Tag Archives: Kyle Field

The Microphones – The Glow Pt. 2

Standard

Ein smålegendarisk og kontrastfull lo-fi affære vert dobla og gjort tilgjengelig på ny.

cover  Eit mykje sitert avsnitt i læreboka meir enn mumlar noko om at det å gjere det enkelt og tydeleg er langt gunstigare enn å gjere det vanskelig og diffust. Phil Elverum gjer det av og til veldig enkelt. Då sit han der med gitaren i fanget og syng på beste visemaner. Som ein Neil Young i Harvest-lune, som ein Will Oldham med mørkret i synsfeltet. Men Elverum sit aldri lenge slik. Han lar seg stadig bli forstyrra. Forstyrringar som gjer at hovudinntrykket av tonane (og utonane) hans blir at dei har eit heller vanskelig lune. Eg er like fullt veldig usikker på om hans vanskelige framferd kan karakteriserast som ugunstig. Eg finn den snarare ganske så effektfull og givande. I alle fall slik den kjem til uttrykk på hans 7 år gamle hovudverk The Glow pt. 2.

No er det kanskje litt feil å kreditere berre Elverum for det The Glow pt. 2 har å by på. Bakom signaturen The Microphones finn ein nemlig fleire folk. Der mellom andre flittige labelkameratar som Karl Blau, Khaela Maricich (The Blow) og Kyle Field (Little Wings) er å finne i vesentlige roller. Då veit sikkert fleire av dykk at vi snakkar om det kreative miljøet rundt K records og Dub Narcotic studioet i Olympia, Washington.

Del 1 av The Glow er å finne som det sentrale kuttet på albumet It Was Hot We Stayed in the Water, frå året før. Eit album der forvrengte lydar gløda og eksperimentlysta var sterkt gjeldande. Det er ikkje å overdrive å hevde at ein får endå litt meir av slikt på det sterkt psykedeliske, kontrastfulle og episke The Glow pt. 2.

Dei 20 låtane som utgjer albumet kan sjåast på som avsnitt i eit større 66 minuttar langt verk. Eit verk der temperaturen aldri er behagelig, der ei mørklagt stilla stadig blir uroa av desperate lydar, og der ei isande smerte og eit glødande alvor er på leit etter ein slutt som ikkje finst. Av og til kan ein få eit inntrykk av at det er ei slags sjelelig reingjering som står på programmet. Men aller sterkast er inntrykket av at dette er ei skildring av tilstandar der håpet knapt nok har ei statistrolle.

«I faced death with my arms swinging» syng Elverum i tittelkuttet. Før han, i takt med ein tiltakande støy, stadig kjem opp med at «there’s no end». Ein påstand som også dukkar opp i det gnagande og illevarslande nummeret The Mansion, her etterfylgt av eit «there’s no glory, there’s a slow resounding story». Før det vert konkludert nokre minutt seinare med at «there’s no crack of dawn, no morning, just an everlasting warming».

Varmen og kulden er fenomen Elverum stadig kjem tilbake til, men aldri dei meir etterspurde temperaturane imellom. Mørkret er altoppslukande og lyset svir i augo, og blodet straumar i vill fart eller renn så vidt. Det er dei store kontrastane godt ute på kvar si side av det komfortable sentrum som møtest ansikt til ansikt utan eit forsonande strøk til å dempe deira konfronterande åtferd.

Statisk støyande tonar frå elektriske strenger dannar kompaniskap med perkussiv forvirring og går til åtak på rolege stunder. Konvensjonell låtstruktur og velkjente dynamiske strategiar må i stor grad vike for ei improvisatorisk innstilling.

Ved eit par høve får likevel ei vise vere ei vise. Headless Horsemen blir ikkje plaga av ulydar. Den er ein akustisk gitar og Elverum si skjøre og ikkje 100 % reine røyst. Og så har den eit vakkert melodisk vesen. Det same har i endå sterkare grad I Felt My Size. Noko eit smått støyande avslutningsparti ikkje maktar tåkelegg, men snarare understrekar.

