Monthly Archives: november 2013

Goodnight Monsters – The Brain That Wouldn’t Die

Standard

Vimsete og uskyldsblåe poptonar frå eit finsk soverom.

cover  I motsetning til kva som er tilfelle hos ein viss redaktør så stansar min kjennskap til finsk musikk ganske så momentant etter Jean Sibelius, Leningrad Cowboys og 22 Pistepirkko. I mai i år vart dette noko motvillig utvida med ei akt til, idet nokre heller patetiske monster brumma fram eit Hard Rock Hallelujah på så «sjarmerande» vis at dei fekk telefonlinjene til å gløda over store deler av Europa. Når eg så nokre veker seinare oppdaga eit finsk band med det velklingande namnet Goodnight Monsters på tilbodslista til den nemnte redaktøren, ja då tenkte eg at her ligg det kanskje ein aldri så liten skøyarstrek på lur. Heilt slik var det nok ikkje.

Goodnight Monsters er to karar frå Turku, dei er i byrjinga av 20-åra, heiter Matti Jasu og Valtteri Virtanen, og har særdeles lite med Grand Prix-monstrene å gjere. The Brain That Wouldn’t Die spelte dei inn på eit lite soverom allereie i 2004, men dei har altså ikkje fått sendt plata ut av nabolaget før i desse dagar. Den inneheld verken revolusjonerande, spektakulær eller for den saks skyld meisterlig popmusikk. Presisjonsnivået er haltande og vokalen er til tider småsur, men plata har ein sjarmfaktor litt over snittet, og sånn cirka ei handfull låtar dyrka fram ved hjelp av fruktbar melodisk gjødning.

Med usymmetriske linjer tilverkar dei to karane sine enkle låtar som ein slags sonisk ekvivalent til ei naivistisk teikneseriestripe-verd. Ei verd som har fleire likskapstrekk med den verkelige, og som derfor har sitt å stri med. Men frå ein utkikkspost bakom soveromsvindauga blir det heile noko meir lyseblått og fjernt enn i frontlinja. Så derfor kan ein rime «tangerines» med «tambourines» og «rather hang out in the phone booth» når verda bli for grufull. Og når ein blir uroleg for «all the global beat» som attvalet av «the greedy pig» har forårsaka, ja då kan ein kanskje oppsøke den mystiske Inspector Pharao. Ein skikkelse som dukkar opp i tittelen på tre korte instrumentalar med visse filmatiske noir/Morricone-tendensar.

På sitt aller yndigaste er Goodnight Monsters når dei reknar seg fram til 20 Fingers 20 Toes. I skjør og sval popordning, og med vokalhjelp frå ei dame med namn Essi, skildrar karane her to elskande kroppar sin kopulasjon, på sømelig vis. Den popstormande Under the Umbrella kjem på si side inn frå ein litt meir uvørden og pågåande kant, og det med tonar det er lett å like. Høgdepunktet trur eg like fullt må bli Demonstrator. Den varer nær på ti minuttar. I den vokale delen går karane til eit frontal-angrep på platebransje, radio og kommersialisme, før dei så brukar dei siste sju minuttane til å virre seg inn i eit instrumentalt og absolutt dugande psykedelia/prog-opplegg.

Hovudinntrykket blir like fullt noko slikt som at dette er popgreitt og artig nok, men det hadde ikkje skada om substansfaktoren hadde vore noko høgare, eller kanskje litt meir skremmande.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

Fruit Bats – Spelled In Bones

Standard

Litt vemod, men mest livslyst, i dette tonefriske vesle sommareventyret.

cover  I min omtale av Mouthfuls (2003), Fruit Bats si førre plate, avslutta eg med eit fromt ynskje om litt meir breidde og spenst i smaksinntrykket. Å etterlyse meir breidde var kanskje litt urettvist. Bandet hadde trass alt meir enn ein innfallsport til stoffet sitt. Men det med spenst står eg fast ved. Deira avlevering av for så vidt vene tonar vart til tider litt kraftlaus. På Spelled In Bones, bandet sitt tredje album, er dette retta skikkelig på. Ja, eg er faktisk blitt bønnhøyrd i andre potens, og har fått eit virilt lite sommareventyr inn i huset.

Fruit Bats er først og fremst låtskrivar, songar, gitarist og tangent-traktør Eric Johnson. Kven han til einkvar tid har med seg varierer. Det starta så smått i Chicago på midten av nittitalet. Johnson, gitarist Dan Strack og trommis Brian Belval utgjorde den Velvet Underground-inspirerte trioen I Rowboat. For å få utløp for sine meir folkinspirerte idear starta dei Fruit Bats. I ein liten periode heilt på tampen av nittitalet vart så Johnson hyra inn som bassist i Califone. I Rowboat vart gløymt, men i 2001 fekk han Strack og Belval med seg til å spele inn Fruit Bats sitt debutalbum Echolocation. Ei noko einstonig folkpop- og countryinspirert plate. Då nemnte Mouthfuls dukka opp på tampen av 2003 var Fruit Bats ein duo. Struck og Belval var ute, den keyboards- og bass-spelande dama Gillian Lisee var inne. På Spelled In Bones er det på ny trioformatet som gjeld. No er Lisee ute, Strack er tilbake og ny mann er trommis John Byce.

