Tag Archives: Rogue Wave

Rogue Wave – Descended Like Vultures

Standard

Som ei bølgje, ei stor og lumsk ei, driv dei fram i elegant og fredfull form for så brått å gå til åtak på brutalt vis.

cover  Det går vel an å seie at Rogue Wave lever opp til namnet sitt her på si andre plate. Som ei bølgje, ei stor og lumsk ei, driv dei fram i elegant og fredfull form for så brått å gå til åtak på brutalt vis. Allereie i første linje i første song set dei standarden for plata sin hovudstraum. «Are you hoping to get out of this mess?» spør sjefsbølgjar Zach Rogue med kraftig psykedelisk tyngde på siste ordet, dei neste linjene fylgjer i same form før refrenget kontrar litt som ei meir open og medgjerlig bølgje. Låta heiter Bird on a Wire og har ingenting med Leonard Cohen å gjere. På same tid som ein definitivt kjenner igjen den velfunderte poptonen frå debutalbumet Out of the Shadow (2002) høyrer ein også her at Rogue Wave har surfa seg inn i eit noko uroligare farvatn.

På debuten gjorde Zach Rogue det meste på eiga hand. Denne gongen er Rogue Wave ein kvartett. På debuten høyrdest Rogue ut som ein union av Elliott Smith-smitta visesong og The Shins-infisert popånd. Denne gongen har mannskapsauken pluss ein meir velutstyrt innspelingsstad (Supernatural Sound studio i Portland, Oregon) ført lyden inn i eit fyldigare og meir frisert bilete. Men av og til dukkar det opp hardare smell, skakkare gnistring og meir febrilsk dirring på Descended Like Vultures enn kva det gjorde på debuten. For det er ein meir kontrastfylt veg dei har gjeve seg inn på denne gongen. Ein veg der det rake blir avløyst av det svingete, der oppoverbakke brått blir til utforbakke, der det stillferdige før eller seinare renn inn i det frenetiske, og der det harmoniske risikerer å møte på det krakilske. Motoren i opplegget, og sentralt for at dette held seg på vegen, er dei velkomponerte melodilinjene til Zach og hans menn. Dei er til stades i omtrent same målestokk som på debuten.

Publish My Love startar varleg men skeinar etterkvart inn i eit rockande landskap. Inne på dei mest bombastiske rockespor er 10:1, i ei pågåande men sonisk litt vel pålessa form. Godt frampå er dei også i den litt Beck-aktige og rytmisk kitlande Are You on My Side. Over i noko som nærast kan definerast som episke felt kjem You malande mot ein i eit fargefint og romsleg lydbilete med velskapte tonar tufta på eit florlett titt-fram-dekk-deg-til prinsipp.

Både i tonesetting og tekstlig samanheng (i alle fall det eg oppfattar) verkar denne plata å vere litt mørkare i både omriss og hjerta enn debuten. Vi kan finne ei og anna ytring som kan tyde på at dei fire fryktar for korleis det skal gå no som enkelte statsleiarar er komme så godt i gang med å rævkøyre heile verda. Men oftast har dei nok siktet innstilt mot svikefulle kvinner, skakkøyrt kjærleik og eiga sjelegransking. Favorittformuleringa i så måte er henta frå den veksande og smått urovekkande Love’s Lost Guarantee; «Love comes like a Kennedy curse, the victim role was well rehearsed, you can paint over any mistake, but you can’t remove the original fake.»

Innimellom dei meir eller mindre frittflytande poprock-tiltaka dukkar det også opp ein og anna meir dempa akustisk sak. Salesman at the Day of the Parade med sitt klagande «I’m so sorry for what I’ve done» er ein slik melankolsk pastill. California med si oppfordring til rett å slett å «screw California» har også nok melodisk kraft til å vandre trygt i spartansk selskap.

Kva som til slutt viser seg best av debuten sin lo-fi estetikk og Descends sin litt meir spektakulære framtoning er vanskelig å avgjere. Uavgjort?

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Rogue Wave – Out of the Shadow

Standard

Ingenting revolusjonerande, men ein heil del velklingande poptonar frå debuterande Bay Area-kvartett.

cover  Det er veldig lite på debutplata til San Francisco-kvartetten Rogue Wave som ikkje har blitt gjort før. Her får vi oppleve tonar som i alle fall har surfa på eit par av dei same bølgjene Brian Wilson og hans Beach Boys angreip sånn cirka 1966. Det heile hadde sjølvsagt også lydd noko annleis hadde det ikkje vore for fire karar frå Liverpool og det dei hadde føre seg sånn cirka 1966. Ellers er det sånn cirka hundre andre namn som også kunne vore nemnt. Det kan egentlig få vente. Vil i staden hevde at lyden av Rogue Wave slett ikkje er dårlig av den grunn, faktisk er den rett så fin.

Bandet har sitt namn etter frontfigur Zach Rogue, som i veldig stor grad er åleine om resultatet på denne plata. For når han spelte inn desse songane i 2002 var det egentlig ikkje snakk om noko bandprosjekt, berre litt hjelp frå venner. Då den kom ut på ein obskur indie label same år var imidlertid Zach i ferd med å setje saman eit band. Og nå i 2004, når Sub Pop har funne det fornuftig å ta albumet under sine vengjer for å få det ut til ein større hop, er Rogue Wave altså ein kvartett.

Det burde absolutt være rom for Rogue Wave både i platehylla og i hjarta til folk som har blitt gode vener med tonane til labelkompisane deires The Shins. For sjølv om ikkje forsøket deires på å komme seg ut av skyggen er like tettpakka av storflott popkunst som Chutes Too Narrow (2003), så er dette heilt på høgde med The Shins sin debut Oh, Inverted World (2001). Og i haugen av saker og ting som liknar, er det kanskje nett den plata som ligg fremst på tungespissen min. Ellers spøker såpass forskjellige folk som XTC (Nourishment Nation), Wilco (Postage Stamp World) og Paul Simon (Man-Revolutionary) også rundt i kulissane.

Ikkje musikk som prøver seg på uutforska territorier, altså. Men vi blir presentert for eit meir enn habilt kobbel med poptonar det kan være smart å søke kjennskap til. Ofte gjort i eit hovedsakelig akustisk leie, men dei hoppar og over gjerdet og blir ganske så elektriske iblant. Nokre gonger er tonane straighte og lettfordøyelige, andre gonger svingar dei innom psykedeliserte strender og smyg seg rundt på litt rarare underlag. Det kan virke sommarlett og kjekt, men har både ein og to undertonar av melankolsk art.

Mine aller fremste favorittstunder på albumet er det vakre folkpop-eventyret Be Kind & Remind, det er den fint slentrande, akustisk baserte og lett psykedeliserte Endgame, og det er Endless Shovel, som både lener seg til sterke tonar, og som bråkar mest. Så får vi heller tåle at dei avsluttar med ei låt som heiter Perfect, men som er eit stykke unna nett det. Ein plass på solsida av kvalitets-skalaen er uansett sikra.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)