Denne gongen finn ikkje røysta hans sjela i låtane. Sannsynlegvis fordi låtane er skrale og utan sjel.
Han var den markante stemma i Midnight Choir. Mannen som med ynde og styrke bar fram bandet sine toneturar i nattlege terreng. Han var røysta som fekk den tornfulle og umilde rosebusken til å blomstre. Essensielt for at dette kunne skje var næringsgrunnlaget og rotfestet som låg i bandkompis Al DeLoner sine komposisjonar og evner som lydutviklar. Denne støtta har han ikkje lenger nå når han er ute på eigen hand, så derfor lyt han søke andre stader for å finne den. Eg trur neppe karane (Ben Lorentzen og Christian Nystrøm) han har lagt store deler av låtskrivaroppgåva i hendene på her er løysinga. Dei har nemlig nokre tonemil av både eigenart og vinnande melodilinjer å gå før dei finn fram til kjelda for dei gode låtane.
Dei fleste spora på Paal Flaata sitt andre soloalbum ber på eit stempel av å prøve å likne eit ferdigteikna opplegg, i staden for å grave seg fram av reint naudsyn. Tekstlinjene har ikkje all verda å by på, og arrangementa lener seg sjeldan til nattemørkret på eit livaktig og skjelvande vis, nei heller ryddig og korrekt.
Spørsmålet vert då; kva skal ein eigentlig med denne plata? I klassen nennsame melankolske tonar sunge med klangfullt vemod finst det nemlig ganske mange plater eg hadde plassert i stereoen før denne. Den kan sikkert fungere heilt ålreit som taktfull lydpryd medan praten går om andre ting (over eit glas raudvin eller to), men eg trur herr Flaata vil noko meir med musikken sin enn som så (det bør han i alle fall ville).
Då sit vi att med røysta då, pluss kanskje to-tre låtar med visse kvalitetar. Life Down Here In Hell er ein Cave-farga pianoballade med spor av uro og melodisk drama. Den litt Cohen-influerte duetten med Alexandra Bråten, titulert Right Next to Nothing kan og få passere som dugande. Heilt til slutt maktar så den orgel-, fiolin- og loop-sakrale versjonen av Mickey Newbury sin Bless Us All å fortelja at Flaata kan finne sjela i songen enda, det lyt berre vere ei god låt.
Dessverre må det meir enn eit par heiderlege unntak og eit sjelfullt tilfelle til for å lage musikalsk regn det er fruktbart å dusje i. Derfor vert ikkje dette særleg meir interessant enn eit gjennomsnittleg «Idol» eller «Morten Harket»-album.
2/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)