Fruit Bats har tatt sitt namn etter ei flaggermus-art som lever i tropiske strøk. Her livnærer den seg på ulike frukter. Det vert også sagt om desse flaggermusene at dei er flinke flygarar men håplause til å lande. Spelled In Bones viser eit band som både lever opp til og overgår sitt namneopphav. Det er avgjort langt meir vegetarfakter enn vampyrtendensar over toneframferda deira, og dei flyg poptonar av det mangefarga og friske slaget, men i motsetnad til dei små fruktetande rakkarane landar dei turane sine på eit elegant og velklingande vis.

Sidan sist er tempoet auka, pop-elementa er blitt styrka og hooks-frekvensen har akselerert. Her er ingen dvelande og tålmodige affærar som strekke seg mot seks minuttar. Likevel er den vagt psykedeliske og lett intrikate faktoren til stades i omlag same omfang som tidlegare. Det er naturalisme, melankoli, draumar og romantiske bilete. Det er varlege tonar og audmjuke ord, småskakke tonar og surrealistiske tiradar, og det er himmelstormande tonar og store ord. Det er upretensiøs, smittande og dynamisk popfryd rota i eit folkprega og tradisjonsrikt landskap.

Når Eric Johnson starta innspelingane fortona livssituasjonen seg slik at han var innstilt på å lage deppeplata si. Men livet byrja etterkvart å bli rett så medgjerlig, dermed gjekk ikkje alt som planlagt. Nå heng det absolutt vemodige og bitre trådar igjen her. Høyr berre på det Elephant 6-frodige opningskuttet Lives of Crimes, der eit visst individ vert skulda for å ha «a heart of a lion». Medan tittelen skulle seie sitt om at alt ikkje berre er vel i popekstatiske The Wind That Blue My Heart Away. Når Eric går opp i falsett på denne sender han heila greia i stiv kuling strake vegen mot dei mest ømtålige ryggmargspunkter. Falsett à la Beach Boys eller James Mercer (The Shins) vert forresten også nytta med stor bravur andre stader på plata.

Nå er det langt ifrå alt som flyg i dei heftigaste Beulah og The Shins-retningar. Silent Life smyg seg fram i eit meir dempa tempo. Til kjærteiknande tonar syng Johnson om lyset bortafor, om staden der elva står i ro, om å finne livet i stilla. Sånne ting som kan «melt a frozen heart if it needs to be so». I den sommarvind-varlege og flotte kjærleikserklæringa Earthquake Of ’73 syng han audmjukt; «so I’ll do my part not to break your heart, and baby, don’t break mine». Medan eit elegant glidande tittelkutt tar føre seg ulike kommunikasjonskanalar og deira utfordringar på eit noko surrealistisk vis.

Meir enn dei fleste popartistar nyttar Johnson symbol og bilete frå naturen i sine tekstar. Ja, mange gonger er det ikkje berre bilete, men ei direkte lovprising av livet bortafor asfalt- og betongverda. I idylliske men likefullt energiske Legs of Bees kjem han med ei oppmoding om å «take the earplugs out, hear what the birds have to say». Før vi heilt til slutt etter at han har konkludert med at Everyday That We Wake Up It’s a Beautiful Day får servert eit minutt med lystig fuglekvitter.

Så då er vi der; sola skin, fuglane syng og Fruit Bats kjem imot oss med elleve gode grunnar til å omfamne tilværet.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Frank Black – Honeycomb

Standard

Black tar ein liten countrysving med soulfundament og kjem aldeles heilskinna ifrå det.

cover  I forkant av desse innspelingane snakka Frank Black om å gjere ei plate inspirert av Dylan sin klassiske Blonde On Blonde. Med tanke på at han hadde gjort unna ein skilsmisse like før songane vart festa til tape var det kanskje meir nærliggande å førestille seg Blood On the Tracks som preferanse. I grunnen er det ingen av samanlikningane som held. Honeycomb er nemlig eit godt stykka unna det sprelske kvikksølv-soundet som Blonde On Blonde var utstyrt med. Frank Black går heller ikkje så krast (Idiot Wind) eller smertefullt (If You See Her, Say Hello) til verks som det Dylan gjer på Blood On the Tracks. Nei, skal vi halde på Dylan-allegorien så får vi heller finne fram Nashville Skyline. Og det seier eg ikkje berre fordi plata er spelt inn i Nashville, her er nemlig eit visst slektskap å spore til låtar som Lay Lady Lay og Tonight I’ll Be Staying Here With You.

Fire dagar tok det å spele inn alt saman. I velrenommerte Dan Penn sitt Nashville-studio. Penn er ikkje den einaste involverte med musikalsk erfaring tilbake til 60-talet. Det er vel heller slik at Frank Black er den einaste utan. For til å hjelpe seg har han denne gongen hanka inn gitarlegender som Steve Cropper og Reggie Young, Spooner Oldham trakterar tangentane, og far til Patterson Hood i Drive-By Truckers, David Hood, tar seg av bassrytmen. Og det høyres jammen meg ut som at den vesle bøtteknotten har funne seg vel tilrette i selskap med desse rutinerte karane.

