Lincoln sin musikk bærer i seg arven både frå den amerikanske prærien, frå Londons tåkelagte bakgater og frå det skotske høyland.
I sin andre roman Heed Of Thunder (utgitt 1946) skildrar Jim Thompson livet til fire generasjonar av familien Fargo som lever og bur i den vesle præriebyen Verdon, Nebraska. Ein familie som på ingen måte består av vidare opplyste eller høgt intelligente individ, og der vold, primitive lyster og incest er dagligdagse hendelsar. Den gamle værbitte Lincoln Fargo (som på langt nær har levd noko syndefritt liv) sitt som ein sjuande far i huset og er vitne til den endelige degenerering.
I London samlast det på tampen av forrige årtusen ein gjeng musikarar, dei velger å kalle bandet sitt for Lincoln, etter den gamle mannen i Verdon, Nebraska. I løpet av 2001 gjer dei ut to minialbum (Barcelona og Kibokin – dei blir seinare samla på ein CD og gitt ut med tittelen Sound Of Lincoln) til god mottakelse blant ein del kritikarar. Vinteren 2001 dreg dei til Skotland, nærmare bestemt Balbithan Castle i det skotske høyland. På dette gamle slottet spelar dei inn materialet som skal bli Mettle.
Lincoln sin musikk bære i seg arven både frå den amerikanske prærien, frå Londons tåkelagte bakgater og frå det skotske høyland. Dei er eit band som vanskelig lar seg sette i nokon musikalsk bås. Ein kan trekke fram betegnelsar som americana og folk, men det blir ikkje dekkande, den beste betegnelsen har kanskje låtskrivar og frontfigur Alex Gordon sjølv gitt då han ved eit høve kalte stilen for Anglicana.
Lincoln består av tilsaman seks medlemmer, og dei fleste bidrar på meir enn eit instrument. Særskilt karakteristisk er den flittige bruken av blåseinstrument. Her er og utstrakt bruk av diverse strykare, fint arrangert av Oliver Kraus (som også var ansvarleg for tilsvarande på Ed Harcourts eminente Here Be Monsters). Dei unngår imidlertid med glans å gjere dette pompøst og overdådig. For sjølv om dei fyller bildet med mange instrumenter, blir dette gjort med nennsomhet og blikk for korleis ein skapar virkningsfull musikalsk dynamikk.
Mettle treng tid før den kryp inn under huden. Etter gjentatte besøk opplever ein imidlertid at det spirer fram vakre sangar, av det melankolske og dvelande slaget.
Lista blir lagt høgt allerede i det følelseslada åpningsporet My Reasons Are My Own. Ei list dei passerer med god klaring ved fleire høve utover på albumet. Litt meir uptempo er det på Crooked Smile, der Alex og Tracy serverer sin første duett, og sjølv om ingen av dei har stemmer som på nokon måte liknar, så går tankane i retning Gram Parsons og Emmylou Harris. På Blood On The Streets er det Tracy som er i førarsetet, og med god hjelp av praktfulle blåsarar og eit buldrande orgel styrer ho denne sangen mot dei største høgder, men akkurat i det den når sin maksimale tyngde, stilnar brått alle instrumenta og Tracy syng vidare mens nokre få inn instrument gradvis kjem inn att, det er eit magisk øyeblikk.
Pur gåsehud er og den smygande blå balladen Never See London Again, nok eingong med Tracy i sangrolla mens resten av bandet følger på med dramatisk samspel. Tittellåten er ein sørgmodig folkballade om død og savn, med meir enn truverdig sanginnsats av Alex. Plata avsluttes med How the Hell, ei beretning om eit forhold som har gått i oppløysing. Mannen fører først ordet med si oppfatning av kva som har skjedd. I andre vers er det kvinna som ytrar seg, og ho har eit noko anna bilde av hendelsane. I det siste verset (som for øvrig er eit eige spor) møter me ein forpint mann som har mist alle illusjonar. Slik sluttar plata i den ytterste fortvilelse. Ingen lykkelig slutt altså, og står såleis i stil med mange av dei andre skildringane her.
Eit vemodig stykke musikk, som nærar slektskap til album som Is A Woman med Lambchop, og Curtains med Tindersticks.
7/10
Først publisert på Groove.no (i 2003)