trekke fram Raymond Carver sin reinskorne stil. Nemnast må det også at den irske krimforfattaren John Connolly har gjort det til ein vane å sitere Pinetop Seven tekstar i bøkene sine.

Sitere tekstar lyt vi vel gjere litt i denne omtalen også:

I’ve slept in a suitcase, passed around the fringe,
of silent handshakes I’m always taken in,
the face in the bathroom mirror starts to grin,
and a girl’s education begins.

Slik går det melodisk vanedannande refrenget i Fringe. Ein song der vi møter ein fyr i kneståande, som fortvila men tilsynelatande håpefullt ber om å få tilgjeving for ufine ting han har gjort. «I did you no harm, did I friend?» spør han tilslutt, men utan å tru på det sjølv.

Fullstendig utan håp er den ulykkelige mannen i A Page From a Desert. Ein gnagande og bekmørk mordballade. Hovudpersonen har aldri opplevd dei store gledene her i livet, så når han anar innpass hos ei dame vil han gjerne vise kva han er kapabel til. Dama viser seg dessverre å vere av det falske slaget og sender den svartaste av latter opp i fjeset på stakkaren, noko som fyller han med eit djevelsk sinne. Så når låta sluttar med setninga «I just wanted to show you, what I was capable of», ja då er det nok alt anna enn kjærlige handlingar han har vist at han meistrar.

Eg veit ikkje om det er tilfeldig, eller om det er ein bevisst finte frå Richard si side, men saken er i alle fall at tre-fire av låtane tar ein minisving innom R.E.M-tonar. Linja «I’m on my way now from my recovery» frå den vokal-harmoniserte og særdeles vakre Born Among the Born Again er til dømes ein slik liten manøver. Ein annan dukkar opp i A Mouthful of Expensive Teeth. Ei låt som ellers bygger seg frå sakral til voldsam, og nok er å forstå som ein kommentar til det amerikanske folket sitt noko tvilsame verdsbilete; «we’re bullies grown up on american views, it’s hardly good news».

Bandet er ute i litt up-tempo og folkpoppig terreng med June og His Aging Miss Idaho, og gjer det bra. Det er nok likevel når dei er på det litt meir dvelande haustsporet at dei byr på dei aller største opplevingane. Slik som med den blåsarkledde oppbrottslåta Easy Company, med sin vemodige konklusjon; «I offer you my hand, dressed as an honest man, but if you’re better off alone, be alone». Eller når Richard sper på med næringsrike banjotonar i eit luftig landskap i den kriminelt flotte Witness. Eit tungt inntrykk gjer også den elegiske Made a Whisper Out of Me, som omhandlar det forferdelige å miste eit barn.

Novembertonar som finn fram, og blir.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

The Peasall Sisters – Home To You

Standard

Tre tenåringssøstrer med sjarmerande, lune og til tider vektige countrytonar i ei tradisjonell form.

cover  Dei har ganske tidleg fått føle på heideren og åtgaumen sitt vesen, dei tre syngande og strengespelande Peasall-søstrene. I dag er eldste søster Sarah 18 år, Hannah er 14 og Leah 12. Men dei var atskillig yngre då dei i 1999 var dei syngande stemmene til barna til George Clooney sin rollefigur i den sjarmerande filmen O Brother, Where Art Thou? Soundtracket skulle etterkvart få vel så mykje merksemd som sjølve filmen, og ei bølgje av friske tradisjonelle fjelltonar, country og bluegrass vaks seg om ikkje gedigen så i alle fall stor nok til at artistar som Ralph Stanley, Alison Krauss, Gillian Welch og altså The Peasall Sister velfortent nok fekk retta eit skarpare lys mot seg. Ein turne med tittelen Down From the Mountain fylgte, og dei tre unge søstrene frå White House i utkanten av Nashville var med.