No er jo Frank Black i den situasjonen at historia nok vil gje han eit større kapittel enn kva nokon av dei andre som var i Penn sitt studio desse dagane kjem til å få. For det han var hovudansvarleg for på dei tre første Pixies-innspelingane var eit stykkje sprelsk musikalsk meisterskap få andre kan måle seg mot. Etter den tid har fyren operert meir på det ujamne. Kanskje er han også i ein litt håplaus posisjon, for kven hadde ikkje bleikna om dei heile tida skulle målt musikken sin mot klassikarar som Come On Pilgrim, Surfer Rosa og Doolittle? Dei aller aller aller fleste, er det korrekte svaret. Men no gløymer vi Pixies for nokre minuttar. Honeycomb og Frank Black fortener nemlig det.

I ein nedpå tone fortel Black om mellommenneskelige utfordringar, om tap, lengsel, kvalme, svik og det underlige adjø, men etterkvart også om håp, burlesk hjertejubel og vakker kjærleik. Nærmare ryggmargen og kjenslene enn det han ofte har hatt for vane, med andre ord. Han meistrar det bra også, og kjem opp med fleire både yndige og metaforskarpe liner.

«If you return again, I’ll be the saddest man, my lips will burn your skin, please don’t return again» syng han dystert til countrysoul-tonar i opningssporet Selkie Bride. Ugreie kjensler spelar han også eit puss i melodifine og ganske så tradisjonelt countryrockande I Burn Today. Til tonar som kan minne om Leonard Cohen uttrykker han sterkt ubehag i Another Velvet Nightmare; «Today I felt my heart slide into my belly, so I puked it up with liqour, and I slept right were I lay». Djevelsk, glødande og nådelaus.

Black har sjølvsagt laga dei fleste låtane sjølv, men har gitt plass til tre coverversjonar. Song of the Shrimp er ein snodig historie om den vesle reka som vil bli noko, og som til slutt hamnar på menyen på Grand Hotel i New Orleans. Elvis Presley gjorde den ein gong på 60-talet, og Townes van Zandt hadde den på liverepertoaret sitt. Ein artig liten kuriositet. Meir kjøttfull og sjelfull er no likevel Doug Sahm sin countryrockar Sunday Sunny Mill Valley Groove, og Black og mannskapet hans gjer ein driftig versjon. Ikkje fullt så usminka som i Sir Douglas Quintet tapping, men heilstøypt nok. Best av coverversjonane er nå likevel Black si omfamning av studioeigar Dan Penn sin klassikar Dark End of the Street. Udødeliggjort som den er av James Carr, Percy Sledge og ikkje minst Gram Parsons, er det eit modig val. Black tangerer ikkje nokon av desse tre, men han kjæler og smyg fram tonane på eit overtydande vis, og provar at han har ei stemme brukande til anna enn å skråle fram sprelske energibomber.

Ex-kona Jean syng duett med Frank på Strange Goodbye. Ein gripande song i countryrock-drakt over deira ekteskapelige havari; «It’s a pain, to be sure, we were aiming so high, it’s so strange to be saying goodbye». Country med poprock tendensar à la Old 97’s fyller Atom In My Heart. Medan tittellåta er ein folkaffære i eit honningkledd Damien Jurado sitt landskap, men er saman med countrysoul-balladen Lone Child og Dire Straits anno Brothers In Arms liknande Go Find Your Saint plata sine dovnaste låtar. My Life In Storage er på si side den lengste låten, og er delt i to avdelingar (før den blir avslutta med plata sin einaste gitarsolo – ein nennsam ein sjølvsagt). Først ein J.J. Cale-slekta avdeling før den renn over i eit varleg gyngande parti der fylgjande kjærleikserklæringa er det sentrale:

«I believe in your perfect face, I believe in your place in the sun/ Can we leave now this dusty space/ can we have a little fun?»

Endå meir laussluppen med kjærlige ord er Frank i si hylling til sin nye kjæraste, Violet. I ei enkel og spartansk vise omtalar han dama som «flower of fertility».

Aller sist i feltet ligg ein skikkelig rakkar og lurer. Sing For Joy er ein ironisk, fatalistisk og Cohen inspirert sing-a-long om alkoholisme, mord, desperasjon, rastlause og flukt. Den er vel litt på sida av temaet ellers. Men litt på sida har jo vore Frank Black si stjernerolle ein gong i tida. Hans affære i Nashville kan nok ikkje få akkurat den same karakteristikken, men ein dose sveisen musikk har den nå resultert i.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Paal Flaata – Rain

Standard

Denne gongen finn ikkje røysta hans sjela i låtane. Sannsynlegvis fordi låtane er skrale og utan sjel.

cover  Han var den markante stemma i Midnight Choir. Mannen som med ynde og styrke bar fram bandet sine toneturar i nattlege terreng. Han var røysta som fekk den tornfulle og umilde rosebusken til å blomstre. Essensielt for at dette kunne skje var næringsgrunnlaget og rotfestet som låg i bandkompis Al DeLoner sine komposisjonar og evner som lydutviklar. Denne støtta har han ikkje lenger nå når han er ute på eigen hand, så derfor lyt han søke andre stader for å finne den. Eg trur neppe karane (Ben Lorentzen og Christian Nystrøm) han har lagt store deler av låtskrivaroppgåva i hendene på her er løysinga. Dei har nemlig nokre tonemil av både eigenart og vinnande melodilinjer å gå før dei finn fram til kjelda for dei gode låtane.

