Ein sørlandstrio som har funne sitt vesle ufarlige hjørne innafor den velbrukte amerikansk-norske musikktradisjonen.
Når eg høyrer på opningssporet, 4-9-10, i frå Risør-bandet Merry November sitt andre album, og samstundes har opplysningar om at det er denne låta dei har satsa på som singel, då tenkjer eg at dette er eit band som helst vil presentere seg som harmlause og taktfulle. Det er ei slik låt som sikkert kan spelast i kvart einaste middelmåtig radioprogram frå Nitimen via Midt i Trafikken til Nattønsket. Den vil ikkje irritere sjølv den mest trommeskye eller popmusikkhatande i dette landet. Ganske enkelt fordi ingen kjem til å legge merke til den, den er nemlig så velmeinande og anonym at den er ute av minnet før den har nådd inn. Med sitt melodilause vesen, sine mjuke og synthetiske keyboardtonar og pyntelige strykarar er den prototypen på innhaldslaus popmusikk.
Når eg høyrer på låt nummer to, Wild Rose Ticket, ei av ekteparet Charlotte Ronja og Andreas Knudsen sine 13 låter på Since We Are All Captains, då tenkjer eg at dette er eit band som kan farge velkjent musikalsk framferd på ein rett så tiltalande måte. Med vers i lettbeint og fin Walkabouts-fasong, og eit vakkert refreng som hentar ned både majestetiske Madrugada-tonar og yndefull Dybdahlsk nåde. Når den så i tillegg er fôra med friske og driftige fiolintonar, ja så står den fram som ei låt det vil vere freistande å oppsøke fleire gonger.
Dei 11 andre låtane på denne plata ligg i kvalitetsspennet mellom desse to. Dessverre litt for mange nærast opningssporet til at dette samla sett blir den store opplevinga. Dei er like langt unna revolusjonerande fakter som ei brødskive med kvitost. Og når dommen tilslutt skal setjast, omtrent like spennande også. Som ein velfungerande Handsome Family, eller eit Luna med særdeles god oppdraging. Eit lite hyggeband, som fort blir til eit lite skyggeband.
Her er tillaup. Eg nemnte det sterkaste. Eit anna kallar dei Reincarnation, og kjem sakte mot ein i ei enkel men hektande melodisk form, berre akkompagnert av eit stillferdig gjentakande gitarmønster. Eit tredje heiter Drop Your Arms. Ein poplåt som veks seg inn i eit omfamnande refreng, og der Magnus Dahlberg sin fiolin etterkvart får utfalde seg i friske former. Det er i det heile denne fiolinisten som gjer størst inntrykk. Han er ikkje fast medlem i bandet (som er ein trio av nemnte ektepar og den rytmisk ansvarlege Tom Reiersen), men burde kanskje blitt det. For i dei tidvis fasetterte arrangementa saknas veldig ofte livgjevande og utfordrande faktorar. Dei er på sporet av slikt med Rouge, der Ronja kviskre-snakkar på fransk oppå eit smått dramatisk lydbilete. Men det er dei trygge og velprøvde formene dei nesten utan unntak tyr til. Når dei så i tillegg ikkje har all verden å melde på det tekstlige plan, og sjeldan er skaparar av dei vanedannande melodiske linjene, blir dette berre nok eit heller preglaust norsk band med haustfargar i blikket og Amerika i ryggraden.
Vi treng ikkje så veldig mange fleire av dei, gjer vi?
4/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)