Eit debutalbum (First Offering) med i store trekk religiøse coverlåtar kom hausten 2002. Men no er tida komme der dei ikkje kan overleve berre på sjarm lenger. Dei skal byrje å bevege seg frå barnestjernestatus og over i eit meir substansielt lende. Noko dei til ein viss grad også maktar med dette albumet. Framleis er det ein sjarmfaktor her som dei nok flyt ein del på, men samstundes viser Home To You at jentene er i ferd med å modnast som artistar. Tre av låtane har dei komponert sjølve, og desse er heilt på høgde med resten av materialet. Dei to eldste jentene har og arrangert fleire av dei gamle songane sjølv. Så ja, dette er jenter som i stor grad verkar å styre retninga sjølv.

Innspelingane er gjort i same studio som Johnny Cash nytta for sine siste American Recordings. Ja, sonen til den store høvding, John Carter Cash, er sterkt involvert her som produsent (og kona hans Laura spelar fele). Det er blitt eit album med eit lettbeint om enn kanskje litt for einstonig mønster. Alle låtane lever i eit akustisk og strengerikt fellesskap, og i arrangementer av god gamal og hevdvunnen art. Det er sjølvsagt ganske opplagt å trekke trådane tilbake til Carter Family, men dei har jo også sine nyare åndsfrendar i Dixie Chicks og Nickel Creek, og det er heller ikkje så heilt ulikt tonane Dolly Parton hadde på programmet tidleg på 70-talet.

Det er yndefullt og rett så vakkert. Til tider blir det kanskje i søtaste laget, men aldri i nærleiken av kvalmeframkallande. Som tittelen illustrerar handlar dette om dei nære ting, familie og nostalgi, lengsel og ein himmel som ventar. I den eigenkomponerte balladen Logtown syng dei på vemodsfullt vis om den forfalne vesle staden nede ved Mississippi sine bredder der forfedrane kom ifrå. Gray County Line handlar om den unge jenta som drar ut i verda på måfå, og mora som sit heime og saknar. Sentimentalt? Jodå, men i høvelige former, og med ein jazzblå og litt uventa tonekombinasjon i refrenget. Tradisjonelle Angel Band som dei også akkompagnerte rulleteksten på den nemnte Coen-filmen med, kjem i fin voggande form. Medan jentene på Carrick Fergus er å høyre i sine kanskje aller finaste vokalharmoniar.

Sjå ikkje bort frå at desse søstrene enten i kompaniskap eller soloformat kan kreere verkelig substansielle og eineståande saker, berre dei får litt meir levd liv på kontoen først.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Mount Eerie – No Flashlight (Songs of the Fulfilled Night)

Standard

Frå Mount Eerie sine gåtefulle skrentar serverer Phil Elvrum eit litt meir dempa nattmåltid enn kva han kunne finne på under The Microphones-vignetten

coverPhil Elvrum har tatt ein Jason Molina, og gitt sitt nye musikalske prosjekt namn etter den siste platetittelen på sitt førre prosjekt. Slik har The Microphones blitt til Mount Eerie, men utan at han har gjort seg sjølv heilt ugjenkjennelig av den grunn. Det er låtar i ei eksperimentalvillig lo-fi drakt. Viser og skeive poptonar i eit intrikat lydlandskap. Langsame melodilinjer med rikhaldig perkussiv aktivitet, nattfarga og gåtefullt.

Phil Elvrum har i intervju uttalt at han ikkje les omtalar av platene sine. Og grunngjev det med at sjølv dei som er positive ikkje har forstått kor han vil med musikken sin. Ikkje så rart kanskje, legg han til, for han veit at stoffet hans kan virke nokså forvirrande. Dette prøver han å avhjelpe denne gongen ved å legge ved ein fyldig og stor plansje med tekstlige klargjeringar av kva han har meint med låtane. Nå er eg i den situasjonen at denne plansjen ikkje følgde med mitt eksemplar av albumet, så derfor lyt både Elvrum og lesaren tåle at denne omtalen eine og aleine er basert på mine (mis)tolkingar.