Dei fleste spora på Paal Flaata sitt andre soloalbum ber på eit stempel av å prøve å likne eit ferdigteikna opplegg, i staden for å grave seg fram av reint naudsyn. Tekstlinjene har ikkje all verda å by på, og arrangementa lener seg sjeldan til nattemørkret på eit livaktig og skjelvande vis, nei heller ryddig og korrekt.

Spørsmålet vert då; kva skal ein eigentlig med denne plata? I klassen nennsame melankolske tonar sunge med klangfullt vemod finst det nemlig ganske mange plater eg hadde plassert i stereoen før denne. Den kan sikkert fungere heilt ålreit som taktfull lydpryd medan praten går om andre ting (over eit glas raudvin eller to), men eg trur herr Flaata vil noko meir med musikken sin enn som så (det bør han i alle fall ville).

Då sit vi att med røysta då, pluss kanskje to-tre låtar med visse kvalitetar. Life Down Here In Hell er ein Cave-farga pianoballade med spor av uro og melodisk drama. Den litt Cohen-influerte duetten med Alexandra Bråten, titulert Right Next to Nothing kan og få passere som dugande. Heilt til slutt maktar så den orgel-, fiolin- og loop-sakrale versjonen av Mickey Newbury sin Bless Us All å fortelja at Flaata kan finne sjela i songen enda, det lyt berre vere ei god låt.

Dessverre må det meir enn eit par heiderlege unntak og eit sjelfullt tilfelle til for å lage musikalsk regn det er fruktbart å dusje i. Derfor vert ikkje dette særleg meir interessant enn eit gjennomsnittleg «Idol» eller «Morten Harket»-album.

2/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

The Fiery Furnaces – EP

Standard

Ei samling av singlar og rare ting. Det beste er fabelaktig, det svakaste er berre litt i raraste laget.

cover  Nyttårsgåva frå det eventyrlige søskenparet Matthew og Eleanor Friedberger er ein EP med heile ti spor, og med ei speletid på over førti minuttar. OK, så er det ingen EP då, bortsett frå i namnet. Det er heller ikkje ei innspeling med flunkande nytt stoff, men ei samling av singlekutt og raritetar. Nå har jo ikkje The Fiery Furnaces helde det gåande så veldig lenge (gav ut sine første ting i september 2003), og dei har fylt dei to første albuma sine med rimelig mykje stoff, så det kan ikkje vere så veldig mykje til overs. Kanskje det er derfor dei noko beskjedent titulerer utgjevinga EP.

Slike oppsamlingsheat har ofte større arkeologisk interesse enn musikalsk verdi, men eg vil hevde at det ikkje heilt er tilfellet med denne. Rett nok vil det for folk som sit med alle dei tre singlane til bandet, både CD- og vinylutgåvene (dei opererer med ulike ekstraspor på CD og vinyl), berre vere eit nytt kutt av verkeleg essensiell musikalsk verdi. Åtte av spora er nemlig å finne på desse singlane. For dei som derimot ikkje har anna enn dei to albuma til bandet vil det vere fleire nye og særdeles opplevelsesrike saker å sjå fram til.

Eg har ved tidlegare omtalar hevda at The Fiery Furnaces ikkje er heilt som andre band. Ein av tinga dei gjer noko annleis er måten dei presenterer seg i singelformat på. Når dei skulle gje ut Tropical Ice-Land som singel nummer to frå debutalbumet, var det ein ganske så anna versjon vi fekk servert enn den vi hadde blitt kjent med på albumet. Det er slett ikkje uvanleg å presentere endelause remiksar som ekstraspor på ein singel, fullt så vanleg er det ikkje at remiksen er singelen (jadå, eg veit at det er andre som også har gjort det). Det som på Gallowsbird’s Bark var ein fin og snodig liten akustisk-gitar dreven poplåt, blei utsatt for ei drivande beat- og synth-handsaming, og enda opp som ein heftigare og endå betre låt (sjølv om det ikkje er heilt Loaded forvandling vi snakkar om). Saman med Tropical Ice-Land på denne CD-singelen låg for øvrig ein pianodreven og honky tonk-infisert versjon av We Got Back the Plague, den er ikkje teken med på EP. Det burde den ha vore, det er nemlig ein sprek versjon.

Ein endå meir original singel-vri gjorde bandet då dei kom med sin tredje, ei veke før album nummer to Blueberry Boat. Som eit slags oppgitt sukk over å måtte gje ut singel i forkant av albumet, spelte dei inn ein versjon av den gamle låta Single Again. Låta er ikkje å finne på Blueberry Boat, og går såleis ikkje i appetittvekkar-ærendet slik dei fleste singlar er meint å gjere. Men det er ingen halvhjerta sak av den grunn. Istaden er det ein drivande og melodisterk låt, som på tross av sitt alvorlege tema («he beat me, he banged me, he swore he would hang me, and I wish I was single again…») går an å synast er rett så spenstig og artig. På CD-singelversjonen av denne var den praktfulle balladen Evergreen å finne. Her på EP er desse bundne i hop av det vidunderlige popeventyret Here Comes the Summer (ein Friedberger-original som ikkje er tilgjengelig nokon annan stad). Desse tre glir sonisk over i kvarandre og framstår som ein ti minuttar lang popovertyre av eit litt anna, og lettare tilgjengelig slag enn kva vi fekk servert på Blueberry Boat. Saman med nemnte Tropical Ice-Land er dette heilt nødvendige saker.