Etter at Elverum i det avsluttande avsnittet My Warm Blood har forkynt at det er kaldt og blodet knapt renn, dunkar plata varsamt ut til lyden frå ein femminuttars langsam og monoton puls. Ein puls som har vore der heile tida og bunde verket i saman. Ein puls som har måtta tole mykje både pes og stygge angrep undervegs. Ein puls som like fullt slår heilt til slutt, og endå lenger. For som Elverum syng «there’s no end».

Denne gjenutgjevne utgåva av The Glow pt. 2 har slik det sømer seg ei gjenutgjeving i våre dagar ein bonus-cd med alternative versjonar, samt litt anna å by på. Dei alternative versjonane er vel helst av akademisk interesse. Ingen av dei hadde fortent å byte plass med versjonen som i si tid vart føretrekt. Elles har bonus-discen eit par skjøre og fine viser. Det er no like fullt ikkje på grunn av tilleggslåtane at The Glow pt. 2 er verdt å søke opp. Det er det originale verket og dets kontrastfulle og dystre mønster ein verkelig vil ha att for å nærme seg. Ein vil aldri skjønne fullt ut kva det heile dreiar seg om, ein vil alltid sitte der med lause trådar, ny undring og kanskje ein smule irritasjon over vel eksentriske påfunn og pretensiøse løysingar. Men ein tar neppe skade av det.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2008)

Little Wings – Light Green Leaves

Standard

Ein drøy halvtime med upretensiøs, oppriktig og ukomplisert musikk.

cover Nedstrippa, forskrudd, og fryktlaust; det er Little Wings det. Nennsomt, keitete og uten pretensjonar; det er Kyle Field det.
Little Wings er Kyle Field, ein ung mann som rett som det er får med seg nokon folk og spelar inn musikk. Light Green Leaves er hans fjerde plate sidan debuten i 2000, dei føregåande utgivelsane skal reknast som ein trilogi (den har tittelen Wonder Trilogy). Me snakkar altså om ein produktiv fyr. Som om ikkje det skulle være nok, kjem Light Green Leaves i tre forskjellige utgaver. Ein innspeling er gjort rundt omkring på ulike lokaliteter (som i bilen, på soverommet, på stranda), den får ein som kassett. Neste innspeling blei gjort saman med artistar og venner frå plateselskapet, den blir å få tak i som LP. Den tredje er spelt inn saman med venner i eit hus han tidligare har budd i, som utgjer CD-utgava. Det er den sistnevnte denne omtalen er basert på.

Little Wings framstår som alt. country og visesanger i Will Oldham (som Bonnie Prince Billy) sfæren, men han legger for dagen ein meir naiv tilnærmingsmåte. Slik blir den smått besynderlige Eels eit anna berøringspunkt. Assosiasjonar går og mot band frå Elephant Six kollektivet (som Apples In Stereo og Beulah), eg lurer og på om ikkje eit Pavement med kun akustiske instrumenter ville likna litt på dette.

Little Wings byr oss ein drøy halvtime med upretensiøs, oppriktig og ukomplisert musikk. Innimellom skjenker han oss fine små skattar som Look At What the Light Did Now – ein melodiøs folkpop sang som sjarmerer. Tittellåten er ein bedagelig liten sak om «light green leaves from the trees, we’d best enjoy them before they turn brown». Årstidenes gang som representantar for fødselen, livet og døden er tema for fleire av sangane her. Tittelen seier vel sitt om kva dei to fine og vindskeive countryballadene Fall Flood og Fall Sweep tar for seg. Litt godt gjer det når han omsider skrur opp lyden i The Way I Deux, og nesten rockar ein smule, det blir faktisk SLÅTT på trommene på denne. For det er sparsommelig med lyd på instrumenta i denne produksjonen, men akkurat som på Lambchop sin Is A Woman så har dei likevel ein større betydning enn kva ein først innbiller seg. Lyden ligg bak der, avdempa men fyller inn på sin forsiktige og litt skakke måte.

Albumet åpenbarer betraktelig meir substans enn det kan virke som etter første gjennomspeling, for då gav det inntrykk av å være både usikkert og irriterande spartansk.

K records er eit slags kollektiv der alle artistane bidrar litt på kvar andres plater, og det er lønnsomt å sjekke ut fleire utgivelsar frå dette Washington-selskapet.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)