Den unge mannen frå USA sitt nordvestlige hjørne startar like godt No Flashlight med å proklamere at «knowing no-one will understand this songs, I try to sing them clearer». Vel, takk skal du ha, men eg veit nå ikkje heilt om tematikken akkurat står sylskarpt fram sjølv om røysta har fått ein meir framtredande plass i lydbilete enn på tidlegare utgjevingar. Dristar meg likevel til å tenke at det har noko med albumet sin undertittel, Songs of the Fulfilled Night, å gjere. Det handlar nemlig mykje om natta, eller kanskje meir natta som metafor for det motsette perspektivet. Det å finne fram til ei anna side av livet og verda enn det intellektet vårt oppfattar. Fornemminga av at «No flashlight means that there’s another world, and it’s inside this one». Erkjenninga av at det er «two mountains, the one that everyone knows» og det andre som «appears only at night». Kanskje gjorde ikkje dette det klarare, men Elvrum er ikkje klar. Han leverer sakene ein eller annan stad mellom dei store pretensjonar og dei små gåtefulle tomrom. Ein stad det absolutt kan vere fruktbart å stikke innom.

Det melodiske landskapet er nok ein del meir nedpå, samstundes som det også er meir likelydande og einsfarga, på No Flashlight enn kva som er tilfelle på Microphones utgjevingar som It Was Hot, We Stayed In the Water og hans sannsynlegvis beste framstøyt så langt, den fasetterte og vitale The Glow pt. 2. Dei tre korte parantesane (2 Lakes), (2 Mountains) og (2 Moons) er til dømes bygd rundt same melodi. Og fleire av dei andre låtane er også nære slektningar av kvarandre. På eit vis er det den akustiske gitaren og den noko limiterte stemma til Elvrum som innehar hovudrolla. Den spenstige perkussive krydringa og utfordrande lydbygginga skaper likevel nok spenning og divergens til at No Flashlight blir noko heilt anna enn eit «mann med gitar og ein bunke melankolske låtar»-opplegg. I Hold Nothing knurrar og gnissar, No Inside, No Out er psykedelia med hyperenergisk perkusjon og trillande pianotonar, og andreutgåva av tittelkuttet kolliderer rett som det er med det elektrisk frenetiske. Mest ulikt frå det gjengse bilete er den Neil Young-elektriske The Moan og den lealause og larmande The Universe Is Shown. Mitt eksemplar har også fire bonuskutt, der særlig det lengste, The Intimacy, står fram og gjer krav på å bli rekna som eit vesentlig spor. Spenstig rytmikk, ringande elgitar-framferd og melodisk tyngde som det har.

Det er godt at ikkje alle tar den enklaste vegen. Det er godt at det finst folk med pretensjonar og mot. Det er godt at Elvrum endå ein gong har levert frå seg eit ambisiøst verk solid inne på pluss-sida.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Midnight Choir – All Tomorrow’s Tears – The Best Of Midnight Choir

Standard

Ein vakker, verdig og nesten plettfri dokumentasjon over karrieren til eit stort band.

cover  Frå ei verd der Rain rimar på Pain og Tears rimar på Fears har Midnight Choir skjenka oss mykje vakker musikk. Over ein tiårsperiode, og i skuggen av sirkuset og kaoset, var dei eit av dei aller beste banda her i landet. I fjor tok det slutt. Eit år etter at deira femte studioalbum Waiting For The Bricks To Fall hadde innteke hyllene proklamerte vokalist Paal Flaata Midnight Choir for oppløyst.

Dei tre Skiensgutane Atle Bystøm, Ronny Bystrøm og Paal Flaata byrja å spele saman i 1992, bandet døypte dei Hashbrowns. Tidleg i 1994 fekk dei jobb som husband på Gamla i Oslo. Ikkje lenge etterpå sat dei med ein platekontrakt i henda (på Sonet sin roots- og countryfikserte underlabel Fjording). Samstundes vart dei pålagt å skaffe seg eit mindre kontroversielt og meir sexy namn. I frå Leonard Cohen sin klassikar Bird On A Wire rispa dei ut namnet Midnight Choir.

Andrew Hardin, som også hadde gjort ein del spelejobbar på Gamla (som gitarist i Tom Russell sitt band), vart hyra inn for å produsere debutplata. Og i januar 1995, eit par månader etter planen, var den sjølvtitulerte plata på plass ute i butikkane. Ein fin bunke dugande låtar, der prototypen er å finne på ein del roots og countryfikserte gitarrock-adresser i USA. Det skorta nok litt på eigenarta, og dei heilt markante kvalitetane vart plassert på ventelista.