Skal ikkje hevde at resten av EP er like nødvendig. Dei seks gjenståande spora varierer frå det passe interessante til det noko famlande og litt melodisk tafatte. Matthew-sungne Sing For Me er ein yndig stjernestøv-spreiande sang om avskjeden mellom eit barn og ein sjømann-far. Smelling Cigarettes og Duffer St. George er tidlige forsøk på slike sonisk mangeslungne og outrerte forteljingar som Blueberry Boat var bygd opp av, og har absolutt verdi. Den tidlegare ikkje utgjevne Sullivan’s Social Slub har tendensar men går seg litt vill. Dei to b-spora Cousin Chris og Sweet Spots går det lett an å degradere til c-spor nivå.

Det fabelaktige er likevel så fabelaktig, og dekker såpass av speleflata, at har du det ikkje frå før (og alt har du ikkje) bør EP sterkt vurderast å bli henta inn til nærare inspeksjon.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Emmerhoff & The Melancholy Babies – Electric Reverie

Standard

Litt hardare, men og litt meir dvelande. Har sine spreke stunder, men er kanskje noko meir ujamn enn tidlegare album.

cover  Eg trur ikkje det har vore skrive ein einaste omtale av Emmerhoff & The Melancholy Babies utan at Sixteen Horsepower har blitt helde fram som referanse. Det er det ikkje like opplagt å gjere denne gongen. Emmerhoff og kameratane har nemlig på store deler av Electric Reverie fjerna seg eit lite stykke unna dei intense markene til Denver-bandet. I staden kan det virke som om dei i endå sterkare grad enn tidlegare har teke innover seg ein del lyd- og toneinnfall frå overgangen mellom 60- og 70-talet. Resultatet blir at dei søker rundt i ein slags uavklart grenseoppgang mellom Grateful Dead, Pink Floyd, King Crimson og Led Zeppelin. Eller kanskje vi heller skal kalle det for progrock møter psykedelia med ørkensus og coloradiske fjellvindar som bakteppe. Eit anna kjenneteikn ved Electric Reverie er at når karane trør til gjer dei det hardare, og når dei velgjer å dvele ved ein tone eller to gjer dei det lengre.

Med tre album bak seg, der kaktusdans, slangeleik og fandenivoldsk melankoli har prega mønsteret, er det sikkert på tide å søke ut i litt andre lender. Det sterkaste beviset på nett det er at låtane med tydeligast slektskap mot tidlegare merittar (Meltdown, Sticks & Stones og Black Mark) er albumet sine minst givande affærer. Der liknande låtar tidlegare har søkt mot sjela full av galskap og uro, er det noko litt melodisk grått og trøyttande over dei denne gongen. Grå er derimot ikkje den sabbatiserte tolkinga av Portishead-låta Cowboys, sjølv om den røffe handsaminga den får gjer at den må gje avkall på originalen sine meir raffinerte kvalitetar. Når vi først er inne på Ozzy og gjengen lyt kanskje også hardtrockande, riffsterke og melodisk vitale Juggernaut nemnast. Over i eit heilt anna bilde finn vi plata si vakraste stund, Afterglow. I denne særdeles melodifine saken blandar Emmerhoff saman folkrock og psykedelia, lengsel og håp, medan den gneg varleg og gitartrillar med eleganse.

Ellers er det tre kutt på godt over seks minuttar som fangar ein god del interesse. Into the Black, Towards the Within er smygande og dramatisk. Major/Minor er ein langsom syremikstur som omfattast av eit par vanedannande melodilinjer, hengslete western-stemningar og raslande uhygge. Medan laidbacke In Reverie som dei fleste draumar fungerer best med augene attletne. Då manar den til gjengjeld fram surrealistiske bilder av langsom soldans, dyster månegalskap og sporlaus stjerneflukt. Sjølv om gitar-maestro Emmerhoff og hans medsamansvorne sjeldan kastar seg ut i dei villaste av elektriske strengeåtak på nokon av desse tre, er her ein kombinasjon av leik og forvridd vemod i utfluktene som absolutt er tiltalande.

Skal vi legge saman inntrykka for så i neste omgang prøve å finne den gjennomsnittlege oppfatningen går nok konklusjonen denne gong i retning av at dei fem melankolikarane har levert sterkare saker før. Likevel skulle det vere fleire grunnar til å ynskje Electric Reverie velkomen innomhus enn til å skyve den ut i kulden.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Elias Jung – Elias Jung

Standard

Nordnorsk kvartett som prøver å finne seg sjølv i fotspora til Madrugada.

cover Første gong eg såg namnet Elias Jung fekk eg to namneassosiasjonar. Ein gjekk i retning den nordnorske salmediktaren Elias Blix, den andre i retning den vidgjetne psykoterapeuten Carl G. Jung. Nå er det ikkje salmesong Elias Jung har på tapetet, men det er til tider ei viss sakral kjensle i uttrykket. Det er heller ikkje psykoterapi som står på programmet, men menneskesinnet er likevel ofte i fokus i tekstane. Så då var kanskje ikkje assosiasjonen heilt i det blå?

