Tag Archives: Mercury Rev

Mercury Rev – Hello Blackbird

Standard

I sitt første forsøk på å lage filmmusikk har trioen senka kvikksølvnivået og auka det ambiente fokuset.

coverEinkvar film treng eit soundtrack. Og eit kvart soundtrack treng ein film. Eller? Det finst faktisk nokre unntak. Angelo Badalamenti, Ennio Morricone og Ry Cooder er tre eg kjem på sånn i farten som har klart å skape filmmusikk som også klarer seg utan filmen. Mercury Rev er ikkje heilt der. I alle fall ikkje enno.

Så vidt eg veit er dette første gongen Mercury Rev har laga tonefylgje til ein film. Filmen heiter Bye Bye Blackbird og er debutarbeidet til franskmannen Robinson Savary. Den handlar om ein sirkusfamilie sine prøvelsar på byrjinga av 1900-talet. Eg har ikkje sett filmen, og kan såleis seie lite om korleis musikken tar seg ut der den er meint å fungere, saman med dei levande bilda.

Det bortimot heil-instrumentale opplegget trioen her leverer ligg langt nærare eit klassisk uttrykk enn eit rockuttrykk. Tonar frå keyboards og programmerte lydar sender, saman med litt nennsamt gitarspel, mjuk rytmikk, ein klarinett, nokre halvtomme vatnglas, den sedvanlige saga og ikkje minst eit piano, ut elastiske og stemningssøkande lydbølgjer. Bølgjer som skaper ei førestelling av vemodsfulle og sakte forteljande bilde i gulbrune fargar. I selskap med scenene til Savary kan dette godt fungere veldig bra det. Utan maktar tonane i liten grad å trenge innafor. Spesielt gjeld dette dei 13 korte snuttane (av ca 1 minutts varigheit). Desse blir ganske enkelt for flyktige og hendingslause.

Litt meir er det å hente i stykka som varer litt lengre. Innleiande Blackbird’s Call med sitt litt snirklete vesen og klare trillande pianorender kallar på merksemda, og får den. Det same får albumet sitt lengste stykke The White Birds. Der den ved å veksle mellom det sakrale og meir majestetiske skaper bilde av ein kvitkledd skikkelse glidande og svevande i trapesane høgt oppunder taket i sirkusteltet. I denne og nokre av dei andre stykka kan vi høyre ei kvinnestemme (Bonnie Kate Anthony). Ikkje syngande på ein tekst, men eit instrument som sender den ut langstrakte «aaaaaahaaaa». Absolutt formålstenleg. Den er der i The Last of the White Birds også, ein lengtande sonate bygd opp rundt ein Chopin-komposisjon.

I ein såkalla Enhanced Section kan vi forresten få eit lite innblikk i korleis innspelingane gjekk føre seg. Her kan vi skode Donahue, Grasshopper og Mercel utforske og spele, med filmen gåande non-stop på stort lerret i bakgrunnen.

Eit noko anna Mercury Rev dette her altså, naturlig nok. Men ved sida av album som Yerself is Steam, Deserter’s Song og The Secret Migration blir nok ikkje Hello Blackbird stort meir enn ein parentes.

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Mercury Rev – The Secret Migration

Standard

Mercury Rev er tilbake. Fargerikt og håpefullt, lyst og levande, velkjent og psykedelisk.

cover  På sitt sjette album sidan debuten i 1991, inviterer Mercury Rev nok ein gong til ei vandring blant stjernene, årstidene, fargane og draumane. Noko dei gjer med tonar trygt forankra i lydar dei har presentert for verda tidlegare.

Då albumet Deserter’s Song dukka opp hausten 1998, hadde Buffalo, NY-bandet flytta seg ein del lydmil sidan starten av karrieren. Via interne konfliktar og fleire utskiftingar, hadde dei bevega seg frå eit liv blant mykje vilter ramling og over i eit meir velordna bilete. Noko dei gjorde utan å leggje av seg ein tøddel vitalitet. Snarare tvert imot. Deserter’s Song er eit friskt, originalt og melodirikt stykke musikk, og fortjener alle høge liste-plasseringar og mesterverk-titlar det har vorte tildelt.

Den overordna tonen på Deserter’s Song var av håpefull og lys karakter. Tre år seinare var tonen litt annleis. I sin balansegang mellom draum og realisme var All Is Dream nokre skritt i retning av eit mørkare og meir demonisk hjørne. Og intuisjon-psykedeliaen som alltid hadde vore bandet sitt varemerke, både i viltre og søte samanhengar, vart halde litt meir i taumane. Taumar dei slakkar ein god del opp på når dei i 2005 presenterer The Secret Migration. Ei plate som tar tak i dei lysaste stundene frå forgjengaren, men som også gløttar litt i retning Deserter’s Song. Sjølv om den nok aldri når høgder som Tonite It Shows, Endlessly eller Goddess On a Hiway.

Underteikna har ikkje tilgang til tekstane i visuell form (rår kun over ein uopplyst promosak). Når så ein del ord forsvinn i den psykedeliske virvelvinden, har eg nok ikkje eit godt nok grunnlag for å tolke den tekstlige tilstand i all sin breidde. Inntrykket er likevel at denne gongen glimar sola, skyene er (fio)lette, tilværet er handterleg og draumane er stort sett godlynte. Så når Jonathan Donahue inviterer på «dark country ride», går i nærkamp med gamle englar eller uttrykker anger over manøvrar på kjærleiksfronten, representerer ikkje det grunntonen på albumet. Den er vi nok meir i kontakt med når Jonathan i Secret For a Song proklamerer fylgjande; «I give you my soul babe, and one day you give me your own». Ikkje kjøpslåing av Robert Johnson karakter akkurat. Ein fantastisk låt forresten, inderlig tone med Zeppelinsk rytmegang, instrumentelt velfødd utan å bli overdådig. Slett ikkje den einaste godlåten på albumet. In the Wilderness er eit godt døme på korleis bandet kan lukkast i sin balansegang mellom det smektande og vare, det mektige og kjælne. Vellykka er også Arise der den skapar ein glødande møteplass for melodi-idyll og varleg vridd støy.

Ved sida av låtskrivar og vokalist Donahue er gitartraktør Grasshopper stadig tilstades. Ellers består bandet av nyare ankomne Jeff Mercel på slagverk og piano. Eks-medlem, no kun fast produsent, lyd/ulyd leverandør og bass-utforskar, Dave Fridmann skal også ha sin del av æra for at The Secret Migration vert nok ein funksjonell omgang med varm kvikksølv rus. Slik som den den psykedeliske godlyden på Across Yer Ocean, med innlagt Grasshoppersk westerngitar. Nå er ikkje alt på plata av same interesse. For når dei prøver seg med fyldigare tilfeller som Black Forest, Diamonds og The Climbing Rose, tykkjer eg dei slit litt meir i motbakke.

The Secret Migration er på sett og vis det Mercury Rev-albumet med dei tydeligaste trådane tilbake til poptonen slik mange framstilte den mot slutten av 60-talet. Fargerik og håpefull. Utan at eg trur det er så veldig mykje her som kjem til å bli huska til evig tid. Men ei låt som In a Funny Way trur eg det går an å ha det kjekt med lenge ennå. Vemodig, idyllisk og mektig. Tufta på enkle (ja nesten banale) men særdeles tiltalande tonar, og med ein vers/refreng dynamikk som skapar artige vibrasjonar både her og der.

Sikkert ikkje verdens viktigaste plate, men derimot ei som kan framkalle litt sommar midt på vinteren. Det trengs slike også.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)