Tidleg i 1996 vart bandet kjent med Chris Eckman frå Walkabouts, og overtala han til å produsere andreplata (det skal vise seg at han heng med og gjer jobben på dei tre neste Midnight Choir-albuma også). Han gjorde nok sitt til at den amerikanske tonen på Olsens’s Lot vart meir intens og særprega enn på debuten. Samstundes er det nok også ein modnare og meir visjonær trio vi møter denne gongen. Flaata si røyst markerte seg allereie på debuten som eit vokalt instrument av ynde, kraft, og eldfull rikdom. I samkvem med dei mørke og smygande spora på Olsen’s Lot overtyder den endå meir. Vemodsfullt og elegant pendlar den mellom varleg og kraftfull tilstand. Bak, ved sida av, og innimellom Flaata sine eskapadar kolorerte Atle Bystrøm (eller Al deLoner som han no yndar å kalle seg) med nennsamt og uttrykksfullt gitarspel, lirkande pianotårer og andre passande lydpåfunn. Broder Ronny (som no kallar seg Ron Olsen) vekslar mellom å nytte sin elektriske Fender bass og ein kontrabass. Innleigt rytmehjelpar er trommis Atle Aamodt. Heilt i botn for det vellykka resultatet ligg deLoner sin låtskrivarkunst. Ein kar med den viktige evna å kunne skape tonekombinasjonar det går an å ha eit varig forhold til.

For eit midnattskor spelar sjølvsagt månen ei viktig rolle. Halvmånen var eit symbol for bandet dei første åra, og ulike månefasar dukka opp i fleire av tekstane. I den gitarrocktradisjonelle og bønnfallande Sister Of Mercy er ”the moon’s just right”. Medan den nesten heilakustiske Neon Moon snur lykke til undergang. The Ballad Of Emma Loner fortel i sjelestjelande stil om han som møter katastrofen med opne auger. Aller rikast på suveren melodiførsel er nok likevel Jeff Bridges. Låta handlar ikkje om den kjente skodespelaren, men om mellommenneskeleg klaustrofobi, skrantne kjensler og lengselen mot fridom. Det er i sistnemnte fase, i eit fantastisk refreng, at Bridges dukkar opp; «I wish I was Jeff Bridges, moving down the highway, with the wind blowing through my hair».

I staden for å turnere stoffet på Olsen’s Lot gjekk dei tre nå kvar til sitt. Ja, i nokre månader var dei nesten å rekna som oppløyst. deLoner oppheld seg i lengre tid i England, lytta ein god del på Talk Talk, drog så til Amsterdam og får låtskrivarånda over seg. Bandet samlast igjen og saman med Walkaboutsvenner og Phill Brown frå Talk Talk drog dei til Lisboa. Her spelte dei inn sitt meisterverk.

Med Amsterdam Stranded dimma dei ned den amerikanske tonen og plasserer lyset meir i retning av eit europeisk uttrykk. Det er eit fryktlaust album. Ikkje i tydinga bråkete og sprelsk, for dei gjorde vel kanskje aldri sakene sine langsamare og meir pianofiksert enn på denne plata. Med fryktlaus tenkjer eg i denne samanhengen på korleis dei utfordrar låtstrukturen og improviserer seg inn i eit utrygt farvatn. Her er ikkje alltid eit refreng, eller kanskje kjem det til slutt. Dei vågar å kle låtane i gjennomsiktige drakter, men dei vågar også å sende dei mot mektige høgder. Resultatet vert ein kvilelaus, dvelande, magnetisk og dynamisk låtsyklus. Og sjølv om her stadig er mykje depresjonar og fortvila bøner å høyre, sansar ein også at Amsterdam Stranded tek eit lite skritt nærare morgonlyset, og håpet rundt hjørna.