Låtskrivar, gitarist og vokalist Stian Grønbeck frå Lofoten tok for nokre år sidan artistnamnet Elias Jung. Det siste året har han fått med seg fleire faste musikarar, så no er Elias Jung også blitt namnet på eit band. I vinter tok dei vegen til Kai Ø. Andersen sitt Athletic Sound studio i Halden. Resultatet her frå er i desse dagar ute på ein firespors EP.

På denne debututgjevinga presenterer dei seg som eit band på søk etter eit personleg uttrykk. Søket deira føregår i terreng både Johnny Cash, Nick Cave, Neil Young, Jason Molina og ikkje minst den nordnorske storebroren Madrugada har frekventert.

Nå skapar slett ikkje Elias Jung musikk som er i nærleiken av kva Høyem og kompani mana fram på si første vitjing i Athletic Sound. Den godaste Jung har likevel såpass til låtskrivarevner at ein ikkje skal sjå bort ifrå at han også finn ein liten personleg plett snart. Denne gongen vert det med tre låtar av dugande, men ikkje så veldig original karakter, og ein noko haltande (From the Sharp Edge of The Wave).

Med Jung si baritonrøyst som det sentrale element prøver Struck By the Light å finne vegen ut av eit dystert landskap. På Neil Young-influerte Silence, Come Please Me er røysta til dama i bandet, Guro Kristin Gjøsdal, med og løftar låta. Noko som og er faktum på den Madrugada-farga Outspoken Spenser Sonnet. Eg trur det er her, i Guro og Elias sitt vokale tospann, at framtida til dette bandet ligg.

Arkiverast under: Har sannsynlegvis potensiale.

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Mark Eitzel – Candy Ass

Standard

Digitalisert teppelegging og anonymisert melodisering frå den uvesentlige sida til Eitzel.

cover

Etter at den hadde vore uverksam i ti år samla Mark Eitzel for eit drygt år sidan saman igjen sin makelause American Music Club for eit nytt storarta tokt på dei skrå låtbreidder. Albumet som kom utav treffet bar tittelen Love Songs For Patriots (2004), og viste at saman med klubben er Eitzel nesten vaksinert mot å levere matte saker. Noko som nok ikkje i heilt same grad kan seiast å ha vore tilfelle med solokarriera hans.

Den spektakulært titulerte Caught In a Trap and I Can’t Back Out «Cause I Love You Too Much, Baby (frå 1997) er med sitt tosidige fjes av sår folkrock og støyande råskap det einaste albumet han har gjort under eige namn som er oppe og tangerer klubbnivået. Sånn elles kan nok både den Pete Buck-produserte poprock-affæra West og hans nennsamt elektronica-influerte Invisible Man også få litt applaus. Det får ikkje Candy Ass. Dette er nemlig det skralaste Eitzel-involverte albumet som har surra rundt heime hos meg nokon gong.

Candy Ass fører den varlige electronica-bruken frå Invisible Man over i det ørkeslause. Tre av dei tolv spora er flytande groove-tynne digitalt programmerte sedate og melodisk flate instrumentalar utan framdrift og utan karakter. Avsluttande Guitar Lover er fem minuttar med ambient pling og plong. Dei burde aldri funne vegen utav Eitzel sin computer nokon av dei. Der kunne han nok latt fleire av dei tekst-utstyrte spora fått bli igjen også. Enten han plasserer seg i rolla som den miserable elskaren i I Am Fassbinder, eller syng om liding og misunning i Green Eyes. Den digitale teppelegginga er for dominerande og det melodisk vitale for fråverande.

No finn eg faktisk tre låtar på albumet som skaper litt hugnad. Alle tre er kjenneteikna av eit fråvær av computer-muzak og eit nærvær av melodisk dugleik. Først og fremst My Pet Rat St. Michael. Ei vise der berre ein akustisk gitar akkompagnerer Eitzel, medan han i velforma melodiske vendingar syng om sitt forhold til eit noko uvanlig kjæledyr. Sleeping Beauty svevar av garde på velkvalifiserte og mjuke tonar, framstilt av ein akustisk gitar og diskré elektronikk. Nesten like bra, men meir av det klaustrofobiske og stridande slaget er den tidvis elektrisk-truande Song of the Mole.

Kor som er, desse tre kan aldri gjere opp for det meiningslause bilete som blir teikna og konstruert i slappe former omkring dei. Trur nok likevel Eitzel kjem tilbake med sterkare saker om ikkje altfor lenge, berre han nedprioriterar leiken ved datamaskina og aukar fokuset på den skarpe tone og dei velformulerte ord.

2/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Diverse Artistar – Friends and Lovers: Songs of Bread

Standard

14 forsøk på å hente noko næringsrikt ut av gamle brødoppskrifter.

cover  Eit år etter den store norske softrock-debatten kjem den San Francisco-baserte labelen Badman med ein dokumentasjon på at interessa for den slags musikk stadig lever. Dei har fått fjorten artistar med hovudtyngda av produksjonen sin på denne sida av 1990 til å spele inn kvar sin låt henta frå repertoaret til Los Angeles-kvartetten Bread.