Heilt utan dødpunkt og skippelyst er albumet også. Likevel er det nokre spor som glødar litt meir. Bayview (Time Ain’t No Friend) er eit fortvilinga sitt gospel, der Flaata søkjer heile registeret frå varleg til veldig, samt litt call/respons-samkvem med deLoner. October 8 skildrar med melodisk enkle og elektriske tonar ein fyr som har snudd ryggen til dagslyset, men likevel ser refleksjonen av eit ørlite håp; «hear my plead, hear my plead». I nærleiken av countrytonar tøffar og vinglar Death’s Treshold Step #2/The Train seg framover. Ei låt Walkabouts også har gjort ein versjon av. Den pianoborne tittellåta bygger seg opp frå stilla til ei erkjenning av at: «I’ve found that I been wrong for so long now». Muddy River Of Loneliness er langt ifrå den einaste Midnight Choir-låta med strykararrangement, men den har eit av dei aller vakraste. Magnifikt.

Ekstra kjekt at plata selde brukbart også. I løpet av dei nærmaste månadane gjorde over 20000 nordmenn seg kjende med innhaldet. Spelemannspris fekk den også, men langt viktigare var det nok at bandet igjennom denne plata fekk i stand ein distribusjonsavtale med den tyske labelen Glitterhouse. Eit samarbeid som også fortsetter for soloalbuma til karane, ser det ut til.

Neste album, og eit slags punktum i det deLoner omtalar som ein trilogi, vart Unsung Heroine. Den nådde butikkhyllene i mars 2000. Her er utrykket frå forgjengaren plassert inn i eit meir konvensjonelt låtuttrykk. Mange fine songar, men ikkje ei like tvers igjennom fryktlaus og sterk plate. Double Blank og She Came From West Virginia er blant høgdepunkta. Aller gjevast vert albumet i avslutningsfasen. Nesten ti minuttar lange Painting By Matisse, der Flaata får god vokalhjelp av deLoner, er med sitt håpefulle grunndrag i eit dvelande malerisk landskap bandet på sitt beste. Det siste kan også seiast om det jazzige tittelsporet (Nils Petter Molvær bles i trompeten). Akkurat som Johnny Cash gjorde nokre år tidlegare gjer Midnight Choir ein versjon av Spain-låta Spiritual, og tar den med som bonusspor i første opplaget. Ein finfin versjon, men ikkje heilt Johnny Cash då.

Så skulle altså deira femte album bli svanesongen. Og sjølv om det ikkje er bandet sitt beste, så sørgjer det i alle fall for at midnattskoret tar farvel med livet i bandland utan eit svakt album i kofferten. Det er likevel enkelte spor av stillstand, så kanskje det var greitt å stanse her. Flaata har funne tonen ein oktav (eller så) djupare. Melankolien (og til tider avmakta) rår, og tempoet er stadig dvelande. Den nesten ti minuttar lange, orgelsakrale og kordraperte Long Time Ago sine fire gjentakande tekstlinjer, oppheld seg på ein stad forbi der smerta tek tak. Medan Last Chapter, i tillegg til å ha ein passande tittel, held seg med svært så velfungerande tonar. Mens ein del av det resterande stoffet kanskje gjer litt plankekøyring-kjensler.

Den doble og 28 låtar fyldige samlinga All Tomorrow’s Tears dekker desse fem albuma i kvalitetsprioritert orden. Frå Amsterdam Stranded er det med sju spor, og i tillegg to frå den same sessionen, derav låta som har gitt samlinga namn. Olsens’s Lot har også med sju spor. Sett i lys av at dette er bandet sine to beste album, kjennest det heilt riktig at dei har fått mest plass. Debuten og sisteplata er representert med fire låtar kvar. Ettersom det er dei fire beste låtane er det vel ikkje så mykje å seie på dei valgene heller. Nokre få av låtane er her i alternative versjonar, og i alt fire singel b-spor har fått plass. At Unsung Heroine berre har med to låtar (tittelsporet og bonussporet Spiritual) er det einaste eg stiller meg noko undrande til. Kor er Double Blank? Og endå viktigare; kor er fantastiske Painting By Matisse? Den kunne til og med fått plass utan å skippe vekk nokon av dei utvalde. Eit lite, men likevel smertefullt sår i denne ellers så praktfulle, og herlig ukronologiske, historieforteljinga.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Merry November – Since We Are All Captains

Standard

Ein sørlandstrio som har funne sitt vesle ufarlige hjørne innafor den velbrukte amerikansk-norske musikktradisjonen.

cover  Når eg høyrer på opningssporet, 4-9-10, i frå Risør-bandet Merry November sitt andre album, og samstundes har opplysningar om at det er denne låta dei har satsa på som singel, då tenkjer eg at dette er eit band som helst vil presentere seg som harmlause og taktfulle. Det er ei slik låt som sikkert kan spelast i kvart einaste middelmåtig radioprogram frå Nitimen via Midt i Trafikken til Nattønsket. Den vil ikkje irritere sjølv den mest trommeskye eller popmusikkhatande i dette landet. Ganske enkelt fordi ingen kjem til å legge merke til den, den er nemlig så velmeinande og anonym at den er ute av minnet før den har nådd inn. Med sitt melodilause vesen, sine mjuke og synthetiske keyboardtonar og pyntelige strykarar er den prototypen på innhaldslaus popmusikk.

Når eg høyrer på låt nummer to, Wild Rose Ticket, ei av ekteparet Charlotte Ronja og Andreas Knudsen sine 13 låter på Since We Are All Captains, då tenkjer eg at dette er eit band som kan farge velkjent musikalsk framferd på ein rett så tiltalande måte. Med vers i lettbeint og fin Walkabouts-fasong, og eit vakkert refreng som hentar ned både majestetiske Madrugada-tonar og yndefull Dybdahlsk nåde. Når den så i tillegg er fôra med friske og driftige fiolintonar, ja så står den fram som ei låt det vil vere freistande å oppsøke fleire gonger.

Dei 11 andre låtane på denne plata ligg i kvalitetsspennet mellom desse to. Dessverre litt for mange nærast opningssporet til at dette samla sett blir den store opplevinga. Dei er like langt unna revolusjonerande fakter som ei brødskive med kvitost. Og når dommen tilslutt skal setjast, omtrent like spennande også. Som ein velfungerande Handsome Family, eller eit Luna med særdeles god oppdraging. Eit lite hyggeband, som fort blir til eit lite skyggeband.

Her er tillaup. Eg nemnte det sterkaste. Eit anna kallar dei Reincarnation, og kjem sakte mot ein i ei enkel men hektande melodisk form, berre akkompagnert av eit stillferdig gjentakande gitarmønster. Eit tredje heiter Drop Your Arms. Ein poplåt som veks seg inn i eit omfamnande refreng, og der Magnus Dahlberg sin fiolin etterkvart får utfalde seg i friske former. Det er i det heile denne fiolinisten som gjer størst inntrykk. Han er ikkje fast medlem i bandet (som er ein trio av nemnte ektepar og den rytmisk ansvarlege Tom Reiersen), men burde kanskje blitt det. For i dei tidvis fasetterte arrangementa saknas veldig ofte livgjevande og utfordrande faktorar. Dei er på sporet av slikt med Rouge, der Ronja kviskre-snakkar på fransk oppå eit smått dramatisk lydbilete. Men det er dei trygge og velprøvde formene dei nesten utan unntak tyr til. Når dei så i tillegg ikkje har all verden å melde på det tekstlige plan, og sjeldan er skaparar av dei vanedannande melodiske linjene, blir dette berre nok eit heller preglaust norsk band med haustfargar i blikket og Amerika i ryggraden.

Vi treng ikkje så veldig mange fleire av dei, gjer vi?

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Mercury Rev – The Secret Migration

Standard

Mercury Rev er tilbake. Fargerikt og håpefullt, lyst og levande, velkjent og psykedelisk.

cover  På sitt sjette album sidan debuten i 1991, inviterer Mercury Rev nok ein gong til ei vandring blant stjernene, årstidene, fargane og draumane. Noko dei gjer med tonar trygt forankra i lydar dei har presentert for verda tidlegare.