Bread vert av mange rekna som det kanskje fremste symbolet på den mjukrocken som erobra hitlistene mot slutten av 60-talet og første halvdel av 70-talet. Over ein femårsperiode (1968-73) hadde dei nærmare ti låtar høgt plassert på dei amerikanske poplistene. Dei var elska, men også djupt hata av folk som såg på dei som antitesen av kva rock eigentlig skulle vere. Blant rockskribentar var legendariske Lester Bangs ein av få som omfamna bandet. I 2005 er det blitt slik at det nok er meir musikkpolitisk korrekt å tykkje om dei enn å mislike dei. Min personlege kjennskap til bandet har ikkje meir fundament enn det ein Anthology med 20 låtar kan gje, så ei altfor kategorisk meining omkring kva dei hadde å by på skal eg ikkje fremme. Berre slå fast at det er nok av velfunderte tonar der til at noko avskriving i alle fall ikkje kjem på tale.

Avskrive denne ferske tribute-plata vil eg heller ikkje gjere. Den er som slike plater flest ei blanding av tolkingar som er tru mot originalen, tolkingar som er vågale i forhold til originalen, tolkingar som trynar og tolkingar som nesten er betre enn originalen.

Av dei fire medlemene i bandet var det nok David Gates som stod fram som den med dei fremste låtskrivarevnene. Han komponerte dei fleste, dei mest populære og dei beste låtane til bandet. Gjennombrotslåta Make It With You nådde heilt til topps på listene, og er i Bread-tapping ein velsmurt, strykarfin og elegant affære. San Francisco psych-poparane i Oranger kuttar ut strykarane, men tilfører i staden låta ein attraktiv dose kaleidoskopiske gleder, og kjem avgjort ut på pluss sida. På pluss sida kjem også Josh Rouse med sin originaltru men ektefølte versjon av It Don’t Matter to Me. Med varleg rytmisk tyngde flyttar Paula Frazer nydelige Everything I Own eit hakk nærare countrysfærer og skapar ein levedyktig versjon. Særdeles godt frå det kjem også Rachel Goswell (Slowdive, Mojave 3) når ho i skjør dirrande stil, berre akkompagnert av Joe Light sin gitar og nennsame synth innput, syng balladen If. Mindre heldig er Call and Response sitt forsøk på å flytte Baby I’m-A Want You over i eit Carpentersk bossanova-distrikt. Medan Cake viser at gjærbakst er langt meir næringsrikt enn sukkerbrød i sin synthforvirrande og tafatte versjon av Guitar Man.

At Posies-karane har henta sin inspirasjon frå eit vidt spekter av poptone-leverandørar er ei kjent sak. At Bread er ein av kjeldene overraskar vel heller ikkje. Ken Stringfellow tar seg av ein av dei få låtane Gates og nestkommanderande James Griffin komponerte i lag. Down on My Knees høyrer med til dei mest energiske Bread-låtane. Stringfellow køyrer endå litt meir power inn i den, og matchar originalen. Jon Auer gjer ein folkrockaktig og tonevenleg sak kalla Games of Magic, men rotar seg inn i eit litt meiningslaust instrumentalparti i siste halvdel.

Det var ein del gnisningar og misunning i tilhøvet mellom Gates og Griffin. Noko som førte til at Bread vart oppløyst i 1973. Eit par forsøk på gjenoppliving vart også kortvarige av same årsak. Som nemnt var alle hitane komponert av Gates, men i kompaniskap med Robb Royer leverte også Griffin ei handfull sterke låtar. Ein av desse er Friends and Lovers, som Erlend Øye her gjer ein folksy, sparsam og i det heile veldig Kings of Convenience-slekta versjon av. Den aller beste Griffin/Royer låta er sannsynlegvis den orgeldrivande og Beatles-funky The Last Time. Einmannsbandet Holy Sons har grepe fatt i den og komme opp med noko heilt anna. I sakte intens mondur nyttar han brokkar av låta til å skape ein på sett og vis eggande og interessant affære.

Joda, gamle vennlegsinna oppskrifter kan stadig brukast, dei.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Diverse Artistar – It Came From Memphis

Standard

38 låtar frå byen der blues- og rockrevolusjonen hadde sitt utspring.

cover  Sommaren 1953 entrar ein ung lastebilsjåfør Memphis Recording Service (seinare kjent som Sun Studios) for å spele inn eit par låtar som bursdagsgåve til mor si. Han imponerer ikkje veldig, men dukkar likevel opp på nytt att eit par gonger til i løpet av det nærmaste året. Eigaren av platestudioet Sam Phillips byrjar etterkvart å fatte interesse for stemma til ungguten, og presenterer han for litt smørballade-materiale som han meiner kanskje kunne passe. Det funkar ikkje. 5. juli 1954 i ein pause av nokre ikkje altfor vellykka innspelingar byrjar den unge kvite mannen og bandet å leike med ein åtte år gamal blueslåt av Arthur Cudrup. Låta heiter That’s All Right Mama. Resten er musikkhistorie. Den svarte bluesen trer inn i den kvite verda ved hjelp av stemma, hårsveisen, overleppa og hoftene til Elvis Presley.

Meir enn førti år forut for denne hendinga spelte W.C. Handy og hans band blues på klubbane i Beale Street. I 1912, som den første nokon gong, gjorde Handy kommersiell furore ved å gje ut tekst- og notearket til ein blueslåt. Låta heitte Memphis Blues (og det var sjølvsagt ein kvit forretningsmann som hanka inn dei fleste grunkane på suksessen). Handy har i ettertid fått tilnamnet «The Father of the Blues».