Då albumet Deserter’s Song dukka opp hausten 1998, hadde Buffalo, NY-bandet flytta seg ein del lydmil sidan starten av karrieren. Via interne konfliktar og fleire utskiftingar, hadde dei bevega seg frå eit liv blant mykje vilter ramling og over i eit meir velordna bilete. Noko dei gjorde utan å leggje av seg ein tøddel vitalitet. Snarare tvert imot. Deserter’s Song er eit friskt, originalt og melodirikt stykke musikk, og fortjener alle høge liste-plasseringar og mesterverk-titlar det har vorte tildelt.

Den overordna tonen på Deserter’s Song var av håpefull og lys karakter. Tre år seinare var tonen litt annleis. I sin balansegang mellom draum og realisme var All Is Dream nokre skritt i retning av eit mørkare og meir demonisk hjørne. Og intuisjon-psykedeliaen som alltid hadde vore bandet sitt varemerke, både i viltre og søte samanhengar, vart halde litt meir i taumane. Taumar dei slakkar ein god del opp på når dei i 2005 presenterer The Secret Migration. Ei plate som tar tak i dei lysaste stundene frå forgjengaren, men som også gløttar litt i retning Deserter’s Song. Sjølv om den nok aldri når høgder som Tonite It Shows, Endlessly eller Goddess On a Hiway.

Underteikna har ikkje tilgang til tekstane i visuell form (rår kun over ein uopplyst promosak). Når så ein del ord forsvinn i den psykedeliske virvelvinden, har eg nok ikkje eit godt nok grunnlag for å tolke den tekstlige tilstand i all sin breidde. Inntrykket er likevel at denne gongen glimar sola, skyene er (fio)lette, tilværet er handterleg og draumane er stort sett godlynte. Så når Jonathan Donahue inviterer på «dark country ride», går i nærkamp med gamle englar eller uttrykker anger over manøvrar på kjærleiksfronten, representerer ikkje det grunntonen på albumet. Den er vi nok meir i kontakt med når Jonathan i Secret For a Song proklamerer fylgjande; «I give you my soul babe, and one day you give me your own». Ikkje kjøpslåing av Robert Johnson karakter akkurat. Ein fantastisk låt forresten, inderlig tone med Zeppelinsk rytmegang, instrumentelt velfødd utan å bli overdådig. Slett ikkje den einaste godlåten på albumet. In the Wilderness er eit godt døme på korleis bandet kan lukkast i sin balansegang mellom det smektande og vare, det mektige og kjælne. Vellykka er også Arise der den skapar ein glødande møteplass for melodi-idyll og varleg vridd støy.

Ved sida av låtskrivar og vokalist Donahue er gitartraktør Grasshopper stadig tilstades. Ellers består bandet av nyare ankomne Jeff Mercel på slagverk og piano. Eks-medlem, no kun fast produsent, lyd/ulyd leverandør og bass-utforskar, Dave Fridmann skal også ha sin del av æra for at The Secret Migration vert nok ein funksjonell omgang med varm kvikksølv rus. Slik som den den psykedeliske godlyden på Across Yer Ocean, med innlagt Grasshoppersk westerngitar. Nå er ikkje alt på plata av same interesse. For når dei prøver seg med fyldigare tilfeller som Black Forest, Diamonds og The Climbing Rose, tykkjer eg dei slit litt meir i motbakke.

The Secret Migration er på sett og vis det Mercury Rev-albumet med dei tydeligaste trådane tilbake til poptonen slik mange framstilte den mot slutten av 60-talet. Fargerik og håpefull. Utan at eg trur det er så veldig mykje her som kjem til å bli huska til evig tid. Men ei låt som In a Funny Way trur eg det går an å ha det kjekt med lenge ennå. Vemodig, idyllisk og mektig. Tufta på enkle (ja nesten banale) men særdeles tiltalande tonar, og med ein vers/refreng dynamikk som skapar artige vibrasjonar både her og der.

Sikkert ikkje verdens viktigaste plate, men derimot ei som kan framkalle litt sommar midt på vinteren. Det trengs slike også.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)