Memphis var (og er) ein smeltedigel for mange ulike musikalske sjangrar. I åra etter det vesle underet i Sun Studio skal det frå same by, i tillegg til blues og rock’n roll, også komme vitale artistar innanfor sjangrar som soul, country, garasjerock og powerpop. Det skulle derfor ikkje vere ei overdriving å gje byen stempelet som ein av dei viktigaste i utviklinga av moderne musikk.

Musikkskribenten og Memphis-fantasten Robert Gordon har skrive ei fyldig bok med tittelen It Came From Memphis, og er no for tredje gongen hovudansvarleg for å setje saman ei musikksamling med same tittel. Dei to tidlegare er å finne på Rounder og Birdman. Den nyaste er laga i samanheng med at det var Memphis-dagar på Barbican Centre i London i april i 2005, og er ute på labelen Union Square.

I eit fyldig vedlagt essay tar Robert Gordon for seg kvar einskild låt, og drar slik interessante linjer frå 1920-talet og fram til vår tid. Men ikkje heilt etter vanleg musikkarkeologisk framgangsmåte. Inspirert av radioprogramma til den legendariske discjockeyen Dewey Phillips har Robert Gordon valt å følgje intuisjon og kjensle-strategien i staden for sjanger og kronologi. På det viset vert til dømes ei innspeling frå 20-talet med Gus Cannon klemt innimellom The Jon Spencer Blues Explosion (neidå, dei kjem ikkje frå Memphis, men låta gjer det) og North Mississippi Allstars sine moderne og svært så elektriske tolkingar av bluesen. Eller Big Star sin tidlause popklassikar September Gurls vert etterfølgt av eit åtti år gamalt opptak av Memphis Jug Band, med Gordon-kommentaren «frå ein stor popsong til ein annan».

Ei samling som tek mål av seg å dokumentere musikk frå Memphis vert sjølvsagt sjangerbyksande. Her får vi høyre Mose Vinson åleine med pianoet sitt synge blues med eit smil om munnen. Instrumental-comboen The Mar-Keys, som regjerte på 60-talet, spelar Last Night med uslipte kantar og gruff i tonane. Det moderne The Bo-Keys køyrer eit meir rettlinja løp, men er absolutt vitale likevel. Og sidan vi først er inne på namnelikskapar kan det vel også vere på sin plass å nemne The Bar-Kays sitt 18 minuttar lange inspirerte samspel med Isaac Hayes i meisterverket By the Time I Get to Phoenix. Her dei drog soulmusikken inn i heilt nye sfærar. Soulmusikk i meir konvensjonell men definitivt sjelfull drakt blir levert når Ann Peebles syng (I Feel Like) Breaking Up Somebody’s Home, og når William Bell framfører den varlege balladen You Don’t Miss Your Water. Al Green sin tilbakelente Simply Beautiful er jo heller ikkje å forakte. Ikkje så altfor mange soulmil unna Stax og Hi miljøet i Memphis finn vi Muscle Shoals (nordvest i Alabama). Robert Gordon har vore geografisk rundhanda nok til å ta med eit par saker frå desse traktene også. Donnie Fritts har fått med seg Lucinda Williams i ei storveges duett-utgåve av Breakfast In Bed, og George Soule akkompagnert av The Country Soul Revue gjer ein audmjuk og balsamerande sak kalt I’m Only Human.

Kanskje litt merkelig at Elvis Presley berre er representert med eit uhøytidleg opptak av gospellåta I Shall Not Be Moved, gjort i kompaniskap med Million Dollar Quartet (Elvis, Carl Perkins, Johnny Cash og Jerry Lee Lewis). Eller at soul-legender som Otis Redding, Rufus Thomas, Johnny Ace og Bobby Blue Bland ikkje er med i heile tatt. Årsaka ligg nok delvis i at ein har sett det som viktig å tenkje alternativt, og å tette nokre hol. Derfor må ein del «opplagte» val vike plass for meir ukjente opptak. Faktisk er velkjente låtar i mindretal blant dei 38 spora. Saman med den upretensiøse men høgst respektfulle presentasjonsmåten fører dette til eit sluttresultat med interesse godt over eit gjennomsnittleg «Diverse Artistar»-nivå.

Den hardtarbeidande Jim Dickinson går ofte igjen her, i ulike roller. Som produsent for fleire av spora, som heit tolkar av klassikaren Down In Mississippi, og som instrumentalist i Mudboy & the Neutrons. Alex Chilton er i tillegg til den førnemnte Big Star klassikaren også representert med Hook or Crook frå den heilskakke soloplata Like Flies On Sherbert, og han spelar gitar med Tav Falco’s Panther Burns i den friskt rockande Tina, The Go-Go Queen. På nittitalet var trioen Oblivians talsmenn for friske garasjetakter. Dei er ikkje representert her, i staden er det gitt plass til både The Tearjerkers og Reigning Sound, fronta av respektivt Jack Yarber og Greg Cartwright frå nett Oblivians.

It Came From Memphis er med andre ord ei vidtfamnande samling både i tid og uttrykk, og målber såleis byen og omegn sin musikalske posisjon på eit utmerka vis. Når låtane i tillegg i all hovudsak viser seg å vere av det særdeles solide slaget, ja då blir dette like mykje ei musikalsk feststund som eit musikkhistorisk dokument.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)